S02E04: Daughter of the Night
Posted: Sat Sep 09, 2023 17:01
Wow! Det var litt av ein episode. Eg skal sjå den for andre gong med podcastgjengen i kveld, så eg har sikkert endå fleire tankar då.
Eg digga det aller meste av episoden. Eg hatar visjonane til Perrin litt mindre no, sjølv om eg kunne tenkt meg at dei illustrerte ulvespråket på ein litt annan måte. Eg byrjar å få meir sansen for Elyas, sjølv om eg framleis synest han er litt for "ulv".
Det som går føre seg i tårnet er gode greier. Måten dei skriv Liandrin og forrædariet hennar er på mange måtar betre enn i bøkene. Trur det er mange ikkje-lesarar som spekulerer i at ho kanskje testar Nynaeve og gjengen, og dei kjem til å få seg ei overrasking når ho kjem eventuelt ut som Mørkefrende neste episode.
Kjekt å følga Min og Mat, men synest ikkje eigentleg noko særleg om den nye forhistoria til Min. Det blei litt parodisk.
Eg har førebels ikkje mykje å seia om Lan si historie, anna enn at eg fekk litt gåsehud då Voktaren til Alanna las den mørke profetien. Greia til Selene og Rand var interessant, og eg synest Lanfear i serien er betre til å manipulera enn ho var i bøkene. Ikkje begeistra for at ho tydelegvis kan "drepast" utan å døy, og det er eigentleg det eg likte minst med episoden.
Kva syntest dokker?