1. Du finn dei fleste karta som har vorte vist i dei ulike bøkene på denne sida:
http://www.wotmud.org/directory/maps.php
Merk at nokon av områda som vert vist på enkelte av karta ikkje vert omtala før den andre boka.
2. Det er for augeblikket elleve bøker i hovudserien, ein «prequel» (
Ny Vår/New Spring), og ei «historiebok» (
The World of Robert Jordan's the Wheel of Time). Sistnemnte er skrive som om den er laga av ein historikar på Rand si tid, og innheld mykje informasjon om historia til verda, karakterane og landa. Du bør ikkje lese denne før du har lest minst sju bøker i hovudserien, ettersom den innheld informasjon frå ein del av desse.
Bøkene i hovudserien er som følgjer, norsk tittel/originaltittel:
- Verdens Øye/The Eye of the World. Delt i to i nokon utgåver, slik som din.
- Den Store Jakten/The Great Hunt. Delt i to i nokon utgåver.
- Den Gjenfødte Dragen/The Dragon Reborn. Delt i to i nokon utgåver.
- Skyggen Stiger/The Shadow Rising. I eldre, norske, innbundne utgåver, delt i tre bind.
- Himmelens Flammer/The Fires of Heaven. I eldre, norske, innbundne utgåver, delt i tre bind.
- Kaosets Herre/The Lord of Chaos. I eldre, norske, innbundne utgåver, delt i tre bind.
- Sverdkronen/A Crown of Swords
- Dolkenes Vei/The Path of Daggers
- Vinterens Hjerte/Winter's Heart
- Skumringens Korsvei/Crossroads of Twilight
- Drømmenes Kniv/A Knife of Dreams
Den tolvte boka, som har arbeidstittelen
A Memory of Light, skal verte den siste i serien. I tillegg er det planar om to prequels til, i tillegg til
Ny Vår. Den eine skal handle om kvifor Tam gav opp ein lovande militærkarriere og vendte attende til Tvillingelvene, den andre om korleis Moiraine og Lan kom til Tvillingelvene akkurat i tide. Og det er snakk om eit slags leksikon som kona, Harriet, skal vere hovudansvarleg for. Dette skal mellom anna innehalde ei ordliste over det gamle tungemålet på opp mot 1000 ord.
Det er derimot ikkje heilt garantert at RJ vil vere i stand til å fullføre alt dette, ettersom han for tida slit med ein potensielt dødeleg blodsjukdom. Sjå
annonseringstråd i Generelt-forumet.
Apropos forkortelsar, som RJ, sjå det åttende innlegget i
denne tråden.