Heisann hoppsann, får vel forsøke knote ned noko respons her eg òg. Fyrst vil eg berre sei at eg støtter Mantelar i alt han har skreve til deg her, så noko av den tilbakemeldinga eg gir no kan nok gjenta ein del av hans poeng.
Azumiel wrote:God dag...
Jo, takk du, likeså.
Jeg skriver en bok innenfor sjangeren Fantasy.
Uten at jeg har vært medlem her særlig lenge, har jeg oppdaget at på denne siden deltar flere bokinterisserte, og jeg vil gjerne benytte muligheten til å fortelle dere litt om min kommende bok.
Lyder som eit ambisiøst prosjekt, det, men det treng ikkje vere negativt. Lukke til!
En annen grunn til av jeg valgte Fantasy-sjangeren er at det egentlig ikke er noen faste regler du trenger å holde deg til!
Du kan skape ditt eget univers, og fordype deg i det du vil.
Ikke trenger du å ta hensyn til at ting skal foregå på en realistisk måte etc. etc.
Som Mantelar sa, jo, det må du absolutt. Skilnaden på fantasy og anna litteratur er at du i fantasy til ein viss grad kan konstruere reglene du skal forhalde deg til sjølv. Men du må fortsatt forhalde deg til dei, og når du då attpåtil skal konstruere regler som er overbevisende og interessante og forbetrar historia du fortel, så blir dette fort langt meir utfordrande enn å simpelthen følgje den normale verdas reglar. Hugs at kvar gong du bryt med ein regel ei ikkje-fantasy-bok ville måtte følgje har du i praksis skapt ein ny regel, som vil påverke ein masse ting før og seinare i boka. Dersom hovudpersonen kan gå gjennom eit bål utan å ta skade i kapittel 4 kan han ikkje brenne seg på eit glovarmt dørhandtak i kapittel 29 utan at du har klart å forklare kvifor det eine går an og ikkje det andre. Og slike forklaringar er ofte vanskeleg å sy inn i historia - lesaren vil fort miste interessa om du stadig tek pause i forteljinga for å skrive eit avsnitt om kvifor og korleis folk kan gjere det dei gjer. Alt sånt bør helst gjerest til ein del av forteljinga du skriv. Byrjar du no å sjå kor vanskeleg dette kan vere?
Men la for all del ikkje dette avskrekke deg! Mykje av det som eg påpeika her er nok ting du ville forstått og fått til heilt på eiga hand - eg vil berre understreke at det inntrykket du har av sjangeren kanskje er litt feilaktig.
Som alle andre Fantasy-forfattere (Hvis jeg kan kalle meg det da) er jeg veldig redd for å gå i det jeg har valgt å kalle Klisje-fellen.
Boken min inneholder klisjen om en landsbygutt som drar ut i verden og oppdager en verden av ondskap og trolldom, men om dette er negativt eller positivt vil jeg gjerne høre deres mening om.
Det er negativt, så lenge du ikkje klarar å finne ein måte å gjere det på som ingen har gjort før, eller som simpelthen er BETRE enn det som er blitt gjort før. Og som Mantelar sa, det er utallige slike historiar ute og går (eg har sikkert eit par gamle på ein gamal pc ein eller annan stad sjølv, frå ungdomsskuledagene der eg kun hadde lese Tolkien, Eddings og Jordan...) så det er ytterst vanskeleg å få til dette. Langt betre om du finn ein annan måte å skrive/byrje historia di på, då du dermed vil etablere ei tydeleg sjølvstendig og original historie frå fyrste side av, og ikkje vil bli automatisk samanlikna med ein masse andre, erfarne forfattarar. Dersom plottet ditt liknar Jordans vil folk som les det og som har les Jordan ikkje klare unngå å tenkje "dette er jo det same som Jordan gjorde i den og den boka, berre ikkje fullt så bra" eller liknande, så lenge du ikkje faktisk klarar å gjere det tydeleg betre. Dersom du har ditt eige grunnleggande konsept for boka, så blir du ikkje automatisk samanlikna med sjangerens mestere på den måten, og det vil du tjene på.
En annen ting tok hensyn til var å ta avstand fra dverger, alver og drager.
Dvergene nevnes ikke i min bok, og alvene har forlatt landet fra lenge siden. Er dette positivt eller negativt?
Det kjem alt an på korleis du handterer det. Dersom det fører til at du lager ein art som heiter fjoxiester som er heilt like dverger, berre med små flaggermusvinger og tre auge, så spørst det om det ikkje hadde vore betre om du berre var ærleg og brukte sjanger-stereotypen "dverg" i utgangspunktet. Men dersom det fører til at du klarer lage eigne, originale arter i staden for, så er vel ingenting betre enn det.
Og som Mantelar sa, dersom det har funnest alver i landet ditt, men dei er borte, så må du nesten ha eit poeng med dette i historia, ellers er det ingen grunn for å nemne dei i det heile tatt.
Tolkien har orkene, Jordan har trollokene og Paolini har urgalene.
Jeg har tarokene, som i min historie også kalles jernstøvlene.
Finfint namn.
De ble ofte omtalt i historiene som onde og brutale, de var store av kroppsbygning, og de ble beskrevet som menn med rotten hud og hoggtenner, og i noen av historiene hadde de også horn! I alle historier hvor tarokene ble nevnt, kjempet de alltid for det onde, slik var det bare! Det ble også sagt at disse skapningene kunne kommunisere med hverandre på et eget språk, og at de var like intelligente som menn, men ikke like sosiale og siviliserte! Folk sa at de var en mislykket blanding av dyr og menneske, og folk forteller at de ble skapt som krigere!
De har egne klaner, og huden deres er dekket av en rød farge.
Menneskene hadde kjempet lenge for å utrydde tarokene som drepte for lysten og gledens skyld. Menneskene greide å utrydde alle taroker, og tarokenes sjeler ble kastet til underverdenen, nettopp hvor Al'Kimos styrte. Han ville ha hevn over Morak, og det skulle skje nå!
Kven er Al'Kimos og Morak? To guder?
Med all sin livskraft gjenopplivet han de grufulle tarokene og fikk dem til å oppstå, og startet en kamp mot Gudene som rystet hele verden! Alle verdens skapninger tjente sine trofaste Guder og kjempet for dem i kampen mot Al'Kimos, men underverdens hersker var i stand til mer enn noen hadde trodd! Han gjenopplivet tarokene, men i tilegg mangedobblet han dem, og de kunne begynne å formere seg igjen, noe ingen andre Guder kunne gjøre! Ingen følte en slik vrede lik Al'Kimos vrede, ingen kunne gjøre det han kunne, selv ikke Morak, bare Al'Kimos kunne gjennopplive skapninger som hadde vandret på overflaten!
Ligner tarokene for mye på noe annet, blir det for uorginalt?
Tja. Namnet og skildringa får ein til å tenkje på trolloker og orker, men det er ikkje nødvendigvis negativt - trolloker og orker er igjen basert på ein slags "gjennomsnittstroll" i folketru og liknande, så du står såklart fritt til å gjere det same.
Det var utsjånaden og skildringa av dei. Historia du plasserer dei i får dei derimot til å minne meir om ein slags udøde demonar, og dette er jo ein interessant blanding. Så det trur eg går greit. Det viktige er jo kva slags historie du klarar bygge over dette, ikkje kva slags demonvesen du har.
Sjølv om eg i utgangspunktet er einig med Mantelar i at svart-kvitt-vesen er negativt, så trur eg du fint kan komme unna med ein unyansert, vondskapsfull rase som tarokene dersom du berre lar
menneska og dei menneskeliknande vesena i historia di vere i gråsoner. Eg tykkjer ikkje at ei fantasyhistorie nødvendigvis lider av at det finst ei stor, uhelbredeleg vond makt som ruver i bakgrunnen - om den hadde gjort det hadde det ikkje vore slikt eit sentralt element i så mykje av sjangeren.
Men det er viktig å understreke at dette igjen gjer det meir sannsynleg at du kan bli oppfatta som ein klisjèbrukar eller ein som "stel" orkene til Tolkien eller trollokene til Jordan i historia di. Dersom du har ein stor, vondskapsfull rase som viser seg å egentleg ikkje vere så vonde likevel, derimot, vil lesaren straks få kjensla av at denne historia er det noko originalt og spanande ved.
Så det blir egentleg litt opp til deg, begge måtar har fordeler og ulemper.
Et spørsmål: Har Jordan tatt patent på ordet "Mørkefrender" ?
Det tviler eg sterkt på, men igjen er det nok smartere å finne på noko sjølv enn å berre bruke det andre har laga.
Jeg har også laget mine egne raser: Graler og Orlifer.
Orlifene ligner mennesker, men de er blå i huden.
De lever inne i fjellet hvor det fins vann.
Gralene har jeg ikke funnet på så mye om enda, bortsett fra at huden deres er noe grønn.
Har dere noen innspill om dette?
Egentleg ikkje, du fortel altfor lite om dei. Fint klingene namn, forsåvidt, men så lenge dei kun er mennesker med anna hudfarge har eg ikkje noko forhald til dei. Du må fortelje om kulturen, samfunnsstrukturen og kanskje historia deira.
Hvor viktig er det med kjærlighet i en fantasy-historie?
Bra med mye eller lite kjærlighet?
(Går ut i frå at du meinar mann-kvinne-kjærleik her, ikkje søskenkjærleik og vennskap og liknande) Det må nesten vere opp til deg og kva typar karakterar du lager. Ein elskovssjuk sekstenåring vil nok vere veldig opptatt av ein veldig spesiell type kjærleik. Ein evnukk har nok eit veldig distansert og kanskje nysgjerrig syn på konseptet. Ein sjuåring er likegyldig, eller kanskje litt fråstøtt over konseptet. Ein gift førtiåring har eitt forhald til det, ein enkemann i tjueåra har nok eit anna forhald igjen. Ein prest i sølibat har eit synspunkt, ein soldat i sitt sjuende år i eit felttog borte frå kona eit anna. Ein udødeleg necromancer i sitt søttiende årtusen har eit veldig anna forhald til kjærleik enn ein tantrisk magiker ved eit korrupt hoff. Og så bortetter, og så bortetter. Kor mykje fokus på kjærleik som er i boka di og kor stor rolle det spelar når det er til stades, det avhenger veldig av kva karakter som er i fokus og kva omstendene til karakteren er. Den gjennomsnittlege syttenåring er nok veldig opptatt av det motsatte kjønn, men ein syttenåring som nettopp mista begge foreldrene til ein skogbrann er nok ganske opptatt av heilt andre kjensler.
Er det positivt å fodype seg i folks tro og Gudeverdenen?
Dersom det A. hjelper deg få nyanser eller utvikling i plottet, eller B. forklarar kvifor ein karakter oppfører seg/tenkjer/handler på ein spesiell måte, gjerne det. Men det har liten hensikt å bruke to sider på å fortelje om guddommen til ein tilfeldig tigger i grøftekanten dersom verken tiggeren eller guddommen har noko med plottet å gjere.
Er det viktig med dype beskrivelser av landskap eller blir det for tungt, tenker på Jordan og Tolkien.
Det er opp til deg. Om du vil ha ein scene med eit svært, imponerande fjell i bakgrunnen må du bruke tid på å skildre det for at lesaren skal få kjensla av at det er der. Om det er fire menn som går og prater langs ein landeveg der det er forhaldet mellom mennene som er det stemningsgivende ved scenen er det mindre viktig å skildre terrenget rundt dei enn mennene sjølve og samtalen dei har. Såframt ikkje terrenget har ein spesiell stemningseffekt over samtalen du gjerne vil ha fram - til dømes dersom dei går gjennom eit varm, klam sumpområde... Landskap er setting. Setting kan vere irrelevant, eller det kan vere kjemperelevant. Det kjem an på kva du tykkjer passar scenen best.
Eit tips er å forsøke spre skildringane utover i scenen. Ikkje skildre absolutt alt rundt karakterene på fyrste sida, og så sei "Action" og la karakterene byrje snakke saman og gjere ting. La lesaren sjå kva som foregår litt etter litt, mellom setningene om karakterene og kanskje i sjølve dialogen mellom dei.
Boken er nå på ca. 240 sider.
Jøye meg, imponerende!
På forhånd takk,
Null problem. Håpar det hjalp.