Skatter frå Free Comic Book Day

Diskuter andre bøker dere leser

Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren, Loki

Post Reply
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3167
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Skatter frå Free Comic Book Day

Post by Loki »

Fyrste laurdag i mai er det Free Comic Book Day, der teikneseriesjapper verda rundt deler ut (stort sett amerikanske, sidan det er eit amerikansk fenomen) gratisteikneseriar. Og etter årets slo det meg at det kunne vere verdt å dele eitt og anna høgdepunkt eg har snubla over der opp gjennom åra.

Så klart, når ein får ein dunge kjente og ukjente teikneserietitlar i nevane, så er det mykje som er ræl, mykje som sikkert er bra men absolutt ikkje er min type ting, mykje som er heilt greitt men ingenting spesielt, og mykje som er så forkorta sniktittar at det er umogeleg å gjere seg opp ei meining. I år var forresten særleg Bloodborne-teikneserien i sistnemnte kategori for meg. Nydelege teikningar og relativt spanande premiss (eg kjenner ikkje noko til videospela det er basert på), men kven kan vel kjenne seg sikker eine vegen eller andre etter knappe fem sider?

Men av og til snublar ein over noko som verkar skikkeleg bra. Om det faktisk er det må ein jo ta sjansen på å bestille hovudserien før ein kan vite sikkert, men vanlegvis er det ein grunn viss noko verkeleg fangar merksemda og fantasien. I år var det Barbaric eg likte best, og skjønt ikkje fullt på nivå med dei frå tidlegare år eg skal skildre under, så var den likevel noko som gav meirsmak: Sword & sorcery-teikneserie om ein Conan-aktig barbarkrigar forheksa til å måtte verne dei uskuldige og straffe dei vonde (når han har null interesse av noko av det), og med ei tenkande, talande og blodtørstig øks som tek rolla som Timmy Gresshoppe på skuldra hans. Viss nokon skulle ha høyrt litt om (eller endå betre, lese) den, set eg pris på å høyre om fyrsteinntrykket er rett og dette er noko som fortener eit kjøp ein gong i tida.

Dei tre frå tidlegare år eg vil nemne i sær er fyrst Nate Cosby sin Cow Boy, som eg oppdaga ved Free Comic Book Day i 2012, for heile ti år sidan. No skal det seiast at her viste det seg at serien frå Free Comic Book Day-bladet var skreven eins ærend og ikkje med i samlinga, og til alt overmål min absolutte favoritt mellom alle Cow Boy-seriane. Men likevel var det morosam og spanande lesning, ein underleg blanding av absurdisme (ein liten gutunge som reiser gjennom ville vesten på blodseriøs jakt etter hamn) og ektefølt patos.
Image

Dernest, frå 2018, Stephan Franck sin Silver. Fire teikneseriebøker i svart/kvitt (skjønt ser ut som om det kjem ei samling med alle fire i eitt bind no i år) som omhandlar ei gruppe svindlarar på 1930-talet som vil stele frå ingen ringare enn grev Dracula.
Image

Og til slutt, den som eg sjølv ikkje har somla meg til å kjøpe, men som eg framleis klør i fingrane etter å få tak i, fjorårets Stray Dogs frå Tony Fleecs og Trish Forstner. Her er det full disney-stil på teikneseriane, noko som gjer det svært, svært grufulle underliggande mysteriet som ein gradvis blir presentert for desto meir uhyggeleg. Stort meir kan eg ikkje sei utan å undergrave den. Eg er forferdeleg spent på om hovudverket er like slåande som Free Comic Book Day-bladet gav inntrykk av. Viss nokon har lese den, så ikkje spoil noko! Utom om den er så verdt å kjøpe som eg trur den er.
Image
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 928
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Skatter frå Free Comic Book Day

Post by Asphyxiate »

Spennende! Hvordan fungerer det sånn egentlig? Bestiller du noe bevisst fra noen butikker, eller får du bare tilsendt? Kjenner jo til fenomenet, slik som med Record Store Day, men ikke benyttet meg av det selv.

The Barbaric har jeg faktisk sett litt på selv. Var innom hjemmesiden til Vault Comics for en stund siden og mener at The Barbaric var på forsiden til Outland en gang også...
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3167
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Skatter frå Free Comic Book Day

Post by Loki »

Ingen av delene. På fyrste laurdag i mai har dei berre eit par-tre bord i butikken med bunkar av gratisblada dei har fått inn liggjande, som ein kan forsyne seg fritt av. Hjå Outland Bergen, i alle fall, ligg det dessutan vanlegvis att restar i nokre dagar etter på òg, av dei mindre populære titlane. Outland gir i tillegg eit prosentavslag på alle teikneseriar dei sel den dagen, trur det gjeld både nettbutikken og i dei fysiske butikkane -- 20 %, om eg ikkje hugsar feil -- så om det er noko ein har vore meint å kjøpe uansett er det ein finfin dag å gjere det på.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 928
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Skatter frå Free Comic Book Day

Post by Asphyxiate »

Aaah, da er det vel så å si helt likt Record Store Day. Pokker at jeg ikke benytta meg av muligheten...
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3167
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Skatter frå Free Comic Book Day

Post by Loki »

Ja, det er ikkje så veldig godt publisert, føler eg. Både eg og kona prøver å hugse på det, men det skjer ofte at me gløymer det heilt. I år kom me på det på dagen, fordi eg tilfeldigvis etter frukost sjekka Twitter (noko eg vanlegvis gjer kanskje to gonger i veka maks) og såg ein tweet om eit eller anna gratisblad frå ein eller anna amerikanar eg følgjer. Elles ville det gått oss hus forbi. :/
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Post Reply