Page 49 of 51

Re: Kinotråden

Posted: Sat Aug 21, 2021 7:47
by Loki
Den var veldig pen å sjå på, men sjølv om eg kan ha tålmod med sakte tempo og i overkant kunstneriske val så slit eg litt når same film gjer begge deler, og det gjorde vel denne. Det sagt så var det mykje bra i den, kunne berre tenkt meg den var tretti-førti minutt kortare og/eller let litt færre av motivasjonane og hendingane vere opp til sjåaren å tolke.

Re: Kinotråden

Posted: Mon Aug 23, 2021 10:03
by Asphyxiate
Ser fram til The Green Knight selv, spørs om det er filmen som lokker meg tilbake til kinosalen igjen

Re: Kinotråden

Posted: Tue Aug 24, 2021 11:40
by Loki
Suicide Squad i kveld. 8) King Shark, Polka Dot Man, Captain Boomerang, Harley Quinn og James Gunn, må jo bli bra.

Re: Kinotråden

Posted: Wed Aug 25, 2021 11:33
by Asphyxiate
Oooh, den gleder jeg meg til og! Nå har jeg fått to doser, så da tror jeg det blir kino snart! Savner kino.

Re: Kinotråden

Posted: Sat Aug 28, 2021 20:46
by Loki
Den var bra! Samanlikna med Guardians of the Galaxy-filmane hans (som, valdsnivået til sides, er eit ganske naturleg samanlikningspunkt) så sakna eg litt sterkare kjenslemessig investering i karakterane (eg brydde meg for all del om historia, men kanskje meir intellektuelt enn instinktivt), men var gøyal action, mykje morosam dialog og gladvald, sprø påfunn og minneverdige karakterar.

Re: Kinotråden

Posted: Mon Sep 20, 2021 23:46
by Siri Sedai
Fikk rotet meg på kino for første gang på halvannet år. Dune, på Føniks 1 (det store lerretet og atmos lyd). Joda, vakker film. Kanskje en smule langtrukket, og med en slutt som bare venter på ny episode. Har noen lest boka, eller bøkene, må det vel være?

Forfilmen var ny norsk katastrofefilm. Nordsjøen denne gangen. Skal nok se!

Så er det vel James Bond neste uke.

Re: Kinotråden

Posted: Wed Sep 22, 2021 10:53
by Siri Sedai

Re: Kinotråden

Posted: Wed Sep 22, 2021 13:20
by Loki
Siri Sedai wrote: Mon Sep 20, 2021 23:46 Har noen lest boka, eller bøkene, må det vel være?
Er mange bøker, men filmen er basert kun på fyrste halvpart av den heilt fyrste boka -- som er den einaste eg har lese. (Eg har imidlertid ein gong i tida sett fjernsynsserien som omhandlar i alle fall ei bok vidare utover.) Å dele boka i to filmar er ein god plan, går eg ut ifrå, sidan boka er ganske komplisert. Så framt dei får lage film 2, då, det avheng vel av kor bra denne gjer det. Kritikkane eg har høyrt er i alel fall veldig positive. Tenkte sjå den seinare denne veka, eller kanskje neste veke, skal gi lyd om kva eg tykte då!

Re: Kinotråden

Posted: Thu Sep 30, 2021 21:07
by Loki
Likte Dune svært godt, eg! Den tapte rett nok ein del driv i andre halvpart av filmen, men det er kanskje i overkant strengt å halde for mykje mot den sidan eg hugsar eg tykte biten av boka den baserte seg på gjorde det same. Men stemningsfullt og engasjerande nok laga til at eg var engasjert heile vegen likevel. Det sagt så mislikte kona den ganske sterkt og klarte ikkje få ho til å bry seg om noko av det som skjedde -- og det er sjeldan ho verkeleg misliker ein film -- så den er openbart ikkje for alle. Men eg var svært nøgd og håpar dei får lage meir. Ofseleg mykje betre enn både fjernsynsserien og David Lynch-filmen var det i alle fall definitivt.*

* Eller kanskje ikkje definitivt. Kona har sett dei tidlegare adapsjonane òg ein gong i tida, kan ikkje sei ho såg ut til å like denne noko betre. Ho liker ørten andre ting i liknande sjanger greitt nok, så kanskje ho berre er allergisk mot Dune på eit eller anna vis.

Re: Kinotråden

Posted: Mon Oct 11, 2021 17:39
by Loki
Fyrsteinntrykk av No Time to Die: Langt svakare enn Casino Royale og Skyfall, men eit godt steg oppatt frå SPECTRE (og Quantum of Solace) og dermed ein relativ opptur som avslutning på Craig-versjonen av James Bond.

Re: Kinotråden

Posted: Wed Oct 20, 2021 1:41
by Siri Sedai
Loki wrote: Mon Oct 11, 2021 17:39 Fyrsteinntrykk av No Time to Die: Langt svakare enn Casino Royale og Skyfall, men eit godt steg oppatt frå SPECTRE (og Quantum of Solace) og dermed ein relativ opptur som avslutning på Craig-versjonen av James Bond.
Så den i går. Likte den godt, med syke stunts, og litt sjel. Ble litt sjokka over slutten. Lurer på hvordan de ror det i land. Ble litt Cliffhanger, hvis de bare lar en annen skuespiller overta.

Re: Kinotråden

Posted: Wed Oct 20, 2021 7:02
by Loki
Koseleg at du likte den òg! Men eg skjønner ikkje heilt kva du meiner med at det blei cliffhanger. Eg tykte det var ei ganske skikkeleg avslutning utan nokon lause trådar?
Spoiler
Og dei drap jo hovudpersonen, så neste James Bond-film må jo naudsynleg byrje frå botnen av med heilt ny kontinuitet, slik som dei gjorde med Craig i hans fyrste film?

Re: Kinotråden

Posted: Thu Oct 21, 2021 0:41
by Siri Sedai
Loki wrote: Wed Oct 20, 2021 7:02 Koseleg at du likte den òg! Men eg skjønner ikkje heilt kva du meiner med at det blei cliffhanger. Eg tykte det var ei ganske skikkeleg avslutning utan nokon lause trådar?
Spoiler
Og dei drap jo hovudpersonen, så neste James Bond-film må jo naudsynleg byrje frå botnen av med heilt ny kontinuitet, slik som dei gjorde med Craig i hans fyrste film?
Du har sikkert rett, men håper du tar feil :)
Spoiler
De kan jo ikke kverke selveste James Bond? Blir feil! Har de gjort det før? Jeg trodde jeg hadde sett alle, men at han daua husker jeg ikke.

Re: Kinotråden

Posted: Thu Oct 21, 2021 21:18
by Loki
Eg har nok rett. :) Det er mykje som er nytt med Craigs versjon av James Bond. Filmane hans er fyrste gong det har vore nemneverdig kontinuitet frå film til film (og ikkje berre frå ein film til neste, men gjennomført med haugar av referanser tilbake til kvarandre i alle fem), dei har forsøkt seg på ei litt meir jordnær tolkning med mindre sprø sci-fi-dingsar, og dei har til ein viss grad forsøkt å dekke 'heile' karrieren hans. Altså i den forstand at i
Spoiler
Casino Royale ser me han bli 007 og miste sin fyrste store kjærleik etter ho svik han, i Quantum of Solace er han nyminta agent på hemntokt, i Skyfall mister han mentoren sin samtidig som me byrjar få vite litt om barndommen hans, i SPECTRE pensjonerer han seg (og me får vite endå meir om barndommen hans), og i No Time to Die blir han dratt ut av pensjonslivet og konfronterer endeleg alle kjenslearra han pådrog seg då han mista kjærasten i Casino Royale (etter å ha kasta bort fleire år på å feilaktig gå ut ifrå at den nye kjærasten sveik han på same måte som den fyrste), og døyr. Det er relativt hogd i stein at Craig ikkje vil spele Bond igjen -- han har hatt lyst å gi seg lenge, men var ikkje nøgd med SPECTRE, seiest det, og ville difor lage denne for å få ein betre slutt -- så sidan dei byrja historia på nytt når han starta har dei og valgt å avslutte den når han gir seg. Vil tru neste Bond startar med heilt blanke ark og at den tidlegare modellen der dei bytte skodespelar utan at dei dermed skifta kontinuitet er borte for godt, men kven veit. Som du seier har dei aldri drept Bond før, men det trengte dei jo heller ikkje, sidan dei tidlegare filmane aldri forsøkte lage ein heilheitleg saga på den måten Craigs har gjort. Men fortsette på denne vil den neste uansett ikkje kunne gjere, sidan dei jo drap tittelkarakteren. Kan tenkast at dei vil forsøke lage ein spin-off om den nye 007-dama, skjønt eg ville blitt overraska sidan ho ikkje gjorde særleg inntrykk på meg i filmen (og det blir jo uansett ikkje ein James Bond-film all den tid ho heiter noko heilt anna). Den ville jo dessutan måtte eksistert uavhengig av ein reboota ny James Bond-serie, og eg mistenkjer Hollywood-sjefane vil tenkje det blir altfor komplisert for publikum å halde styr på. Så trur nok desse fem filmane vil bli ståande som ein einheitleg saga med ei byrjing og ein slutt, og at me med åra vil få ein heilt ny James Bond utan nokon tilknyting til desse.

Re: Kinotråden

Posted: Tue Oct 26, 2021 12:12
by Siri Sedai
Må jo si jeg håper (og tror) at de later som han har unnsluppet på et "James Bond vis".