Hva leser du for tiden? II

Diskuter andre bøker dere leser

Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren, Loki

Deschain
Sauegjeter
Sauegjeter
Posts: 23
Joined: Thu Apr 25, 2019 18:10

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Deschain »

Ouffff… Spørs hvor godt kommer til å like dem utover, men kan være jeg rett og slett bare kommer til å fokusere på de 10 bøkene i hovedserien. Per nå går det ganske fort fremover. Fått frest gjennom 100 nye sider idag. Overraskende god driv mtp hvor mye kritikk førsteboka har fått på diverse forum.
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3167
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Jau, eg minnest at eg ikkje var veldig imponert over fyrsteboka sjølv, sjølv om eg likte den langt betre mot slutten, men at det var seinare bøker som verkeleg vann meg over. Men det hadde mykje med at eg sleit med å setje meg inn i verda og karakterane sidan alt var så in medias res og så lite blir forklart. Håpar at eg med meir kjennskap til ting vil få meir ut av den neste gong.

Når det gjeld spinoffane, jepp, kan nok bli langt mindre skremmande viss du fokuserer kun på hovudserien. Det meste av det er jo uansett ganske lite relatert, med unntak av Esslemont-bøkene. Flesteparten av bøkene hans fokuserar som nemnt på ting som skjer parallelt med hovudhistoria, men som du lett kan unnvere. Den andre er ein pågåande prequelserie som eg trur (i alle fall delvis) omhandlar grunnlegginga av imperiet, og dermed (gissar eg) karakterane Kellanved og Dancer. Så vil tru at i begge tilfelle er det ting du lett framleis kan få fullt utbytte av å lese etterpå viss du framleis har meirsmak.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 928
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Tror nok også at man fint kan gå for hovedserien til Erikson, så spe på med Esslemont, før man begynner på de andre seriene til Erikson i samme univers - og evt. korthistoriene.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3167
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Då var bok 3 av Temeraire-serien, Black Powder War, ferdiglesen! Dette er altså ein alternativ historie-romanserie om napoleonskrigane i ei verd mykje som vår, bortsett frå at drakar er verkelege og luftstyrkar dermed ein essensiell del av all krigføring gjennom historia. Kan rapportere at Novik fortset med å vere flink til det eg likte i bok 1 (det genuine og hjartevarmande forhaldet mellom kaptein Will Laurence og draken hans, periodeframstillinga, kjapt og engasjerande tempo), medan ho for kvar bok blir betre og betre på å minimere det eg ser som hennar største svakheit, nemleg at alle problem ordnar seg til slutt, utan av hovudpersonane må gi opp noko eller gjere noko anna enn dei nok ville gjort uansett. I bok 1 skjedde dette stadig, om igjen og om igjen. I bok 2 skjedde det langt sjeldnare, men 'hovudresolusjonen' i finalen baserte seg tungt på eit slikt hendig tilfelle. I bok 3 skjer det berre ei handfull gonger, og kvar gong er det i det minste lagt inn hint til at det kan skje tidlegare i boka, og karakterane sjølve har (om enn uintensjonelt) vore med på å få det til å skje. Det kan dermed verke på meg som om Novik er noko så sjeldan som ein forfattar som blir oppmerksam på sine eigne svake punkter og aktivt betrar seg på dei frå bok til bok.
Bøkene er litt for lettfattlege og enkle for meg til at eg vil lese haugar på rekkje og rad, men eg tykkjer dette er finfine saker lell, så har lagt ein vag plan om å kjøpe eit nytt bind per år, og lese resten av Temeraire litt etter litt. Det verkar det som om den vil vere vel verdt.

I mellomtida har eg òg lese Grant Morrisons teikneserieroman Happy!, der ein alkoholisert og avdanka ekspolitimann som no livnærerer seg som leigemordar, ein dag byrjar sjå (eller hallusinere?) ein blå flygande teikneseriehest som oppfører seg og snakkar som nokon frå Looney Tunes, og som insisterer på at han er fantasivenen til ei lita jente som er bortført, og berre dette vraket av ein mann kan hjelpe ho. Serien er nok ein av Morrison teikneseriar der han viser ein uforklarleg evne til å kombinere mørk, ofte horribel og valdeleg tematikk med ting som tradisjonelt er fargerike og barnevennlege. Det fungerer ikkje alltid like bra, men det fungerer alltid betre enn ein skulle tru. Tidlegare har eg lese Batman-seriar av han der han i fullt alvor hentar fram element og karakterar frå 1960-talls 'pow!' og 'holy batarangs, Batman' som seinare, mørkare Batman-seriar for lengst har forsøkt late som aldri eksisterte, og bruker dei i moderne, grimme historiar som om dette var heilt vanleg. I 'All-Star Superman' gjer han noko liknande med Superman, eit tobindsverk mange fans av karakteren ser på som ein av dei definitive tolkningane. Eg har lese Klaus, ein slags 'kva om julenissen var ein Conan Barbaren-aktig type'-serie. Eg har lese nydelege 'We3', ein hårreisande teikneserieroman om tre søte dyr (kanin, hund, katt) som er blitt eksperimentert på og gjort til drapscyborgar -- av alt eg nemner i denne posten, det eg kan tilrå mest og varmast.

Men for å komme tilbake til Happy! -- den er finfin nok, ei spanande og effektiv forteljing med eit snålt premiss, 'heilt grei' er vel inntrykket eg fekk. Så den bleiknar i forhold til den fantastiske Syfy-serien som vart basert på den, der det brutale er meir brutalt, det heilsprø er meir heilsprø og både politimannen og den flygande fantasivenen er langt meir sjarmerande. Eg las teikneserien mest fordi eg likte adapsjonen så godt at eg ville vite kva den kom frå -- og den var overraskande tru til kjeldematerialet, med tanke på kor grundig den forbetra det. Så viss dette høyrest interessant ut, men leselista er for lang: Sjå heller fjernsynsserien.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 928
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Tv-serie-versjonen av Happy! har jeg sett. Synd det ikke ble mer enn to sesonger, for det var artige saker!
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3167
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Ja, det var ei brutal -- om enn venta, eg har aldri undersøkt men nektar å tru at det var ein serie med brei masseappell -- kansellering! Viss du har sett heile serien kan det vere av interesse å vite at sesong 1 er forbløffande nærliggjande teikneserien, særleg pilotepisoden, på historiefronten. Men karakteren Happy -- sjølv om han ser identisk ut i teikneserien -- er heilt annleis. I teikneserien er han meir slik ein karakter som Nick ville venta at ein teiknefilmkarakter skal oppføre seg: ein slags distansert Snurre Sprett-figur, som ikkje let seg affisere av vald, juks og synd rundt seg, og eigentleg gir blaffen i det meste utom å få redda barnet. Å gjere han til ein barnleg, naiv og nervøs barne-tv-karakter i fjernsynsserien gjer det rett nok litt mindre sannsynleg at Nick berre hallusinerer han -- det verkar langt meir som noko Nick undermedvitent kunne fantasert opp i originalversjonen, spør du meg -- men det er til gjengjeld ein langt meir interessant og frukbar dynamikk mellom hovudpersonane som resultat. For ikkje å snakke om meir komikk å hente.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 928
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Christopher Meloni gjør en knallgod Nick i hvert fall. Selv om han har et kjent ansikt, har jeg ikke sett han i så mye annet enn i Law and Order, der han jo spiller noe helt annet, og i Wet Hot Summer (film+tvserie). Selv om han ikke bare bør spille roller der han er bortimot klin gæren, er han utrolig flink til det!
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3167
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Meloni er ein av favorittkarakterane mine i HBOs klassiske fengselsdrama Oz (og det seier ein del, der må ein jamnleg konkurrere mot skodespelarar som Dean Winters, Mark Margolis, Eamonn Walker og J. K. Simmons), men utover det er det stort sett små gjesterollar her og der eg òg kjenner han frå (eg har rart nok aldri sett noko av Law and Order). Åh, og så er han recurring som stemma til ein ekstremt frynsete Jim Gordon i herlege Harley Quinn. Men kvart sekund av han i Happy! vil nok stå som ein bauta i karrieren hans for alle som har sett den, ja. Vanvittig underhaldande!

Og berre fordi me ikkje kan snakke så mykje om Happy! utan at eg kosar meg med minnet over det: åtvaringskortet før episodane i sesong 2!
Image
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Post Reply