Re: TV-serier, sesong II
Posted: Mon Mar 14, 2022 13:01
Sett alle seks Our Flag is Death som er komne no, og serien tok seg veldig opp straks Waititis eigen karakter vart fast inventar. Dynamikken fungerer langt betre med han i miksen. Storkoser meg!
Såg fyrste to episodane. Valdeleg DC-pastiche (openbare 1:1-versjonar av Superman, Batman, Luthor, Joker, Nightwing, Robin, Wonder Woman, Aquaman, Flash, etc.) med spenstig premiss (kva om Superman tok sjølvmord på direktesendt fjernsyn), kaotisk stil (her er det tradisjonell animasjon, live action og retro-dataanimasjon om eit anna, og eit tjukt lag glorete 80-talls spesialeffektar), og eit så langt heller lite interessant plott og karaktergalleri. Veldig usikker på om det er verdt å fortsetje -- den masete stilblandinga er morosam innimellom, men stort sett er den berre trøyttande eller teit, og historia, trass i det spanande premisset, har ikkje fenga meg etter to episodar. Viss nokon her ser vidare så set eg pris på tips om den er verdt å fortsetje med eller ei!Asphyxiate wrote: ↑Fri Mar 04, 2022 10:51 Enig i alle sammen, også ser jeg det er en ny serie på Netflix - The Guardians of Justice, men aner ikke noe annet om den enn tittelen.