Tykte denne var eit flott steg opp! Dei utnytter dei relative styrkeforholda i krafta frå bøkene (gjennomsnittleg Aes Sedai - Moiraine - svært uvanleg sterke som Egwene og Logain - Nynaeve) på ein nydeleg måte, og vever det saman med den no kjønnsnøytrale søken etter Draken. Me får vite at det (naturleg nok) har vore kvinnelege falske Drakar opp gjennom, at blå Ajah er kjent for manipulasjon, at grøn Ajah jaktar på Fienden og at raud Ajah har ein (i alle fall i teorien) misjon som er nesten som eit slags indrepoliti for kraftbrukarar, og mykje eksposisjon om warders. Og alt skjer veldig saumlaust og elegant. Det hjelp på at dei har fått ein skodespelar med skikkeleg karisma for Logain, som verkeleg kjennest skummel der han sit roleg gjennom brorparten av episoden. Liker dessutan at dei let Mat sine problem med dolken bli feiltolka som at han kan leie krafta, og dermed lokkar sjåarane til å vurdere han som Draken i same episode som Nynaeve plutseleg blir fronta som hovudkandidaten, etter at dei fokuserte på Egwenes kraftstyrke og Perrins kopling til ulvane tidlegare. (Rein historielogikk tilseier rett nok for augneblinken at det dermed mest sannsynleg er Rand sidan han er den einaste -- draumar og dørnedbryting til sides -- som ikkje har blitt presentert som hovudmistenkt, men forhåpentlegvis er det dei færraste som bruker den typen metainformasjon for å finne det ut.) Viss dei klarer dra dette ut, overtyde oss om at det faktisk er ein av dei andre, og så avsløre at Rand er tilsvarande mykje sterkare enn Nynaeve som Nynaeve er i forhold til Logain i sesongfinalen, kan det bli litt av ei gåsehudsscene.
Eg kunne framleis tenkt meg at det var tydelegare skiljeliner mellom kva me ser som sjåarar av krafta -- det verkar som om tanken er at når me berre ser effekten ser me det slik dei utan krafta i serien ser det, når me ser kvite straumar ser me kvinneleg veving og når me ser svarte (kult nok ispedd litt kvitt under tilsølinga!) er det mannleg -- men eg føler ikkje dette er forståeleg for folk som ikkje har lese bøkene. Men det er flisespikkeri.
Alt i alt er eg merkbart meir positiv etter denne episoden enn etter fyrste tre. Dei fyrste tre møtte mine svært tilbakemålte håp (at den skulle vere OK, eit beskjedent hakk over snittet på denne typen seriar), men denne har klart auke det til at serien før sesongen er omme kan vekse til noko skikkeleg spesielt. Den er nok ikkje heilt der enno, men dette er rett retning.
