Page 1 of 1
NaNoWriMo
Posted: Wed Oct 14, 2009 14:57
by Sauegjeteren
National Novel Writing Month. Starter i november, og går ganske enkelt ut på å skrive ein roman i løpet av november. Du skal ikkje tenkje eller pukke på skrivefeil, du skal berre skrive og skrive, til du til slutt har 50 000 ord, tilsvarande 175 romansider. Høyres freistande ut for min del, og eg har berre alt mogleg anna å gjere i november lell, så eg er med.
Bli med, du og!
http://www.nanowrimo.org/
Posted: Sat Oct 17, 2009 13:07
by Prix.
Jeg skal være med. Blir på en måte skikkelig spennende.
Posted: Tue Oct 27, 2009 23:44
by Anouar
Jeg er med!
Har bare skole fra 9.00-14.30 og teater fra 15.00-20.00 hele de to første ukene, men det går bra.

Posted: Mon Nov 02, 2009 21:01
by Sauegjeteren
Og der var me i gang. Eg ligg etter skjema, sjølvsagt, men det går bra.
Posted: Thu Nov 05, 2009 20:46
by Prix.
Jeg ligger foran skjema. =D
Det er gøy.
Posted: Fri Feb 05, 2010 22:50
by Terje
Hvordan gikk dette, egentlig?
Posted: Sat Feb 06, 2010 3:31
by Sauegjeteren
Eg ga meg på 20 000. Det er noko å arbeide vidare med om eg får anden, men kanskje ikkje i den forma det er no.
Posted: Sat Feb 06, 2010 12:09
by Terje
20.000, det er ca 80 sider, eller hva? Er jo ikke verst på en liten måned.
Posted: Sat Feb 06, 2010 19:19
by Sauegjeteren
Med skriftstorleik 12 og enkel lineavstand vart det 23 fulle sider, dog i A4. I bokformat blir det nok noko meir.
Og for all del, eg er nøgd med at eg fekk pressa meg sjølv til å skrive såpass, all den tid det er tålmod og uthaldenheit eg manglar for å bli ein god forfattar.
Posted: Sat Feb 06, 2010 20:33
by Lothar
Kan jeg spørre hva du skrev om?

Posted: Sun Feb 07, 2010 10:54
by Sauegjeteren
Vel... Eg er faktisk litt usikker sjølv.
Utgangspunktet mitt var alt som kan skje på ei tribune i løpet av ei natt. Dei tri hovudpersonane mine ville då vere to uteliggarar som bur på stadion og ein vaktmeistar/nattevakt. Så ville eg la desse dele livshistoriane sine og få det til å bli spanande utover kvelden, og ikkje minst la dei få besøk.
Eg ser no at det nok kan likne på "Vente på Godot" av Samuel Beckett, men eg trur det går fint. Eg har ei meir markert historie, og den andre forma eg snakka om eg ville skrive over i er teater. Grunna til at eg valde å skrive som roman er at eg ville utforske mediet, samt at det er lettare å skrive utfyllande på ein roman enn eit teatermanus.
Posted: Tue Nov 09, 2010 8:30
by Sauegjeteren
Tjolahopp. Då er me i gang att. Tradisjonen tro startar eg i seinaste laget, så eg har gjett meg sjølv tri veker i staden for fire. Dei to fyrste dagane har eg greidd å skrive 4500 ord totalt, og eg har funne ut at eg må ha minst 2000 ord pr. dag, så så langt, så vel. Då gjenstår berre resten. Ønsk meg lukke til, folkens.
Posted: Tue Nov 09, 2010 16:50
by Shallis
Sauegjeteren wrote:Tjolahopp. Då er me i gang att. Tradisjonen tro startar eg i seinaste laget, så eg har gjett meg sjølv tri veker i staden for fire. Dei to fyrste dagane har eg greidd å skrive 4500 ord totalt, og eg har funne ut at eg må ha minst 2000 ord pr. dag, så så langt, så vel. Då gjenstår berre resten. Ønsk meg lukke til, folkens.
Lykke til

Posted: Tue Dec 07, 2010 9:15
by Sauegjeteren
Lita oppdatering folkens: November er over. Eg skulle potensielt ha skrive 50 000 ord, minst. Det har eg. I går skreiv eg ut 50 559 ord i to eksemplarar som eit fyrsteutkast. 65 sider. 58 tettskrive datasider, litt meir med kapittelskiller.
Historia er ferdig, no skal eg revidere heile historia, bygge ut og stryke ei god stund. Så kan eg kanskje sjå på språk, om eg nokon gong blir nøgd med historia. Så skal eg sende inn til forlag og gjere om så eg får originalproduktet mitt ein gong til. Og slik skal eg fortsette ei stund. Eg gjer beskjed om ho nokon gong kjem ut i butikkane, så ikkje mas så alt for mykje på forhandsbestilling endå. Det er tid til det endå.
Posted: Wed Dec 15, 2010 15:30
by Lily
Godt jobba
