Hva leser du for tiden? II

Diskuter andre bøker dere leser

Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren, Loki

Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 849
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Det skjer jo at man får litt nok av en sjanger eller en viss type innhold, så ser den!
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3045
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Deschain wrote: Thu Nov 18, 2021 18:51 Var nok noe ala "røynda", haha.
Den lærte eg på skulen, hugsar eg! Var veldig snålt å bli fortalt at eit såpass vanleg konsept hadde eit namn eg aldri hadde høyrt. Sidan det erstattar eit 'anbehetelse'-ord så vart det drilla inn tidleg av lærarane, så det verkar ikkje lenger så nytt på meg, men det er framleis pokker så spesielt i ordlyden. Ingenting min dialekt som minner om det, i alle fall. Me seier 'verkelegheita', me.
Deschain wrote: Thu Nov 18, 2021 18:51Helt fint med slike ord altså, men da må man også kjøre resten av nynorsken fult ut! Heldigvis er det hovedsaklig "skole" som går igjen, så det får jeg heller klare å leve med (Er jo lov å skrive, tross alt. Klinger bare ikke like godt).
Einig. Diverre er det kanskje slik at 'skole' er jamstilt med 'skule', medan 'røynda' er sett på som overlegent 'verkelegheita'. I alle fall trur eg det var slik då eg var ung (sånn om lag då Napoleon gjekk i knebukser, kjennest det ut). :( Viss det framleis er slik, så har omsetjaren sikkert ikkje sett på det som stilval som heng saman. Dei har kanskje berre køyrt eit lite konservativt løp heile vegen og innimellom blitt tvungen til å bruke ord der det ikkje er andre alternativ enn dei som høyrest mest konservative ut.
Deschain wrote: Thu Nov 18, 2021 18:51 Kjenner meg igjen med svettetokter uten fantasy. Var hovedsaklig den sjangeren jeg likte best før, men nå sliter jeg med å finne bøker som fenger. Sist jeg tenkte "Fyfaen, dette er gull", var da jeg leste Dark Tower-serien til King. Alt annet jeg har lest etter disse, har virket så platt i forhold, og klarer ikke ta meg til takke med noe dårligere. Litt som Post-Game of Thrones-perioden min.. Det å finne noe tilsvarende bra å se på, ble tøft!
Ah, det forstår eg godt. Klarer heldigvis å vere hakket mindre kresen på kvaliteten, trur eg. Det er jo så utruleg mange nye bøker i sjangeren kvart år at eg liksom aldri går tom for ting som i alle fall potensielt kan vere på høgde med det eg har likt best før. Og sidan ein ikkje veit før ein er ganske langt inn i boka (stundom heilt ferdig med den) om noko er 'heilt greitt', 'veldig bra' eller 'fantastisk', så ender eg vanlegvis opp med å lese heile greia uansett. Har sikkert mykje å lære av di innstilling der. :lol:

Dark Tower har eg ikkje lese, utover ei novelle frå settinga som var i ei eller anna novellesamling -- men kjenner kontinuiteten relativt godt fordi kona gav meg det som var av teikneserieadapsjonar til bursdagen for ein fire-fem år tilbake (tanken hennar var at teikneseriar går veldig fort, så dermed trenerte ho ikkje leselista mi så voldsomt som bokserien ville gjort). Dei var ganske OK, litt opp og ned så klart, men dei slutta lage dei etter Drawing of the Three, så der er eg stått stranda sidan. Skal skrive meg tilrådinga di bak øyret, kjenner ikkje så mange som har lese dei, og dei få som har har verka litt sånn smålunkne ('jo, det er bra, det'-type utsegn, som ikkje akkurat får meg til å klø etter å setje alt det andre i hylla på vent).
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3045
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Som eg nemnte i detalj i Black Company-tråden las eg ferdig Port of Shadows nyleg. Tek no ein pause frå serien til etter nyttår, og les fyrst Journey to the West (også kjent som Monkey King), ein kinesisk mytologiroman frå 1500-talet eg fekk i gåve tidlegare i år. Er cirka ein fjerdedel gjennom den no, og med tanke på alderen og eventyrsjangeren er den ganske god lesing, mykje takka vere eit nydeleg arbeid frå omsetjaren si side. Kontrasten mellom hovudpersonen si eplekjekke og sjølvgode framferd og dei tradisjonelle superhøflege og nasegruse kinesiske guddommane og vismennene er gøy, og det er overraskande mykje humor lagt ned i framstillinga av den overnaturlege verda som hyperbyråkratisk.

På teikneseriefronten (eg les vanlegvis eit blad eller to på senga før eg byter til prosa) har det gått i Marvel siste veka. Kjøpte to samlebind med Hawkeye-teikneseriar om Kate Bishop-karakteren til kona i haust (ho liker å lese bøker og teikneseriar før ho ser adapsjonar, om mogeleg, og Disney +-serien var jo på veg). Dette er rett nok ikkje teikneseriane serien er mest direkte basert på (det verkar vere henhaldsvis ein anna Hawkeye-serie eg ikkje har lese, samt på skurkens side ein knallgod Daredevil-serie som eg har), men dei var skrevne av Kelly Thompson som me begge har likt dialogen til i andre ting, så eg tenkte det var ein fin introduksjon til karakteren. No har eg endeleg fått lese dei sjølv òg, og dei var ganske OK. Dialogen var som venta svært artig, men det skorta diverre ein del på historiefronten, mykje av plotta kjentest todimensjonalt og/eller uoriginalt. Det sagt var dette tydeleg rett tidspunkt til å lese den på, for skjønt historia i (den så langt ganske bra!) fjernsynsserien ikkje er inspirert av desse binda er det er artig å sjå den likevel ha mange små referansar til ting eg ikkje ville merka om eg ikkje hadde lese desse to binda. Så alt i alt var det ein hyggeleg, men ikkje særleg minneverdig, leseoppleving.

Før Hawkeye las eg det nyaste bindet i Egmont si pågåande Thorgal-omsetjing, nummer tolv eller tretten om eg hugsar rett. Dei er no komne til eraen etter at den opphavlege manusforfattaren la inn årene, og har på nydeleg vis inkorporert begge avleggarane i sagaen, slik at binda no vekslar mellom historiar om Thorgals eldste son (i hovudserien), Thorgals dotter (ein spinoff) og Thorgals frenemy Kriss (ein annan spinoff), som alle finn stad omtrent samtidig og refererer til kvarandre. Det er høg kvalitet på alle tre, og dei fortset den fine tendensen til å byggje på dei mange tiåra med etablert kontinuitet, samtidig som det blir dratt inn meir mytologi og historie frå røynda enn dei tidlege binda hadde (der brorparten av det overnaturlege vart fritt dikta opp over ein låg sko). For ein fantasyfan som meg er dette ein kjempeserie, ein slags Conan Barbaren dersom han var sindig, fredsæl og anti-vald. Kryssar fingrane for at sala er gode nok til at dei vil fortsetje på ubestemt tid, eg vil bli sårt skuffa den dagen dei gir seg med omsetjingane.

Kjøpte og las forresten òg Løkling/Nærum/Midthun-juleheftet Donald: Tidsreisetyven, og tykte det var temmeleg bra! Eg les lite Donald i seinare år, og når eg gjer det tykkjer eg ofte det blir veldig anonyme saker, men denne var flott. Eg set alltid pris på det når kontinuitetslause Duck-historiar forsøker å etablere i alle fall litt felles bakteppe, og her blir det tungt referert til både Barks og Don Rosa. Det hjelp underbygge enkelte uvanleg kjensletunge scenar, særleg har Skrue eit par som eg tykte var ganske rørande. Det er òg mykje vittig dialog (i alle fall etter Donald-standard) og eit relativt spanande plott. Og bonuspoeng for ein hyperkapabel frøken Vable som ein av hovudpersonane!
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 849
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Fun fact for oss manga-fans: Dagon Ball er opprinnelig inspirert av Journey to the West og de første utgavene av Son Goku var et apelignene vesen.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3045
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Det var (så vidt) nemnt i forordet! Eg har aldri lese Dragon Ball, så for meg var det berre ein liten kuriøsitet, men sjølv eg har høyrt om serien. Du tilrår den, altså?
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 849
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Vel, Dragon Ball er jo en klassiker, om ikke den største klassikeren, innenfor mangasjangeren som virkelig har fått en internasjonal appell (mange vil nok protestere på at det er den største klassikeren da det er mange mangaer fra 70, 80 og 90tallet som regnes som bedre), så jeg anbefaler den. Den er ganske klassisk med mange power ups og den slags, men ganske fin lesning allikevel. Særlig de første arc-ene er fine.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3045
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Takk for det, då skal eg skrive meg den bak øyret viss eg snublar over fyrstebindet til ein rimeleg peng ein gong. :)
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 849
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Tror du kan finne første bind til Dragon Ball både på norsk og engelsk til en ganske rimelig penge både her og der.
Manbearpig
Eerath
Hengiven
Hengiven
Posts: 169
Joined: Fri Nov 06, 2009 20:41
Location: Vennesla

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Eerath »

For tiden går det i The Stormlight Archive. Er nesten ferdig med Oathbringer, men har til gjengjeld brukt et halvt år på å lese den. Håpløst når man jobber mye og er så sliten at man sjeldent rekker mer enn ett eller to kapittel de få kveldene man har energi til å lese. Liker dog serien godt.
"Why do we fall, sir?"

"So that we might better learn to pick ourselves up."
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3045
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Får den ofte tilrådd, ja, flott å høyre at endå fleire liker den. Vil nok prioritere vidare i Mistborn-verda fyrst sidan eg byrja der med Sanderson, men ein vakker dag ...! Håpar du får meir tid og energi til å lese i jula, Eerath!
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 849
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Har også de tre første i The Stormlight Archive-serien liggende, men har ikke lest noen Mistborn-bøker eller andre av Sanderson utenom de tre WoT-bøkene hans. Husker ikke om det er diskutert her før, men bør man egentlig lese Mistborn-serien før The Stormlight Archive? De er vel satt i samme metaunivers (Cosmere) med referanser til hverandre, men allikevel adskilt? På nett finner jeg både de som mener man MÅ lese Mistborn og andre bøker i Cosmere-universet først, andre som sier at man ikke trenger det...
Manbearpig
Eerath
Hengiven
Hengiven
Posts: 169
Joined: Fri Nov 06, 2009 20:41
Location: Vennesla

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Eerath »

Asphyxiate wrote: Tue Dec 07, 2021 14:13 Har også de tre første i The Stormlight Archive-serien liggende, men har ikke lest noen Mistborn-bøker eller andre av Sanderson utenom de tre WoT-bøkene hans. Husker ikke om det er diskutert her før, men bør man egentlig lese Mistborn-serien før The Stormlight Archive? De er vel satt i samme metaunivers (Cosmere) med referanser til hverandre, men allikevel adskilt? På nett finner jeg både de som mener man MÅ lese Mistborn og andre bøker i Cosmere-universet først, andre som sier at man ikke trenger det...
Jeg har ikke lest Mistborn, men føler ikke jeg mangler noen form for bakgrunnskunnskap i historien i Stormlight Archives.

Det blir ihvertfall ikke som når man sitter med første bok i Malazan-serien og lurer på om man har startet på bok 3.
Last edited by Eerath on Tue Dec 07, 2021 14:31, edited 1 time in total.
"Why do we fall, sir?"

"So that we might better learn to pick ourselves up."
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 849
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

OK. Takk for svar, så får vi se når jeg begynner på det. Har en del sakprosa-bøker jeg skal igjennom etter å ha fullført The Broken Earth-trilogien (ja, jeg holder fortsatt på med den, men blir ferdig før jul!)
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3045
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

I den grad eg veit om dette: Ein treng absolutt ikkje ha lese noko anna for å lese Mistborn-trilogien (ei heller "White Sand"-teikneserien hans, som er i same Casmere-megauniverset). Det er derimot ein oppfølgjarserie og anna småting til Mistborn som (etter kva eg forstår) har ein del krysspollinering med Stormlight Archive. Så mitt halvinformerte inntrykk er at ein i alle tilfelle kan lese dei fyrste bøkene i seriane hans utan å ha lese dei andre, men at i seinare bind kan det byrje lønne seg å blingse litt på publikasjonsrekkefølgjene.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle
Sauegjeter
Sauegjeter
Posts: 23
Joined: Mon Dec 06, 2021 19:02
Location: Bergen
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by WoTle »

For tida les eg ferdig Tidshjulet! Eg datt litt av etter Knife of Dreams, men eg har gjort det å fullføra Tidshjulet til mitt koronaprosjekt. Eg nærmar meg ferdig med AMoL, og har nettopp fått New Spring i posten, så eg har noko å lesa etter at eg har blitt ferdig med hovudserien.

Etter det har eg ei lang liste med ting eg vil lesa, og eg aner ikkje korleis eg skal få tida til alt. Mange av Sanderson sine bøker verkar interessante, og i tillegg kunne eg tenkt meg å lesa meir Terry Pratchett (eg las ein del av han i ungdommen). Eg har òg høyrt mykje bra om Ravneringene-trilogien til Siri Pettersen. I tillegg har eg ein laus avtale med ein tjommi om at eg skal lesa noko Tolkien viss han les noko Tidshjulet. Det kan bli ein interessant bytehandel!
Sjekk gjerne ut podkasten Hjulpreik: ein norsk podkast om Tidshjulet, både bøkene og TV-serien, med vertane Vetle, Sigrid og Vetle. Nye episodar på onsdagar.
Post Reply