Etter sesong ein
Posted: Mon Dec 27, 2021 20:03
I denne tråden tenker eg vi kan diskutera kva vi syntest om sesong ein. Kva funka? Kva funka ikkje? Kva er dine favorittaugeblikk? Kva episodar likte du best/verst? I tillegg kan vi gjerne snakka om forventningar for og tankar rundt sesong to.
Eg kan byrja:
I det store og det heile likte eg sesong ein. Det var delar eg elska og delar eg verkeleg ikkje likte, men heilskapen likte eg rimeleg godt. Rafe og gjengen ville openbert gjera Tidshjulet til ein serie med mange hovudkarakterar frå starten, eit val eg i utgangspunktet synest er lurt. Rand-fokuset i boka ville nok ikkje fungert like bra på skjermen. Av ulike grunnar synest eg likevel ikkje dei lyktest heilt med fleirperspektivforteljing i denne sesongen. Moiraine og hennar perspektiv blei ofte vektlagt på kostnad av dei fem frå Emonds Field; eg skjønner at Aes Sedai-greier er meir spennande enn fem enkle landsbybuarar, men det er litt dumt at vi ikkje fekk blitt betre kjent med Emonds Field-gjengen. Perrin veit vi såvidt noko som helst om ved slutten av denne sesongen.
Det er likevel mykje som funka godt i serien: Kjemien mellom Nynaeve og Lan synest eg har vore fantastisk. Endringane av Mat sin bakhistorie gjorde at han kunne etablerast som ein likande karakter før han blei smitta av dolken. Skyggeynglane har sett skikkeleg bra ut denne sesongen (med unntak av siste episode, der noko var veldig rart med spesialeffektane). Eg blei òg positivt overraska over Loial; skodespelaren fortener all honnør for å bringa karakteren til live på den måten han gjorde.Liandrin synest eg serien har gjort betre enn bøkene; ho er usympatisk, men ho framstår meir som ein heilstøpt karakter enn det ho gjer i bøkene. Det er òg mykje anna som har fungert veldig godt.
Den førebelse episoderangeringa mi ser omtrent slik ut:
1. The Dark Along the Ways
2. The Dragon Reborn
3. A Place of Safety
4. Shadow's Waiting
5. The Flame of Tar Vaon
6. Blood Calls Blood
7. Leavetaking
8. The Eye of the World
I sesong to ser eg veldig fram til å sjå korleis dei bygger vidare på det grunnlaget dei har lagt no. Eg trur at det blir ein betre sesong, og det er færre endringar som skal til for å framheva fleirperspektivsaspektet, med tanke på det som allereie ligg i bøkene. Eg trur nok at Falme kjem rundt midten av sesongen, med Steinen i Rift som sesongfinale. Eg ser skikkeleg fram til å møta Verin og Selene/Lanfear, og dei andre karakterane vi møter. Viss dei skal gjera meir ut av Moiraine si historie i The Great Hunt håper eg vi får møtt Adeleas og Vandene; det hadde vore ein god måte å visa kva Aes Sedaiar gjer når dei "pensjonerer seg".
Kva tenker dokker?