S01E06: The Flame of Tar Valon

Diskuter TV-serien her

Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren

Post Reply
WoTle
Soldat
Soldat
Posts: 55
Joined: Mon Dec 06, 2021 19:02
Location: Bergen
Contact:

S01E06: The Flame of Tar Valon

Post by WoTle »

Då var episode seks endeleg ute!
Vi får ei bakhistorie for Siuan Sanche, før vi går vidare til Siuan sin dom over Logain og over søstrene som mjukna han. Moiraine får konsekvensar for handlingane sine. Ho møter Mat og heilar han for smitten frå dolken frå Shadar Logoth. Moiraine og Siuan sitt forhold blir utdjupa. Moiraine blir send i eksil, og må sverga på Edstaven at ho skal adlyda Amyrlinen sin proklamasjon. Gjengen blir samla igjen ved Vegporten, og reisar mot Verdas Auga. Mat blir etterlatt i ein scene som er merkeleg redigert, men det er nok fordi skodespelaren Barney Harris forlet produksjonen den dagen. Neste gong vi ser Mat kjem han nok til å vera spelt av Dónal Finn.

Eg likte godt måten dei viste fram Hallen i det Kvite Tårnet, og Sittarane for dei ulike Ajahane. Innsyna i den interne politikken i Tårnet var gode. Eg likte korleis forholdet til Siuan og Moiraine blei framstilt, og eg sette stor pris på kjemien mellom dei andre karakterane òg. Augeblikket når Moiraine oppdagar at Mat har dolken frå Shadar Logoth må vera blant favorittane mine, sjølv om eg har mine tankar om heilinga/lækjinga som fann stad etterpå.

Alt i alt var det mykje eg likte med denne episoden, men òg mykje eg stussa på. Eg håper dei to siste episodane er gode, for delar av denne episoden var eigentleg litt skuffande, sjølv om eg likte andre delar veldig godt.

Dei andre tankane mine inneheld enkelte bokspoilers:
Spoiler
1. Eg var litt skeptisk til måten Moiraine kom seg til Siuan sitt rom. Først såg det ut til at ho hadde lært seg å Fara, noko som hadde vore eit merkeleg brot med bøkene. Eg trur likevel eg landar på at portrettet Moiraine har på rommet sitt er ein slags ter'angreal, og at Siuan nok har den andre delen hjå seg.
2. Eg reagerte på at Edstaven blei brukt då Moiraine blei send i eksil. Det å legga til ein ekstra ed på Edstaven går mot Aes Sedaiane sine uskrivne reglar, om ikkje imot lovane deira. Eg forstår at dei ville visa fram Edstaven, sidan den speler ei viktig rolle i bøkene, men eg syntest det var litt klønete utført. Eg kan likevel leva med denne endringa.
3. Moiraine brukte Krafta for å opna Vegporten. Dette er ei av endringane eg reagerte mest på, sidan det potensielt bryt med heile historia til Vegane. Vegane blei gitte i gåve til Ogierane, som takk for at dei tilbydde asyl til mannlege Aes Sedaiar under Øydelegginga av Verda. Heile greia med Vegane er at dei er brukelege for folk som ikkje kan leia Den Eine Krafta. Det blir sagt nokre plassar i bøkene at berre ein Aes Sedai kan opna ein Vegport som manglar "nøkkelen" (Avendesora-bladet). Kanskje er det derfor Moiraine bruker Krafta her? Eg håper i alle fall ikkje dei har gjort Vegane om til noko som berre kan brukast av dei som kan røra ved Den Sanne Kjelda. Tida vil visa.
4. Det blir sagt at fengselet til Den Mørkaste er ved Verdas Auga. Om dette er tilfellet er dette ei stor endring frå boka. Kanskje det er eit forsøk på å ordna litt opp i slutten på EoTW, som mange synest er litt rotete? Ei moglegheit her kan vera at det er Ishamael/Ba'alzamon som har påverka draumane til Siuan, og at dette er ei felle, at fengselet til Den Mørkaste slett ikkje er der, men at han vil ha ein sjanse til å drepa Den Gjenfødde Dragen. Eg håper det er dette som er greia, for Shayol Ghul som Den Mørkaste sitt fengsel er såpass innarbeidd i bøkene.
Kva synest dokker om episoden?
Sjekk gjerne ut podkasten Hjulpreik: ein norsk podkast om Tidshjulet, både bøkene og TV-serien, med vertane Vetle, Sigrid og Vetle. Nye episodar (nesten) kvar veke.
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1023
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: S01E06: The Flame of Tar Valon

Post by Asphyxiate »

Ett skritt i riktig retning fra forrige episode, som jeg nok synes brukte for mye tid på elementer jeg ikke per nå ikke er helt solgt på, og som også "endelig" pusher historien videre. Jeg synes de klarte nå lande endringen fra Caemlyn til Tar Valon og hvis vi ser de første seks episodene under ett, gir det her mer mening med at de dro dit fremfor Caemlyn. Det viser jo hvordan de kan få til å klippe opp en del fra bøkene og sy det sammen igjen slik at det gir mening (selv om syinga kanskje har litt svakheter i sømmene).

Likte godt Siuan Sanche! God skuespiller. Klarer fint å veksle mellom frontstage og backstage-personlighet, og at hun er gjort mildere på privaten fungerer fint nå. Samspillet mellom ho og Moiraine er flott og, selv om jeg først ble overraska, at forholdet økes her sammenlignet med bøkene gir dem mer troverdighet. Jeg lurer dog på hvor svak eller sterk Siuan Sanche er som person her. Blir hun for lett overbevist/ledet av Moiraine?

Endelig fremstår promoteringen av Moiriane som så viktig som all promo-materialet la opp til, mer korrekt. Her begynner Rosamund Pike å skinne stadig sterkere som Moiraine. Når Siuan bruker Moiraines adelige fortid ("Moiraine Damodred") i kjennepreken, svinger det! Jeg liker også at de får godt fram hvor mye hun er villig til å ofte i sin søken etter å finne den Gjenfødte Dragen.

Jeg reagerer allikevel på det jeg oppfatter som mangelen på Aes Sedai-ro. Det er for mye følelser. At både Moiraine og Siuan gråter da Moiraine avlegger den nye eden på edsstaven.... Det blir for mye sammenligna med hvordan de skal være - selv om de i tv-serien helt klart gjør dem mer vanlige.

Hva så med våre kjære Two Rivers-gjeng? Nydelig øyeblikk da Egwene tror Siuan snakker om henne som den sterkeste veveren på lang tid. Nynaeve var her nærmere hvordan jeg tenkte henne gjennom bøkene: Irriterende. Hennes stahet bikker over her og jeg digga at hun ble satt på plass litt, karakteren trenger det! Samtidig merkes det her at forholdet mellom dem ikke har blitt bygd godt nok. Deres "hjertelige" gjenforening har ikke den emosjonelle dybden den burde hatt.

Avslutningen: At Matt blir igjen er vel, som nevnt her, et resultat av at skuespilleren ble bytta, men veldig spent på hvordan de løser det - og jeg gleder meg til å se hvordan de løser The Ways

Andre ting:
  • Tar Valon er fin her og jeg likte godt Hallen og Amyrlins Trone (både kostyme og selve tronen)
  • Håper vi er ferdige med maktkampen i det Hvite Tårnet
  • Håper vi ikke er ferdige med Logain. Hvordan han prøver å provosere dem til å henrette han, så falle sammen når Siuan ikke går på den.
  • Det er fortsatt for kjappe overganger og for enkle løsninger. Her tenker jeg på hvordan de møtes og kanskje særlig hvordan Matt heles.
  • Loial snakker for fort her - og hvorfor har de endra på Ogiernes rolle mtp Waygates? Og skal ikke portene være mer skjult?
  • At Rand trekker sverdet mot Moiriane bryter med bok-Rand men passer bedre med Tv-serie-Rand
  • Forholdet mellom Siuan og Moiraine: Oioi, men det antydes jo i
    Spoiler
    New Spring
  • Maigan (?) er vel et resultat av å slå sammen flere karakterer. Dukker vel ikke opp i bøkene før senere, i hvert fall ikke i en maktposisjon
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: S01E06: The Flame of Tar Valon

Post by Loki »

Eg tykte episoden var solid, men for meg er jo maktkampen i Tårnet hundre gonger meir interessant enn noko tvillingelvgjengen kan finne på så tidleg i historia, så den rettar seg openbart til mine preferanser meir enn resten av sesongen har eller vil. Skjønt det kan jo slå begge veger (er lettare å vere overkritisk til det eg er interessert i / har forventningar til), og eg tykte likevel dei handterte Siuan/Moiraine-situasjonen veldig bra. Dei byggjer dei opp som fiendar veldig solid og tydeleg, utan å hamre det så ofte heim at det får "methinks she doth protest too much"-tendensar, og så blir det og det underlege biletet på veggen (som eg går ut ifrå skal vere ein ter'angreal, ja) plutseleg gitt ei heilt anna ramme som endrar ... vel, eigentleg alt Moiraine har sagt og gjort heile serien. Og slik vil eg det skal vere. Eg likte og mange av dei meir subtile grepa Moiraine gjer i episoden, som måten ho fyrst let Nynaeve og Egwene møtast idet dei skal inn til Siuan, så dei eksplisitt ikkje får tid til å snakke saman (les: dei får ikkje utveksle informasjon, og Nyaneve ikkje får tid til å coache og påverke Egwene til sitt synspunkt) medan Moiraine framleis får full kreditt av dei for å ha funne dei og ført dei saman igjen. Glitrande gjennomført, subtilt nok til at eg kjøper det går over hovudet på karakterane, men openbart nok til at me som sjåarar ser kor utkropen Moiraine er. (At dei no er eksplisitt i eit forhold gjer meg ingenting eine eller andre vegen -- poenget for meg er at dei i løynda lit på kvarandre meir enn på nokon andre i Tårnet og i praksis har ein eigen operasjon som er parallell med, komplimentær til og delvis i strid mot offisiell Aes Sedai-politikk. Om det er eit seksuelt aspekt i det nære vennskapet eller ikkje følest ganske irrelevant historiemessig, og viss det gir ei underrepresentert gruppe to tøffe karakterar på skjermen å identifisere seg med, så kvifor ikkje. Og det gjer Moiraines herleg sjølvdesigna eksil langt bitrare enn det elles ville vore for dei, så om noko gir det dynamikken med kor mykje dei ofrar for måla sine fin ekstra tyngde.)

Forresten, det mangla ein grøn Sittar i sirkelen, er tanken at ho som Logain drap (eg kjem ikkje på namnet no i farten) var ein av dei og det var difor ho bestemte over hærstyrken som fanga han?

Eg tykte episoden tapte seg ein del mot slutten -- eg føler ikkje Two Rivers-folka har fått tilstrekkeleg motivasjon til å berre følgje Moiraine inn i merkelege trolldomsvegar for å kanskje sloss mot Dark One, og eg føler ikkje Moiraine har fått tilstrekkeleg kjennskap til dei (all den tid dei har vore på eiga hand på brorparten av turen til Tårnet) til at talen om at ho lit på dei no gir heilt meining for meg. Eg tykte og det var rart at ein magisk port, om aldri så farleg, står uvakta og openlyst på ein stor og folketom haug, og eg reagerte på at me ikkje fekk forklart at Siuan og Moiraine i fellesskap har sendt alle (inklusive dei to supersterke novisekandidatane) vekk frå Tårnet før Aes Sedaiar flest har fått med seg at dei eksisterar. Det er kanskje implisert nok til at me som har lese bøkene kan forstå det, men ein replikk eller to der ville gitt slutten langt meir tyngde som eit resultat av Siuan/Moiraine-alliansen og forklart sjåarane kvifor det skjer i slik hui og hast.

Men det er småplukk, og det gjeld vel berre dei siste ti minutta eller så i ein episode eg elles likte veldig godt.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1023
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: S01E06: The Flame of Tar Valon

Post by Asphyxiate »

Loki wrote: Tue Dec 14, 2021 21:51 Forresten, det mangla ein grøn Sittar i sirkelen, er tanken at ho som Logain drap (eg kjem ikkje på namnet no i farten) var ein av dei og det var difor ho bestemte over hærstyrken som fanga han?
Det var slik jeg tolka det, men trodde det var en greie at Sittere aldri skal forlate Tårnet egentlig - men Sitteren for Blå Ajah som Moiraine snakker med, sier jo at hun skal dra, så de kan jo ha droppa den detaljen.


Marthe nevner i Filmpolitiets WoT-podcast at dette er den episoden hvor korona rammet innspillinga hardest. Hun er overraskende negativ til episoden, da veldig mye av feedbacken på nett jeg har lest sier at den er bedre enn forrige, noe jeg er enig i. Men ser helt klart at det er en del kjappe overganger, ting som ikke er så logisk verken i bok- eller tv-serieverden.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: S01E06: The Flame of Tar Valon

Post by Loki »

Jau, overgangane var veldig korte -- som i somme tilfelle fungerte men i mange skurra litt -- og sjølv om det har vore eit problem heile sesongen var det nok endå meir av det her enn før, heilt einig i det. Openbart burde dei hatt 90-minuttsepisodar eller (betre) tolv episodar i staden for åtte.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1023
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: S01E06: The Flame of Tar Valon

Post by Asphyxiate »

Ser ut til at dommen etter sesong 1 ligger an til å bli omtrent "Helt ålreit, men for få episoder!"
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: S01E06: The Flame of Tar Valon

Post by Loki »

Det var vel og forventningane mine i forkant. Så langt vil eg faktisk sei den er eit hakk over heilt ålreit, og at dei har handtert det låge episodetalet ein smule betre enn eg frykta, så dei låge forventningane har kome til god nytte! :D
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Post Reply