God å sjå deg Ceres!
Eg var så positiv etter alle trailerane og det som kom ut før episodane blei sluppe i går.
Etter fyrste episode var eg dels i sjokk, eg var rett og slett kjempeskuffa...
Dei hentar det litt inn i dei to neste episodane, men eg er ikkje heilt overbevist endå. Eg ser potensialet, og eg trur dette kan bli bedre og bedre utover i sesongen. Får dei fortsette utover desse to sesongane, så trur eg au dette berre kan bli bedre framover. Potensialet er der, om dei maktar å utnytte det.
Skulle gjerne visst om alle frihetane er styrt av "kjerne teamet" rundt Judkins, eller om det er resultat av press frå lenger opp i systemet. Det er fleire ting som er veldig skuffande, og som eg ikkje ser heilt kor dei skal med (noko som eigentleg bør vera positivt, for ein "identisk" kopi av bøkane gjev jau ikkje noko spenning og undring for oss som har lese bøkane).
Det blir betrakteleg bedre av å sjå på TV-serien som ein anna runde av Tidshjulet enn bøkane beskriv. At ulikheitane og endringane på TV er ein versjon av dei uendelege variantane som har vore. Alle endringane blir som to vevde tepper, dei er ikkje like, men hovudmønsteret er gjenkjennbart. Nokre trådar manglar, nokre kjem inn i veven på eit anna punkt, men totalen er der.
Trollokane, Myrdraalane og Shadar Logoth er eg kjempefornøg med! Heilt utruleg bra gjenskapt!
Whitecloaks synes eg og i store trekk er veldig passande, sjølvgode køddar som trur alt dei gjer er rett, og som brukar meir tid på eige utsjånad enn på andre medmenneske.
Eg ser serien samman med kona, som ikkje har noko som helst forhold til WoT frå tidlegare. Ho synes serien så langt er midt på treet, men har fleire gonger uttrykt høglytt frustrasjon over både ting ho ikkje forstår (men som eg forstår pga. bøkane) og til tider dårleg skodespelarteknikk (ho er utdanna musikalartist).
Litt ut i andre episode gjekk det opp for meg at det ikkje er noko poeng å prøve å forklare ho ting, for det som skjer på TV-skjermen er på fleire område så langt unna bøkane at eg berre kjem til å forvirre ho meir.
Spent på episodane viare!
"There's always another battle. I suppose that will be the case until the whole world turns Tinkers"
- Davram Bashere