Sisnera wrote:jeg forstod Loki sånn at, egentlig så vet vi det siden alle er enige om at vi vet det.
Men For lenge siden viste vi at Gud fantes, nesten alle var enige om det. Nå er det få som er enige.
Akkurat. Så, for 450 år sidan, kva var faktisk skilnaden mellom å vite det og å tru det, i praksis?
Absolutt ingenting.
Nesten alle er enige om at 2+2=4 men det er kun en måte vi mennesker kan prøve å forestille oss hvordan ting er. Men det behøver ikke å være sånn. jeg kan et stykke 1+1=1, altså vis man tar et glass med vann og heller det opp i et annet større glass med vann, har man fortsatt kun 1 glass med vann.
Sunn skepsis, det er bra. Poenget mitt er berre at det er revnende irrelevant om ein veit noko eller om ein trur noko dersom det ein trur er allment akseptert som viten og heller ikkje direkte motsagt av noko ein opplever i kvardagen. Å kalle slik tru for tru og ikkje viten - uansett om det reint filosofisk kan påstås å vere det (noko eg for all del er einig med deg i at det
kan) - er lite meining i i dei aller, aller fleste situasjonar. Det er langt meir nyttig å ha eit ord for ting ein trur som ein er usikker på, og eit for ting ein veit at ein er, for all practical applications, intents and purposes, sikker på. Du kan ikkje BRUKE denne reduksjonistiske innstillinga di til noko anna enn småartige tankesprell, og om du forsøker bruke den i språket ditt vil du ikkje lengre bli forstått av dei rundt deg.
Omtrent som at "Så stort barnet ditt har blitt" og "Mt. Everest er eit stort fjell" brukar to veldig forskjellige betydningar av ordet "stor" men skilnaden går fram av samanhengen så det er ok, medan "Eg trur at 2+2 er 4" og "Eg trur at vegen til Trondheim er den til høgre" og "Eg veit at 2+2 er 4" og "Eg veit at vegen til Trondheim er den til høgre" har veldig stor betydningsskilnad ingen forstår om ein kutter ut ordet "veit". "Veit" er eit faktisk konsept, og om ein faktisk KAN vite noko eller ikkje er (merkeleg nok) nesten heilt likegyldig for bruken av ordet.
For å ta eit eksempel frå deg i same posten din:
hvordan man skal smiske seg til en sekser uten at læreren oppdager det
Vet du virkelig at ikke læreren din ikke skjønte noe? Jeg tror hu/han skjønte at du smisket, men lot det fare.
Etter å ha gjort di sak mot viten er det fyrste du gjer å bruke to setninger der meiningsinnhaldet er avhengig av at alle i samtalen din veit ein skilnad på tru ein kallar "å vite" og tru ein kallar "å tru". At begge deler når redusert ned til eit abstrakt nivå kan omtalast som tru påverkar ikkje samtalen i det heile tatt; det er irrelevant.
Som var mitt poeng. Hadde to minutter på å skrive den posten i dag tidleg, difor eg var så uvanleg kort.
