Page 1 of 1

Podkastar om Tidshjulet

Posted: Mon Dec 06, 2021 19:22
by WoTle
I heile år har eg vore fullstendig hekta på podkasten Wheel Takes med kjærasteparet Ali og Gus. Han har lese bøkene før, og ho les dei for første gong. Humoren, kjemien mellom vertane og Ali si evne til å gjetta kva som kjem til å skje i serien gjer podkasten skikkeleg gøy å høyra på. Dei har òg nyleg begynt å analysera TV-serien; analysane deira er både velgjennomtenkte og godt formulerte. Kva er din favorittpodkast om Tidshjulet?

Om du saknar norske podkastar om serien, dristar eg meg til å anbefala podkasten eg sjølv er ein del av: Hjulpreik. Det er ein podkast om alt Tidshjulet-relatert. For tida går det mest i TV-serien, men når sesong ein er ferdig blir det nok ein del fleire djupe analysar av bokserien. Vi er heilt i startfasen av podkasten, så vi ser veldig fram til å bli betre podkast-vertar, og å bli betre kjent med det norske Tidshjulet-samfunnet! Innspel og tilbakemeldingar er sjlvsagt hjarteleg velkomne.

Re: Podkastar om Tidshjulet

Posted: Tue Dec 07, 2021 14:08
by Asphyxiate
Kult med en norsk Tidshjulet-podkast. Jeg er også interessert i flere podkaster om serien, det er en del der ute, men er jo et mylder

Re: Podkastar om Tidshjulet

Posted: Wed Dec 08, 2021 11:19
by Loki
Eg har nok ikkje lytta til nokon personleg, men som forumlurkar har eg fått med meg at i fjor var det diskutert ein engelsk poddkast om bøkene her, og Fimlpolitiets poddkast om fjernsynsserien har ein tråd her.

/hjelpsammodus

Re: Podkastar om Tidshjulet

Posted: Thu Dec 09, 2021 11:01
by WoTle
Takk for tips om dei trådane, Loki! The Wheel Reads-podkasten har eg høyrt bra greier om. Det er sinnsjukt mange engelskspråklege podkastar om Tidshjulet, så eg trur nok eg blir nøydd til å sjekka ut eit par nye snart. Alltids greitt å ha fleire i bakhand for når ein plutseleg er tom for episodar av favorittpodkastane.

Elles har eg sett litt på The Dusty Wheel, eit talkshow på YouTube. Dei har òg ofte ein del bra innhald!

Re: Podkastar om Tidshjulet

Posted: Mon Sep 19, 2022 13:16
by Triyan
Da har jeg hørt første episode av Hjulpreik :) Jeg er spent på hvordan TV-serien oppfattes, når de kommer så langt i episodene.

Re: Podkastar om Tidshjulet

Posted: Fri Nov 04, 2022 17:50
by WoTle
Triyan wrote: Mon Sep 19, 2022 13:16 Da har jeg hørt første episode av Hjulpreik :) Jeg er spent på hvordan TV-serien oppfattes, når de kommer så langt i episodene.
Kjekt å høyra, Triyan! Det er berre til å kontakta oss om du har innspel, f.eks ønske om episodetema i framtida. Når det gjeld TV-serien vil du nok høyra at vi har veldig varierande meiningar (men stort sett positivt altså) :)

Re: Podkastar om Tidshjulet

Posted: Sat Oct 07, 2023 15:04
by Eivind
La til en nyhet om dette på forsiden 8)

Re: Podkastar om Tidshjulet

Posted: Mon Oct 09, 2023 10:00
by WoTle
Så artig! Tusen takk 8)