Hurins Barn av JRR Tolkien
Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren, Loki
-
- Den Eldste
- Posts: 509
- Joined: Sat May 27, 2006 15:08
- Location: Vennesla
Korleis mindre patetisk? Fordi ingen trur på det? (Gjer ikkje det i så fall heller teksten MEIR patetisk, samanlikna med ein som har overbevist millionar av menneske? Det er teksten me snakkar om, nemleg, ikkje lesarane... )Sisnera wrote:Etter hva jeg har skjønt er det mer som bibelen i kristendommen, men mindre patisk da.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote:Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate wrote: #justice4Glûg!!
Re: Hurins Barn av JRR Tolkien
Då har eg lese The Children of Húrin, og eg er godt nøgd! Ein heilt anna type roman enn Lord of the Rings i og med at Tolkien her openbart forsøker å skape ei mektig legende i retning av Nibelungen eller greske tragediar, og dermed følgjer sjangergrep og bruker tropar som ville vore henhaldsvis litt lite engasjerande og overbrukte klisjéar i ein tradisjonell roman. Men slike motiv er klassiske av god grunn, og her fungerer det flott. Historia er tragisk, og relativt tydeleg på at den kjem til å vere det heilt frå byrjinga av, der me følgjer livet til ein klassisk helt med ein forbannelse hengande over seg frå vogge til grav. Eg er imponert over korleis Christopher Tolkien har klart å rekonstruere ei fullstendig historie utan narrative hol, logiske manglar eller forstyrrande stilendringar ut frå faren sine openbart utallege notat, halvferdige kladdar og forlatte manuskript.
For dei som hugsar Silmarillion og Unfinished Tales i detalj vil det nok vere lite nytt her, sidan hovudbolkane av historia figurerer i begge, men det er likevel veldig stimulerande for ein Tolkien-entusiast å få det heile servert som ei heilskapleg historie. Det fekk meg til og med til å gå og hente dei andre to ut av hylla etterpå, for å gjenlese tangentar og sidehistoriar som er fjerna frå Children of Húrin som irrelevant.
Den er nok ikkje for alle, men eg fekk langt meir ut av denne boka enn eg venta meg. Synd at dei andre to bøkene utgitt med liknande bakgrunn (Beren and Lúthien og The Fall of Gondolin) etter kva eg forstår er langt mindre fullstendige og ikkje kunne ferdigstillast som ei einheitleg historie på same måte, elles ville eg reist rett ut og kjøpt dei òg.