Presenter deg...

For deg som har noe annet på hjertet

Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren

Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3045
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Presenter deg...

Post by Loki »

Asphyxiate wrote: Tue Dec 07, 2021 14:14 Og Loki, jeg prøver så godt jeg kan å svare på de fleste tråder her jeg og!
Sanneleg! Min kjære doktor Frankenstein, De og Dykkar trufaste Igor vil saman alltid halde liv i denne forumkroppen, koste kva det koste vil!

WoTle wrote: Tue Dec 07, 2021 21:22 For tida går det mest i Citadels! Ikkje akkurat eit brettspel, men det gjeld å ha noko heile heimen kan vera med på å spela.
Bruno Faiduttis gamle klassikar?! Håpar det, for eg elskar hans Citadels! Har vore min favoritt av mellomstorleiksspel sidan eg og småbrørne mine byrja brenne for aktiviteten då eg var tidleg i tenåra. Blir litt sjeldnare spelt no i seinare år, men det dukkar framleis opp oftare enn ein skulle tru. Eg er veldig begeistra for bløffeelementet i karaktervelgingsdelen, det driv meg til vanvit på måten eg aller helst vil at spel skal drive meg til vanvit. (Tenkjer på når eg må bestemme meg for om eg skal velge ein karakter for å hindre andre i å velge den, velge ein karakter eg openbart treng og satse på at ingen andre prioriterar å drepe eller stele frå meg, velge ein karakter eg absolutt ikkje har bruk for slik at eg er sikra å få runden min, eller velge det som burde vore mitt nest- eller tredjebeste val slik at eg får ein nokolunde god runde, og krysse fingrane som gal for at den som tok snikmordaren ikkje er smart nok til å skjønne at det var slik eg tenkte.)
WoTle wrote: Tue Dec 07, 2021 21:22 Elles er eg med i ein DnD-kampanje sett i eit slags fantasy-New York under forbodstida. Der blir det ein del mafia, kriminalitet og alt mogleg anna gøy! Kva speler du for tida?
Oi, det var friskt. Begge gongene eg har spelt ein karakter lenge nok til å minnast han i ettertid har det vore gnome wizards i trauste fantasysettingar (skjønt dei var relativt ulike -- den eine var bælfeit og vågal og den andre spinkel og livredd). Eg har spelt veldig lite D&D i mitt liv, eigentleg -- er ikkje sosial nok til å forplikte meg til faste spelekveldar på eiga hand, og kona har null interesse av det, medan ho gjerne er med på brettspel. Så eg tolkar spørsmålet ditt til å inkludere sistnemnte:

Er relativt sjeldan eg spelar, livet (og siste par åra koronarestriksjonar) kjem litt i vegen når ein er sofagris som trivst best heime og gjerne vil ha ei plantom frihelg mellom kvar gong ein 'skal' noko, men den eine vennegjengen som møtest relativt fast (cirka tre til fem gonger i året, endar det opp med, skjønt me siktar alltid på oftare) varierer det ganske mykje. Viss me har tid nok pla me ta eitt tyngre strategispel, eit mellomstort spel og eit lettfattleg eit til å runde av kvelden. I sistnemnte kategori blir det mykje DixIt og Cards Against Humanity, skjønt me har og spelt ein del Pairs, King of Tokyo og Organ Attack i periodar. Andre småspel kjem og går. Midtkategorien er vel der det er mest variasjon. Førre gong spelte me Barony (sikkert for obskurt til at du har høyrt om det, så: minner bittelitt om Settles of Catan som eit strategikrigsspel med så avgrensa flytt at det nesten kjennest sjakk-aktig), og gongene før var det Lords of Waterdeep og Condottiere. I tillegg spelar eg mykje Carcassonne (med ein drøss utvidingar) kvar gong eg vitjar pappa samtidig som syskena mine, sidan særleg systera mi er svært begeistra for akkurat det.
På "hovudmåltid"-kategorien har det dei siste gongene gruppa har samlast vore Stone Age, og to mindre kjente som heiter respektivt Wrath of Dragons og Arcanum. Favorittspelet i den kategorien er vel Game of Thrones for meg personleg (og ein til i gruppa), men det er ofte for tungt eller langdrygt for dei som er hakket mindre entusiastiske, så går ofte eit år eller to mellom kvar gong det blir prioritert. Har ambisjonar om å endeleg få spelt det att neste gong me samlast, eg har åttespelarskartet framleis hengande ubrukt på veggen (er for stort til å legge i hylla, så det blei veggpryd) etter at eg fekk det til jul for to år sidan. (Ikkje at me blir åtte, me er vanlegvis fem i gruppa, men det kan heldigvis brukast utan å ha fullt spelartal.)
Last edited by Loki on Thu Dec 09, 2021 18:31, edited 2 times in total.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle
Sauegjeter
Sauegjeter
Posts: 23
Joined: Mon Dec 06, 2021 19:02
Location: Bergen
Contact:

Re: Presenter deg...

Post by WoTle »

Riktig, det er akkurat det Citadels-spelet det er snakk om! Som studentar har vi litt avgrensa økonomi, men i hylla har vi både Citadels, Munchkin, Secret Hitler og eit par andre spel. Førebels er det Citadels som er favoritten til kjærasten, men eg satsar på å få han hekta på Munchkin i løpet av 2022. Viss det går, blir det nok kjøpt inn fleire spel etter kvart, hehe. Det er noko spesielt med å samlast rundt eit bor, spela spel og preika skit. Secret Hitler trur eg forresten kjem frå dei same folka som laga Cards Against Humanity, men uvissa om kven som er fascist/Hitler gjer speldynamikken hakket meir spennande enn CAH.

Elles høyrest det ut som om du har god peiling på spel! Skal vurdera å sjekka ut nokre av dei du nemner neste gong eg er innom Outland, viss lommeboka tillet det.
Sjekk gjerne ut podkasten Hjulpreik: ein norsk podkast om Tidshjulet, både bøkene og TV-serien, med vertane Vetle, Sigrid og Vetle. Nye episodar på onsdagar.
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3045
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Presenter deg...

Post by Loki »

Outland har garantert Lords of Waterdeep, Carcassonne og Game of Thrones, dei er digre suksessspel som stadig kjem i nye opptrykk. Kanskje Stone Age og -- eg veit kameraten min måtte spore opp utvidinga til fem spelarar brukt fordi den var ute av produksjon, men trur hovudspelet (opptil 4) mogelegvis framleis er lett tilgjengeleg. Mange av dei andre eg nemnte er vel diverre for obskure, døgnfluger som har komme og gått. Både "Barony" og "Wrath of Dragons" vart kjøpt på hyllerydningssal, så dei tvilar eg på at er lett å få tak i lenger, utom kanskje på bruktmarknad og eBay og sånt.

"Secret Hitler" har eg høyrt nemnt i forbifarten, men aldri prøvd! Munchkin har eg aldri vore så begeistra for sjølv, skal eg vere ærleg, men eg veit mange elskar det, så er med på det når det er stemning for det. :) Som du seier, det er det å samlast rundt eit bord, spele spel og preike skit som er poenget, så er mange hakk mindre nøye kva me spelar enn kven som er med.

God peiling, tja. Er vel litt nerdefaktor på at eg set meg inn i ting når eg liker dei, og så er eg jo byrja dra på åra og har difor prøvd ymse titlar ein gong eller to opp igjennom. Men det er ikkje som om eg ein gong kjenner til ein tjuendedel av det du ser i hyllene viss du går ein tur og kikker på Outland, då. Kanskje gi meg ein peikepinn på kva ting og element du likar i spel, så kan eg pense deg inn litt smalare. Er ikkje som om alle dei eg nemnte i førre post er store favorittar hjå meg personleg, naudsynlegvis, berre fordi dei var blitt spelt nyleg. :)
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Post Reply