Ser så mykje fjernsyn at i staden for å snakke om kva eg ser, så svarar eg berre om dei som de to har nemnt i staden!
Jau, er halvveges i sesong 2 av Witcher sjølv, og eg set pris på at den er blitt meir lineær. (Det sagt så var vel ikkje problemet mitt med sesong 1 at den var hulter i bulter -- det likte eg for så vidt heilt greitt -- men at det var så utydeleg når ting skjedde i relasjon til kvarandre.) Liker dessutan at animasjonsfilmen om ein ung Vesemir som kom ut i fjor haust har vore langt meir relevant for ein del motivasjonar og eksposisjon i sesong 2 enn eg hadde rekna med den kunne vere. Tenkte på den som ein litt lausleg planlagt tie-in-greie då eg såg den, men verkar som om dei faktisk har lagt litt tanke ned i at den vil bli sett mellom sesong 1 og 2 sjølv om den føregår mange tiår før dei begge.
Book of Boba Fett er ganske bra (eg har rett nok ikkje sett heilt nyaste episoden enno), men er ikkje heilt seld på hovudpersonen. Så langt må eg sei eg liker Mandalorian betre.
Succession har eg berre sett pilotepisoden av. Tykte det verka superbra, men var ikkje konas greie i det heile tatt. Eg har haugar av ting eg ser på eiga hand som eg ligg ein sesong eller to etter på allereie, så det blir nok nokre år før eg får gitt den merksemda eg er sikker på den fortener. :/
Jorda rundt på 80 dagar håpar eg å få tid til før me skriv februar månad. Tennant er gøy, Jules Verne er gøy, og det verkar som om serien har positivt rykte. Optimistisk! Skjønt eg tykkjer jo alt er betre viss det skjer før fyrste verdskrig, så at tidsperioden er oppdatert held meg frå å vere supergira.
The Boys er kjempebra, tykkjer eg, kanskje nettopp fordi den
ikkje er så ekstremt drøy som ryktene skal ha det til. Teikneserieskaparen er så drøy i tinga eg har lese av han at eg tykkjer det blir sjølvparodisk og teit, så at dei sannsynlegvis (eg har ikkje lese akkurat Boys) har roa dei tendensane ned ein del i adapsjonen ser eg som positivt. For den er absolutt drøy nok.
Hakweye vart nok min favoritt-serie frå Marvel i fjor, eit knapt hestehovud framfor WandaVision på grunn av jamnare episodar (WandaVision hadde ein veldig treig start). Falcon and the Winter Soldier tykte eg vart litt tam og enkel, What if var svært ujamn, og Loki tykte eg var ... veldig mykje bra strøss over ein svært skuffande kjerne. Alt det sagt så var Hawkeye for kort til å late karakterar og historiemoment komme til sin fulle rett og kjentest litt overfladisk samanlikna med det eg helst ville likt å sjå. Litt same problema som Wheel of Time hadde, eigentleg.
Eg er godt nøgd med slutten på Casa del Papel! Jau, høgkonseptsbyrjinga var så klart betre enn det som har komme etterpå (det er
alltid tilfellet med høgkonseptsseriar som blir populære nok til å fortsetje forbi konseptets naturlege sluttpunkt), men tykte kvalitetstapet var langt lågare enn eg hadde rekna med, og det var dessutan langt mindre byrda av kleine sexistiske kommentarar og scenar i sesong 3, 4 og 5 (sannsynlegvis etter at serien vart populær nok til å få internasjonalt retta redaksjonelle innspel, viss eg skal gjette, sidan inntrykket serien gir meg er at den slags er ekkelt vanleg i Spania).
Rebels blir betre utover slik som Clone Wars, men føler den både byrjar på eit betre punkt enn Clone Wars gjorde, og sluttar på eit svakare punkt enn Clone Wars gjorde, så betringskurven er nok ein del slakkare.
Archer er ganske bra i desse dagar! Ikkje i nærleiken av dei tidlegaste sesongane, nei, men langt betre enn den var i dei svakaste sesongane (dei siste før Dreamland-sesongane, om eg hugsar rett).
Reservation Dogs tykte eg hadde ein kjedeleg pilot, trass strålande anmeldelsar, så den droppa eg. Gi lyd om den blir brutalt betre utover!
Hacks er kjempebra. Litt lite originale historieelement, kanskje, men så strålande karakterar at det er svært gøy fjernsyn likevel.
Landscapers har eg tenkt å sjekke sjølv, om eg får tid ... Skal gi lyd kva eg tykte viss eg får somla meg til den!
For augneblinken har eg forresten endeleg fått tid til Cowboy Bebop-remaken, som eg er svært nøgd med så langt trass i dens dårlege rykte (skjønt skurken Viscious er trist lite skummel samanlikna med originalen), samt miniserien Queen's Gambit (nesten halvveges, den er like bra som folk skulle ha det til), og Sex and the City-fortsetjinga "And Just Like That", som er meir solid enn eg hadde venta meg. Når eg blir ferdig med dei og Witcher ventar dei nye sesongane Expanse og Ozark (som begge er mellom det beste som blir laga i seinare år, så gler meg til det).