Må fyrst berre får syte litt om at HBO Max nettopp kansellerte
Raised By Wolves. Serien hadde absolutt sine manglar, men stort sett var den kjempebra, og ambisiøs episk science fiction av denne typen er det omtrent ingenting av på fjernsyn! Eg var skikkeleg investert i å sjå kva som skjedde vidare.
Asphyxiate wrote: ↑Wed Jun 01, 2022 8:42
Endelig ferdig med
Star Wars: Rebels. Avsluttet på en meget god måte og endte opp med å være en veldig god, selv om den ikke når opp til T
he Clone Wars, Spennende avslutning, og gøy nå å lese at flere av karakterene skal være med i den kommende
Ashoka-serien og at de skal fortsette litt der
Rebels avslutta.
Det er to av inkvisitorane har dukkar opp i Obi-Wan-serien allereie tyder jo på at dei er meint å bruke Rebels-kontinuiteten ganske heftig sjølv utanfor seriar Filloni sjølv står bak.
Asphyxiate wrote: ↑Wed Jun 01, 2022 8:42Når det er snakk om Star Wars og live action-serier, så synes jeg de to første episodene av
Obi Wan Kenobi var ganske ålreite. Selv om barne-Leia ble spilt ok, er jeg ikke så fan av den rappkjefta, selvgode barne-tropen (selv om det kanskje passer med karakteren Leia..). Håper det ikke blir for mye Leia her. Den scena hvor hun blir jaga og så fanga var ganske dårlig. Ellers fungerte dette bra. Ewan McGregor er fortsatt utrolig god som Obi Wan. Jeg likte the inquisitors - og ikke like misfornøyd som mange andre med Reva.
Har sett dei tre som er ute så langt, og eg er nok stikk motsett deg på Leia. Absolutt høgdepunktet for meg i serien (McGregor er kjempeflink, men sidan Obi-Wan hittil er (forståeleg nok) litt mutt og over-the-hill så er det ikkje der serien briljerer for meg). Rappkjefta barn kan vere utruleg irriterande eller svært gøy, og eg tykkjer dei har treft sistnemnte. Skodespelaren er uvanleg flink for alderen, og på manussida er det perfekt Leia Organa slik eg føler ho burde vere. Inkvisitoren har dei ikkle klart like bra, føler verken manus eller skodespelar verkeleg leverer der, og ho er litt flat og personlegheitslaus førebels (det gjeld forresten sjefsinkvisitoren like mykje som det gjeld Reva, han var hundre gonger betre i Rebels) -- men på papiret er ho interessant nok, og skodespelaren var flink nok i Queen's Gambit, så håpar ting går seg til og ho vil få sjansen til å bli meir minneverdig utover andre halvpart av serien.
Asphyxiate wrote: ↑Wed Jun 01, 2022 8:42Barry er og blir kanskje den beste serien der ute for tiden. Fy pokker. At en slik serie leverer en slik action-scene som i nyeste episode er jo egentlig litt sjukt.
Eg ligg ein episode bak, så usikker på om du her snakkar om den siste eg har sett eller den etterpå (sikkert den etterpå, for den siste eg har sett hadde ikkje så mykje action), men at
Barry er ein av dei aller beste seriane for tida -- vel å merke utanom
Better Call Saul -- er eg 100 % einig i uansett. Nydeleg karakterdrama, nydeleg komedie, nydeleg actionthriller, og på eit eller anna uforklarleg vis underminerer aldri den eine tingen ein av dei andre to.
REDIGERT: Såg den i går kveld, kjempebra som vanleg! Reknar med du sikta til motorsykkeljakta, som absolutt var mellom dei mest imponerande actionbitane dei (eller nokon serie) har hatt. Kjem til å bli lenge å vente på sesong 4.
Asphyxiate wrote: ↑Wed Jun 01, 2022 8:42Hacks sesong 2 er ålreit. Liker fortsatt historien og karakterene. En fin komiserie!
Har den på vent til eg er oppdatert på
Barry og får sett sesong 2 av
Undone, men eg var veldig nøgd med sesong 1, så bra at den ikkje skuffar.
Asphyxiate wrote: ↑Wed Jun 01, 2022 8:42Better Call Saul hadde en nydelig første del av siste sesong som avslutta med en så stor cliffhanger at jeg ble litt sint nesten. Fortsatt en av de beste dramaseriene der ute og sykt å tenke på at vi snart er ferdige!
Det kjem litt an på om dei klarer ei like god avslutning som dei har hatt alt anna, men eg trur min santen at
Saul er i ferd med å gå forbi
Breaking Bad på favorittlista mi over dramaseriar nokon gong. Den er sublim frå ende til annan. I dramasjangen trur eg det berre er
Deadwood eg har vore meir konsekvent imponert av i mitt liv.
Asphyxiate wrote: ↑Wed Jun 01, 2022 8:42We Own This City var et solid stykke David Simon, der han returnerer til Baltimore og korrupt politi, men denne gangen basert på en ekte historie. Og dæven for en ekte historie. Godt håndverk som vanlig. Solid serie. Anbefales. 8,5/10!
Har utsett den litt fordi eg mistenkjer det ikkje heilt er i konas gate, så for augneblinken er den på vent, men er meint å finne tid til den relativt snart. Har prioritert ein del andre ting medan denne låg på vent: pilotane til
Ten Percent og
Night Sky, som begge var OK, men me fann ut at me hadde betre ting å sjå), miniserien
Why Didn't They Ask Evans (svært sjarmerande, men litt slapp avslutning) og fyrstesesongane av
Tokyo Vice (solid krimserie),
Halo (bra pilot, middelmådig sesong, tok seg opp att litt mot slutten -- merk at eg har null forhold til videospelserien),
The Afterparty (komidramakrim, byrja bra, tapte seg litt mot slutten, men tilfredsstillande -- om enn føreseieleg -- slutt),
Slow Horses (ganske god spionthriller med overraskande mykje humor), det som er kome så langt av
Time Traveler's Wife (som openbart er HBO sitt svar på bodice-ripper-romantisk periodedrama med tidsreisetwist-suksessen
Outlander, men så langt -- litt som
Outlander sjølv, eigentleg -- er fleire hakk betre enn eg ville ha venta meg, forferdeleg dårleg eldingssminke til sides), og ser no
Outer Range, eit mystisk sci-fi-drama. Me er omtrent halvveges, og vil tru det endeleg blir David Simon sin tur etterpå.
Asphyxiate wrote: ↑Wed Jun 01, 2022 8:42The Underground Railroad. Magisk, merkelig, mørk, jævlig, fascinerende. En god serie, men kanskje litt langdryg? Kunne kuttet noe. Ikke helt 10/10, men nikker på 9/10.
Hm, denne hadde eg lagt litt på hylla, men kanskje eg skulle lagt den i køen, då!
Asphyxiate wrote: ↑Wed Jun 01, 2022 8:42
Tror det var det meste av det jeg har sett i det siste. Har kanskje glemt noe. Så blir det å se Stranger Things framover... Og The Boys!
Jepp, har sjølv ein episode att av
Stranger Things, som trass i gruvsame monstermord er koseleg fjernsyn! Byrjar nok på
The Boys-sesongen i løpet av pinsehelga. Om kveldane pløyer me framleis jamnt og trutt gjennom
Batman: The Animated Series, ein før leggjetid kvar kveld. Elles såg me nyleg ferdig heilt ålreite
Pacific Rim: The Black, som hadde ein litt i overkant enkel slutt men elles var ein overraskande mørk og brutal serie ikledd animert action-utsjånad, og fantastiske
Peaky Blinders, som kanskje er omtrent det einaste som måler seg med
Better Call Saul. Og så ser eg nye sesongen
Love, Death + Robots! Som alle antologiseriar er det ein del hit & miss, men du verda så bra den kan vere når ting treff midt i blinken for meg. Episode 2, til dømes, var 100 % mi greie.