Hva leser du for tiden? II

Diskuter andre bøker dere leser

Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren, Loki

Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 938
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

NK Jemisin er en av de forfatterne jeg har lest mye bra om og som har blitt hauset opp som det nye store navnet innenfor fantasy (og scifi), men som jeg ikke har lest noe av selv. Anbefales altså?

Gikk til innkjøp av noen tegneserier forleden: House of M, House of X/Powers of X og The Eternals (Neil Gaiman). De hadde alle på et tegneseriesalg på Platekompaniet. House of M ble kjøpt pga Wandavision. The Eternals pga filmen som kommer. House of X/Powers of X pga.. husker ikke.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3181
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Eg likte begge Jemisin-bøkene, ja! Det er nok ikkje blant det aller ypparste eg har lese i sjangeren, men absolutt solide saker. "Hundred Thousand Kingdoms" er ei jente som blir fanga opp i eit kynisk maktspel og hoffintriger (skjønt fokuset i historia ender eigentleg meir opp å vere forholdet gudane i den verda seg i mellom og mellom dei og menneska). "The Fifth Season" er ei verd der det stadig er jordskjelv og liknande katastrofar, og enkelte menneske er fødd med mektige magiske evner til å hindre (eller forårsake) slike katastrofar. Dei blir mistrudd og hata, og om dei ikkje blir lynsja som born blir dei tvangsrekruttert til eit slags slavebunde magikerlaug som jobbar for myndigheitene for å hindre skjelva. Begge bøkene har litt uvanleg forteljarstil, "Kingdoms" er i fyrsteperson og "Fifth Season" er dels i tredjeperson, dels i andreperson.

House of X har eg ikkje lese, men House of M er ... grei nok. Eg liker konseptet og slutten, men tykkjer hugse sjølve historia gjorde heller lite inntrykk (no er det rett nok sikkert femten år sidan eg las den). The Eternals av Gaiman var diverre ikkje noko særleg. Ikkje dårleg, akkurat, men kanskje den minst minneverdige teikneserien med Gaimans namn på eg har vore borti. Og hugsar kona tykte det same om den. Men det burde gi deg ei grei innføring i kva som er konseptet med karakterane før filmen kjem, i alle fall.

Kjøpte ein del på det teikneseriesalet til Platekompaniet sjølv, forresten. Sidan teikneseriar går så mykje fortare å lese enn bøker har eg ein lei tendens til å tillate meg sjølv å handle ein del av dei, sjølv når lesehaugen blir stadig større. :/
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3181
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Sidan eg med Jemisin byrja med fleire bok 1-lesingar utan å fortsetje på serien umiddelbart (som går imot alle mine instinkt, men, noko må gjerast med denne alltid veksande lesehaugen) fortsette eg like gjerne med Ender's Game, som var ei bursdagsgåve for seks år sidan (og som eg har hatt lyst til å lese sidan lenge før det). Velfortent rykte, god lesing. Og no seglar eg vidare med Dune, som eg forsøkte meg på i tolvårsalderen og ikkje fekk så mykje ut av (for tung for meg då, trur eg), men har hatt lyst til å gi ein ny sjanse sidan.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 938
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Loki wrote: Sun Jun 20, 2021 10:18 Eg likte begge Jemisin-bøkene, ja! Det er nok ikkje blant det aller ypparste eg har lese i sjangeren, men absolutt solide saker. "Hundred Thousand Kingdoms" er ei jente som blir fanga opp i eit kynisk maktspel og hoffintriger (skjønt fokuset i historia ender eigentleg meir opp å vere forholdet gudane i den verda seg i mellom og mellom dei og menneska). "The Fifth Season" er ei verd der det stadig er jordskjelv og liknande katastrofar, og enkelte menneske er fødd med mektige magiske evner til å hindre (eller forårsake) slike katastrofar. Dei blir mistrudd og hata, og om dei ikkje blir lynsja som born blir dei tvangsrekruttert til eit slags slavebunde magikerlaug som jobbar for myndigheitene for å hindre skjelva. Begge bøkene har litt uvanleg forteljarstil, "Kingdoms" er i fyrsteperson og "Fifth Season" er dels i tredjeperson, dels i andreperson.

House of X har eg ikkje lese, men House of M er ... grei nok. Eg liker konseptet og slutten, men tykkjer hugse sjølve historia gjorde heller lite inntrykk (no er det rett nok sikkert femten år sidan eg las den). The Eternals av Gaiman var diverre ikkje noko særleg. Ikkje dårleg, akkurat, men kanskje den minst minneverdige teikneserien med Gaimans namn på eg har vore borti. Og hugsar kona tykte det same om den. Men det burde gi deg ei grei innføring i kva som er konseptet med karakterane før filmen kjem, i alle fall.

Kjøpte ein del på det teikneseriesalet til Platekompaniet sjølv, forresten. Sidan teikneseriar går så mykje fortare å lese enn bøker har eg ein lei tendens til å tillate meg sjølv å handle ein del av dei, sjølv når lesehaugen blir stadig større. :/
Er vel typisk å gå for noen som ikke nødvendigvis er sååå bra, men har ikke lest dem ennå - de ligger i noen flytteesker sammen med mye annet som ikke er lest ennå.

Mtp all oppmerksomheten NK Jemisin har fått, har bøkene hennes stått på lista mi de siste årene, men det er noe med plot og noen kommentarer som gjør at jeg ikke har hoppet uti det ennå
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3181
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Vel, "House of M" er relativt bra, til superhelt-megaspesialevent å vere. Og "Eternals" er meir lettgløymt enn det er dårleg, altså. Var grei nok leseoppleving. "House of X" har eg som sagt ikkje lese, men er ganske nyfiken på den, så sei gjerne kva du tykkjer!
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3181
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Etter Dune (som var bra!) har eg no kome cirka halvveges gjennom The Secret Commonwealth, den nyaste boka i oppfølgjarserien til His Dark Materials (og den fyrste som faktisk føregår etterpå, sidan bok 1 var ein prequel). Godt skreve, som dei føregåande bøkene, og samtidig meir vaksent no som alle hovudpersonane har minst fylt tjue, det set eg pris på. Interessant å sjå forfattaren utforske meir av den parallelle verda han skapte for den opphavlege trilogien.

Hovudframgongen min har likevel vore på teikneseriefronten. Har mellom anna lese fyrste tre voluma av Rat Queens (morosam men spanande serie om ei gruppe eventyrarkvinner i ei Dungeons & Dragons-aktig fantasyverd) og Saga (velskreven og kjensletung -- men vittig -- historie om eit par frå kvar si side av ein galakseomspennande krig som har desertert for å vere saman, i ei vanvittig men fungerande blanding av science fiction- og fantasy-erketypar) og Blacksad (detektiv-noir i antropomorf dyreverd), og alle er hjarteleg varmt tilrådd.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 938
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Aaaah, Blacksad. DET er en god tegneserie. De fleste historiene ble vel publisert i Eon-bladet, så har de.

Vært på hytta i tre uker, og har der fortært Verdensteater. Kartenes historie av Thomas Reinertsen Berg og de to første bøkene i The Band-serien til Nicholas Eames. Verdensteater var meget interessant over hvordan man har laget kart og etter hvert kartlagt stadig større deler av kloden. At vi for 100 år siden egentlig manglet mye, er egentlig ganske fascinerende nå som vi kan gå inn på Google Maps og se alt sammen. Også spennende å lese hvordan det å lage kart henger så nøye sammen med makt, religion, oppdagertrang og generell utvikling. Anbefales!

De to første bøkene i The Band-serien av N. Eames ble fortært fort. Dette er kjappe, actionfylte serier med fokus på fremdrift. Med Eames som forfatter hadde WoT vært ferdig på halvparten av bøkene/antall sider. Dette er ikke en spesielt kjent serie, men særlig bok 1 ("Kings of the Wyld") fikk en del positiv oppmerksomhet da den kom i 2017. Eames skriver godt og har gode karakterer. Verdenen serien foregår i er en typisk fantasyverden, med klar inspirasjon av D&D - uten at jeg har spilt D&D, men her er det snakk om grupper av leiesoldater som reiser rundt og bekjemper monstre av alle typer. Disse gruppene, eller bandene, blir behandlet som rockeband - noe som er litt av poenget til Eames også - medlemmene er som rockestjerner der de reiser rundt. Eames skinner igjennom i karakterene og i fremdriften. Særlig bok 1, "Kings of the Wyld" har en rekke helt fantastiske karakterer og en dialog det svinger av. Her er det Abercombie og Lynch i kjønn forening. Historien er ikke så spesiell i seg selv, men fungerer helt fint. I bok 2, "Bloody Rose", er det en ny gjeng vi møter (noen vi så vidt møtte i bok 1) 6 år senere, samt at gamle kjenninger titter innom etter hvert. Bok 1 er mye mer en ren actionkomedie, mens i bok 2 prøver Eames å legge til flere elementer og den er klart mørkere - og for min del mindre underholdende. Jeg anbefaler begge, og det skal komme en tredje, og siste, bok snart også. Perfekt lettbeint, men voksen, fantasy!

Nå står enten The Broken Earth-serien (NK Jemisin) for tur, eller så begynner jeg på The Stormlight Archive (Brandon Sanderson) for tur. Tror kanskje det blir førstnevnte, da den er ferdig.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3181
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Har kun lese fyrste Broken Earth-boka, som eg trur eg nemnte for nokre postar sidan, men den er ganske bra. Litt lite driv i den etter min smak, kanskje, og eg såg hovudavsløringa mot slutten av boka komme tre-fire kapitler inn (skjønt det øydela eigentleg ikkje særleg), men den er velskreven, har ei interessant verd og gode karakterar. Den kjentest veldig som del 1 av mange, meir enn ei historie i seg sjølv, men om du planlegg lese heile serien uansett er det neppe eit problem.

Berre så vidt høyrt om The Band, skal skrive meg tilrådinga di bak øyret!
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 938
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Lest ca 100 sider og tror jeg ser greia/sammenhengen, men vet ikke sikkert ennå. Blir spennende. Enig med din tidligere post at fortellerstilen(e) er litt uvanlig, spesielt andreperson er jeg ikke vant med, men hun skriver godt så dette tror jeg blir bra. Har hele trilogien, så hele serien blir nok lest ila høsten (arbeid = mindre overskudd til å lese, dessverre)
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3181
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Kult, sei ifrå kva du tykkjer, både om fyrsteboka og om resten når den tid kjem! Når det gjeld andrepersonsforteljing las eg ein fantasyroman for eit par (?) år sidan som er skreve nesten utelukkande i andreperson, og som eg likte ganske godt: The Raven Tower. Frittståande og ikkje del av ein serie. Historia dreier seg rundt ein interessant tolkning og bruk av forholdet mellom gudar og tilbedarar.

Blacksad var forresten herleg, ja. Hatt den tilrådd i så lang tid at eg ikkje lenger anar kven som tilrådde den, men den var verdt ventinga. Fyrstehistoria var veldig plankekøyring plottmessig, men den etablerte verda og tonen superbra -- og eg tykte dei andre to eg las hadde langt meir interessante plott, akkurat slik eg hadde håpa dei ville. Var nemleg fyrste tre historiane som var i den hardcoveren, ser det finst to til og at ein sekste og sjuende er erklært på veg, men har visst vore årevis med opphald sidan femte, så er kanskje ein sleppdato av typen trur-det-når-ein-ser-det. Krysser fingrane. Reknar i alle fall med eg kjem til å falle for freistinga til å kjøpe firaren og femmaren før året er omme, om lesehylla er aldri så bugnande frå før av.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 938
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Ja, etter hvert blir Blacksad bare bedre og bedre, særlig på historiefronten. Hvordan den klarer å fange opp 50-tallets Amerika på sin særegne måte. Har lest de fire første (de ble publisert i det overnevnte EON-bladet mellom 2009 og 2012), der Arctic Nation og Red Soul spesielt utmerket seg synes jeg. Siste har jeg ikke fått lest - men ser de har den på Outland... Hmmmm.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3181
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Arctic Nation er min favoritt òg, så langt! Og jepp, Outland har dei. Trur eg såg dei på nettsidene til Adlibris og Bokkilden òg, så det kan vere verdt å samanlikne prisar rundt omkring.

Er straks ferdig med Secret Commonwealth -- den har slitt litt med manglande "må finne ut kva som skjer i neste kapittel"-kjensle, tykkjer eg, sjølv om tempoet ellers er heilt greitt, så har dermed ofte berre blitt eitt eller to kapittel for kvelden. Men den har tatt seg opp no mot slutten. Neste boka blir siste julegåva eg ikkje har fått somla meg til før i år, His Majesty's Dragon av Naomi Novik, fyrste boka i Temeraire-serien. Kona las den for ein månad sidan (var fellesgåve til begge) og likte den betre enn ho eigentleg venta, så håpar det blir gøy.

På teikneseriefronten snubla eg over eit Marvel-hefte som har vore vrient å få tak i på Finn, og selgaren selde tilfeldigvis neste seks albuma av "The Unwritten" og heile Vaughans "Y: The Last Man". Sidan fyrstnemnte var mellom dei teikneseriane eg likte best i nummer 1-gjennomlesingsprosjektet mitt, og sistnemnte straks skal bli fjernsynsserie, så slengde eg dei med i bestillinga. Så dei neste vekene blir det dei to seriane eg jobbar meg gjennom.

Byrjar med Unwritten, sidan eg allereie las fyrste to voluma der før i år. Serien er skreven av Mike Carey, som eg kjenner best frå Sandman-spinoffen Lucifer (den som den populære Netflix-serien er svært lausleg inspirert av), og handlar om ein ung mann som har levd heile livet i skuggen av sin namnefelle, hovudpersonen i farens superpopulære bøker (tenk Harry Potter-fenomenet ganger tjue). Så byrjar skumle ting å skje som nesten får det til å verke som om ting i desse fantasybøkene faren skreiv faktisk er verkelege, og serien utforskar på spanande vis forholdet mellom historiar og verkelegheit.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 938
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Ang. Blacksad: Det finnes en samleutgave for alle de fem til nå utgitte, men den virker å være ute av produksjon hos Dark Horse. Irriterende egentlig.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3181
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Jepp, eg snubla over den på Amazon, men etter at eg hadde kjøpt den som samla vol. 1-3, så sette meg aldri til å leite etter den. Gjorde eit kjapt søk no -- Adlibris lister den som midlertidig tom på lager, men Norli later i alle fall som om dei har den: https://www.norli.no/blacksad-the-collected-stories . Kan vere verdt forsøket for dei som er interessert i alle fem, i verste fall går det eit par veker og så får ein beskjed om at dei ikkje klarer oppdrive den likevel.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3181
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

25 % rabatt på Bokkilden i dag med koden "LØRDAGSHANDEL", så der kjøpte eg visst dei to Blacksad-bøkene eg mangla, ja, og resterande fem bind Rat Queens når eg fyrst var i gong ... Stakkars lesehylla mi. :lol:
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Post Reply