Re: Hva leser du for tiden? II
Posted: Wed Apr 10, 2024 7:32
Har ikkje lese Krüger og Krogh, du får det til å freiste! Og Blacksad er nydeleg, sjølv om eg er einig i at Amarillo nok er det svakaste bindet.
Sidan sist har eg mellom anna lese:
* Mestertegnerne: Giorgio Cavazzano, ei samling Donald-histroriar i hyllene no for tida. Eg kjøper ikkje Disney-seriar lenger generelt sett, men eg forsøker å støtte utgivingar som fokuserar på serieskaparane sjølve, i alle fall når dei ikkje berre trykkjer opp historiar eg allereie har frå før. Og dei fire eventyrkomedie-historiane i dette bindet er absolutt av dei betre innanfor Donald Duck-sjangeren, sjølv om det kanskje ikkje er den høgaste terskelen å klatre over.
* Teikneserieromanen Stray Dogs og midquelantologien Stray Dogs: Dog Days av Tony Fleecs og Trish Forstner. Dette er saker! Ein nydeleg forstyrrande thriller frå perspektivet til hundar med dårleg langtidshukommelse, der den ugne kjensla av frykt og fare blir ekstra spesiell av kontrasten med dei vakre, vennlege teikningane av dyra i beste 90-talls animasjonsstil, som om frå Don Bluth eller Walt Disney Studios.
* Førebels siste bind av Sagaen om Thorgal. Vanvittig imponert at Egmont har klart å komme seg (nesten) à jour med dei franskspråklege utgivingane, og kryssar det eg har for at det kjem eit nytt neste år, når det vil vere nok utgitt til å klemme saman ei ny norsk samling. Fascinerandeå sjå ei lang historie med ubroten kontinuitet skreven og teikna heilt frå 1977 til i dag, og i det store og det heile vere veldig bra heile vegen!
* Bind 1 og 2 av Rachel Smythes Lore Olympus-teikneserie, der Hades og Persefone-myta frå gresk mytologi blir nytolka og fortalt på eit Olympen der gudane lever som i moderne tid. Dette er klassisk høg, mørk, mystisk og dyster rikmann møter vidauga, sårbar ung jente-romanse, men den er velfortalt, gjer spanande og interessant bruk av kjeldematerialet, og har (så langt, i alle fall) unngått dei mest kliséfylte handlingsgrepa sjangeren ofte ber med seg. Opphavleg ein nettpublisert serie, så det er få panel per side og kapitla flyg forbi som berre juling.
* Peter Pan av J. M. Barrie. Har lese denne ein gong før, men fekk den i illustrert utgåve (illustratøren MinaLima) til gebursdagen for nokre år tilbake, og har i vinter lese den med kona som paraktivitet. Har vore veldig koseleg, og sidan ein diger porsjon av sjarmen til denne romanen er nettopp forteljarrøysta har den vore veleigna for høgtlesing. Verdt stempelet som ein klassikar.
* Tales from the Perilous Realm av J. R. R. Tolkien, ein antologi med kortromanane Roverandom, Farmer Giles of Ham, Smith of Wooton Major og Leaf by Niggle samt diktsamlinga The Adventures of Tom Bombadil. Dikta er nok ikkje heilt det store for meg, og Roverandom, trass spanande innsikt i Tolkien sin fantasi, sleit med manglande framdrift og ei episodisk kjensle eg ofte føler eldre barnebøker plagast av. Men dei andre tre var vel verdt tida mi, tykte eg. Giles of Ham er som ei meir humoristisk Hobbiten-forteljing, Smith er ei litt vaksnare historie om samhandlingar med Faerie med stor 'F', og Leaf er ei overraskande seriøs, engsteleg, og likevel litt optimistisk, forteljing som både har innslag av dystopi, religiøsitet og sår, ektefølt sjølvanalyse frå fortfattaren si side.
* The Journey to the Centre of the Earth av Jules Verne. Verne skriv bra, eg blir reven med av historia med éin gong, men boka lid ein god del av at slutten kjem ekstremt brått og følest som eit antiklimaks. Men til halvanna sekel gamal klassikar å vere er dette betre lesing enn eg kanskje ville venta meg.
* Dirk Gently's Holistic Detective Agency av Douglas Adams. Adams er, seg sjølv lik, både innsiktsfull og morosam i vendingane og prosaen, men han slit ofte med å engasjere meg i plottet, både her og i andre ting eg har lese av han. Det er likevel ein viss oppbygging av tempo her, og det hjelp -- dei siste 60 sidene eller så kjentest mykje meir lettlesne enn dei fyrste 120.