Uff, som tida flyr, her er me straks i april og eg har ikkje posta i tråden sidan nyttår! Blir mykje teikneseriar å liste no, men somme prosabøker hist og her.
Fyrst las eg
Daredevil: Shadowland Omnibus av Andy Diggle, Billy Tan, Antony Johnston, Wellinton Alves, Roberto de la Torre, Davide Gianfelice et al. Dette var ei julegåve, ei av mange Daredevil-gigasamlingar eg hadde på ynskjelista -- men eit lite lukketreff, i og med at i alle fall estetikken (dvs. drakta) herfrå er ei inspirasjonskjelde for den nye sesongen av fjernsynsserien. Eg har gradvis innsett at Daredevil kanskje er den velkjent Marvel-karakteren eg liker best å lese historiar om -- ikkje naudsynleg karakteren eg liker best, men historietypane hans er noko eg kjenner dragning mot -- og han er òg velsigna med å vere ein karakter det omtrent kvar einaste større arc han har hatt siste 25 åra har vore lovprisa av kritikarar og lesarar.
Shadowland er litt spesiell i så måte, sidan det er ein slags minievent i Marvel-universet som er fokusert på Daredevil, men difor òg inkluderer mange andre blader og sidehistoriar. Desse er litt ymse kvalitet på. Somme av dei er veldig bra, men andre trekkjer heilskapen litt ned. Det er òg skuffande at desse ikkje er plassert skikkeleg kronologisk, men dukkar opp ei og ei etter at hovudhistoria er omtrent ferdig, men før epilogkapitla. Det øydeleggjer framdrifta og underminerer ein del av spenninga sidan eg i mange tilfeller veit kva som skjer allereie. Men Andy Diggle sine eigne kapittel -- altså sjølve Daredevil-bolkane -- er veldig gode. Det kjennest likevel på mange vis som om det heile er over før det verkeleg får byrja, diverre. Dette er ofte eit problem eg har med interessante vriar på status quo i superheltseriar; dei bruker mykje tid på å få spelebrikkene på plass, og så når dei er der, så er det eit stort smell og så er det over. Premisset her er at Daredevil har gått med på å bli sjef for snikmordsorganisasjonen The Hand for å hindre at verre folk leiar den, og forsøker å balansere dette leiarvervet med sine eigne ideal utan å bli korrumpert. Eit kjempebra premiss (som på mange måter minner meg om den fantastiske femtesesongen av fjernsynsserien
Angel, forresten), og historia er veldig bra fortalt ... heilt til den er over. Kunne tenkt meg å ha sett eit par årgangar Daredevil der dette var status quo før ein gjekk tilbake til normalen. Men akk. (Det ender òg på ein spanande ny vri, som eg ser på nettet diverre aldri vart skikkeleg følgd opp, heller.)
Er likevel alt anna enn skuffa, og om noko no endå meir gira på å få lese fleire slike supersamlingar om han som norske bladhyller førre årtusen likte omtale som Våghalsen.
Dernest, dei fire binda
The Third Testament av Xavier Dorison og Alex Alice. Eg likte Alice sin
Siegfried (som eg las i Outland-forlaget si norskomsetjing) og er byrja bli kjempetilhengar av Dorison, så denne har eg vore nyfiken på ei stund. Det er Dorisons store gjennombrotserie, og den er nok nokre hakk mindre gripande for meg enn seinare verk eg har prøvd. Dette er altså ein mystisisme-konspirasjonsthriller under inkvisisjonen, tenk Da Vinci-koden viss den føregjekk op 1300-talet. Det er ei sakte oppbygging her, som fyrste bind lider av, men den blir godt spanande og interessant utover. Ser ei slags oppfølgjarhistorie er blitt laga seinare, vurderer absolutt å prøve den òg.
Eg nemnte nokre bind
Nottingham i postane her i fjor, og har no lese ein ny,
Robin av Vincent Brugeas, Emmanuel Herzet og Benoit Dellac. Dette fortset å vere god mellomalderaction og ei ganske jordnær, interessant tilnærming av Robin Hood-mytoset der sheriffen er hovudperson og eit godt menneske, men det manglar nok ein
je ne sais quoi for å vere det verkeleg heilt store. Det sagt, det er nydelege teikningar, flott framdrift og minneverdige scenar, og så byggjest det ein del interessant kontinuitet her, bind for bind, så det kan bli noko verkeleg spesielt gitt nokre bind til å vekse på. Vel verdt lesinga om premisset verkar spanande.
Fekk Simon Spurrier og Bilquis Evelys trebinds
Sandman-oppfølgjar
The Dreaming til jul. Spurrier er ein skribent som ofte står bak mykje bra, og denne var veldig fin. Det er sjølvsagt eit utruleg krevjande oppdrag å skulle fortsetje noko etter meistarverket
Sandman, men å her (som tittelen tyder på) leggje fokuset på bikarakterar fungerer flott for Spurrier. Det når sjølvsagt aldri moderserien til knea, men det kjennest som ein verdig epilog, og det er meir enn eg ville våga vente meg. I same slengen las eg dei fyrste to binda av oppføgjaren til
The Books of Magic (samt ei gjenlesing av den opphavlege), då eg fann desse på vårryddesalget til Outland. Desse, av Kat Howard og Tom Fowler, lukkast nok ikkje like godt med å vere ein fullverdig oppfølgjar, men det var heilt OK lesing. Vil ikkje leite etter resten av denne serien, men snublar eg over den brukt ein dag, les eg gjerne ferdig.
Eg hadde liknande reaksjon på eit anna funn frå vårryddinga til Outland,
Strange Academy: Bright Side av Skottie Young og Humberto Ramos. Magiskule-serie i Marvel-universet, dette er bind 2, eg prøvde bind 1 for mange år sidan. Det imponerte ikkje den gongen, men eg tenkte kvifor ikkje gi det ein ny sjanse no. Og det var absolutt nokre hakk betre enn eg hugsa at bind 1 var! Framleis ikkje heilt seld. Kanskje ein førtiåring rett og slett ikkje er rett målgruppe for historiar om magielevar i tenåra.
Eit anna funn på det ryddesalget var noko eg aldri hadde høyrt om ein gong:
Seven to Eternity, ein tetralogi av Rick Remender og Jerome Opeña om ei fantasyverd der alt er styrt av ein tyrann som kontrollerar undersåttane ved å love kvar av dei akkurat det dei ynskjer mest, i byte mot å få innpass i hovuda deira så han kan sjå og høyre alt dei ser og høyrer. Interessant konsept, som tidvis lever opp til premisset, og har nokre fine vriar her og der undervegs -- men ikkje fullt så konsekvent at eg vart skikkeleg imponert. Bonuspoeng for at tyrannen er ein av dei meir interessante karakterane i verda som blir skildra, då.
Det siste funnet på ryddealget til Outland var ein anna tetralogi, men dette var ein eg har vore veldgi klar over:
DIE, ein
Dungeons & Dragons-dekonstruksjon av Kieron Gillen og Stephanie Hans. Gillen er ein annan serieskapar eg er tilhengar av, men her må eg innrømme eg var litt skuffa. Fyrste bind var svært gripande og interessant, men resten leverte eigentleg ikkje så mykje for meg. Ei heilt grei skuring angst-og-moralske-gråsoner-sekundærverd-fantasy-historie med avstikkarkapittel der ein lærer ein del (for all del interessante ting) om rollespelsjangeren og tinga som forma den gjennom historia.
Så kjem me endeleg til den fyrste prosaboka,
Toll the Hounds av Steven Erikson.
Denne har eg jo skreve om i ein annan tråd her, men det var god lesing, sjølv om den tok meg æææææver å fullføre.
Det har blitt tre tilfeldige
Lucky Luke-album på nyåret; to gamle for å plugge hol i samlinga, og det nye som er i handelen i desse tider. Godt nøgd med alle tre!
Dusørjegeren [Chasseur de primes] av René Goscinny og Morris var strålande, ein av dei beste i serien, morosam og intelligent.
Brødrene Dalton får en sjanse [Les Dalton se rachètent], òg av Goscinny og Morris, var definitivt òg mellom dei betre, men ikkje heilt i same liga.

Den nye,
Kamerat Cowboy [Une cow-boy sous pression] av Jul og Achdé fortset det høge nivået dei fleste av desse moderne oppfølgjaralbuma har helde. Dalton-brørne følest litt tvungne her -- historia hadde fungert vel så bra utan dei -- men elles er Luke som må handtere tidleg fagforening og industrialisering frå begge sider av forhandlingsbordet eit sprekt og ofte overraskande artig premiss som passer flott inn i tradisjonen med å late hovudpersonen omgås med historiske prosessar og figurar.
Året sin andre prosaroman -- fyrste i ein lang pause frå Malazan-prosjektet der eg hentar meg inn på jule- og gebursdagsgåver til både meg og ektefellen -- var min fyrste Ursula K. Le Guin sidan eg så vidt prøvde meg på Earthsea på skulebiblioteket tidleg i tenåra;
The Left Hand of Darkness. Litt ujamnt tempo, og kanskje litt føreseieleg historie på somme vis, men velskreven og (i alle fall med tanke på når den vart skreven) idérik og tankevekkjande. Blir nok ikkje ein favoritt for meg, men den var vel verdt lesinga.
Ein gamal litteraturforelesar eg hadde for tjue år sidan sendte meg nokre korte noveller han stundom har hatt på pensumlistene sine då eg nemnte eg ikkje hadde lese verken O. Henry eller Lovecraft sjølv om eg så klart eg velkjent med begge namna.
Hearts and Hands av O. Henry var heilt OK, sjølv om eg såg sluttvrien komme umiddelbart og nok hadde håpa det skulle vere litt meir ved den.
The Outsider av H. P. Lovecraft var litt traurig for meg å følgje tråden i, men til skrekk å vere (som ikkje er mi greie i det heile tatt) fungerte den ganske fint.
Beyond the Wall of Sleep av Lovecraft var mykje lettare å forstå for meg, men den verka litt … retningslaus? Følte ikkje at eg fekk så mykje ut av den, diverre. Gøy lell å endeleg ha dyppa tåa litt.
Roms ørne VIII [Les aigles de Rome VIII] av Enrico Marini er like solid som tidlegare bind. Trist at desse no må kjøpast på dansk fordi dei fyrste ikkje selde godt nok på norsk. Som vanleg er det litt for lite historieprogresjon per bind til at eg verkeleg føler eg er inne i det igjen før det heile er over, men det er på grunn av sidetalet og ikkje sidene sjølve. Dette er forseggjort, sterk historisk fiksjon.
https://static.fnac-static.com/multimed ... minius.jpg
Endå betre er, som vanleg, nyaste bind
Undertaker: Verden ifølge Oz [Le monde selon Oz]. Nok ein serie der norsk har gitt opp og eg må bestille frå Tronsmo på dansk, men Xavier Dorison og Ralph Meyers gjer det som alltid vel verdt det. Dette er andre del av historia som vart påbyrja i førre bind (som vanleg er
Undertaker skreven i historiebolkar på to og to bind), og denne westernserien om ein tørrvittig reisande gravferdsagent etter den amerikanske borgarkrigen er og blir ein av dei beste teikneseriane eg les.
For sikkert ti år sidan fekk eg dei fyrste binda av
The Wicked + The Divine av Kiron Gillen og Jamie McKelvie frå ektefellen, og me likte den begge nok til å ville fortsetje. Det tok si tid, men i fjor somla me oss endeleg til å kjøpe resten, og no har eg lese den! Konseptet er at ein gong kvart nittiende år reinkarnerast tolv guddommar (ikkje naudsynleg dei same tolv kvar gong) i ungdomar ein eller annan stad i verda. Desse ungdomane får kreftene og til dels personlegdomane til gudane som no bur i dei, men dei får berre leve i to år før dei forsvinn. Denne gongen har det skjedd i Storbritannia, og i eit moderne samfunn tek tilbedinga deira form av tilhengarskarar som kjem til konsertane. Serien utforskar altså, i alle fall i teorien, konsept som kortsiktig tenåringstenking og heltedyrking av musikarar. Eg kan styre meg for tenåringssida her, og over tid er thrilleraspektet absolutt det sterkaste etter kvart som karakterane og lesaren får skjønne litt og litt meir om kva reglane er, kvifor dei er slik, og kva som slett ikkje er slik det ser ut til å vere. Eg likte den godt, som heilskap, men etter ellevte og siste bind er over fenga den meg framleis diverre aldri heilt nok til å bli mellom mine favorittar i urban fantasy-sjangeren. Tilrådd for alle som tykkjer premisset høyrest spanande ut, den leverer absolutt, men elles går det greitt å hoppe over den òg.
Så fekk eg endeleg somla meg til den fjerde og siste boka i Stephen Fry sine gjenfortejlingar av gresk mytologi:
Odyssey. Kunne nok tenkt meg for komplettismen sin del at litt fleire av dei omkringliggjande historiane vart gitt 'skjermtid' her, særleg andre halvpart av
Æneiden og historiane om Odyssevs etter at han endeleg kjem seg heim, men eg forstår jo at Fry ville halde seg til sjølve reisa og heimkomsten som rammestruktur. God lesing, heile denne serien er varmt tilrådd.
Briar, Vol. 1: Sleep No More av Christopher Cantwell og Germán García samt
Briar, Vol. 2: Quest of the Cursed av Cantwell og Alex Lìns var innfallskjøp i fjor fordi eg likte fjernsynsserien Halt & Catch Fire Cantwell stod bak og tenkte dette konseptet -- ein mørk fantasy-vri på Tornerose-eventyret -- kunne falle ektefellen i smak. Me tykte begge dette var heilt grei skuring, men liksom mangla noko udefinerbart for verkeleg å fenge oss. Det er ein del god humor her, og ein del kule scenar, særleg i bind 2, men eg blir ikkje heilt oppslukt i historia. Kjem sikkert til å gi det tredje bindet ein ny sjanse når det kjem, men vil ikkje akkurat klø i fingrane etter å få tak i det.
Årets fjerde prosaroman var
She Who Became the Sun av Shelley Parker-Chan. Dette var veldig bra! Ei ung fattigjente i gamle Kina stel lagnaden til sin eldre bror og, under dekke av sin mannlege identitet, blir ein meir og meir vesentleg figur i si samtid. Det er små tendensar hist og her til litt keitete moderne moralisering (viss ein kvinneleg karakter faktisk blir namngitt er dei alltid mykje smartare enn dei sosialt uendeleg høgarestilte mennene, til dømes), men Parker-Chan unngår det verste av dette for meg ved å late hovudpersonen sin bli verande svært kynisk og amoralsk, og gir empati- og samvitskvaler til ein sekundærkarakte i staden. Ei lita klage både eg og ektefellen hadde er at fantasyaspektet (menn som har gudegitt styringsmakt har eit indre lys folk kan sjå, og hovudpersonen kan sjå gjenferd) er nesten uvesentleg og at romanen dermed nok kunne greidd seg utan det, men sidan det er bok 1 av 2 reknar eg med det blir meir i fokus i neste bind, som eg absolutt er meint å kjøpe.
Masterpiece av Brian Michael Bendis og Alex Maleev. Er byrja få inntrykk, diverre, av at Bendis, som ein gong i tida knapt kunne trå feil for meg, det siste tiåret har hatt for mykje suksess, der kvar gong han har ein god idé publiserer han den berre før han har hatt tid til å ferdigstille den. For mange av tinga eg les av han har glimrande konsept i botnen, startar flott med to-tre kapittel som verkeleg sug meg inn, og så … blir det liksom ikkje noko av det. Masterpiece, diverre, var nok ei slik leseoppleving. Ein tenåring blir fortalt av ein gruvsam erkemilliardær at hennar daude foreldre var meistertjuvar som ein gong stal frå han, og no skal ho bøte på deira synder ved å utføre eit tilsvarande ran mot ein av hans milliardærrivalar. Kjempespanande. Men cirka halvveges i teikneserieromanen kjenner eg at det er byrja spore av, med lettvinte løysingar, skuffande vriar og ei generelt laber retning for historia. Akk, ja. Fyrste halvpart var i alle fall gøy.
Femte prosaroman var
Goddess of the River av Vaishnavi Patel, ein av tre bøker me fekk i julegåve av
Obdormio (som, som tidlegare, innrømmer å kjøpe bøker i gave fordi dei verkar interessante og vil bruke oss som prøvekaniner). Dette er ei attforteljing av ein liten del av Mahabarata-eposet, frå perspektivet til gudinna/elva Ganges. Det er velfortalt, lettlest og med ganske ålreit tempo, men lider litt under av at ei elv ikkje heilt kan føle intensiteten og dramatikken i menneskelege krigar, og dermed blir eg som lesar ofte for overfladisk stilt til historia eg les. Sjølv om Ganges sine kapittel er fortalt i fyrsteperson er deler av boka i tredjeperson og følgjer hennar halvgudsson som står midt oppi ting, og desse var fleire hakk betre i så måte. Men det er ein del determinisme her, sjølv om ein skulle vere vag på detaljane i indiske myter skjønner ein liksom intuitivt korleis alt kjem til å gå, så det underminerer òg kor kjenslemessig investert eg blir. Ei B-minus-bok for meg.
Så snubla eg over
Batman: Three Jokers av Geoff Johns og Jason Fabok brukt! Denne har eg vore nyfiken på i fleire år. Kan Jokeren verkeleg har vore meir enn éin mann alle desse åra? Interessant og spanande, om sikkert litt meir retta mot eksisterande tilhengarar av Batman-mytoset enn nye lesarar, men kunne nok godt vore dobbelt så lang for å få litt meir kompleksitet inn i historia.
Sekste og så langt siste prosaroman var nummer to frå Odormio,
A Sorceress Comes to Call av T. Kingfisher. Kingfisher er openbart eit gedigent namn i sjangeren i seinare år, men eg har aldri prøvd noko av ho, så dette var eg nyfiken på. Veldig nøgd. Her, i ein YA-aktig fantasyroman svært lausleg inspirert av brørne Grimm-eventyret
Gåsepiken, følgjer me ei snill, tretten år gamal jente med ei iskald mor som tek det å vere kontrollerande til skrekkeleg bokstavelege grader. Om hovudtrekka i historia er litt føreseielege, så gjorde det meg veldig lite, her er det intenst og trykkjande å vere i hovudet på hovudpersonen, ting er både skumle og opprørande i det lengste, og ein heiar på hovudpersonen som alltid er på bakfoten heile historia gjennom. Har lagt denne i lesebunken til kona no og er spent på kva ho kjem til å tykkje -- sjølv kjem eg i alle fall til å lese meir av Kingfisher!
Endeleg har eg fått byrja på eit prosjekt som vart sett på pause hausten 2024 (!) der eg gjenles det eg har i hyllene av Ultimate Marvel-universet (stort sett X-Men og Spidey) med sikte på å så få lese ferdig
Ultimate Spider-Man, som eg kjøpte det eg mangla av på Finn for mange år sidan og så aldri faktisk las. På
Ultimate X-Men-fronten er eg no komen til dei fyrste av Brian K. Vaughans bind. Han er ikkje fullt så fantastisk som Bendis sine var, her, men det er god dialog, god karakterbygging og ei fullverdig fortsetjing på alle vis. På
Ultimate Spider-Man, der Bendis og Mark Bagley framleis står bak kvart einaste kapittel (!) er eg komen til
Carnage, Superstars og
Hobgoblin. Peter Parker får verkeleg velte seg i skuldkjensle og angst her, så det corny bindet med crossovers i midten var mindre seigt enn ein skulle tru. Bendis får så mange gode augneblink ut av kroppsbytet (!) til Wolverine og Spider-Man, til dømes, at det idiotiske premisset nesten kan tilgis.
Og då var eg à jour, gitt!