Det Eivind ikkje såg ut til å skjønne er at sannsyns-begrepet fortsatt er relevant. Ta til dømes ei standard fantasyverd som Feists Midkemia. Der vil det vere usannsynleg at ein person kan sveve i lufta utan nokon form for magiske hjelpemiddel då den verdenen har normale fysikkregler som gjelder med hensyn til tyngekraft og liknande. Det vil altså vere usannsynleg at ein gategut frå Krondor som aldri nokon gong har vore i kontakt med magiutøvere eller magiske gjenstander plutseleg ein dag lærer seg å sveve i lause lufta. Det er ikkje usannsynleg at ein magikerelev i same by gjer det same, då han vil ha midlene og kunnskapane til å gjere dette sannsynleg.
I vår verd er det usannsynleg (men såklart ikkje umogeleg) at ei lutfattig, HIV-smitta og foreldrelaus jente frå den tredje verda skal bli administrerande direktør i ein astronomisk forskningslab i USA. Det er òg usannsynleg at nokon kan leie ei eller annan form for mektig, ukjent kraft gjennom kroppen sin og skape eldkuler ut av lause lufta.
Kva som er usannsynleg, avhenger av kontekst. Det fyrste dømet vil ikkje lengre vere usannsynleg i ei oppdikta verd der alle foreldrelause born i den tredje verda blir oppsøkt av ein hypergavmild mangebillionær og gitt betre levevilkår. Det andre dømet vil ikkje lengre vere usannsynleg i ei oppdikta verd der det utvilsomt eksisterar ei slik kraft og visse enkeltindivid kan lære seg å nytte den.
Alt avhenger av konteksten. Å avskrive ei historie som "usannsynleg" må gjerast på historias premisser. Om eg skriv ei historie som utgir seg for å foregå i vår verd, på vår tid, og der ingen overnaturlege entitetar eller makter blir anerkjent som verkelege der ein mann får lengre nase kvar gong han fortel ei løgn, så er det i høgste grad på sin plass å skildre historia som "usannsynleg" fordi det som skjer i den er usannsynleg når sett i samanheng med historias grunnpremisser.
WoT kan til dømes lett kritiserast som usannsynleg dersom ein ellers intelligent karakter i ein eller annan situasjon oppfører seg ukarakteristisk dumt utan nokon forklaring på dette. Men den kan ikkje kritiserast som usannsynleg fordi den inneheld element som ville vore usannsynlege dersom den foregjekk i Noreg i 2005.
Håpar eg klarte å gjere distinksjonen klar no.
Edit: Gløymde heilt Ceres! Ja, ein kan sei WoT er fantasi, men det blir relativt meiningslaust når all fiksjon strengt tatt er fantasi. Det du kan sei er at WoT foregår i ein oppdikta kontekst i ei oppdikta verd og omhandlar oppdikta karakterar. Nesten all fiksjon vil ha (nokre) oppdikta karakterar, og nesten like stor andel av all fiksjon vil ha (minst delvis) oppdiktede kontekstar. Sjølv om ein skriv ei bok om Winston Churchills liv må ein dikte opp detaljar, bakgrunnskarakterar, osv. Men det som skil mange av verkene innan fantasy og science fiction ut frå anna fiksjon er at der er sjølve verdenen historiane tek stad i oppdikta. Og det er det som mange egentleg meinar kritisere når dei klassifiserar bøker som "usannsynlege" - dei meinar "den foregår i ei oppdikta verd som er altfor lite lik den eg kjenner". Og det er jo i og for seg greit nok, den gjer jo det. Skjønnar ikkje kvifor det skal vere eit minustrekk ved den, dog. Og det er vel òg difor at ordet "usannsynleg" ofte blir nytta, fordi ein då implisitt framstiller det som litt ulogisk og tullete. Og det treng det jo ikkje vere, sjølv om det foregår i ei oppdikta verd.
Og det var difor eg i det heile tatt blanda meg inn i diskusjonen. "Usannsynleg" er feil ord å bruke, det gir feil inntrykk og har feilaktig innhald i forhald til det ein faktisk forsøker beskrive.




