Du verda, ein eigen poddkast? Kan verke som om det er mykje forventningar rundt om kring, samanlikna med kva eg kanskje ville venta meg.
Når det gjeld det med kjønna: Det er vel ikkje
heilt umogeleg, men eg tvilar sterkt. I så fall vil dei jo måtte planleggje å endre retninga på serien ganske ekstremt utover i dei seinare bøkene. Eg trur det berre er for å skape meir interesse i alle karakterane no i byrjinga, og som du seier spenning. Det sagt så opnar det jo ein del sjansar for dei seinare som dei ikkje ville hatt utan denne endringa, sjølv om dei ikkje skulle endre på kven som faktisk er Draken og historieprogresjonen frå bøkene i grove trekt. Til dømes kan det jo på sikt tenkjast at dei no er meint introdusere eit biplott der den raude Ajah vil blånekte (heh) for at det er ein mann og fremje ein eller annan kvinneleg kandidat som dei meiner er den 'eigentlege'.
Eg er i alle fall for det, førebels. Alle justeringar som legg til spenning og komplikasjon utan å fjerne eller svekke noko som allereie er der går heilt greitt for meg, og på papiret verkar dette som ein god ting.
