Det vil seie, at viss ein spør om kva Demandred gjorde i Kaosets Herre, må iallfall svaret setjast i spoiler, men spør ein kven som døydde i Himmelens Flammer, treng ein ikkje skjule noko.
Spoiler skriv ein slik:
Code: Select all
[spoiler="Boka det er spoiler frå"]Spørsmålet/svaret.[/spoiler]
"Alt" er ei sanning med modifikasjonar. Meiner då berre slikt som kan avsløre noko av handlinga. Spørsmål/svar som ikkje direkte røper noko stort treng ein ikkje setje i spoiler. Døme på dette er spørsmål som "kor mange marked i Far Madding kan utlendingar handle på?" og "kva er den høgaste rangen i den seanchanske hæren?"
NB! Dette vart fyrst sagt på side 14 av tråden. Før det var det ingen klar regel, so sjølv om ein del står i spoilertag, so gjeld det ikkje alt.
Eg kopierer her ein ide frå TarValon-foruma. Det går ganske enkelt ut på at eg stiller eit spørsmål, og den svarer rett stiller eit nytt spørsmål. Ettersom det er ein del her som ikkje er ferdig med alle bøkene, bør me bruke spoiler-tagen flittig, iallfall for spørsmål frå bok nr.4 og utover.
Om de er heilt sikre på at de har rett, berre still eitt nytt spørsmål i same post. Det er det same kven som bekrefter om eit svar er rett. Den som stilte spørsmålet treng ikkje gjere det.
Eg byrjer med eit enkelt spørsmål frå EotW:
Kva heitte vertshuset følgjet frå Emondsmark overnatta på i Baerlon, og kva heitte verten?