Kva ser me i desse dagar, skal me sjå:
*
Peripheral er ganske bra så langt. Spanande thriller-science fiction.
*
1899 er lovande på ein slags
Lost-aktig måte. Me er cirka halvveges i denne serien om ein dampbåt på veg til Amerika med emigrantar i 1899, der meir og meir uforklarlege hendingar byrjar hope seg opp. Laga av same folka som lage tyske
Dark, som eg ikkje har fått sett enno, men har høyrt mykje fint om.
*
Wednesday såg me pilotepisoden på i går. Litt redd for at high school-drama-biten blir for traust plankekøyring, men hovudrolleinnehavaren er superb, og eg liker både humoren og det visuelle. Kryssar fingrane for at episode 2 og 3 ikkje skremmer oss vekk, har lyst til å like denne.
*
The Mysterious Benedict Society er framleis ekstremt sjarmerande. Særleg Constance er storfavoritt for meg (og alle som liker ho burde like hovudpersonen i
Wednesday og vice versa, skulle eg tru), men her er det ein sprudlande livsglede i all dialog, i alle karakterdesign og alle interaksjonar som er svært smittsam. Plottet er kanskje ikkje all verda, men det er dugeleg nok. Tilrås for alle som liker fargerike, språkglade ting som
Pushing Daisies og
A Series of Unfortunate Events.
*
The Mosquito Coast hadde så lang pause mellom sesong 1 og 2 (grunna pandemien, går eg ut ifrå) at eg nesten hadde gløymt alle plottrådane, men det fortset med å vere ein ganske solid eventyrthriller om ein familie på flukt frå ... Ja, kva er dei på flukt ifrå? Det lurer i alle fall dei to tenåringsbarna veldig på. Liker særleg fanatisk MacGyver-vibbane frå familiefaren, som gir eit særpreg over både problem dei viklar seg opp i og løysingar for å komme seg ut av dei.
*
Avenue 5, serien om luksusromskipet som kjem lenger og lenger på avvegar både kursmessig og moralsk, har i sesong 2 gått seg fint til og fortset med å vere akkurat like (om ikkje meir) horribelt kynisk og artig som det endte opp mot slutten av sesong 1. Eg var ikkje overtydd i byrjinga av fyrstesesongen, men eg hugsar at det same gjeldt
Veep for meg og hengte med, og det har eg gjort rett i. Mykje å framheve her, men vel for denne posten ut Zach Woods, som fortset med å vere fantastisk uansett kva eg ser han i. Denne rolla (nyedeleg skildra i denne sesongen av Hugh Lauries karakter som ein 'free jazz sociopath') kan etter kvart nesten stå skulder til skulder med hans elskelege Jared i
Silicon Valley.
*
The Dragon Prince har me berre komme nokre få episodar inn i nysesongen på, men dette fortset med å vere kvalitetsfantasy med glimt i augo, retta mot alle aldersgrupper utan å dermed kjennast tannlaus og enkel. Den manglar nok ein smule kreativitet og sjarm på å nå opp til høgdene etter
The Last Airbender som den ofte blir samanlikna med, men den kjem jaggu nærmare enn noko anna eg har sett, og stadig høgare sesong etter sesong.
*
Abbott Elementary prøvde me fordi me har få tradisjonelle sitcoms igjen i kalenderen etter kvart. Den er ganske ålreit, sjølv om den nok følgjer formularet nokre hakk for nært for min smak, men hovudpersonen har mange trivelege Leslie Knope-vibbar, mockumentarformatet fungerer finfint, og eg liker korleis humoren er bygd på å vise kor latterleg øydelagt det amerikanske skulesystemet er utan at verken lærarar eller elevar blir gjort narr av. Er nokre episodar inn i den noverande sesongen no (sesong 2), og som eg håpa går den seg framleis fint til, merkar ei sakte men sikker kvalitetsbetring etter kvart som episodane tikkar forbi oss.
*
The White Lotus er som i fyrstesesongen eit svært velskreve drama, men (igjen som i fyrstesesongen) tykkjer eg kanskje den er litt oppskrytt lell. Det som er 'spesielt' her er at kvar historietråd har sin eigen undersjanger, som alle eksisterar side om side, men individuelt er ikkje nokon av desse historietrådane spesielt betre enn eit anna godt fjernsynsdrama spesialisert på det eine eller det andre. Skulle, igjen som i fyrstesesongen, ynska at mordmysterium-biten var meir sentral og gav meir spenning og drivkraft framover, men det skjer openbart lite i den retning før finalen kjem. Kona tykkjer mykje det same som meg, så sjølv om me no vil sjå ferdig denne vurderer me å droppe denne før tredjesesongen. Viss ikkje avslutninga imponerer veldig, då.
*
Tulsa King er veldig lovande, sjølv om den ikkje har verdas mest originale premiss. Sjangeren er likevel ganske i mi gate, der ein eldre mafiakaptein kjem ut av fengsel etter tjuefem år bak lås og slå, og får beskjed om at den einaste måten organisasjonen framleis har plass til han er viss han reiser til ein stad dei ikkje har fotfeste (spesifikt Tulsa) og byrjar ein ny operasjon for dei. Eg er veldig svak for stoiske gamlingar som skremmer livskiten ut av folk med minimalistiske kroppsrørsler, og dei to fyrste episodane her gav meg mykje av det. Må imidlertid fortsetje på denne åleine, for kona tykte det vart veldig 'dette er for så vidt bra, men eg har liksom sett det før'. (Ho tykte det same om
Ozark i si tid, og etter å ha fortsett åleine og sjå serien bli betre og betre har eg no framleis ambisjon om å få ho til å gi det ein ny sjanse. Har til og med utsett å sjå sistesesongen sjølv for å gi meg ei gulrot til å mase om det ... Mistenkjer det same kan skje med
Tulsa King.)
*
Warrior Nun er liiiiitt simplistisk på manusfronten, men har nydeleg action, ein karismatisk hovudperson, og det er altfor lite i actionfantasysjangeren der ute, så me ser den gladeleg. Har to episodar att av sesong 2, men eg håpar allereie på fornying for sesong 3.
*
Titans har vore OK så langt denne sesongen, men ingenting spesielt. Serien som pleidde imponere meg med kor tett på teikneseriane den var har småskuffa litt på den fronten i det siste (særleg må eg sei at Tim Drake, ein av mine favoritt-Robins i teikneseriane, er flat og personlegheitslaus, og problemet ligg på manussida, ikkje hjå skodespelaren), men håpar at når sesongen får bygd opp litt tempo vil den komme seg att.
*
Zootopia+ var ein sjarmerande mikroserie sett mellom scenar i disneyfilmen, og kan tilrådast for alle som likte den. Særleg var eg imponert over animasjonskvaliteten. Men ver obs på at kvar episode er ein parodi på ein eigen sjanger, og dermed ganske annleis frå kvarandre.
* Har att éin stakkarsleg episode
Pennyworth, og håpar verkeleg at den blir fornya, for eg storkoser meg med denne serien, som nemnt mange gonger før i tråden.
*
The English er ein knall western-miniserie som kan tilrås varmt. Den når kanskje aldri heeeeilt opp til den fantastiske fyrsteepisoden, som nesten føltest Taranino-aktig i korleis mange av scenane var som minifilmar i sin eigen rett, men dette er velskreven, sabla god underhaldning heile vegen gjennom. To tomlar opp.
*
Andor er kanskje ikkje fullt så überfantastisk som ryktet skal ha det til, men at det er mellom det aller beste som er blitt laga i Star Wars-universet er utan tvil. Eg tykte dei tidlege episodane var litt ujamne, men etter det har det vore veldig, veldig tilfredsstillande, og dette er no min favoritt-Star Wars-serie (sjølv om dei siste par sesongane av
Clone Wars nok kan måle seg mot den) på alle områder utom stemning og humor, der eg framleis held ein knapp på
Mandalorian. Ekstremt imponerande, med tanke på at eg var kynisk uinteressert då eg høyrte dei annonserte denne prequelserien om ein sidekarakter i ein prequelfilm som eg i seg sjølv tykte var god-men-kanskje-ikkje-så-god-som-alle-skal-ha-det-til.
Elles byrjar
Rick & Morty og
Mythic Quest att, og gler meg særleg til å byrje på sistnemnte, som kanskje er min favorittkomiserie av dei som har komme i seinare år.
WoTle wrote: ↑Fri Nov 25, 2022 10:37Her i heimen har vi dei siste månadane sett på Doctor Who. Det er første gong for sambuaren, men eg har sett det meste før. Mykje av det held seg godt!
Me har gitt opp Doctor Who litt, manusarbeidet vart for banalt over for lang tid til å vege opp for at det trass alt er retta primært mot barn (me har rett nok høg terskel på det og ser ganske mange barneseriar, som ein kan sjå av lista over). Hadde håpa det var Moffat som gjekk på tomgang og at ting skulle rette seg opp med Chibnall som serieskapar (Broadchurch er jo fantastisk), men om noko tykte me det vart endå slappare, så me datt av mot slutten av hans fyrste sesong. Synd, for både Capaldi og Whittaker har vore fantastisk rollebesetning som fortente betre manus. Eg har uansett følgd nok med på oppsummeringar til at når det har vore episodar som verkar viktige for mytologien på sikt så har me sjekka innom. Så såg finalefilmen til Whittaker i haust, til dømes. Får sjå kva rykte nysesongen med Davies bak rattet igjen får på seg, kanskje me byrjar sjå fast igjen.
WoTle wrote: ↑Fri Nov 25, 2022 10:37
Elles har vi byrja å sjå Sense8 opp att med eit vennepar. Trur faktisk kanskje det er favorittserien min, sjølv om eg er notorisk dårleg på å velja favorittar.
AND I SAY ...
HEEEEEY-EY-EY, EY-EY
HEEEEEEY-EY-EYYYYY!