S01E01-03: Leavetaking – Shadow's Waiting – A Place of Safety

Diskuter TV-serien her

Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren

Post Reply
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 2972
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

S01E01-03: Leavetaking – Shadow's Waiting – A Place of Safety

Post by Loki »

Ei veke igjen til episode 1–3. Kjenner eg er litt småspent! Tenkte det kunne stimulere til diskusjon om dei ulike episodane/episodebolkane fekk sin eigen tråd, så dette er mitt forsøk på å vere førebyggande. 8)
Last edited by Loki on Sun Nov 28, 2021 11:44, edited 1 time in total.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Siri Sedai
Den Eldste
Den Eldste
Posts: 505
Joined: Sat May 27, 2006 15:08
Location: Vennesla

Re: Leavetaking – Shadow's Waiting – A Place of Safety

Post by Siri Sedai »

Forsåvidt en god ide. Men hva når antall episoder når tosifret (eller tresodret :) ). Kan Eivind samle dem i sesonger?
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 2972
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Leavetaking – Shadow's Waiting – A Place of Safety

Post by Loki »

Tenkte vel i utgangspunktet at trongen for å diskutere episodane vekentleg var meir av eit sesong 1-fenomen og at seinare sesongar sikkert stort sett kan klare seg med ein tråd kvar, med unntak for eventuelle særleg handlingsmetta unntak. Men det kan han sikkert. :)
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Ashaman
M’hael
M’hael
Posts: 1746
Joined: Sun Jul 17, 2005 15:55
Location: Fal Dara

Re: Leavetaking – Shadow's Waiting – A Place of Safety

Post by Ashaman »

Eg har kome med mine tankar i tråden til Ceres.

Mest skuffa, men har trua! :roll:
"There's always another battle. I suppose that will be the case until the whole world turns Tinkers"
- Davram Bashere
Asphyxiate
Sitter
Sitter
Posts: 793
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Leavetaking – Shadow's Waiting – A Place of Safety

Post by Asphyxiate »

Usikker hvilken tråd vi skal ta for oss hva i. Er denne for å diskutere episoden(e), eller hva?

Går for denne, jeg!

Hadde dette vært for 15 år siden, da jeg var helt oppslukt i serien, hadde jeg nok nå sittet og vært misfornøyd med massevis, men med tiden som har gått så har jeg jo glemt en del detaljer. Samtidig bestemte jeg meg tidlig for at jeg IKKE skulle henge meg opp i alle detaljene fra bøkene. Det er uansett en adapsjon!

Jeg er fornøyd. Synes de tre første episodene fungerte ganske fint. Veit ikke om jeg er enig i de som sier at det går for fort, jeg synes de holder et stødig tempo. Samtidig kan jeg være enig i at vi har brukt for liten tid til å bli kjent med hovedpersonene. Særlig Perrin og Mat synes jeg ikke vi har fått et godt nok forhold til, kanskje litt fordi de er endra litt (Mat dreiv vel ikke å stjal og foreldrene var vel ikke så håpløse, og Perrin er jo ikke gift i bøkene). At der har videt ut fokuset slik at også Egwene får mye plass er jo bare fint, og særlig at hun er en ta'veren er en bra oppdatering.

At de har gjort karakterene noe eldre samt har lagt til mer antydninger til sex, at det er drikking og banning, fungerer jo, men kan ikke huske at noen sa "ash and bloody ashes!"? Det burde de jo gjøre.

Jeg var redd for at CGI-en osv ville være skuffende, men ble positivt overraska. Channeling måtte nesten gjøres så tydelig, så selv om det er litt vel mye vifting med armer, så tror jeg det er greit. Trollocene var ganske kule, mens Myrddraalen ikke var like overbevisende.

En jeg så den med kommenterte litt at det var litt rar filming. Jeg vet ikke hva det var, men jeg synes også det var ett eller annet som var smårart med hvordan alt så ut. Kanskje det er at en del er filma on location og ikke med greenscreen og den slags.

Det er sikkert mange detaljer her som man kan diskutere, men jeg er alltid dårlig på den slags.

Jeg sitter her nå og gleder meg til neste episode. Jeg var ikke sikker på om jeg kom til å gjøre det på forhånd (selv om jeg visste at jeg skal se alt uansett!), men glad for at jeg endte der.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 2972
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Leavetaking – Shadow's Waiting – A Place of Safety

Post by Loki »

Har sett alle tre no. Spoilerar følgjer. Serien er omtrent som eg hadde venta -- 'heilt grei'. Kona (som ikkje har lese bøkene) tykkjer det same. Når det gjeld klagepunkta eg har sett frå andre, eller i alle fall dei eg hugsar av dei:
* Er nøgd med monsterdesigna. Magien tykte eg fungerte betre når den var subtil i byrjinga enn når den var gedigen og veldig CGI-aktig, men det var ikkje noko stort problem. Kleda er som frykta irriterande reine og fargerike til førindustrielle fjellbønder å vere. Klarer ignorere det stort sett, men det trekkjer ein god del ned i kor verkeleg ting kjennest, og dermed kor emosjonelt investert eg blir.
* Plottfarten er ikkje så heseblesande enno, så tykkjer det går greitt førebels. LotR-parallellane er kleint openbare i kvar einaste episode så langt (magikaren og den vandrande krigaren tek småbygdingane på tur fordi ein mørk ryttar leitar etter dei, dei kjem seg unna ved å krysse ei elv i siste liten, reiser så gjennom ein forlatt ruinby der eldgamal vondskap nesten gjer kål på dei, ein av gruppa blir knivstukken og får eit forgifta sår, så Aragorn -- unnskuld, Lan -- må ri av garde for å finne nokon som kan gjere magisk helbreding, og når dei forsøker kjøpe seg overnatting i fyrste bygda dei kjem til så kjem ein lite tillitsvekkande omflakkande kar og reddar dei frå Fienden i siste liten), så jo fortare ein kjem gjennom desse plottpunkta, jo mindre sjanse for at uinnvidde byrjar føle heile greia er ein blåkopi. Får sjå om eg framleis tykkjer tempoet er OK mot slutten av sesongen.
* Rollebesetningen er ganske bra. Er van med at ein serie med såpass mange pseudotenåringar har ein del kleine karakterar, men det ser den ut til å styre greitt nok unna (Nynaeve er rett nok irriterande, men langt mindre enn eg hugsar ho frå boka, så det tek eg glatt imot). Rosamund Pike klarte å gjere den relativt tørre historia om Mantheren ganske fengande, og eg føler både gruppelojaliteten innad i Two Rivers Five og forholdet Moiraine/Lan er veldig tydeleg og sterkt gjennomført, så det er flott. Er einig i at Thom er underleg dyster, men likte karakteren godt og ville tykt han var veldig bra viss eg ikkje instinktivt samanlikna med bøkene. Tykkjer det er synd viss ein av dei mest minneverdige og artige karaktane eg hugsar frå boka har mista den gneisten som gjer han så minneverdig -- det er mange andre kapable folk med mykje livserfaring i serien, men ingen som kombinerar det med sjarm på måten han gjer. Håpar det vil komme i seinare episodar. Og viss ikkje, var han som sagt absolutt ein av høgdepunkta slik han er no og.
* Mytologiendringane -- eg har relativt vag hugs på dette, men eg har ikkje så langt merka noko vesentleg utover at profetien no er kjønnsnøytral (?). Og det er, i alle fall førebels, ein god ting. Det gjer Egwene og Nynaeve meir sentrale -- og for så vidt Mat og Perrin, sidan eg hugsar det som ganske tydeleg for lesaren i boka at Rand var hovudpersonen frå byrjinga av, og dermed i historielogikk den alt vil dreie seg om. Så lenge dei ikkje let det forvikle seg utover til haugar av dominoendringar seinare så er eg heilt for.
* Eksposisjonen er temmeleg bra handtert. Eg er positivt overraska over kor fort Children of Light kom inn i biletet -- dei er dessutan eitt av elementa som for meg skil historia mest umiddelbart og dramatisk frå noko ein kan førestille seg i Tolkien -- og dei har stort sett unngått store talar, Moiraines underleg gripande Mantheren-føredrag og Thoms like underleg vage sang (skulle tru dei ville brukt det lange nummeret til å få meir konkret informasjon ut til sjåaren) til sides. Eg kunne tenkt meg at dei hadde sagt ein smule meir om konseptet mannleg magikar = sinnsjukdom litt tidlegare, sidan eg føler det er veldig grunnleggande for forståinga av svært mykje me allereie har sett og høyrt, men etter cliffhangeren å dømme så vil me få ein del av det i episode 4, så det går nok greitt.
* Oppaldringa av karakterane fungerer greitt for meg -- tykkjer om noko at det gir Egwene/Rand-dynamikken litt meir kraft at dei openbart har eit fysisk forhold som han går ut ifrå at vil føre til ekteskap og som ho så gir opp for ambisjonane sine. Men einig med Asphyxiate at det er altfor lite fantasybannskap.

I konklusjon, er meir som fungerar enn som ikkje fungerar, slik eg ser det, så kryssar fingrene for at ting blir betre og betre utover. :)
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Asphyxiate
Sitter
Sitter
Posts: 793
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Leavetaking – Shadow's Waiting – A Place of Safety

Post by Asphyxiate »

Må si at jeg ikke synes at oppdateringa av banninga ("Shaite town" som Mat sier) egentlig fungerer så naturlig. Oppaldringa har vel blitt gjort for å åpne mer for sex og nakenhet, men Rand&Egwene fremstod allikevel for nærme YA-verden enn ønskelig.

Etter å ha lest litt flere kommentarer og slik, så har jeg tenkt tilbake og er også irritert over hvor fort episode 1 avsluttes og reisen begynner. Her er det en del som burde vært forklart/satt opp mye bedre (sverdet til Rand, at akkurat de 5 skal dra, at de godtar å dra osv.) - der går det for fort. Ellers er tempoet helt innafor.

Perrin og kona... Håper dette blir brukt på en bedre måte enn det har blitt til nå.

Det med at jeg reagerte litt på filming og den slags, tror jeg kanskje kan ha med kombinasjonen av green screen/digitale effekter og at det er filmet på location. Ett eller annet skurrer der.

Noen som tenker at det at Rand klarer å åpne den døra som ikke skulle være mulig å åpne i e3 er seriens versjon av det som skjer i Four Kings i boka (og som noen lagde en kul fanvideo av for noen år siden: https://www.youtube.com/watch?v=myFCGun_c-8), men dratt ned nettopp for å ikke avsløre for tidlig at han kan bruke den ene kraften?
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 2972
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Leavetaking – Shadow's Waiting – A Place of Safety

Post by Loki »

Eg fekk vel absolutt inntrykk av at tanken var at han brukte krafta der, ja, særleg etter at dei endra lydeffekten litt på siste forsøket og gjorde eit poeng av det inntrykket på mørkefrendens andlet. Rand skal jo ikkje vere noko supermenneske i fysisk forstand, så det er ein snål ting å gjere vesen ut av viss det ikkje er eit hint, som dei held subtilt for å ikkje avsløre for tidleg kven han er. Frå eit sjåarperspektiv er vel dei openbare kandidatane førebels heller dei to jentene (som tydeleg kan leie krafta) og Perrin (som me blir vist fleire draumar frå enn dei andre, og som blir vegleia av ulvar), medan Rand og Mat er relativt vanlege menneske. Så sikkert lurt å ikkje dynge på med så altfor mange hint, viss tanken er å få både sjåarane og folk i serien til å spekulere og gjette på kven det er.

Perrin og kona, sverdet til Rand -- er mykje dei har berre slengt inn utan å eigentleg bruke til så mykje. Kryssar fingrane for at det vil skje etter kvart, piloten ville blitt veldig eksposisjonstung viss alt måtte forklarast før dei drog. Kan likevel vere einig i at det var underleg brått korleis dei reiste, men det kom jo ein horde trollocar springande i horisonten, og argumentet var at dei måtte komme seg vekk for å leie dei bort frå bygda og skåne alle dei andre. Så eg kjøpte det for så vidt karaktermessig.

Nært YA er det jo, difor eg set pris på oppaldringa. Følte det langt nærmare YA i bøkene. Ville nesten vore litt kritikkverdig viss det ikkje var litt av det igjen, det er jo ein adapsjon, og det perspektivet er sikkert ein ting mange tilhengarar ser etter.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Asphyxiate
Sitter
Sitter
Posts: 793
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Leavetaking – Shadow's Waiting – A Place of Safety

Post by Asphyxiate »

Spørsmålet er hvorfor akkurat de 4. At Moiriaine dumper at en av dem er den gjenfødte dragen, jeg vet ikke jeg. I boka er vel husene/hjemmene til Mat, Perrin og Rand de som blir direkte angrepet, noe som kan forklare mer hvorfor akkurat DE skal dra.

Men nå gjør jeg som jeg egentlig ikke hadde lyst til - jeg forviller meg inn i detaljer.

Det jeg også reagerer på, er at bl.a. Brandon Sanderson sier at man må se på tv-serien som en ny del av hvordan Tidshjulet spinner - altså at dette IKKE er den samme historien som boka. Det er blir for enkelt for å forklare forskjeller - og en unnskyldning
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 2972
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Leavetaking – Shadow's Waiting – A Place of Safety

Post by Loki »

Føler det er relativt enkelt frå Moiraines perspektiv: Draken skal komme omtrent no. Draken vil vere ta'veren av enorme proporsjonar. Ei knøttlita bygd (med gamalt blod, som visstnok spelar inn for ho av ein eller annan grunn) har FEM ta'veren i rett alder, sjølv om ta'veren er eit ekstremt sjeldan fenomen ein sjeldan ser meir enn ein eller to av per generasjon, og sjølv då med stor geografisk spreiing. Logisk sett vil ein av desse fem vere Draken, som har påverka Mønsteret i så stor grad at det har tiltrekt seg / forårsake fire ytterlegare ta'veren rundt vedkommande allereie i barndommen. Så for ho attstår det då berre å finne ut kva for ein av dei fem det er.
Sidan dei ikkje har forklart særleg kva ta'veren er for noko så er dette framleis veldig uklart i sjølve serien, men med informasjonen me har frå bøkene verkar det ganske enkelt for meg, og noko som dei lett kan forklare i ettertid når me lærer litt meir om profetien og om konseptet ta'veren.

Forskjeller er ikkje eit problem for meg -- er det ein adapsjon så er det ein adapsjon -- men forskjeller som er objektivt (i den grad slikt kan vere objektivt) verre / mindre logisk / kjedelegare / mindre originalt / etc., det er eit problem. No er det rett nok snart tjue år sidan sist eg las boka, så det er mange detaljar eg sikkert går glipp av endringar ved, men eg har lese den fire gonger, og så langt har ikkje noko (kanskje utom Thoms personlegheit) slått meg som ei vesentleg endring der noko eg heldt særleg kjært har gått tapt eller noko som verkar ulogisk og dustete er lagt til. Er det konkrete endringar som plager deg? Kunne tenkt meg å høyre dei, sjølv om det då er stor fare for at du minner meg på ting som vil plage meg like mykje når eg fyrst har innsett dei ... Men då vil du jo måtte gå inn på endå meir detaljar, som du ikkje har lyst til, så kanskje like greitt at me legg ballen daud her, førebels. :/
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Asphyxiate
Sitter
Sitter
Posts: 793
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Leavetaking – Shadow's Waiting – A Place of Safety

Post by Asphyxiate »

Mange av detaljene jeg reagerer på, har kommet etter å ha hørt podcasten til Filmpolitiet pluss lest en haug med kommentarer på reddit og andre steder. Det ødela litt, fordi de har minnet meg på flere ting. Og som sagt, hadde jeg egentlig ikke ønske om å henge meg opp i for mange detaljer angående bok vs. tv-serie. La tv-serien leve sitt eget liv, med mål om å bli så bra som mulig innenfor sine rammer og betingelser. Kanskje jeg skal drite i å lese/høre/undersøke så mye etter episodene, slik at jeg ikke blir minnet på alle disse tingene?

Angående Moiraine: At hun drar til Two Rivers og Eamonds Field, og tror det er en av dem, er jo ikke noe problem. Det er heller at hun proklamerer at en av dem kan være den gjenfødte dragen, og så blir de bare med. Det skjedde bare for kjapt og enkelt for å sende dem av gårde.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 2972
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Leavetaking – Shadow's Waiting – A Place of Safety

Post by Loki »

Jau, einig i det. Som sagt føler eg dei delvis kom unna med det på grunn av den kommande horden dei måtte rømme frå for å verne resten av landsbyen, men det kjentest likevel for fort i svingane for min del. :/

Og viss du likte ting betre før du byrja detaljanalysere enn etterpå, så er det sikkert lurt å halde seg frå det vidare, ja! Er jo alltid meir triveleg å like ting enn ikkje.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Asphyxiate
Sitter
Sitter
Posts: 793
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Leavetaking – Shadow's Waiting – A Place of Safety

Post by Asphyxiate »

Ny episode ute, ny tråd? Er det slik vi tenker organiseringen?
Manbearpig
Ashaman
M’hael
M’hael
Posts: 1746
Joined: Sun Jul 17, 2005 15:55
Location: Fal Dara

Re: Leavetaking – Shadow's Waiting – A Place of Safety

Post by Ashaman »

Asphyxiate wrote: Fri Nov 26, 2021 23:07 Ny episode ute, ny tråd? Er det slik vi tenker organiseringen?
Ja, trur det var planen!
Har nettopp sett episode 4, spent på dykk synes!
"There's always another battle. I suppose that will be the case until the whole world turns Tinkers"
- Davram Bashere
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 2972
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: S01E01-03: Leavetaking – Shadow's Waiting – A Place of Safety

Post by Loki »

Det var tanken, ja! Sidan ingen av dykk hadde laga tråden så gjorde eg det no. :)
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Post Reply