Kinotråden

For deg som har noe annet på hjertet

Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren

Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3137
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Kinotråden

Post by Loki »

Vurderte å sjå The Unbearable Burden of Massive Talent denne veka -- konseptet med filmen er ein utruleg freistande type heilskrudd -- men sofaen vart for freistande. Neste veke er eg opptatt, og reknar med filmen som non-franchise-konsept neppe har anstendige visningstider lenger veka etter det igjen. Akk, ja. Får sjå den heime, med tid og stunder. I sofaen.

Dette har vore ei ikkje-oppdaterande oppdatering.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 907
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Kinotråden

Post by Asphyxiate »

Ikke-oppdaterende oppdateringer er også oppdaterende!

The unbereable (...) tror jeg fint fungerer som hjemmefilm egentlig. Cage har hatt litt av en renewal de siste årene, der folk nå i større grad kanskje godtar/liker det han holder på med. Lenge har det jo vært litt sånn som Abed i Community: Hva er greia med Cage egentlig? Nå får han jo en del skryt for galskapen sin.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3137
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Kinotråden

Post by Loki »

Nicholas Cage: Good or Bad?, ja. Men filmen har jo Pascal og Harris i tillegg, og dei er begge veldig flinke, og om det er ein ting ein skulle tru Cage _må_ vere god til, så er det vel å spele ein overdreven versjon av seg sjølv ...

Og absolutt einig i at den nok fungerer fint som heimefilm. Spørsmålet er vel heller om eg moralsk sett kan forsvare å alltid ende opp med å sjå den typen mindre, ikkje-franchisebaserte filmar heime og dermed straffe kinoen for at dei gidd vise noko anna enn megablockbustere, sjølv når det er filmar eg strengt tatt er interessert i. (På den andre sida er billettprisane der blitt heilt hinsides alt som er i nærleiken av forsvarleg, så kanskje eg ikkje har noko ansvar for å belønne dei likevel.)
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3137
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Kinotråden

Post by Loki »

Ikkje på kino, men kan straumast på Apple TV og kjøpast på blu-ray: Cartoon Saloon sin nyaste animasjonsfilm, Wolfwalkers, er akkurat like nydeleg å sjå på som dei tidlegare, og har fleire hakk betre tempo (eg tykte Secret of the Kells og Song of the Sea begge var litt treige), så storkoste meg med den og tilrår den varmt for alle som liker familiefilm-fantasy og vakker animering.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Post Reply