Før de les min teori, er det nokon som veit om nokon sitat av RJ, som omtalar dette emnet?
ludde wrote:Som Logain og Matzrim. Og nå flere hundre. Men bare 1 Gjennfødt drage.
Asha'Manane er urelevante i denne samanhengen. Dei er berre vanlege menn som kan lede krafta, på same måte som dei mannlege Aes Sedaiane i Legendenes Alder (LTT var ein av dei).
ludde wrote:Men har vi lest noe om at i den forige alderen så var det noe som het Den Siste Strid?
Nei. Det var ingen siste strid i Legendenes Alder. Det var Krigen Med Kraften, eller kva den heitte.
ludde wrote:Men hva gjør en mann med kraften til Den Gjenfødte Dragen? Jo, jeg tror det har med profetier å gjøre.
Ja, profetiane er for å vise menneska kven som er den Gjenfødte Dragen.
ludde wrote:Etter det vi vet ble ikke Logain eller Matzrim født i Dragefjellet, eller oppfostret av noen andre enn der dem tilhørte. Men det gjorde Rand. Og Rand dro Callandor. Så derfor er han Den Gjenfødte Dragen. I følge folket vel og merke. For alt vi vet kan det være en annen som var litt sen. Logain kanskje. Men siden Rand greide å dra Callandor så er han DGD. Det samme tror jeg det var med LTT.
LTT laga Dragefjellet då han døydde. Callandor vart laga i Legendenes Alder, og plassert i Steinen i Rift
etter Øydelegginga, og dermed etter LTT sin død. Sjølve Steinen vart og bygd etter øydelegginga (det vert nemnt ein stad at den var ein av dei fyrste festningane som vart bygd etter Øydelegginga).
ludde wrote:Slik jeg har forstått det så er det en Gjenfødt Drage pr alder. De "dragene" Ishy fortalte om er menn med kraften født i denne alderen.
Det er ingen grunn til å ha ein Drage per Alder. Tidshjulet har sju aldrar som gjentek seg i det uendelege. Om me seier at den noverande Alderen er nr.7. Då var Legendenes Alder nr. 6 og den neste Alderen nr. 1. Aldrane vil då gå noko slikt:
1. Den Gjenfødte Dragen har nettopp seira over den Mørkaste, forsegla Boreholet so godt som det kan gjerast, og rensa Saidin. Men det er framleis mykje ondskap i verda, og minnet om den Mørkaste er sterkt.
2-5. Minnet om den Mørkaste forsvinn, og teknologien vert stadig betre. Menneska får eit stadig betre liv.
Det er ingen som veit akkurat kva som skjer i desse aldrane. Det virker som om det er for lang tid, at ein ikkje ville brukt 5-6 aldrar til å bygge opp att verda til slik status var i Legendenes Alder. Det kan vere at det ein gong i løpet av desse aldrane skjer eit eller anna som kaster sivilisasjonen mange steg tilbake. Kanskje ei naturkatastrofe utan like (meteornedslag som utrydder store deler av menneskeheita, i likskap med dinosaurane?). Ingen veit, so dette vert berre spekulasjon.
6. Legendenes Alder. Sivilisasjonen har nådd sitt høgdepunkt. Ondskap er nærast ukjend, kriminalitet ikkje-eksisterande, og alle lever eit bra liv. So vert Boreholet danna, og påverknaden til den Mørkaste sender verda inn i Kaos. Det vert krig mellom Lyset og Mørket. I denne krigen står det fram ein person som vert kjend som Dragen. Han vert Lyset sin fremste general, og leier kampen mot den Mørkaste. Som eit siste desperat forsøk på å ende krigen, angrip han Shayol Ghul. Boreholet vert forsegla, men ikkje like bra som før, og Saidin vert smitta.
7. Rand sin Alder. I byrjinga av Alderen vert profetiar skrive ned, som kanskje kjem frå Aes Sedaiar med Foretelling (hugser ikkje det norske ordet no). Profetiane seier at han som var kjend som Dragen skal verta gjenfødd på slutten av alderen for å nok ein gong stå imot den Mørkaste.
Han renser Saidin, og reparerer Boreholet slik at den Mørkaste ikkje har nokon kontakt med verda.
Kort oppsummert, for kvar runde Hjulet går, er det ein Drage, som låser den Mørkaste delvis inne i fengselet. Før den tid, har ingen kjend til den Mørkaste på laaang tid, har gløymd alt om han, og ondskap er nærast utrydda. I den neste Alderen vert Dragen gjenfødd, for å kjempe mot den Mørkaste igjen, ettersom han er ved å bryte seg ut av fengselet sitt. I resten av aldrane er det ikkje behov for noko Drage, ettersom det ikkje er nokon Mørkaste å kjempe mot. Dette er eit mønster som gjentek seg i det uendelege (eller til den Mørkaste øydelegg Tidshjulet, og gjenskaper verda i sitt bilete).
Detaljane vil vere forskjellige frå gong til gong. Det vil vere forskjellige teikn som viser kven som er den Gjenfødde Dragen. Dei Fortapte vil truleg vere forskjellige personar- Den
einaste sjela ein kjenner til som vert gjenfødd gong på gong for å tjene den same hensikta, er Dragen si sjel. Eller forresten, kanskje Ishamael og, Det kan iallfall virke som om Elan Morin meiner det. (han seier jo at det er ein kamp dei to har kjempa utallige gonger før, og vil kjempe igjen, med mindre den Mørkaste vinn.)