TV-serier, sesong II

For deg som har noe annet på hjertet

Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren

Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Sett alle seks Our Flag is Death som er komne no, og serien tok seg veldig opp straks Waititis eigen karakter vart fast inventar. Dynamikken fungerer langt betre med han i miksen. Storkoser meg!
Asphyxiate wrote: Fri Mar 04, 2022 10:51 Enig i alle sammen, også ser jeg det er en ny serie på Netflix - The Guardians of Justice, men aner ikke noe annet om den enn tittelen.
Såg fyrste to episodane. Valdeleg DC-pastiche (openbare 1:1-versjonar av Superman, Batman, Luthor, Joker, Nightwing, Robin, Wonder Woman, Aquaman, Flash, etc.) med spenstig premiss (kva om Superman tok sjølvmord på direktesendt fjernsyn), kaotisk stil (her er det tradisjonell animasjon, live action og retro-dataanimasjon om eit anna, og eit tjukt lag glorete 80-talls spesialeffektar), og eit så langt heller lite interessant plott og karaktergalleri. Veldig usikker på om det er verdt å fortsetje -- den masete stilblandinga er morosam innimellom, men stort sett er den berre trøyttande eller teit, og historia, trass i det spanande premisset, har ikkje fenga meg etter to episodar. Viss nokon her ser vidare så set eg pris på tips om den er verdt å fortsetje med eller ei!
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1023
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Ferdig med Station Eleven. Jeg vet ikke hva som skjedde, men det skjedde litt for ofte at jeg strakk meg etter mobilen eller laptopen underveis. Dette er helt klart en serie som krevet og forventer at du følger med, og de aller fleste serier gir jo så sykt mye mer om man følger godt med hele veien, men noe gjorde at den ikke klarte å holde på oppmerksomheten min hele veien. For all del, det er en GOD serie med god historie, bra karakterer, godt skuespill, fint manus, en del tvister og usikkerheter og de klarer stort sett skiftet mellom de ulike tidspunktene i historien på en god måte, så delene er absolutt på plass. Aner ikke hva som skjedde denne gangen, veldig sjeldent jeg ikke er på når jeg ser en serie, men det skjedde altså her.

The Boys: Diabolical var artigere og en finfin forrett før sesong 3.

Så er jo spørsmålet hva neste serie blir. Har utsatt The Expanse av en eller annen grunn, å gyve løs på noe jeg egentlig burde se fra begynnelsen av igjen (så s1-2 da det var på Netflix for en del år siden) frister egentlig ikke. Frister mer med korte sesonger og miniserier, men kanskje vil flere sesonger gjør meg mer investert. Andre ting på lista pr nå Arcane, DOTA, How to with s2, Killing Eve s3-4, Cobra Kai s3, The Righteous Gemstones, Beforeigners s2 mfl. Hmmm
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Asphyxiate wrote: Thu Mar 17, 2022 9:43 Ferdig med Station Eleven. Jeg vet ikke hva som skjedde, men det skjedde litt for ofte at jeg strakk meg etter mobilen eller laptopen underveis. Dette er helt klart en serie som krevet og forventer at du følger med, og de aller fleste serier gir jo så sykt mye mer om man følger godt med hele veien, men noe gjorde at den ikke klarte å holde på oppmerksomheten min hele veien. For all del, det er en GOD serie med god historie, bra karakterer, godt skuespill, fint manus, en del tvister og usikkerheter og de klarer stort sett skiftet mellom de ulike tidspunktene i historien på en god måte, så delene er absolutt på plass. Aner ikke hva som skjedde denne gangen, veldig sjeldent jeg ikke er på når jeg ser en serie, men det skjedde altså her.
Tja, serien er jo ikkje-lineær på ein måte som fort kan føre til lite stimulerande sekvensar der ein føler ein 'veit' kva som skal skje, særleg når det attåptil er eit ganske bedageleg tempo på scenane. Eg tykte ikkje det var eit problem sjølv i særleg grad på akkurat denne, men det skjer meg absolutt hist og her med seriar, og kan vere til dels uavhengig av kor gode seriane er på papiret. Så relaterer absolutt til opplevinga. :) Hadde det før i veka litt tilsvarande i den nest-siste episoden av Pieces of Her (som er heilt OK, men ingenting superspesielt, diverre), der dei fullstappa episoden med flashbacks som fylte ut dei manglande informasjonsbitane i ørten ulike mysterium, men der 90 % av scenane likevel berre viste ting som allereie hadde vore tungt nok implisert at det sleit med å fenge når ein fekk det bekrefta. Og denne kjensla skjer meg støtt på Doom Patrol, som er så vanvittig heilsprø at ein skulle tru eg var klistra til skjermen, men der eg ofte berre vil at scenen skal bli ferdig så historia får komme seg vidare.
Leit at du ikkje fekk så mykje ut av Station Eleven, og orsak at eg bidrog til å trykkje det inn på lista di!
Asphyxiate wrote: Thu Mar 17, 2022 9:43 The Boys: Diabolical var artigere og en finfin forrett før sesong 3.
Har berre sett ei handfull episodar så langt, og den er ganske bra, sjølv om hypervald sjeldan er heilt mi greie. Skjønt litt skuffa at den ser ut til å ikkje vere i kontinuitet med fjernsynsserien.
Asphyxiate wrote: Thu Mar 17, 2022 9:43 Så er jo spørsmålet hva neste serie blir. Har utsatt The Expanse av en eller annen grunn, å gyve løs på noe jeg egentlig burde se fra begynnelsen av igjen (så s1-2 da det var på Netflix for en del år siden) frister egentlig ikke. Frister mer med korte sesonger og miniserier, men kanskje vil flere sesonger gjør meg mer investert. Andre ting på lista pr nå Arcane, DOTA, How to with s2, Killing Eve s3-4, Cobra Kai s3, The Righteous Gemstones, Beforeigners s2 mfl. Hmmm
Arcane er superb. DOTA har eg ikkje sett sesong 2 av enno -- tykte sesong 1 var heilt OK, men ingenting spesielt. Hadde det ikkje vore fantasy med stor F, ville eg nok droppa den etter pilotepisoden.
Killing Eve har i mine auge hatt ein gradvis kurve nedover sidan byrjinga av sesong 2, og er med tid og stunder blitt ein meir fjasete popkornserie av typen eg føler det er flust (og betre) av der ute, og tapt mykje av det som gjorde det til den minneverdige psykologiske spionthrilleren med glimt i augo den var i fyrstesesongen. Misforstå meg rett -- den er ikkje blitt dårleg, men snarare utvatna med over-the-top-plott og for mange tvistar og karakteravgjersler som er for lite plausible for tonene serien hadde i utgangspunktet. Det er imidlertid nokre positive teikn no utover i sistesesongen på at dei forsøker å jobbe seg tilbake mot det serien ein gong var. Og serien har jo ein skikkeleg solid kjerne i hovudpersonane (og med det inkluderar eg mentorkarakterane på kvar side), så den har alltid vore sjåverdig. Klarer likevel ikkje å unngå litt bitterheit på at den over tid gjekk frå ein kjempegod serie eg koste meg med til 'berre nok ein OK serie av mange'.
Beforeigners hadde ein ganske solid andresesong! Sakna kanskje litt meir humor, samanlikna med den fyrste, men elles var det bra. Cobra Kai og The Righteous Gemstones høyrer eg mykje bra om, men har diverre ikkje hatt tid til ...
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1023
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Tja, nei jeg vet egentlig ikke 100% akkurat hva det var med Station Eleven som gjorde at jeg søkte til forstyrrende elementer underveis, men det endte med å bli en serie jeg så ferdig fordi det var kvalitet og at det tross alt "bare" var 10 episoder.

Og du skal ikke ha NOEN skyld for å anbefale serien. Den stod på lista mi og jeg var oppriktig interessert før jeg begynte. Jeg takker heller for alle kommentarer og anbefalinger!
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Berre hyggeleg. Er sjeldan eg får høvet til å prate med nokon som ser så mykje fjernsyn som eg og du gjer. :D

Så, kva ser eg for tida? Vel:
Me byrja endeleg på nye sesongen Mrs. Maisel i går (har utsett det med vilje, saman med Better Call Saul og Peaky Blinders er vel den favoritten min mellom alt som framleis kjem med nye episodar), avsindig korleis nesten kvar einaste scene i den serien har meir vittige dialogutvekslingar enn dei fleste komiseriar klarer på ein halvtime. Så såg me som nemnt Pieces of Her nyleg (heilt OK thriller som var best i midten av sesongen), samt 2015-miniserien And Then There Were None basert på historia til Agatha Christie, som var superb, med nesten utelukkande skodespelarar eg liker godt nok til å vite namnet på straks eg ser dei (seriøst, slå den opp på IMDB, det er avsindig). Ellers er det ein del vekentlege slepp. Nemnte Killing Eve i førre post. Severance er så langt svært god, orwelliansk science fiction på beste måte. Billions er nok ikkje lenger heilt på høgde med då serien var på sitt beste, men til sesong 6 å vere tykkjer eg det er ein sterk prestasjon kor bra den faktisk fortsatt er. For øvrig einaste serien utom Mrs. Maisel der eg til tider føler eg burde hatt undertekstar med berre for å ha filla sjanse på å snappe med meg meir enn 20 % av referansane som peprar dialogen. Elles har sesong to av Raised By Wolves vore veldig bra så langt, definitivt serien eg har likt nest-best etter Mrs. Maisel i seinare veker (har rett nok sesongfinalen igjen), og Snowpiercer fortset med å vere ganske solid etter det store løftet den gjorde i andresesongen (var mindre imponert over fyrste). Og så er det eit par ting som la ut heile sesongar der eg ikkje er oppdatert enno, men godt i gang: Doom Patrol fortset med å vere sprøare enn knekkebrød, men på ein svært god måte -- sjølv om eg nok kunne tenkt meg betre tempo til tider. The Boys: Diabolical skildra eg tidlegare i tråden, er halvveges gjennom den.

Og så ser me Resident Alien. Lettfattleg fjas, men med hakket færre logiske bristar (det er for all del likevel mange) og hakket sterkare karakterdrama enn denne typen seriar vanlegvis har -- kan kanskje slik sett minne litt om serien Chuck frå for ti år sidan --og skodespelet til Alan Tudyk i tittelrollen er som alltid fantastisk. Greitt med noko litt mindre tungt på plakaten innimellom, me ser elles stort sett kun tunge drama utom den obligatoriske halvtimeskomedien før me legg oss. Som for augneblinken byter mellom to: Our Flag Means Death gjekk som nemnt frå litt artig til veldig gøy straks Waititi dukka opp og har halde seg der, og sesong to av Space Force fortset med å ha betre skodespelarar og karakterdrama enn det har vitsar, men det er likevel mykje å more seg med i dei fleste episodane. Etter dei ventar den nye sesongen Upload, hugsar eg likte sesong 1 ganske godt, og deretter (om ein to-tre vekers tid, sidan me ser 1 episode komedie for dagen) så har eg ein ambisjon om å sjå omatt Batman: The Animated Series, etter at eg fekk den på Blu-Ray til bursdagen for halvanna år sidan. (Ikkje strengt tatt ein komedie, men animerte halvtimesseriar retta primært mot barn gjer same nytten -- me såg gjennom Gargoyles ein sommar, til dømes.)

To seriar me tykkjer er litt for saktegåande til å sjå med full merksemd, men som me heller ikkje heilt ynskjer å droppe, er periodedramaa Outlander og The Last Kingdom (eller «BEBBANBUUUUURG!» som den kallast her i huset), men då me berre ser slike seriar medan me et middag og me prioriterar Last Week Tonight, The Late Show og The Daily Show (rett nok via YouTube der me kan hoppe over uinteressante segment, så me klarer vanlegvis to episodar på eit måltid) så har me ikkje fått byrja på dei nye sesongane enno. Vil tru me jafsar gjennom ein del av dei straks det er ei pauseveke for Colbert.

Apropos Peaky Blinders så har sistesesongen byrja, men me har utsett den for å sjå omatt heile serien fyrst og slik få mest mogeleg ut av den. Fjernsynskøen vår er lang, men det hopper nok bukk over det meste, så straks me byrjar bli oppdatert på Mrs. Maisel trur eg det blir den neste tingen.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1023
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

åååååååååh, Batman: The Animated Series har jeg SÅ lyst til å se, men den er jo ikke tilgjengelig på nett her i Norge noe sted. Hadde, og har håpet, at den dukker opp på HBO Max da de nå har mye DC. Disney+ har noen av de gamle Marvel-seriene (Spider Man, X-men osv) som jeg også har lyst til å se fordi jeg ikke så dem da de gikk (for ung, eller hadde ikke tilgang).

Jeg har også stort sett en halvtimes komiserie jeg avveksler med, men per nå er det fortsatt Star Wars: Rebels som tar den plassen. Der går det også litt treigt etter at jeg pløyde gjennom s1-2 på kort tid.

Dere har helt klar flere serier på gang enn meg. Jeg har stort sett en hovedserie jeg ser igjennom, kanskje en-to serier som kommer med ny episode hver uke hvis det er en slik serie som går for øyeblikket (akkurat nå er det ikke det for min del, men regner med at feks Moon Knight blir en sånn en), en halvtimes komiserie (som kan være en animasjonsserie) samt en anime. Også Last Week Tonight når det går. Absolutt nok.

Har også hver søndag sett Poirot med David Suchet siden tidlig 2021, og har nå en episode igjen. Usikker på hva som skal ta over for den på søndagskveldene, men tenker kanskje å se gamle disney-filmer - eller finne annen 1 - 1 1/2-times britisk krim med avsluttende episoder per episode.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Asphyxiate wrote: Fri Mar 18, 2022 10:43 åååååååååh, Batman: The Animated Series har jeg SÅ lyst til å se, men den er jo ikke tilgjengelig på nett her i Norge noe sted. Hadde, og har håpet, at den dukker opp på HBO Max da de nå har mye DC.
Snålt at den ikkje har -- dei har kanskje ikkje ein barneorientert profil, og det er derfor dei ikkje tilbyr den? Serien er veldig bra, særleg i dei tidlege sesongane -- den hadde eit par 'revamps' og tapte seg nok ein del etter dei -- skjønt den har ingen verdas ting i retning større plott- eller karakterutviklingar. Dobbeltepisodar for større historiar er omtrent det einaste å snakke om av kontinuitet. Det sagt så fann eg ei svært interessant fanside der det var utvikla ei episodeomstokking som i teorien vil implisere nettopp karakterutvikling og større arcs (grupperer til dømes alle episodar der fienden nesten alltid er organisert kriminalitet og Batman opererer solo som ein fyrstesesong, så introduserar dei Robin og maskerte skurkar, og så gradvis meir og meir science fiction-baserte plott etter det igjen), og har printa den ut med tanke på å forsøke det for denne gjennomsjåinga. Kjempespent på å sjå om det vil tilføre noko, eller om det berre blir rotete.
Asphyxiate wrote: Fri Mar 18, 2022 10:43Disney+ har noen av de gamle Marvel-seriene (Spider Man, X-men osv) som jeg også har lyst til å se fordi jeg ikke så dem da de gikk (for ung, eller hadde ikke tilgang).
Spider-Man: The Animated Series såg eg ein del på TV2 i barndomen, og har positive minner frå. Usikker på kor godt den ville halde seg no, men mistenkjer den i alle fall er sjåbar -- den var merkverdig nært kjeldemateriellet, er utallege gonger eg som vaksen har lese Marvel-teikneseriar av ulike slag (slett ikkje alltid om Spider-Man) og støter på større historieseksjonar som eg kjenner att detaljar av frå den serien. Den er på backburner-lista mi av ting eg ynskjer sjå frå ende til ende ein gong, men det er ikkje blitt prioritert enno. Eg har óg lyst til å sjå Spectacular Spider-Man, av litt nyare dato, som eg har inntrykk av at er den av alle Spider-Man-teiknefilmseriar som har aller best rykte. Men den har eg ikkje sett noko av i det heile.

Den gamle X-Men-serien såg eg ikkje som liten, men har likevel sett ein del av, dei fyrste åra eg var saman med ho eg no er gift med var ho omtrent halvveges i ein gjennomsjåing av den, og me såg episodar saman dei gongene eg vitja. Det verka artig kjent, for sjølv om animasjonsstilen er litt meir datert enn hjå Spider-Man var karakterdesigna identiske frå crossoverane eg hugsa frå den. Har sidan den gong sett eit par andre, kortare og mindre kjente, animerte X-Men-seriar, men det er så mange år sidan at dei alle er byrja flyte saman i hovudet mitt.

Asphyxiate wrote: Fri Mar 18, 2022 10:43 Jeg har også stort sett en halvtimes komiserie jeg avveksler med, men per nå er det fortsatt Star Wars: Rebels som tar den plassen. Der går det også litt treigt etter at jeg pløyde gjennom s1-2 på kort tid.
Hm, interessant. Eg hugsar vagt at eg tykte serien vart betre utover (jo mindre fokus det var på Ezra og jo meir tilknytning dei gjorde til Clone Wars), så eg ville heller venta det gjekk treigt i byrjinga og så byrja gli litt fortare rundt sesong 3.
Asphyxiate wrote: Fri Mar 18, 2022 10:43 Dere har helt klar flere serier på gang enn meg. Jeg har stort sett en hovedserie jeg ser igjennom, kanskje en-to serier som kommer med ny episode hver uke hvis det er en slik serie som går for øyeblikket (akkurat nå er det ikke det for min del, men regner med at feks Moon Knight blir en sånn en), en halvtimes komiserie (som kan være en animasjonsserie) samt en anime. Også Last Week Tonight når det går. Absolutt nok.
Det er det eg ville gjort dersom eg såg åleine, og hugsar det var det eg gjorde ein gong i tida! Kona føretrekkjer å ikkje sjå meir enn ein (til nauden to, viss det er noko ho liker ekstra godt eller me har mange timars avbrekk mellom episodane) av same serie per dag, så sidan me har vore saman i over femten år no så er vanen blitt endra deretter. Ho kan fint sjå fire episodar på rad utan nemneverdig pause, men helst av fire ulike seriar, elles går ho lei. Derav sjongleringa.
Asphyxiate wrote: Fri Mar 18, 2022 10:43 Har også hver søndag sett Poirot med David Suchet siden tidlig 2021, og har nå en episode igjen. Usikker på hva som skal ta over for den på søndagskveldene, men tenker kanskje å se gamle disney-filmer - eller finne annen 1 - 1 1/2-times britisk krim med avsluttende episoder per episode.
Haha! Me har hatt eitt backburner-prosjekt med Suchets Poirot sidan ... 2010, trur eg me byrja. Og vart ferdige i fjor sommar! Den heilt siste episoden var ein av mine absolutte favorittar, så håpar du liker den.

Kan tilrå den Christie-miniserien eg nemnte førre post i så fall, And Then There Were None, det kjentest veldig som eit Poirot-mysterium berre minus detektiven. (Får dermed meir thriller/skrekk-kjensle ved seg, sidan utan han er absolutt alle karakterane både potensielle offer og potensielle ugjerningsfolk.) Er rett nok ikkje avsluttande episodar, men det er berre tre episodar, på 1 time kvar, så det kvalifiserer kanskje nesten.

Disney-gjennomsjåingar er alltid kjekt.* Me hadde eit prosjekt med å sjå alle dei obskure me aldri hadde sett for ørten år sidan, inklusive hybridfilmar som The Reluctant Dragon og dei svakare kompositt-filmane frå krigstida som Saludos Amigos, og sjølv om alt sjølvsagt ikkje held seg like bra er det mykje som gjer det overraskande godt. Særleg i dei store, kjente titlane er det vanvittig kor mykje ein kan få ut av det som vaksne menneske seksti-sytti år etter det vart produsert.

*No skal det nemnast at eg er uvanleg stor disneyfan, då.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1023
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Angående Batman-serien, så vet jeg bare at den er anerkjent som noe av det beste innenfor det animerte Batman-universet og filmen Mask of The Phantasm er meget god. Dette er vel serier av/med Bruce Timm og Paul Dini. Håper den dukker opp på en plattform, HBO Max har som sagt mye DC nå, feks mange av DCAMU osv osv (lett å gå i surr med de ulike animerte universene til DC..). De andre klassiske tegneseriene (ikke et godt ord for cartoons egentlig) fra 80- og 90tall er ting hadde digget så mye før og som jeg vil se nå for å prøve å hente fram nostalgi osv.

Om Star Wars Rebels er det nok snakk om en liten serie-fatigue, som jeg lett får. En av grunnene til jeg for tiden foretrekker å se miniserier eller serier med korte sesonnger/få episoder. 6-10 episoder er perfekt, selv om hvis det er 30 min episoder så fungerer det med flere episoder kontra 60 min episoder. Etter sesong 2 har man jo sett over 30 episoder på rappen, og da kan det noen gå litt saktere. Men enig i at ting virker bedre i s3, fint med at karakterutvikling på flere.

Har virkelig kost meg med Poirot og det er egentlig synd at jeg nå (straks) er ferdig. Joda, en del episoder er ikke like gode. Noen av de lange drar de for langt og lager for lange filmer (90 min) av for korte historier, mens noen av de korte (50 min) får ikke nok tid til å utforske mysteriet. And Then There Were None (rart at de ikke gikk for originaltittelen, gitt!) husker jeg egentlig ville se. Tror jeg tok den opp på dekoderen da den gikk for en del år siden også, men rota meg aldri til å se den. Sliter dog med å finne et sted å se den.

I Disney-katalogen er det mye gøy, rart og utdatert. Derfor jeg har litt lyst til å ta et dypdykk på søndager. Kan bli mye moro, cringe osv.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Asphyxiate wrote: Sat Mar 19, 2022 8:48 Angående Batman-serien, så vet jeg bare at den er anerkjent som noe av det beste innenfor det animerte Batman-universet og filmen Mask of The Phantasm er meget god. Dette er vel serier av/med Bruce Timm og Paul Dini.
Jepp! Mask of the Phantasm er strålande, men det skal seiast at den er hakket meir vaksen enn fjernsynsserien vanlegvis var. I sjårekkefølgja eg nemnte trur eg den er brukt som sesongfinale for sesong 1. Uansett, animasjonskvaliteten (i alle fall gitt eit lite slingringsmonn på fjernsynsbudsjett vs. film) er omtrent den same, og dei betre episodane av serien kan nok måle seg med den på plott og stemning. Berre ver obs på at sidan serien er så standalone-basert så vil individuelle episodar variere veldig opp og ned.
Asphyxiate wrote: Sat Mar 19, 2022 8:48Håper den dukker opp på en plattform, HBO Max har som sagt mye DC nå, feks mange av DCAMU osv osv (lett å gå i surr med de ulike animerte universene til DC..). De andre klassiske tegneseriene (ikke et godt ord for cartoons egentlig) fra 80- og 90tall er ting hadde digget så mye før og som jeg vil se nå for å prøve å hente fram nostalgi osv.
Teiknefilmserie er vel det eg ville kalla dei for å skille dei frå teikneserieblad. Og DCAU-kontinuiten til Timm er absolutt å tilråde, sjølv om Batman nok er den sterkaste serien. Vil sei eg liker Justice League-serien deira klart nest-best, men Batman Beyond- og Superman-seriane er begge vel verdt å sjå viss ein har litt høg terskel for sjangeren og at hovudpublikummet er litt yngre. Men Static Shock vart for barnsleg for meg, og Zeta Project gjorde ikkje nok inntrykk til at eg hugsar noko av den.
Asphyxiate wrote: Sat Mar 19, 2022 8:48Om Star Wars Rebels er det nok snakk om en liten serie-fatigue, som jeg lett får. En av grunnene til jeg for tiden foretrekker å se miniserier eller serier med korte sesonnger/få episoder. 6-10 episoder er perfekt, selv om hvis det er 30 min episoder så fungerer det med flere episoder kontra 60 min episoder. Etter sesong 2 har man jo sett over 30 episoder på rappen, og da kan det noen gå litt saktere. Men enig i at ting virker bedre i s3, fint med at karakterutvikling på flere.
Forstår den! Eg trur at det at me ser så få episodar av same serie per veke hjelp meg å unngå det litt, men eg har absolutt kjent på same kjenslene innimellom.
Asphyxiate wrote: Sat Mar 19, 2022 8:48Har virkelig kost meg med Poirot og det er egentlig synd at jeg nå (straks) er ferdig. Joda, en del episoder er ikke like gode. Noen av de lange drar de for langt og lager for lange filmer (90 min) av for korte historier, mens noen av de korte (50 min) får ikke nok tid til å utforske mysteriet. And Then There Were None (rart at de ikke gikk for originaltittelen, gitt!)
Haha, ja. Men det skal seiast at om dei så hadde endra til Ten Little Soldiers (som barnediktet kallast i serien) så ville eg føretrekt den dei faktisk brukte. Den tilfører ein tung, fatalistisk overtone til heile historia på beste måte.
Asphyxiate wrote: Sat Mar 19, 2022 8:48 husker jeg egentlig ville se. Tror jeg tok den opp på dekoderen da den gikk for en del år siden også, men rota meg aldri til å se den. Sliter dog med å finne et sted å se den.
Dei sel den for 130 kroner på CDON og 150 kroner på Platekompaniet, så viss fysiske media er eit alternativ for deg så er det berre å vente på ein av dei mange 20 %-rabattkodane slike sider ofte har og så har du den til hundrelappen (vel, pluss frakt, eventuelt, skjønt trur det er lett å få gratis frakt òg). Eventuelt kan du jo *host* leite litt på nettet.
Asphyxiate wrote: Sat Mar 19, 2022 8:48I Disney-katalogen er det mye gøy, rart og utdatert. Derfor jeg har litt lyst til å ta et dypdykk på søndager. Kan bli mye moro, cringe osv.
Gi gjerne lyd om særlege opp- og nedturar i prosessen! :D
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1023
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Har dessverre ingen form for avspiller, og vet ikke om jeg gidder. Har en grei stabel med dvd-er og sånn, feks ultimate utgaven av Watchmen-filmen med The Black Freighter og alt sammen, som jeg jo ikke får se uten det, men vet ikke om jeg skal bruke pengene på en blue ray-spiller. Selv om det frister. Da tror jeg at jeg kjøper en lydplanke først.

Justice League og JL: Unlimited er personlige favoritter. Spennende at de animerte serien/filmene til DC er så mye bedre enn live action-filmene og at det har vært litt motsatt for Marvel (selv om de omtalte gamle Spider Man- og X-Men-seriene skal være veldig bra.

Ang. And Then There Were None, er det jo spennende at jeg leste boka med originaltittelen da jeg gikk på ungdomsskolen på starten av 2000tallet.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Asphyxiate wrote: Sat Mar 19, 2022 14:21 Har dessverre ingen form for avspiller, og vet ikke om jeg gidder. Har en grei stabel med dvd-er og sånn, feks ultimate utgaven av Watchmen-filmen med The Black Freighter og alt sammen, som jeg jo ikke får se uten det, men vet ikke om jeg skal bruke pengene på en blue ray-spiller. Selv om det frister. Da tror jeg at jeg kjøper en lydplanke først.
USB-dreven DVD-spelar er rimeleg og hendig i slike situasjonar: https://www.prisjakt.no/product.php?p=822653 Men dersom du vil ha Blu-Ray stig prisen på dei ganske heftig med ein gong, ja.

Og den Watchmen-utgåva har eg òg! Kjøpte den i Canada på vegne av ein kamerat ein gong (han som framleis er sitert i forumsignaturen min her, snurrig samantreff), og angra nesten umiddelbart på at eg ikkje kjøpte eit eige eksemplar i same slengen (eg hadde allereie Director's Cut, så det verka veldig spandabelt der og då, hadde ganske stram økonomi på det tidspunktet). Men kona gløymte det aldri (ho er like glad i den filmen som eg er) og jakta den fram på e-bay for nokre år sidan og retta opp tabben.
Asphyxiate wrote: Sat Mar 19, 2022 14:21Justice League og JL: Unlimited er personlige favoritter.
Ah, då må du sjå Batman: TAS, ja! Som sagt er vel den det einaste i DCAU/Timmverse eg liker betre enn Justice League-seriane. (Dei opphavlege sesongane, i alle fall. Etter at den skifta tittel til The New Batman Adventures og animasjonsstilen vart oppdatert til den same som dei bruker i Justice League-seriane, tapte den seg ein god del, sjølv om det framleis er sjåverdig.)

Uansett, eg sjekka go-to-sida mi for å strøyme teiknefilm, og den har heile serien, ser det ut til. Så viss du kan blokke litt pop-ups og ikkje er superkresen på resolusjon: https://kimcartoon.li/Cartoon/Batman-Th ... ted-Series Berre å sjå i veg.
Asphyxiate wrote: Sat Mar 19, 2022 14:21 Spennende at de animerte serien/filmene til DC er så mye bedre enn live action-filmene og at det har vært litt motsatt for Marvel (selv om de omtalte gamle Spider Man- og X-Men-seriene skal være veldig bra.
Ja, med unntak av fantastiske Into the Spider-Verse har Marvel-animasjon vore heller skrøpeleg i laaang tid. Men eg har høyrt ein del bra ting om enkelte seriar her og der, altså, så trur det finst enkelte unntak.
Asphyxiate wrote: Sat Mar 19, 2022 14:21 Ang. And Then There Were None, er det jo spennende at jeg leste boka med originaltittelen da jeg gikk på ungdomsskolen på starten av 2000tallet.
Du verda! I pensumsamanheng eller på reint eigeninitiativ? :o
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1023
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Husker ikke helt hvorfor jeg leste boka, men tror det var i en periode hvor jeg leste britisk krim (Christie, Doyle osv), men er det egentlig så rart å ha lest en Agatha Christie-bok på ungdomsskolen?

Nettsiden du sendte meg til fikk hele nettleserantivirusprogramvaren til å ule, så ble litt skeptisk. Noe jeg ofte er til den type serier (selv om jeg stadig må finne nye for å se anime..)
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Asphyxiate wrote: Sun Mar 20, 2022 11:49 Husker ikke helt hvorfor jeg leste boka, men tror det var i en periode hvor jeg leste britisk krim (Christie, Doyle osv), men er det egentlig så rart å ha lest en Agatha Christie-bok på ungdomsskolen?
Nei, det eg tykte var rart var at den eksisterte tilgjengeleg for ungdomsskuleelevar med originaltittelen, så eg lurte på om det var brukt i undervisningssamanheng.
Asphyxiate wrote: Sun Mar 20, 2022 11:49 Nettsiden du sendte meg til fikk hele nettleserantivirusprogramvaren til å ule, så ble litt skeptisk. Noe jeg ofte er til den type serier (selv om jeg stadig må finne nye for å se anime..)
Hm, snålt. Eg har rett nok ein del adblock i nettlesaren som fjerner det meste av maset der (ikkje alt, diverre), kanskje det er noko av det som eg ikkje ser som utløyser reaksjonen -- men eg har brukt sida i årevis utan å få virus av den grunn. Testa til og med episode 1 for å sjekke at den fungerte før eg sendte koplinga. Men for all del, ikkje ta sjansar!
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1023
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Langt inne i gamle skolebibliotek fantes, og finnes fortsatt i dag sikkert også, mye rart og gamle utgaver. De har sikkert kvittet seg med den utgaven nå, selv om jeg ikke håper det. De burde ta vare på den. Pleier ofte å bruke slike eksempler i undervisningen for å få fram utvikling og diskutere rasisme før vs. nå osv. - der har jo det Disney har gjort med advarselen før mange av de gamle filmene sine vært "gull" i så måte.

Skal se an om jeg drister meg inn på nettsiden en dag. Hvis de har Batman-serien, og andre ting som ikke er på de lovlige streamingsidene, er det jo fint. Jeg er egentlig mest fan av å bruke lovlige streamingsider så langt det lar seg gjøre, og nedlasting har jeg aldri holdt på med (annet enn litt napstering rundt 2000)
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Sjølvsagt skal ein prioritere det som ein kan sjå lovleg. Men viss du ikkje kan spele av fysiske media og ingen streamingtenester i Noreg tilbyr serien, så er det innafor min etikk, i alle fall. Reint praktisk så fungerer sida for meg, skjønt som sagt er kanskje resolusjonen litt låg (dei pla tilby eit par-tre ulike, men sjølv dei beste er neppe det heilt store, og serien er så gamal at det er mogeleg det kun er éin versjon av episodane der). Det sagt så er det kanskje like greitt i dette tilfellet -- Blu-Ray-versjonen har nydeleg biletkvalitet, men serien er jo ikkje laga for dagens skjermstorleik, så i enkelte nærbilete er det rett og slett andletsstrekar som kjem og går der dei har brukt stipla liner for effekt som no ser snålt ut fordi biletet blir så stort.

Og jau, det høyrest ut som typen ting eg ville tenkt var nyttig i undervisingssamanheng, stussa på å nemne det for eit par postar sidan. Men hadde gløymt at du var lærar, faktisk. :D
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Post Reply