Black Company

Diskuter andre bøker dere leser

Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren, Loki

Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3137
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Black Company

Post by Loki »

Port of Shadows fortener nok ryktet som den svakaste enkelthistoria (av dei sju eg har lese så langt, i alle fall), men viss ein er investert i verda og historia var det mykje å få ut av den. Problemet den har som roman er at den blir meir og meir vanskeleg å følgje, byggjer mot eit klimaks som hovudpersonen sjølv ikkkje forstår, og som lesar får ein svært få svar når det heile er over. Dermed blir det som roman eit antiklimaks å komme til slutten, og eg forstår lesarfrustrasjonen. Heldigvis var eg førebudd på at dette var tilfelle, og eg må sei eg er veldig glad eg las den.

Historia følgjer Croaker og Black Company i "notida" (dvs. mellom bok 1 og 2 i den opphavlege trilogien) i lengre kapittel, og så har korte avstikkarkapittel til mange hundrevis av år tidlegare i eraen då Dominator styrte brorparten av verda. Det som gjer ting forvirrande er i fyrstnemnte historietråd at Croaker i tillegg til å ikkje ha all informasjonen om kva som føregår, attpåtil blir magisk manipulert både kjenslemessig og hukommelsesmessig, og i stadig større grad utover boka. Det som gjer ting forvirrande i avstikkarkapittela er at dei er meint å vere "found footage"-kapittel som har gått gjennom minst ein, sannsynlegvis fleire, rundar sensur og omskriving, og dermed slett ikkje naudsynleg kan tas for god fisk i detaljane, sjølv om hovudtrekka absolutt har skjedd.

Det høyrest kanskje slitsamt ut, men viss ein er både interessert og førebudd på dette (slik eg var) kan det vere fascinerande. Heile poenget med romanen er nettopp å merke kva som ikkje gir meining, og så spekulere over det. Det blir ein detektivjobb å finne ut kvifor ting er snudd på, kvifor Croaker og folka rundt han mister meir og meir hukommelse, kvifor ting ikkje kan stemme overeins. Og når ein les mellom dei linjene vart det ganske givande for meg. For dette er sett under styret til Lady, og sjølv om det aldri blir sagt rett ut kan omtrent all manipulasjon av historia nesten med sikkerheit sporast tilbake til ho og hennar motivasjonar slik me kjenner dei frå hovudserien. Eg trur difor eg -- på rein slump -- har valt rett tidspunkt for å lese denne, altså etter Dreams of Steel der ho for fyrste gong har vore hovudperson og blitt ein person meir enn eit konsept.

Alt det sagt så er boka i tillegg openbart ei "del 1"-bok, og Cook er byrja dra på åra, så viss han aldri får gitt ut den planlagte oppfølgjaren der alle dei lause trådane ein sit att med her blir knytt saman, så vil det redusere utbyttet på å ha lese denne. Har med litt googling forresten funne ut at det er fire noveller som i alle fall delvis fortset på historietrådane her allereie, men det er uklart om planen hans er å inkorporere dei i neste (siste) bok slik han gjorde med tre noveller i denne, eller om dei er frittståande og blir eit slags mellomspel mellom denne og den siste. Den nyaste av dei kom ut i mars i år (!), så det gir jo litt håp om at han er aktiv for fullt og at sisteboka er på veg.

Så, for å konkludere, for deg som berre er sånn måteleg OK med dei opphavlege bøkene er nok denne å hoppe over som for spesielt interesserte. Men for meg som no absolutt kjenner meg i den kategorien, blir det litt som å få lese Silmarillion etter å ha lese Ringenes herre.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 907
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Black Company

Post by Asphyxiate »

Hva med kritikken om at den er viser et ekstremt dårlig kvinnesyn? Det var særlig det kritikken jeg har laget har kritisert den for.

At man ikke vet alt og at hovedpersonen er påvirka magisk etc., er jo noe Cook bruker i en av bøkene i originalserien (Bleak Seasons) også!
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3137
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Black Company

Post by Loki »

Bleak Seasons er neste i bunken, så den har eg ikkje lese! :D

Høgttenking om kvinnesynet følgjer. Merk fyrst at dette var ikkje noko eg hadde fått med meg før eg leste boka, så eg såg ikkje etter det medan eg las -- så alle inntrykka er berre dei tinga eg har lagt merke til automatisk. Godt mogeleg eg ville reagert negativt på fleire ting viss eg hadde tenkt på å sjå etter det.

No er vel ikkje eg som mann personen til å uttale meg om kvinnesynet er problematisk eller ikkje. Det er merkbart meir objektiviserande språkbruk og tankar her enn det har vore i dei andre bøkene, men eg såg det i samanheng med at det knapt er kvinnelege karakterar i dei andre bøkene, medan det er flust av dei her (og alle, sidan dei er ein slags kloner av kvarandre, er svært attraktive). Eg ser for meg at Cook har tenkt på dette som eit forsøk på å vere trufast mot mentaliteten og språkbruken ein faktisk ville hatt i ein mellomaldersk og mannsdominert militærleir som plutseleg har haugar av attraktive kvinnelege fangar. Det blir imidlertid verande berre med språkbruk og fantasering -- i den grad kjønnsbasert vald og overgrep skjer er det utelukkande off screen og utført av vonde karakterar som hovudpersonane fordømmer. I tillegg er det ein av tinga det blir meir og meir av jo meir forvirra forteljaren blir, og han er sjølv ofte svært negativ til og flau over desse tankane, så eg tolka det som om det skulle vere ein av hinta på at noko tukla med hovudet hans. Det sagt så er det innimellom litt ubehageleg å lese dei objektiviserande kommentarane til andre og tankane hans (Croaker seier så vidt eg hugsar aldri nokon av tinga høgt, i motsetning til andre i kompaniet), særleg i siste tredjedel av boka, men det verka på meg om om det skulle vere poenget -- at det skulle vere nettopp litt ekkelt og feil. Kan og nemne at det alltid er i veldig generelle ordelag -- det er aldri grafiske skildringar av fantasiar, sexhandlingar eller seksualiserte kroppsdeler, i staden er det omskrivingar, slang og hinting.

Så det er kvinnesynet til karakterane i boka, som eg ville skilt frå kvinnesynet til boka, altså korleis kvinnene sjølve opptrer og er. Der føler eg (igjen med forbehald om at eg heilt sikkert har store skylapper og nok ikkje har fått med meg ytterlegare problematiske ting eller aspekt) at den er relativt grei. Det er (i Black Company-samanheng, der det sjeldan er meir enn to-tre kvinner av betydning per bok) mange kvinnelege karakterar her, og dei viser like spredte karakteristikkar som mennene. Whisper er farleg og herskesjuk, kompanisersjanten er temperamentsfull og beskyttande, ein av tenestejentene er omsorgsfull og sjenert, ei anna er nysgjerrig og frampå, gisseljentene er i stor grad føyelege og redde (som gir meining gitt situasjonen og bakgrunnen dei fleste av dei har som tempeljenter), hovudpersonen i flashbackhistoria er kynisk og tilpasningsdyktig, og den mest prominente kvinnelege karakteren er streng, kapabel og -- når ho er i godt humør, og utelukkande overfor Croaker -- flørtande. Altså (med tanke på kor mange fleire mannlige karakterar det er) ganske ulike personlegdomar, og ikkje nokon "alle kvinner er slik og slik"-aktig presentasjon av nokon av dei.

Den einaste potensielt problematiske tingen i kvinnesynet til sjølve boka er at når alle desse klona gisseljentene blir trengt saman på eit lite geografisk område, byrjar dei (på grunn av at dei er identiske og at dei alle har sterke, utrente magiske talent) påverke humøret til fyrst kvarandre i ein slags overnaturleg feedback-loop, og etter kvart heile leiren rundt dei. Sidan dei er gissel -- ikkje fordi dei er kvinner -- er denne påverkninga negativ (dei blir dystre, nedfor, nervøse, etc.), og når gissela har vore i leiren lenge nok til at menstruasjonssyklusane deira byrjar synkronisere blir det månadleg ekstra ille. Dette kan eg forstå at kan verke kvinnefiendtleg, men det slo eigentleg ikkje meg som det -- kleint, jo da, veldig, men ikkje kvinnefiendtleg. Det blir i hovudsak brukt for å få Croaker føle seg ille til mote over å måtte (så diplomatisk som mogeleg) diskutere situasjonen og forsøke finne løysingar, så i den grad nokon kjem ille ut av situasjonen er det dei utilpass mannlege karakterane (inkludert forteljaren som trass alt er lege).

Når eg tenkjer meg om etter ting no før eg skulle trykkje "Submit" sp kjem eg på ein annan ting i boka som kan tolkast som kvinnenedverdigande -- ei jente som er vekka frå dei daude svinner gradvis tilbake mot grava, og hovudbøtemiddelet dei finn er at viss ho har sex så staggar det effekten. Eg ser at det kan bli tolka som svært problematisk, men i kontekst av historia tenkte eg ikkje på det slik og følte heller ikkje det var presentert som noko kjønnsbetinga. Eg gjekk ut ifrå at tanken er at frå eit magisk standpunkt er ei livsskapande handling = livskraft, som ikkje akkurat er noko nytt Cook har funne på her, og at det difor ville fungert på akkurat same måte viss den udøde var mann.

Men igjen, berre fordi eg ikkje såg desse tinga som så veldig problematisk tyder ikkje at det ikkje kan vere det, så viss ryktet er at boka er kvinnefiendtleg så er eg tilbøyeleg til å tru at det berre er eg som er for naiv eller priviligert til å sjå problemaspekta. Og frå eit reint underhaldningsmessig perspektiv så var eg som lesar absolutt på mitt minst underhaldne og mest ukomfortable i mange av tinga nemnt over. Heldigvis er dei ein relativt liten del av boka, sjølv om det er mykje samanlikna med dei andre bøkene i serien.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3137
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Black Company

Post by Loki »

Då har eg lese ferdig heile bokserien (vel, utom ein underserie på fem noveller som diverre ikkje finst i ei hendig samling, i alle fall ikkje førebels), og eg er godt nøgd. Eg likte nok den opphavlege trilogien og spin-off-romanen Silver Spike hakket betre enn mega-eposet dei siste seks bøkene saman utgjer, men dei var absolutt lesverdige og eg koste meg mykje òg med desse seinare voluma. Det er ein del litt spesielle dramaturgiske val her og der, men eg kunne vanlegvis sjå kvifor dei var gjort slik, sjølv om eg ikkje naudsynlegvis alltid tykte det var den beste måten å gjere det på. Det er kanskje ekstra i tankane mine no sidan særleg siste boka gjer ein del uventa ting, som til dømes å gjere det av med sentrale karakterar (i alle kategoriar; protagonistar, støttespelarar og antagonistar) 'off screen', i eit forsøk på å gjenskape korleis ein i krig brått og uventa blir fortalt at folk ein har kjent i årevis er borte, og det er det. Dette tykte eg fungerte betre for somme karakterar enn andre.

Uansett ei flott leseoppleving som i mine augo tydeleg fortener den svært innflytelsesrike posisjonen seinare forfattarar i sjangeren ofte har tilskreve den. Den på papiret småsprø kombinasjonen av mektige, ufattelege fantasyelement og kynisk, kvasirealistisk kvardagsskildring av soldatteneste fungerer svært bra, for meg i alle fall. Eg liker òg den (med nokre få og relativt små unntak) trufaste bruken av reint fyrstepersonsperspektiv nedskreve i ettertid (skjønt ein får sjeldan vite før langt ut i bøkene om eit gitt kapittel er skreve ned same kveld som ting skjedde, eller fritt etter hugsa eit par år seinare), og effekten det får i seinare bøker når det ofte endrar seg frå bok til bok kven som har forteljarrolla.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Post Reply