Page 1 of 1

Sesong 3 kommer 13. mars

Posted: Sat Feb 08, 2025 8:51
by Eivind
Tok litt lenger tid enn mellom forrige sesong, men snart tilbake :)

https://dragonmount.com/news/tv-show/se ... ate-r1370/

Re: Sesong 3 kommer 13. mars

Posted: Sat Feb 08, 2025 21:26
by Loki
Du verda! Hjulet rullar for fort for gamle meg. :lol:

Re: Sesong 3 kommer 13. mars

Posted: Tue Feb 25, 2025 14:12
by WoTle
Dette blir spennande!

Eg har endeleg komme over skuffinga mi over slutten av sesong 2, så no er eg klar for å la meg sjølv vera håpefull igjen. Eg har òg inntrykket av at denne sesongen skal følga bok 4 ganske nært, så det ser eg verkeleg fram til.


Eit lite skår i gleda: Sesong 3 blei bekrefta lenge før sesong 2 kom ut. Så langt har vi ikkje fått bekrefta at der kjem ein sesong 4. Er sesong 3 spikeren i kista for serien? Amazon verkar ikkje villige til å kasta pengar på god promo, i alle fall.

Re: Sesong 3 kommer 13. mars

Posted: Tue Feb 25, 2025 19:26
by Asphyxiate
Også litt redd for at interessen til Amazon er avtagende - i hvert fall ikke stor nok til å fullføre hele serien.

Sesong to var en forbedring fra sesong 1 (*host* avslutninga *host*), så har jo trua på at de forbedrer seg videre

Re: Sesong 3 kommer 13. mars

Posted: Tue Mar 11, 2025 19:11
by Asphyxiate
Vet ikke om jeg ble mer gira eller ikke. Høres ut som de fortsetter som før. Men ser jo fram til torsdagen. https://www.nrk.no/filmpolitiet/anmelde ... 1.17335297

Re: Sesong 3 kommer 13. mars

Posted: Wed Mar 12, 2025 21:49
by Loki
At den kjem att denne veka er komen litt i skuggen av Daredevil: Born Again for meg, men såg ein oppsummeringsvideo av sesong 1 og 2 med kona i dag, og det gav oss jo litt meirsmak, det gjorde jo det. Kryssar fingrane! Ville for så vidt vore typisk om den faktisk tok seg opp no rett før Amazon gir opp og kansellerer ...

Re: Sesong 3 kommer 13. mars

Posted: Fri Mar 14, 2025 8:45
by Loki
Såg episode 1 i går, tykte det var temmeleg ålreit. Likte særleg Moiraine/Lanfear-bitane veldig godt. Spent på kva de som hugsar bøkene betre tykkjer, sjølv om eg sikkert las bøkene denne sesongen er basert på tre-fire gonger i si tid har eg no ikkje lese Tidshjulet sidan *sjekkar kalenderen* 2003.

Re: Sesong 3 kommer 13. mars

Posted: Sat Mar 15, 2025 10:27
by Eivind
Sett alle, og serien fortsetter å levere!

Bare venter på at Amazon skal fornye sesong 4, det har jo ikke skjedd enda...

Rafe Judkins kommenterte litt på det her:
https://www.gamesradar.com/entertainmen ... o-the-end/

Re: Sesong 3 kommer 13. mars

Posted: Sun Mar 16, 2025 9:42
by Loki
Verkar som om han har rett innstilling, i alle fall!

Re: Sesong 3 kommer 13. mars

Posted: Tue Mar 18, 2025 14:28
by WoTle
Eg digga desse episodane!

Eg har mine småpirk, men eg meiner at endringane frå bøkene så langt i sesongen er kjennest veldig inspirerte. Eg er gira!

Re: Sesong 3 kommer 13. mars

Posted: Tue Mar 18, 2025 21:59
by Loki
Eg hugsar ikkje nok frå eit kvartsekel tilbake til at eg kan uttale meg om endringane i særleg grad, men tykte dette var temmeleg bra fjernsyn. Eg må rett nok pause veldig ofte for å gi kontekst eller friske opp terminologi og karakterar for kona som ikkje har eldgamle bokminner å lene seg på ein gong, så er litt usikker på kor lett det er å henge med for den jamne sjåaren til tider. Men stort sett er det to tomlar opp. Ymse Aes Sedai og Forsaken er rett nok hundre gonger meir interessante enn nokon av hovudpersonane, men det var tilfelle i bøkene òg etter kva eg hugsar, så ...

Re: Sesong 3 kommer 13. mars

Posted: Mon Apr 14, 2025 20:42
by Loki
Tykte nyaste episoden, nummer 7, med slaget om Two Rivers, var ganske bra. Sesongen, som eg elles er ganske nøgd med, har for meg vore litt plaga på framdriftskjensla fordi dei stadig byter historietråd. Eg nemnte faktisk førre veke til ektemaken at eg nesten var byrja tenkje dei skulle laga dobbelt så mange episodar på 30 minutt og til gjengjeld ha berre halvparten av historietrådane i kvar episode -- og så kom det ein episode med fokus, der dei heldt seg til éin historietråd (attpåtil ein eg vagt minnast å kunne styre meg for då eg las bøkene), og det vart straks andre bollar.

Re: Sesong 3 kommer 13. mars

Posted: Fri Apr 25, 2025 20:42
by Loki
Det er for all del mykje å pirke på, men for meg var dette glatt beste sesongen så langt, og eg er no meir håpefull for kvaliteten på sesong 4 enn eg i utgangspunktet var for sesong 1 ein gong. Det er ikkje akkurat knallbra heile tida, i mine augo, men det er gjennomført, gøy og kompetent.

Re: Sesong 3 kommer 13. mars

Posted: Sun May 25, 2025 18:16
by Asphyxiate
Lenge etterpå, og rart å kommentere nå etter at serien er kansellert, men:

Beste sesongen til nå, og med de beste episodene til nå. Episode 4 var veldig god. Synes også at flere av skuespillerne endelig begynte å finne sine rollefigurer, feks Josha Stradowski begynte å fenge meg mer som Rand, etter å ha ikke vært god nok i s1-2. Også Perrin fungerte bedre.

Fortsatt mye å pirke på, feks en del i tempo og i logiske brister her og der, men overall bra.

Re: Sesong 3 kommer 13. mars

Posted: Mon May 26, 2025 14:17
by Loki
100 % einig i alt du skriv.