Uprooted av Naomi Novik

Diskuter andre bøker dere leser

Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren, Loki

Post Reply
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3339
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Uprooted av Naomi Novik

Post by Loki »

Uprooted av Naomi Novik er ein frittståande fantasyroman, lett inspirert av polske eventyr. Den er skreven i fyrsteperson, og følgjer ei tenåringsjente i ein landsby ved ein stor, forheksa skog. Landsbyen er del av eit tradisjonelt føydalsamfunn, men på grunn av skogen er dei i ein spesiell situasjon: Deira lokale lensherre er ingen baron eller greve, men ein mystisk trollmann i eit tårn, plassert der av kongen for å verne mot uhyggelege ting frå skogen. Som lensherre er trollmannen ganske grei å ha med å gjere -- han har ingen ståande hærstyrke å fø på, krevjer lite skatt, og bryr seg absolutt ikkje om landsbyane rundt skogen sine daglege sjølvstyre. Han spør berre om éin ting, eigentleg: Kvart tiende år (han lever lenge, denne karen) vel han ut éi sytten år gamal jente som han tek med seg til tårnet, der ho må bu med han til det er neste jentes tur. Og hovudpersonen er fødd inn i akkurat rett kull til å vere ein av kandidatane han vil velje frå neste gong. Men ho er trygg, for (sjølv om det ber med seg sin eigen type gru og redsel på hennar vegne) besteveninna hennar er jamngamal, og modigare, smartare og penare enn dei fleste, så trollmannen er garantert å velje ho i staden. Er han ikkje?

Boka er -- typisk for Novik -- velskreven. Kapitla dreg ein med seg, prosaen er lettfattleg, karakterane har djupn. Eg har tidlegare lese dei tre fyrste bøkene i Temeraire-serien hennar, like velskrevne som denne, men hennar akilleshæl der var at eg rett og slett ikkje følte hovudpersonane hadde nok motgang. Problem vart løyst for fort og for enkelt, kvar gong eit nytt dukka opp kunne eg føle meg trygg på at det var borte før noko verkeleg ille skjedde. Men denne eigenskapen ved bøkene minska for kvart bind, og Uprooted (som ho skreiv etter at Temeraire var ferdigstilt) gir meg håp om at det vil bli endå mindre utover i serien, for her kostar det å løyse problem, og ingenting er lettkjøpt.

Ein tenåring som hovudperson kan ofte vere litt irriterande for meg, men det var det forfriskande lite av her. Jau då, jenta ligg ganske mange hakk bak meg som lesar til tider, er frustrerande forvirra av ting som verkar openbare for meg -- men det varer stort sett berre eit kapittel på det meste, før ho forstår korleis ting heng saman og tar igjen forspranget til lesaren, så eg rekk ikkje bli skikkeleg grinete av det.

Stemningsmessig er romanen ein interessant og velfungerande mellomting mellom klassisk episk fantasy og ein meir eventyraktig tradisjon. Sjangertropar er lånt frå begge stilar i både setting og plott. Alt i alt ei solid leseoppleving som kan tilrås dei fleste som liker denne typen ting.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Post Reply