Elgen wrote:Og angående øl og hatter, er en hatt tett nok til å holde på veske? Og isåfall, har hattestørrelse noe å si på hvor mye øl du får?
Ser ut som bunadshattane er av tova ull, og dei tåler visst ein del, om ikkje anna over stutt tid. Og me sipper ikkje øl når folk syng av forventning.
Hattestorleik er forøvrig eit artig tema. Eg har fått prøve min fyrste parykk for nokre dagar sidan, og til frisørane si store glede har eg ikkje berre eit hovud over normalen (63, står det på parykken og hatten min, den største russelua er 62), men eg har òg hår som, attåt å vere halvlangt og kronisk ståande, er stritt og tjukt. Heldige frisørar, det der.
Ad utsjånad: Eg kan godt innrømme at eg er forfengeleg nok til at det tyder litt kva eg har på meg. Smaken min kan godt la vere å samsvare med dei fleste andre sin, men eg har då tatt eit val, som oftast. Om ikkje anna når eg skal pyntas. Håret er og ein viktig ting. Så sant det lar seg gjere skal det stå til alle kantar. Utan hårvoks eller andre hårprodukt. Lettvint, sant? Men, no skal det og seias at eg har vorte langt meir oppmerksom på form og farge etter snart tri år på dramalinja.
Moiraine vet svært mye, sauegjeter.