Kinotråden

For deg som har noe annet på hjertet

Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren

Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Kinotråden

Post by Loki »

Har berre sett to filmar på kino sidan sist eg hugsa sjekke innom her, og begge er superheltgreier:

Venom: Let there be Carnage var heilt grei. Litt skuffa (men ikkje så veldig, sidan forventningane var låge) over at dei ikkje gjorde meir ut av at skurken er seriemordar -- eg hadde eit lite håp om ein intens thriller-jakt på han i midten av filmen, men i staden fekk me som vanleg berre typisk superskurk-slåssing og eksplosjonar. Så totalt sett vart det mykje som einaren: Humor, skodespelarar og (i litt mindre grad) dialog fungerte bra, men historia var rein plankekøyring. Vil kanskje sei den var eit knøttlite hakk betre sidan det var meir humor her, og fordi Woody Harrelson er relativt skummel sjølv når manuset sviktar.

The Eternals var god. Ikkje knallgod, diverre (er byrja bli trist lenge sidan Marvel hadde ein knallgod film), men god. Jamnare enn Black Widow (der eg elska byrjinga men tykte siste akt vart personlegheitslaus), meir personlegdom enn Ten Rings (som var gøy nok, men utover nokre pene estetikkval kjentest som ein veldig anonym og typisk opprinningsfilm (omtrent same reaksjonen eg hadde på Doctor Strange, Captain Marvel og Black Panther i si tid -- òg kjent som Marvel-syndromet)) og meir oppfinnsam enn Far From Home. Så det dreg Marvel-serien tilbake i rett retning, i alle fall, sjølv om eg heller ikkje denne gongen var imponert. Enkelte scenar kunne vore eit snev kortare for å få opp tempoet litt (eg tykte ikkje filmen var for lang som heilskap, men somme flashback kjentest unaudsynleg lange individuelt sett), og eit par av birollane kunne kanskje hatt skodespelarar med litt meir karisma for å vege opp for at dei ikkje har så mykje å gjere. Men alt i alt ein fin film som trass i ein del klisjear klarte å følast ganske fersk og eigendefinert sjølv for ein som meg som har sett omtrent alt som er komme av superheltfilmar i fleire tiår.
Last edited by Loki on Fri May 13, 2022 6:59, edited 1 time in total.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Eerath
Hengiven
Hengiven
Posts: 171
Joined: Fri Nov 06, 2009 20:41
Location: Vennesla

Re: Kinotråden

Post by Eerath »

Det har ikke blitt mye kino på meg de siste årene, men fikk med meg "Dune".

Nydelig filmatisk arbeid perfekt akkompagnert av Hans Zimmers fengslende musikk. Måtte se den igjen på HBO Max for noen uker siden og hører stadig på soundtracket når jeg er på løpetur. Prøvde å lese boka tidligere i år, men gav opp halvveis :oops: Tenker jeg gir den et nytt forsøk før neste filmen kommer. Det er litt nederlag å gi seg midtveis i en bok.
"Why do we fall, sir?"

"So that we might better learn to pick ourselves up."
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Kinotråden

Post by Loki »

Vel, viss du kom midtveis har du jo lese det som film 1 dekka, så då kan du like gjerne vente til etter film 2 før du les vidare, så spoiler du ikkje filmen. :) Og Dune er litt tung i formen, så ingen skam å gi seg viss det ikkje fell i smak. Viss film 2 er like trufast til kjeldematerialet som film 1 var, så vil du få ein ganske representativ versjon av historia uansett. (Er stort sett kun indre grubling og bekymring hjå Paul (og i mindre grad Jessica), og dei meir spesifikke karaktermotivasjonane ein kun får innblikk i når ein ser tankane til ein karakter, som du går glipp av. Og det må ein jo nesten, i filmform, viss ein ikkje skal drepe filmen med uendelege voiceovers.)

Gøy at du likte filmen! Kryssar fingrane for at oppfølgjaren leverer like bra.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1023
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Kinotråden

Post by Asphyxiate »

Likte også Dune ganske greit. Storslått og majestetisk. Utrolig stemning og musikk. Flotte bilder.

Ikke lest boka, men per nå fremstår jo for så vidt historien temmelig basic og enkel. Dette vil jo kunne endre seg i del 2 (har jeg hørt noen bokfans kommentere med et smil om munnen...) - som jeg ser fram til!
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Kinotråden

Post by Loki »

Eg har berre lese fyrste boka, og historia der er -- i alle fall sett med 2021-augo -- relativt enkel (sjølv om eg vil våge påstå at verda den spelar seg ut i er ganske kompleks). Det er forteljestilen som er litt tung, ikkje historia i seg sjølv. :)
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Eerath
Hengiven
Hengiven
Posts: 171
Joined: Fri Nov 06, 2009 20:41
Location: Vennesla

Re: Kinotråden

Post by Eerath »

Asphyxiate wrote: Fri Nov 26, 2021 14:48 Likte også Dune ganske greit. Storslått og majestetisk. Utrolig stemning og musikk. Flotte bilder.

Ikke lest boka, men per nå fremstår jo for så vidt historien temmelig basic og enkel. Dette vil jo kunne endre seg i del 2 (har jeg hørt noen bokfans kommentere med et smil om munnen...) - som jeg ser fram til!
Det er som Loki sier, en forferdelig tung fortellerstil. Jeg sliter med at konsentrasjonen tar ferie og tankene er alle andre steder enn i boka. Derfor gav jeg litt opp.
"Why do we fall, sir?"

"So that we might better learn to pick ourselves up."
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1023
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Kinotråden

Post by Asphyxiate »

...da tror jeg i hvert fall ikke at jeg skal prioritere å lese Dune med en gang
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Kinotråden

Post by Loki »

Eg las den (i norsk omsetjing) då eg var cirka 14, og fekk lite ut av den, og hugsa omtrent ingenting av den i tiåra etterpå. (I den grad eg hugsa plottet i seinare år var det nok meir frå fjernsynsserien og David Lynch-filmen.) Las den omatt tidleg i sommar (då eg var 36) og tykte den var veldig bra, sjølv om forteljarstilen er litt spesiell og tung. Så det kjem nok an på kva du liker og sånn. Absolutt ikkje for alle.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Kinotråden

Post by Loki »

Spider-Man: No Way Home er i mine augo den beste Marvel-filmen sidan Endgame kom ut (ikkje at det er så svært imponerande med tanke på konkurransen), og mellom dei tre beste Spider-Man-filmar punktum (som er langt meir imponerande -- vil setje Spider-Man 2 og Homecoming som dei andre to, så denne dytter Into the Spider-Verse ned på fjerde). Eg har for all del nokre småting eg tykkjer kunne vore gjort betre, men det er nettopp småting. Fint med eit gigafranchise som faktisk leverte for ein gongs skuld, etter eg såg ein skuffande ujamn King's Man førre veke og den heller retningslause Matrix: Resurrections nokre veker før det igjen.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Kinotråden

Post by Loki »

Nightmare Alley finn ikkje opp hjulet på nytt, men det gir det ein god snurr lell. Velspelt mørkt drama som er nydeleg å sjå på. Historia er relativt enkel og ikkje så altfor uføreseieleg, men filmen fortel den godt, og at den gir seg god tid let ting synke inn og ha kjensleeffekt uansett (på meg, i alle fall). Den når nok ikkje opp til mine favorittar av Del Toro (som er Shape of Water, følgd av Laberinto del fauno og Pacific Rim), men horrordrama er ikkje heilt mi greie, så det hadde eg heller ikkje venta. Like fullt ei god og absorberande filmoppleving.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1023
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Kinotråden

Post by Asphyxiate »

Gleder meg til vinterferien. Da blir det endelig kinoturer igjen. Blir i hvert fall Spider-Man, kanskje også Uncharted. Kanskje også den danske filmen om Margrete som kommer 25. februar.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Kinotråden

Post by Loki »

Kino er koseleg! Vanlegvis. Har hatt ei svært lang rekkje med filmturar der det alltid er minst ein person som sit og pratar støyande gjennom store deler av filmen, så er byrja få litt avsmak. Det har nok med tidspunktet me går på (tidleg på kvelden så me kjem heim til vanleg leggjetid), men det var likevel langt sjeldnare at det var slik før pandemien. Lurer på om enkelte rett og slett har gløymt korleis dei skal te seg i offentleg rom. :/
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Kinotråden

Post by Loki »

Doctor Strange in the Multiverse of Madness (eventuelt Doctor Strange 2 for dei med dårleg tid) var i mine augo kjempegøy, og ein av dei betre (men ikkje ein av dei beste, til det er den litt for tam) MCU-filmane. Den er imidlertid òg ein av ikkje-Avengers-titlane med kanskje høgast terskel av kva ein bør ha sett tidlegare for å få mest mogeleg ut av sentrale karakteraugneblinkar og historietrådar. Eg vil tilrå å i tillegg til den fyrste Doctor Strange-filmen òg ha sett Avengers: Infinity War og Endgame, og mest av alt Disney+-serien WandaVision før ein går på kinoen og ser denne. (Det er òg ein del småting som blir betre om ein har sett Age of Ultron, Spider-Man: No Way Home og serien What if..., men det er i samanlikning ubetydeleg.)

Solofilmane frå Marvel pla generelt vere ganske forsiktige med at det berre er for småting, påskeegg og liknande 'extra value' at ein treng sjå andre ting enn førre film med same karakter i tittellina, men det har dei openbart ikkje brydd seg om her. Det er så klart glitrande for ein entusiastisk tilhengar som meg, men eg føler det burde åtvarast for generelle filmsjåarar som sikkert berre har sett eit eklektisk og halvtilfeldig utval av tidlegare MCU-verk. Det sagt så kan ein fint forstå alt som skjer i filmen og kose seg med den utan å ha sett alt eg lista over -- men det vil nok gjere at ein del ting følest litt ut av ingenting eller utan så mykje kjenslemessig tyngde som det kunne ha hatt.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1023
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Kinotråden

Post by Asphyxiate »

Interessant. Ser at mange anmeldelser ute på det store internett er noe mer lunkne. Ikke nødvendigvis negative, men at den er helt ålreit - men ikke noe mer.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3334
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Kinotråden

Post by Loki »

Det tykkjer eg er relativt strengt, i så fall. Har sjølv vore lunken til heile Phase 4 så langt. Kjente meg lunken til The Eternals, småskuffa av Ten Rings og veldig irritert over Black Widow (der eg tykkjer byrjinga var kjempebra og så vart filmen svært sett-dette-hundre-gonger-før jo lenger ut i den ein kjem). Og med Spider-Man: No Way Home, som eg rett nok likte svært godt og til og med eit lite hakk betre enn denne, hadde eg ei rekkje konkrete 'usj, her har dei skusla bort ein sjanse, denne augneblinken ville vore så mykje betre om dei berre gjorde slik og slik'-opplevingar, som alltid er ergerleg. Liker ikkje å føle at ein milliardfilm kunne vore betre for noko ein amatør som meg kunne sett på manusstadiet. Strange 2, sjølv om den ikkje hadde like høge høgdepunkt, hadde få til ingen slike problem, og det åleine fryda meg stort.

Multiverse of Madness er kanskje litt småtreig i oppstarten, og den klarer ikkje heilt å bestemme seg om den er kitschy tøyeste eller mørk og skummel, som tidvis kan underminere begge tinga. I tillegg er det som sagt ein del emosjonelle raude trådar og plottpoeng som nok kjennest litt enkle og grunne for dei som ikkje har sett ørten tidlegare filmar og seriar. Men utover det likte eg den svært godt. Flotte og spanande visuelle sprell, eit plott som slett ikkje kjennest resirkulert frå den vante malen (altså, misforstå meg rett, det er framleis ein superheltfilm der ein forsøker nå eit mål og ender filmen i eit stort actionklimaks, men innanfor dei rammene var den frisk og fersk i mine augo), og historietrådar som kanskje ikkje er supersjokkerande, men heller ikkje alltid går nøyaktig dit ein ventar seg. Olsen og Cumberbatch er strålande i hovudrollane. Og både humoren og det skumle lander ofte ganske bra, sjølv om dei som sagt trakkar kvarandre litt på tærne her og der.

Men alt er jo relativt. Eg forsøkte lage meg ei lita liste, sånn omtrentleg, i all hast og reint på gefühlen, over dei 29 MCU-filmane så langt for å sjå kvar denne landa. Eg trudde på førehand den ville vere i øvre halvdel, men ikkje så langt over midten. Der trefte eg blink -- den endte som nummer 12. Så viss ein seier 'litt over middels på MCU-skalaen' er 'heilt ålreit men ikkje noko meir' så er jo det kurant. Men eg er jo fan av filmserien, så ein må langt lengre ned på den skalaen enn halvveges før eg kjem på 'heilt ålreit'-stadiet personleg.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote: Mon Oct 23, 2023 18:00Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Post Reply