Hva leser du for tiden? II

Diskuter andre bøker dere leser

Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren, Loki

Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3388
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Asphyxiate wrote: Mon Aug 19, 2024 20:09
Fascinerande, vart litt interessert i denne sjølv, skjønt det er ikkje heilt mi greie, sånn generelt sett. Vart det forklart kvifor familien ikkje snakka så mykje om mannen?

Han etterlot seg ikke noen barn og dro fra familien ganske ung for å "finne sin egen vei". Han var også yngst i familien og utretter vel kanskje aldri noe stort. Da forsvant han mest i familiens historie.
Slik ja, takk for svar! Blir vel fort slik når ein ikkje får barn, og så når han då døydde ung attpåtil. Kjenner meir og meir på det sjølv jo eldre eg blir (som sjølvvalt barnlaus), denne litt underlege frykta for å bli gløymt.
Asphyxiate wrote: Mon Aug 19, 2024 20:09 Anbefaler The Liveship Trilogy, den er etter min mening noen par hakk over The Farseer Trilogy, noe du tydeligvis har fått fortalt tidligere. Som sagt, det er et bedre driv her enn i Farseer, og særlig vekslingen mellom ulike POVs skaper dynamikk som gjør at man aldri blir "stuck" for lenge i ett synspunkt. Også mange interessante karakterer.
Notert! Eg har ein haug av Hobb oppsamla via brukthandlar sidan eg las Farseer, inkludert heile (trur eg, mogeleg eg manglar eitt bind) Liveship Traders, så terskelen ligg mest i å lese omatt Farseer fyrst. Elles ville eg nok komme i gang allereie. Kanskje etter Malazan!
Asphyxiate wrote: Mon Aug 19, 2024 20:09 Absolutt interessant karakter. Ikke så mange kvinneskikkelser fra denne tiden. Og hennes endelikt, i en litt bisarr ulykke under et flystevne i Russland i 1920 der blant andre hun og Einar Gerhardsen er på "studietur" til Lenins kommunist-Russland, er på mange måter ganske utrolig.
Det høyrest jo heilt avsindig ut!
Asphyxiate wrote: Mon Aug 19, 2024 20:09 The White Knight har jeg liggende, uten å ha lest. Husker ikke hvor jeg plukket den opp, eller hvorfor, men det var tydeligvis ikke totalt bortkasta.
Den er, mine pet peeves om karaktertolkningar til sides, god lesning!
Asphyxiate wrote: Mon Aug 19, 2024 20:09Ellers har det vært lite tegneserier på meg i sommer. Merker jeg er litt mett på bøker per nå, så da blir det nok litt tegneserier.
Kjenner att den kjensla, teikneseriar er så lett og innbydande i samanlikning av og til. Men forferdeleg dyrt på kroner per side i forhald, då, for ikkje å snakke om for hylleplassen!
Asphyxiate wrote: Mon Aug 19, 2024 20:09 Har også The Kang Dynasty-omnibusen liggende, så nok å lese. Ellers er et litt for mange titler og beskrivelser her som gjør meg interessert og nysgjerrig
Har lese utruleg lite med Kang, så gi gjerne lyd om kva du tykkjer om denne, kunne vore gøy å få strekt hans ende av Marvel-mytologiinnsikta mi i litt utover det eg har snappa opp på fanwikis i åras laup.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote:Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate wrote: #justice4Glûg!!
Yawron
Hengiven
Hengiven
Posts: 174
Joined: Thu Sep 07, 2006 14:31
Location: Oslo

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Yawron »

Nå har jeg lest meg igjennom Michael J. Sullivans "The Riyria Revelations".

Ganske actionpreget handling som får historien framover i et høyt tempo. Satt i en verden som er interessant nok til å støtte handlingen, men ikke så spennende at jeg tror jeg skal lese noe mer i denne verdenen da alt som er skrevet videre er "prequels". Klassisk fantasy med alver, dverger, orker og slikt, men menneskesentrisk. Litt magi, mest sverd.

Jeg koste meg med det, jeg.
"Once more the drama begins"

- Paul Muad'dib
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3388
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Hm, var nysgjerrig no og slo den opp, ser at det er ein trilogi? Kva er handlinga? Følgjer me i hovudsak éin helt, eller er det mange ulike historietrådar?
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote:Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate wrote: #justice4Glûg!!
Yawron
Hengiven
Hengiven
Posts: 174
Joined: Thu Sep 07, 2006 14:31
Location: Oslo

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Yawron »

Loki wrote: Sat Sep 14, 2024 20:37 Hm, var nysgjerrig no og slo den opp, ser at det er ein trilogi? Kva er handlinga? Følgjer me i hovudsak éin helt, eller er det mange ulike historietrådar?
Det er egentlig seks bøker, men selges i samlinger på to og to.
Vi følger flere POVs, og det kommer litt og litt flere i løpet av serien. Selv om noen av karakterene er forskjellige steder geografisk, så vil jeg si at alt driver fram den samme historien. Litt klønete forklart.. Hvis man sammenlikner med Tidshjulet der man føler at karakterene har sine helt egne eventyr, så er inntrykket at alle fokuserer på det samme her.
"Once more the drama begins"

- Paul Muad'dib
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3388
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Tusen takk, det høyrest gøy ut. Når det er velgjort har eg litt sansen for ei erketradisjonelle fantasyverd der forfattaren ikkje føler dei må finne opp haugar av nye vesen og heller trekkjer vekslar på tropane eg har investert i allereie. Men plott og karakterar må jo vere der! Skal notere meg denne! :D
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote:Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate wrote: #justice4Glûg!!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1048
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Jeg kan også ha sansen for mer klassisk fantasy, når det er gjort grundig, men gode karakterer, velgjennomtenkt verden, og at det er godt skrevet. Selv om det er flott at fantasysjangeren har blitt mer mangfoldig og at forfattere utforsker grensene for hva fantasy er og kan være, og at andre snur veldig på troper og tradisjoner, er det noen ganger litt "deilig" å "bare" ha en klassisk, godt fortalt historie i en fantasy-setting. Det var dette som dro meg inn i sjangeren i utgangspunktet.

Jeg er straks ferdig med boka Ytre høyre i dag av Cas Mudde. Hadde egentlig plan om noe fantasy eller i hvert fall en roman nå i høstferien, men har blitt mye annet så har ikke rukket å finne noe jeg skulle lese. Når det kommer til romaner, har jeg lyst på tiden til å sette meg ned og virkelig komme inn i verdenen, derfor jeg foretrekker romaner i ferier. Akkurat denne boka er for så vidt en ganske grei oversikt og forklaring av nye ytre høyre, både partier, grupper, organisasjoner og personer, siden ca 2000. Lett skrevet (godt oversatt), men boka er fra 2019, og enkelte ting er allerede litt utdatert - det går veldig fort i dette universet. Boka er på under 200 sider, så anbefaler for de som er interessert i denne tematikken.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3388
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Du verda, to månadar sidan sist! Og sidan eg framleis les Malazan, er det berre nokre teikneseriar å ramse opp:
* Batman Detective Comics: Scare Tactics av (hold pusten) Tony S. Daniel, Gregg Hurwitz, James Tynion IV, Sandu Florea, Szymon Kudranski, Ed Benes, Rob Hunter, Julio Ferreira, Eber Ferreira, Eduardo Pnsica, Richard Friend, Romano Molenaar, Pere Pérez, Henrik Jonsson og Joel Gomez. Plukka denne opp brukt på ei Finn-bestilling frå ein seljar som hadde noko anna eg skulle ha, sidan den var frå The New 52-eraen der eg har mykje anna bra Batman, og sjølv om det er byrja bli ei stund sidan august no hugsar eg den som heilt grei pluss. Som dei mange namna indikerer er dette ei samling mange småhistoriar av ymse kvalitetsnivå, men teikningane var bra gjennom det heile, og fleire av historiane var ganske solide.
* Paper Girls av Brian K. Vaughan og Cliff Chiang.
Image
Gigantisk omnibus av heile serien, kjøpt som presang til ektemaken fordi me begge er så glade i Vaughans Saga og fordi Paper Girls hadde ein kortlevd, men relativt lovande, fjernsynsadapsjon nyleg. Science fiction-epos om nokre avisbod-jenter på 1980-talet som blir vikla inn i ein tidsreisekrig. Serien var bra, særleg var fleire av hovudpersonane lette å like og følgje, men følte historia mangla noko for å suge meg inn og bli skikkeleg fantastisk. Vaughan er i mine (og mange andres) augo ein av dei beste manusforfattarane i amerikansk teikneserieindustri no til dags, og sjølv om dette nok er heilt midt på fjøla for han personleg er det mange hakk over det meste der ute.
Elektra: Black, White & Blood av diverse (eg orka ikkje skrive ei ny liste som den frå Scare Tactics ...).
Image
Antologi i svart-kvitt-raudt med ulike historiar om Elektra, enten i hovudkontinuiteten eller, oftare, i diverse alternative Marvel-univers og -tidsliner. Som ein kan vente av ein antologi er kvaliteten opp og ned frå historie til historie, men det var mange her eg likte godt! Greper med svart, kvitt og raudt som einaste fargar er alltid slåande, og eg er ikkje uvillig til å prøve andre av samlingane som er blitt laga i denne stilen om andre karakterar.
* Gotham City: Year One av Tom King og Phil Hester.
Image
Ei frittståande detektivnoir-historie sett to generasjonar før Batman, i levetida til Bruce Waynes besteforeldre. Velskreven og spanande, tungt forankra i noir-sjangeren utan å følast parodisk, og med nokre spenstige endringar i Batman-mytologien på godt og vondt. Og gøyalt å gjere hovudpersonen til ei nytolking av den opphavlege detektiven frå 'Detective Comics' i åra før Batman tok over boka.
* Three av Kieron Gillen og Ryan Kelly.
Image
Eg har sansen for Gillen, så då eg høyrde om denne grafiske romanen laga i reaksjon på Frank Millers 300 og andre glorifiseringar av krigarkulturen i antikke Sparta, vart eg nyfiken og bestilte den på eit innfall medan ein framleis lett kan finne den brukt til ein vettug peng (den er nok for lengst ute av trykk, diverre). Her er det å gjere framstillinga historisk forsvarleg vektlagd, sjølv om historia i seg sjølv er fullstendig oppdikta, der me følgjer tre av den spartanske slavekasten medan dei forsøker rømme til fridom. God historie, flott teikna, og om den ikkje finn opp hjulet på nytt er det mykje å like og kose seg med her. Eg likte særleg korleis spartanarane sjølve ikkje blir framstilte som demoniske slemmingar, men som menneske på godt og vondt på same måte som hovudpersonane.
* Gjenlesing av dei fyrste seks binda av Ultimate Spider-Man av Brian Michael Bendis og Mark Bagley. Eg hugsa dette som veldig, veldig bra, og var spent på om eg tykte det same som nesten førti med hundrevis av superheltseriar under beltet som eg gjorde som nitten og i samanlikning veldig lite. Og jau, veldig bra er det! Historiane er nok litt føreseielege, i stor grad fordi dei jo er nytolkingar av dei store, kjente Spider-Man-historiane frå den originale kontiniuteten, som ein etter kvart kjenner både frå originalversjonen og utallege andre gjenfortejlingar i spelefilmar og teiknefilm. Men Bendis' signaturdialog (altså fullstappa med rappkjefta vidd frå hovudpersonen) og Bagleys stort sett veldig actionfylte og fine teikningar (sjølv om dei enorme augo på karakterane -- menn som kvinner! -- av og til ser litt rart ut) gjer det til veldig underhaldande lesing, og tempoet er herleg. Luksusen av å kunne går frå slager til slager ved å nytolke berre dei mest kjente og sukssessrike tinga frå den originale serien gjer dette til konsekvent høg kvalitet, og sørger samtidig for at eventuelle mindre vellukka historietrådar er over før eg rekk bli særleg lei av dei. Og bonuspoeng for at eg verkeleg heiar på Peter og Mary Jane som par -- det er ikkje noko dei fleste tenåringsromansar får til for meg.
* Pink Panter som detektiv: Den avskylige snømann av Stefano Magnaghi og Silvia Mondini.
Image
Eg har nostalgi for eit eksemplar eg som barn hadde av bind nummer 2 i denne serien, der den rosa panteren blir innvikla i ein konspirasjon om Det gamle Atlantis, så då eg snubla over bind 1 i ein bruktbutikk plukka eg det opp ved innfall. Og det var eigentleg eit fint innfall -- dette er sprekt (for ikkje å sei heilsprøtt) i premisset, tidvis ganske så vittig, og ikkje så datert som eg ville venta meg. Men eg føretrekk nok minnet om bind 2 med ganske mange hakk, lell, så får det stå usvara om det er på grunn av rosenraude nostalgibriller, at eg som vaksen ikkje lenger er i målgruppa, eller rett og slett fordi historia der var betre enn i denne.
* Gjenlesing av Ultimate X-Men bind 1 til 3 av Mark Millar og Adam Kubert, med ei lita sidehistorie av Chris Bachalo og Esad Ribic. Nok ein serie eg hugsa som glimrande frå då eg var nitten. Og den er veldig bra, men står seg nok lell eit hakk mindre bra enn systerserien til Bendis nemnt over. Delvis fordi Millar er litt meir oppteken av å vise fram kor utruleg samtidig nytolkinga hans er, og dei stadige referansane til den dåverande regjeringa i Det kvite hus og den slags er veldig kleint i ettertid, men delvis òg grunna det eg ikkje liker ved Millar som manusforfattar. Han er unekteleg veldig flink, har strålande grep om tempo, action og gode historiepremiss. Han gjer òg ein del skikkeleg inspirerte ting med dei ulike klassiske X-Men-historieelementa, ved å binde dei saman på nye, gjennomtenkte måtar som er spanande å lese. Men han har eit tenåringspreg ved seg som eg aldri har likt (sjølv ikkje som tenåring), der karakterar som flørtar, bannar, vitsar, osv., altfor ofte følest kleint og tvungent, som om Millar trur at om noko er frekt nok, høglydt nok, ekstremt nok, så vil det automatisk vere kult. Eg forstår at Magneto er skurk fordi han er for folkemord, eg treng ikkje at han òg bruker nedsetjande ord om Xavier som 'krøpling' for å hamre det heim. Men eg hugsar at denne serien blir overtatt etter kvart av fyrst Bendis og så Vaughan, som begge er minst like gode (og vanlegvis langt meir uproblematiske sjølv med ettertidas politisk korrektheit-briller), og at eg likte den endå betre då. Så gler meg til å fortsetje vidare.
* Gjenlesing av Ultimate Marvel Team-Up av Brian Michael Bendis, Matt Wagner og Phil Hester.
Image
Crossover av Ultimate Spider-Man med fyrst Wolverine frå Ultimate X-Men, og så Hulk frå det som skal bli The Ultimates. Ikkje superbegeistra for teikningane her, men historiane fungerer bra, og Bendis leverer som vanleg mykje god dialog. Det er òg eit fint steg på karakterkurven til Wolverine her, mellom bind 2 og 3 av Millars moderserie.
* Gjenlesing av Ultimates bind 1 og 2 av Mark Millar og Bryan Hitch.
Image
Eit skikkeleg episk forsøk på å nylansere Avengers i Ultimate Marvel-universet, og eg tykkjer Millar gjer det veldig bra her. Tinga eg klaga på i Ultimate X-Men er absolutt problem her òg, men dei følest (vanlegvis) mildare og sjeldnare av ein eller annan grunn. Veldig nøgd med dette attsynet. Og Hitch sine teikningar er nøyaktig det eg vil ha frå superheltseriar: Tydeleg, lett å følgje, pent å sjå på, og spanande som søren.
* Gjenlesing av Ultimate Fantastic Four bind 1 av Mark Millar, Brian Michael Bendis og Adam Kubert. Interessant og vellaga nyskaping av Dei fantastiske fire, men følte ikkje plott eller historie eigentleg kom langt nok her til å bli meir enn ei generisk, om enn velfortalt, opprinningshistorie. I motsetnad til Ultimates, Ultimate X-Men og Ultimate Spider-Man kjøpte eg meg aldri vidare på dette på engelsk, og den norske kom aldri forbi bind 1, så sjølv om eg inkluderte det i gjenlesingsprosjektet mitt no, fortset eg neppe med dette med det fyrste. Det sagt så tykkjer eg Doom er lovande, så eg er bittelitt freista til å sjå kva som skjer vidare med han.
* Donald Duck Mestertegnerne: Giovan Battista Carpi av Giovan Battista Carpi, Guido Martina, Elisa Penna og Fabio Michelini.
Image
Eg liker at Egmont forsøker setje dei ofte anonyme skaparane av Duck-seriane i fokus med denne serien, så eg har kjøpt dei binda som eg ikkje har flesteparten av historiane i frå før. I denne eigde eg kun Fantonalds opprinningshistorie frå før av, men for Duck-fans var det fleire fine ting her, inkludert ei artig antikke Rom-historie med forfedrene til Duck-familien, Langbein, Svarte-Petter, Rikerud og B-gjengen i full samansurium, og ei Donald Duck-gjenfortejling av klassikaren Carmen. Eg er heller ikkje særleg kjent med Carpi, trass i at han hadde eit bind i Hall of Fame-bøkene i si tid, så eg sette pris på både den (altfor korte) artikkelen i forordet og miniartikkelen om forsida hans på Donald Pocket nr. 1.
* Bruno Bjørn og Benny Burro: Den store elgjakten av Carl Barks. Nok eit innfallskjøp frå ein bruktbutikk. Kan ikkje sei eg var så storveges imponert over denne, men etterordet av Horst Schröder om amerikansk aimasjonshistorie på 1930 og -40-talet og korleis dette informerte utviklinga av tittelkarakterane var faktisk veldig interessant.

No ventar det eit par andre bruktinnfallskjøp og ein diger stabel meir gjenlesing av Ultimate Marvel, medan eg pløyer vidare gjennom The Malazan Book of the Fallen på prosasida.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote:Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate wrote: #justice4Glûg!!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1048
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Av alt dette (hvordan får du tid til å lese alt sammen?), virker i hvert fall Gotham City som noe jeg skal undersøke og kanskje lese, virker interessant.

For min del har jeg siden sist lest

- Batman: White Knight av Sean Murphy. Likte den jeg. Interessant premiss, men som kommentert nylig av deg Loki, og jeg er enig, kunne de kanskje gjort det med andre.
- Avengers: The Kang Dynasty omnibus. Kang angriper jorden, samtidig som en rekke ulike hendelser skjer, strekker Avengers bredt. Selv om jeg har lest noe, er det så mange karakterer her jeg aldri har vært borti. Da klarte jeg ikke hele veien å engasjere meg sååå mye i historien.
- Malcolm Gladwell: Bombemafiaen. Handler om det amerikanske flyvåpenet under andre verdenskrig, og hvordan de drev fram massevis av nyvinninger innenfor bombefly og bombing. Veldig fascinerende. Her det "gærninger" hele veien, og masse etiske dilemmaer. Kort og konsist skrevet.

Og jeg holder på å lese Tredveårskrigen av den svenske (!) historikeren Dick Harrison. Tredveårskrigen, og egentlig hele tidlig nytid (ca. 1500 til 1700) har alltid vært en av de periodene i historien jeg har hatt minst tak på. Det er så mange stater, bystater, fram og tilbake, at det er ganske komplisert å holde kontrollen. Tredveårskrigen er en kaotisk krig som veksler mellom en tysk borgerkrig (og Tyskland på denne tiden består av et usikkert antall politiske enheter, fra kongedømmer til små bystater og miniputt-ett eller annet), og en krig som involverer både Danmark-Norge, Frankrike, Spania, Storbritannia (litt) og Sverige på ulike tidspunkter. Kjøpte boka med mål om å få mer kontroll, men litt usikker på hvor mye bedre kontroll jeg har fått. I selve gjennomgangen av krigen blir det for mye fra det ene slaget til det neste, så dukket det opp den generalen osv., men Harrison bruker også tid underveis til å se hvordan krigen påvirker vanlige folk, og det er i de delene boka er best.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3388
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Asphyxiate wrote: Wed Dec 04, 2024 19:49 Av alt dette (hvordan får du tid til å lese alt sammen?),
Det var to månadar å hente inn der, då! Les vel ein times tid på sengekanten i snitt, somme kveldar to. Elles på døgnet er det omtrent ingenting. :lol:
Asphyxiate wrote: Wed Dec 04, 2024 19:49 virker i hvert fall Gotham City som noe jeg skal undersøke og kanskje lese, virker interessant.
Heiv den med på ei Finn-bestilling, og jau, likte den! Det er mykje bra noir-Batman der ute, og skal ikkje påstå denne var mellom det ypparste av det, men den var i alle fall solid!
Asphyxiate wrote: Wed Dec 04, 2024 19:49 - Batman: White Knight av Sean Murphy. Likte den jeg. Interessant premiss, men som kommentert nylig av deg Loki, og jeg er enig, kunne de kanskje gjort det med andre.
Det følest som flisespikkeri, når historia var bra, men ja, det var underleg for meg korleis 'hei, kva om me skriv ei Joker-historie der han i praksis er Two-Face?'-premisset fekk grønt lys.
Asphyxiate wrote: Wed Dec 04, 2024 19:49 Og jeg holder på å lese Tredveårskrigen av den svenske (!) historikeren Dick Harrison. Tredveårskrigen, og egentlig hele tidlig nytid (ca. 1500 til 1700) har alltid vært en av de periodene i historien jeg har hatt minst tak på. Det er så mange stater, bystater, fram og tilbake, at det er ganske komplisert å holde kontrollen. Tredveårskrigen er en kaotisk krig som veksler mellom en tysk borgerkrig (og Tyskland på denne tiden består av et usikkert antall politiske enheter, fra kongedømmer til små bystater og miniputt-ett eller annet), og en krig som involverer både Danmark-Norge, Frankrike, Spania, Storbritannia (litt) og Sverige på ulike tidspunkter. Kjøpte boka med mål om å få mer kontroll, men litt usikker på hvor mye bedre kontroll jeg har fått. I selve gjennomgangen av krigen blir det for mye fra det ene slaget til det neste, så dukket det opp den generalen osv., men Harrison bruker også tid underveis til å se hvordan krigen påvirker vanlige folk, og det er i de delene boka er best.
Eg har òg ein dvaleambisjon om å lære meir om tredveårskrigen -- så langt tungt sabotert av vissa om at hugsa mi vil gløyme alt eg lærer att innan seks månadar etter eg er ferdig med ei eventuell bok om emnet -- og no har du vekt den opp igjen, gitt. Grr!


Hjå meg har det sidan sist fyrst og fremst blitt meir attlesing av Ultimate Spider-Man (Bendis/Hairsine/Bagley) og Ultimate X-Men (Millar/Bachelo, Bendis/Finch, Vaughan/Peterson), dei to titlane i Ultimate Marvel-universet eg kjøpte mest av før eg fall av lasset for tjue eller så år tilbake. I USM er eg komen til bind 10 eller så, og den forblir fantastisk, ei vittig, hjartevarm og spanande fortejling bygd på alle Spider-Mans greatest hits-historiar i Bendis' nyoppfinning og samkøyring. UXM er litt meir variert, sidan den byter manusforfattar hist og her, men det er likevel veldig bra, og Bendis og Vaughan byggjer begge flott vidare på Millars kynisme samtidig som dei klarer å overtydande byrje vri karakterar som Xavier og Wolverine tilbake i litt meir likandes og heltemodig retning.

Elles har eg lese tre andre ting av Brian Michael Bendis, fordi eg gav ektefellen ein bunke Bendis-seriar til årsdagen i oktober, og dermed ( 8) ) får lese dei sjølv etter kvart som ho blir ferdig:
Jinx, ein svartkvitt, sjølvillustrert grafisk roman frå tidleg i Bendis' forfattarskap, der ein småsvindlar og ei bail bondswoman (kva i all verda kallar ein det på norsk?) byrjar ein usannsynleg romanse midt oppi ei kriminell skattejakt. Ganske bra, sjølv om teikningane hans stundom er vriene å følgje. Boka er ein prequel til A.K.A. Goldfish om same småsvindlar, som me har i samlinga frå før, og som eg nytta høve til å lese omatt etterpå. Denne er langt meir av ein typisk noir-thriller. Begge er verdt titten, om ein liker vittig, karakterfokusert noir som tek seg god tid og har Tarantino-aktige sidespor med lange samtalar mellom bikarakterar titt og ofte.
Sam and Twitch, fyrste hardcoversamling (Origins, Volume 1, kallar dei den). Dette er hardkokt detektivfiksjon med litt science fiction, sett tidleg i Hellspawn-universet. Eg hadde vage minner av at eg likte denne biserien då eg lånte to bereposar Spawn og las gjennom dei på vidaregåande, og då eg i vaksen alder oppdaga den godaste Bendis var forfattar på dei fyrste tre-fire historiane i serien bestemte eg meg for å kjøpe dei ein vakker dag. Dei kom nettopp ut i nyutgiving, så dermed var dei del av overnemnte presang. Og kona likte dei, særleg fyrste historie. Sam og Twitch er ærlege politifolk i ein gjennomkorrupt New York-politietat, og snublar seg gjennom gjengkrigar og seriemordarar. Slåande teiknestil og typisk Bendis-dialog, eg koste meg. Kjem til å kjøpe bind 2 når det kjem til våren, sjølv om Bendis gav seg med serien etter kvart og dermed der berre har skreve manus til fyrste biten av samlinga.
Image

Så vart det eit par av seriane som kom ut med årets julehefter: Det nyaste Idefix og de ukuelige-albumet (tykkjer som før at desse gjer ein prisverdig jobb med å fange både teiknestilen og humoren til Asterix-albuma i korte, barnevennlege historiar, sjølv om det visstnok er basert på episodar av ein spinoffserie for fjernsyn) og Donald Duck: Det spøker for jula av Knut Nærum, Tormod Løkling og Arild Midthun. Nærum/Løkling/Midthun leverer alltid Donald på eit par hakk over gjennomsnittet, men det er sjølvsagt framleis Donald, så det er grenser for kor moro det er. Men eg flein litt av eit par-tre ting i laupet av historia, eg gjorde det!

Eg endte òg opp med eit innfallskjøp av nokre Lucky Luke-album eg mangla frå tidleg i den norske utgivingsrekkefølgja: Arvingen Rattata og Spøkelsesbyen. Fyrstnemnte var veldig vittig, ein av dei betre Lucky Luke-albuma i mine augo, og eg koste meg meir enn eg venta! Sistnemnte var i samanlikning berre heilt grei, men sjølv heilt grei klassisk Lucky Luke er jo ålreit tidtrøyte, det.
Image
Eg plukka i same brukthandelrunde med meg Zorro - rettferdighetens forkjemper, med historiar skrevne til å passe i kontinuiteten til den gamle Disney-serien som gjekk på TV2 på 90-talet og som eg er blodfan av. Ekstremt imponert over at ein nederlandsk lisensproduksjon i fargar frå tretti-førti år etter den amerikanske fjernsynsserien i svartkvitt var ferdig (den vart seinare fargelagt før den vart vist på TV2, om eg forvirrar med å omtale den som svartkvitt her) treffer så godt på karakterar og design -- ikkje berre ser personane ut som dei gjorde i serien, men til og med indre geografi på herregarden til de la Vega og fortet til Monestario matcher! Manusa er rett nok berre heilt OK, men det er grenser for kva ein kan få til på ei handfull sider og fanga av ikkje å setje etablert kontinuitet over styr. Faktisk var ein av dei betre historiane nettopp den som nok tok seg for store fridomar med kva som kunne ha skjedd utan å bli nemnt i dialog i serien etterpå, men, men ...

På prosasida er det så klart stort sett Malazan det har vore snakk om, men det var to unntak:
Eg las gjennom store deler av Undredal: Kyrkja og bygda av Torkjell Djupedal. Mor mi var derfrå, og den låg mellom haugane eg tidvis dreg med til brukthandlar. Tykte den verka for god til å kvitte seg med, og det var den eigentleg. Litt spanande å lese norsk historie som vinkla gjennom kva ein kan finne ut om ei einsleg bitte lita bygd og kyrkje.
Novellene Hvordan det skjedde [How It Happened] av Arthur Conan Doyle og Det røde rom [The Red Room] av H. G. Wells. Mellom dei bøkene som skulle gis vekk var òg ei samling grøssarnoveller redigert av André Bjerke. Grøssar har aldri vore mi greie i det heile tatt, men det kunne jo vore gøy å lese ei ikkje-Sherlock Holmes-historie av Conan Doyle og noko av Wells, som eg aldri har prøvd. Og dei var begge heilt greie, men ingenting spesielt. Eg vurderte å lese nokre av dei lengre historiane i boka òg, men eg har så mykje på leselista, så den vart gitt bort med resten til slutt lell. Ein kan ikkje samle på alt her i verda. :lol:

For augneblinken er eg halvveges i Naomi Noviks femte roman om draken Temeraire: Victory of Eagles.
Image
Bank i bordet, men så langt ser den ut til å vere ei gedigen betring over bok 4, som skuffa meg ein god del. Eg har lese to av Noviks romanar frå forfattarskapet etter Temeraire-serien vart ferdigstilt, og dei har vore veldig, veldig bra, så det er både gøy og oppmuntrande å sjå korleis ho gradvis vart betre utover denne serien. Håpar det held heile femte bindet ut denne gongen!
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote:Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate wrote: #justice4Glûg!!
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3388
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Godt nytt år, folkens!

How to Train Your Dragon: The Serpent's Heir av Dean DeBlois, Richard Hamilton og Doug Wheatley var ei overraskande velgjort historie sett mellom film 2 og 3, som hadde finfin karakterutvikling og oppfølgjing av historietrådar som film 3 ikkje nyttar særleg tid på. Kanskje eg ikkje burde vere overraska når eine manusforfattaren er filmregissøren sjølv, men det var eg. Koseleg bruktbutikkfunn.
Image

A Great Big Visual Hug av Andrés J. Colmenares og The Little World of Liz Climo av, vel, Liz Climo er begge praktdøme på koselege vitseteikningar-sjangeren, der antropomorfiserte dyr har små og store augneblinkar av oppbyggeleg, trivelege og ikkje reint sjeldan morosame interaksjonar. Om du treng litt positivtet i kvardagen er begge å tilrå, og haugar av striper ligg eit kjapt søkemotorsøk unna. Me kjøpte desse to samlingane fordi me har likt nettseriane.
Image
Image

Snubla over nokre Shakespeare-teikneserieadapsjonar frå åttitalet: The Merchant of Venice av Naunerle Farr og Jun Lofamia, Hamlet av Naunerle Farr and E. R. Cruz, King Lear av Naunerle Farr og Gerry Talaoc, Julius Caesar av Naunerle Farr og Vicatan og Othello av Dorothy Calhoun Fago and Vicatan. Desse var veldig bra, tykte eg, og artig lesing for ein som meg som har aaaaltfor dårleg kjennskap til Shakespeare generelt. Og svart-kvitt-teikningane hadde ein Conan Barbaren-aktig stil ved seg som eg likte veldig godt! Berre skuffa at brukthandelen ikkje òg hadde Macbeth, som eg ser vart utgiven i same serie ...
Image

Tilfeldige DC-seriar eg plukka opp billeg hist og her på ferie:
Justice League 3001: Déjà Vu All Over Again by Keith Giffen, J. M DeMatteis, Andy Kuhn, Scott Kolins, Colleen Doran og Howard Porter.
Dette var ... søkt. Og nokre hakk betre lesing enn eg ville venta meg frå det tøvete premisset! Her er det nemleg snakk om at tusen år inn i framtida er evnene og psyken til vår tids Justice League henta fram inn i kroppane til sine etterkommarar -- men med store bitar hukommelsestap med på kjøpet. Ikkje akkurat ein favoritt, dette, men som sagt, betre enn venta/frykta!
Supergirl: Reign of the Cyborg Supermen av Steve Orlando, Brian Ching, Emanuela Lupacchino og Ray McCarthy. Dette var slett ikkje verst! Eg har lite forhald til Supergirl-karakteren, men dette 'soft reboot'-bindet gjorde ein god jobb med hovudhinderet (kvifor er ho meir enn berre ein jenteversjon av Superman) og eg likte hovudkonflikta, sjølv om den nok vart for Episk Showdown mot slutten etter min smak.
Superwoman: Who Killed Superwoman? av Phil Jimenez, Emanuela Lupacchino, Jack Herbert, Joe Prado, Ray McCarthy og Matt Santorelli. Denne var meir ymse, litt for fanga i kaoset av kontinuitet som er DC-universet. Likevel var det mykje her eg likte, og kjernekonseptet med at Lois Lane og Lana Lang begge har fått superkrefter og forsøker dele på jobben som Superwoman var langt meir interessant enn eg ville ha venta meg.
Wonder Woman av Brian Azzarello, Cliff Chiang, Tony Akins og Gordan Sudzuka! Hu, hei, dette var saker! Trass i at dei fire binda eg fann var meir eller mindre ei fullverdig historie er eg interessert i å jakte fram dei to attståande av Azzarellos verk på serien. Her er kombinasjonen av gresk mytologi, DC-universets mytologi og forfattarens eigne frie fantasi i eineståande kombinasjon. Ikkje alle binda var likeverdige, men som heilskap må eg sei dette var kjempegøy. Wonder Woman oppdagar at ho slett ikkje er laga av leire av mora, men ei uekte dotter av guden Zevs, med alt det fører med seg av nye halvsysken, nye fiendar og nye problem. Særleg når Zevs har forsvunne sporlaust, og det er full maktkamp på Olympen.
Image

Ditto Marvel:
Black Knight: Curse of the Ebony Blade av Simon Spurrier, Sergio Davila, Sen Parsons og Arif Prianto. Kjøpte denne basert på Spurrier, som er dyktig, samt at den lokka med sword & sorcery + kong Arthur-mytologi + Marvel-universet. Og med tanke på at eg knapt kjenner til karakteren (utover cameoen i The Eternals-filmen, i alle fall) var dette slett ikkje verst!
Image
X-Men: No More Humans av Mike Carey og Salvador Larroca. Òg kjøpt basert på forfattarnamnet, Careys Lucifer-serie er ein av mine absolutte favorittar. Men denne lurte meg litt, eg såg det var ei originalutgiving i grafisk roman-format, ikkje ei samling av ein miniserie eller sett blader frå ein lengre serie, og tenkte det ville vere frittståande. Og historia er frittståande, men veldig tydeleg ankra i dåverande marvelkontinuitet, forvirrande som den er. Det sagt så er Carey flink til å gjere slikt nesten uvesentleg, så historia er lett å følgje, og sjølv om den nok ikkje gjorde så stort inntrykk på meg som eg ville håpa, hadde den massevis av flotte augneblinkar, og fiffig dialog, særleg frå Magneto.

All Against All av Alex Paknadel og Caspar Wijnaard. Ambisiøs, mørk science fiction på ei framtidig jord der menneska er utdøydd og romvesen driv bio-arkeologi for å finne ut kva som levde her før. Dette inkluderer å gjenskape nokre menneskebarn i ei jungelsetting, og om dette minner deg om Tarzan eller Mowgli, så er nok det slett ikkje tilfeldig ... Har vore nyfiken på denne lenge, og den levde opp til forventningane!
Image

Rorschach av Tom King og Jorge Fornés. Denne digga eg! Tom King har eit godt rykte, men utom Gotham Year One i november har eg ikkje lese noko av han før. Han fortente det her, i alle fall. Å skvise oppfølgjarar ut av Watchmen er like umogeleg å gjere bra som det er uunngåeleg at vil skje, men i mine augo har King klart det. Kanskje nettopp ved å late vere å gjere det. For dette er 35 år seinare, og knapt ein karakter frå den opphavlege serien er å sjå. Her er det ringverknadane som vert undersøkt, og ettermæla, og psykologien, og det er dermed eit heilt eige, sjølvstendig mysterium som berre tilfeldigvis finn stad i eit univers der Watchmen-hendingane skjedde ein generasjon tidlegare. Eg var veldig, veldig nøgd.
Image

Så fekk eg nokre DC-seriar til jul:
Pennyworth av Scott Bryan Wilson og Juan Gedeon var ei skikkeleg skuffing. Det verkar ikkje som om manusforfattaren har sett meir enn ein episode eller to av (den herlege) fjernsynsserien som det er tenkt å skulle vere i kontinuitet med (det er den ikkje, er hundre ting som ikkje stemmer overeins), og historia er noko lite gjennomtenkt science fiction-vrøvl. Det var ikkje heilt bortkasta -- det er ein del humor her som fungerer, nokre artige forteljargrep i stilen, og røysta til Alfred kjennest rett både for serien og for teikneseriane, trass i at historia ikkje gjer det. Akk ja.
Batman: The Man Who Laughs av Ed Brubaker og Doug Mahnke. Har lese denne før, men ynskte meg den fordi eg er Brubaker-tilhengar og den er såpass innflytelsesrik på Batman-mytologien (og Joker spesielt). Den held seg godt! Er nok kanskje nokre hakk i enklaste laget for ei seriemordarhistorie, men sidan det er Jokers fyrste eskapade så rimer det for så vidt at det ikkje er så altfor komplisert. Og elles fungerer den flott!
Batman: Made of Wood av Ed Brubaker og Patrick Zircher, denne var inkludert i same bind som Man Who Laughs. Ein mordar frå førre generasjon ser ut til å vere aktiv igjen i Gotham, så Batman får hjelp av den opphavlege Grønne lykt-karakteren Alan Scott, som i si tid forsøkte stoppe gjerningsmannen. Heilt grei skuring, likte slutten veldig godt, men kan ikkje sei eg kjem til å hugse noko særleg av denne om eit års tid.
Harleen av Stjepan Šejić, derimot! DETTE var saker. Historiepremisset minte meg om det høyrespelet Sound Mind der Christina Ricci spelte Harley Quinn, men eg vil sei at gjennomføringa faktisk er betre her. Gjenskapinga av opprinningshistoria er gjort med fullstendig nydelege teikningar og ein sakte, gåsehudsekkel progresjon mot det lesaren veit til slutt vil skje, medan doktor Quinn via søvnmangel, ynsketenking, ambisjon, frykt, ego og ytre manipulasjon blir mindre og mindre rasjonell så gradvis at ein knapt ser stega. Likte denne kjempegodt!
Image

Las omatt Fables: Animal Farm og Fables: Storybook Love av Bill Willingham, Lan Medina, Bryan Talbot, Linda Medley og Mark Buckingham. Las heile Fables for ein tolv år eller så sidan, men kan likevel styre meg for Willingham og har aldri kjøpt meir enn fyrste bind. Snubla over bind 2 og 3 til ein rimeleg penge i desember, så tenkte skit au, dei tidlege binda var då mellom dei beste? Og, vel. Bind 2 lid veldig under Willinghams høgrevridde politiske agenda -- for all del, folk skal få ha meiningane sine, men det er temmeleg keitete når halvparten av karakterane skal preike politikk og det er så utruleg openbart kva for nokre meiningar forfattaren likar og kvar for nokre han rynkar på nasa av. I tillegg irriterer det meg (som så ofte i Fables) korleis somme eventyrkarakterar blir gitt dimensjonar og interessante vriar, medan andre blir så simplifisert at dei knapt er attkjennande frå opphavshistoria ein gong. Det kan til dømes verke som om Willingham enten aldri har, eller kun som barn har, lese Kiplings Jungelboka. Men på begge desse punkta er bind 3 eit stort steg oppatt, her får eg mange fine småhistoriar, samt ei lengre kjernehistorie som faktisk er engasjerande fortalt. Så gjensynet endte positivt, vil eg sei.
Image

Og så driv kona og les ein diger haug Brian Michael Bendis-teikneseriar frå Marvel som eg kjøpte til ho i fjor, og etter kvart som ho fullfører, endar dei i min eigen haug. Eg byrja med å lese omatt Secret War, illustrert av Gabriele Dell'Otto. Som fyrste gong eg las den tykkjer eg dette er eit genialt premiss, men at utføringa av det surrar vekk det som verkeleg var interessant og mot slutten berre blir nok ein diger kampscene. Litt bortkasta. Men den har spanande ringverknadar på marveluniverset etterpå, då, det skal den ha.
Så las eg Spider-Woman: Origin der Bendis får manusassistanse frå Brian Reed, illustrert av Joshua og Jonathan Luna. Eg er ikkje så kjent med Jessica Drew, så dette var eg nyfiken på. Som opphavshistorie er den heilt OK, ingenting å klage på, men heller ingenting som var så veldig minneverdig. Mistenkjer at Reed har gjort tungarbeidet her, sidan det ikkje er så mykje artig Bendis-dialog som eg elles ville venta meg. Eg kunne òg styre meg for teiknestilen. Men det er litt interessant å sjå at dette verkar som eit Life and Times of $crooge McDuck-aktig prosjekt, der ei einheitleg historie er blitt utforma basert på det som var etablert av kontinuitet om Jessicas bakgrunn. Og i så måte er det jo litt imponerande at det heng såpass bra i hop som det gjer.
Og til slutt, Illuminati, igjen med Brian Reed, illustrert av Alex Maleev og Jim Cheung. Dette likte eg! Ein hemmeleg kabal av dei mektigaste/smartaste mennene i marveluniverset som me får sjå samlast ved diverse større hendingar bakover i tid, dette er både spanande, interessant og snedig utforma. Gode greier! Den slutter rett nok på ein cliffhanger, men sidan den cliffhangeren leiar inn i Secret Invasion, som eg både har lese og likt veldig godt (det er kanskje min favoritt av alle superhelt-events eg har lese), så tek eg det med tol.
Image

På prosasida er det blitt lite. Eg har fullført den femte Temeraire-boka eg nemnte sist, og den var som eg håpa eit digert steg opp frå den svake fjerdeboka. Ja, vil kanskje gå så langt som å sei at nummer fem er den beste Temeraire-boka så langt, i alle fall frå eit plottperspektiv. Og så har eg lese Kaptein Grants barn (Les enfants du capitaine Grant) av Jules Verne, ei heilt grei eventyrhistorie som eg vil tru var meir spanande, uføreseieleg og annleis då den kom ut enn den er i dag. Men er snart ferdig med Malazan-boka eg byrja på i november og tok pause frå i heile desember, og då blir det ny post i Malazan-tråden min!
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote:Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate wrote: #justice4Glûg!!
Post Reply