Oi, det var illevarslande!

Vurderer lese
Port of Shadows fyrst, sidan den er frittståande, finn stad mellom dei fyrste to bøkene, og har dårlegast lesarvurdering av nokon i serien så vidt eg kan sjå. Tenkte det kunne vere greitt å få den ut av vegen, så eg ikkje må lese ei potentsielt traurig bok til slutt. Men den er framleis i posten (ute av print, så måtte bestille frå ein tredjepartshandlar på Amazon.co.uk), så me får sjå. Blir ein pause med ei ikkje-Company-bok fyrst no i alle fall, trur kanskje Sandersons
Elantris, og den er ganske tjukk.
Når det gjeld positivtet, vel, som Abed på
Community sa, eg liker å like ting.

Og så er vel dette ganske midt i blinken for meg, sjangermessig. Moralske gråsoner, trolldom og realpolitik, smarte karakterar som ikkje gjer openbart tåpelege valg, men likevel stadig står med vatn over hovudet, det krysser av dei fleste tinga eg ser etter. Har rett nok berre vore ein stakkarsleg einsleg drake i løpet av seks bøker, og den var knapt skildra før den var daud, men ein kan ikkje få alt her i verda. Skal ikkje klage når eg har fått
tre hamskiftande panterar.