Tanken min her er å nemne fjernsynsseriar som dei færraste har høyrt om, og forsøke tipse at dei kan vere verdt å sjekke for folk som liker premisset eller skildringa av dei. Det er jo litt gjetting kva folk har og ikkje har høyrt om, så klart, men ein tommelfingerregel er slike som vart fort kansellert og ikkje har oppnådd enorm kultstatus eller blitt så kritikerrost at dei fleste har høyrt om den trass i låge sjåartal, eller slike som er frå smale og halvobskure plattformer. Alle er ikkje for alle -- og sjølv dei som erfor deg er ikkje alle naudsynleg like bra. Somme er utdaterte, mange er kansellert utan ein skikkeleg slutt på historia, men dei er likevel alle seriar eg er glad eg gav ein sjanse til, og gjerne ser at andre prøver.
Eg har laga ei liste på 50. Sidan det vil ta aaaaaltfor lang tid å skildre alle, og fleire av dei sikkert er meir kjente enn eg innser, så attgir eg den alfabetisk, og tek avbrekk her og der for å kommentere på eit lite fåtal av dei etter magekjensla. Skrik ut om alle og einkvar av dei andre titlane på lista som måtte vekkje nysgjerrigheit, så skal eg gladeleg fortelje litt!
Altered Carbon
Another Period
Ascension
Awake
Axe Cop
Bajillion Dollar Propertie$

Ein fantastisk pseudo-improvisert komiserie (eg trur dei opererte på den måten at dei skreiv episodeplotta på førehand, men i stor grad improviserte sjølve scenane) som parodierer realityseriar om eigedomsmeklarar i California. Sidan den er såpass tung på improvisasjonen er det alltids scenar som blir litt flate eller kleine, men det er meir enn vegd opp for av det som fungerar. Særleg briljerar Paul F. Tompkins i rolla som firmapatriark og eksentrisk milliardær Dean Rosedragon i meir eller mindre kvar einaste scene han figurerer i.
Vil tilrå denne for dei som liker karakterbasert, tøysete humor, kanskje ting som Brooklyn Nine-Nine, Archer, Happy Endings, samt for folk som liker improvisasjonshumor (der eg sjølv er litt skeptisk, vanlegvis -- men her fungerte det bra).
Blunt Talk
Boss
Brockmire
Bunheads
Chance

Psykologisk thriller/drama der Hugh Laurie har hovudrolla som ein kjent psykiater som blir, halvt med vilje, trekt inn i ein av sine pasientar sitt valdelege og farlege privatliv. Kanskje litt saktegåande her og der, men eg storkoste meg med denne serien, der særleg Ethan Suplee sin rolle som hovudpersonen sin vernande engel og, kanskje, freistande anarkist-demon på skuldra, vil sitje med meg i mange, mange år.
Vil tilrå denne for dei som liker psykologiske thrillere med tungt innspel av drama, og som har ein del tålmod viss plotta i periodar tek seg god tid, kanskje ting som Damages, Dexter, Hannibal og Mr. Robot.
Chosen

Du er ein heilt vanleg person. Ein dag blir ein pen boks blir levert på døra. I den ligg eit våpen, og eit bilete av ein person du må ta livet av innan ein viss tidsfrist. For ellers ... Og dermed presto, serie. Diverre kansellert utan nokon skikkeleg slutt, men dei tre sesongane som vart laga er heseblesande, valdelege spenningsthrillerar der alle kan vere offer, og alle kan vere mordarar, og ingen andre enn dei som sender dei boksane eigentleg vil vere med på galskapen.
Vil tilrå denne for dei som har høg terskel for vald (og ikkje gladvald, her skal kvart dødsfall helst koste psykologisk for både hovudpersonar og sjåar) og liker på-stolkanten-typen konspirasjonsthrillere. Kanskje ting som 24 og filmen Taken.
Counterpart
Dirk Gently's Holistic Detective Agency
Don't Trust the B**** in Apartment 23
Easy Money
Galavant

Eit fantasyeventyr der komedien alltid sit i framsetet, men minneverdige karakterar får meg til å faktisk bry meg. Legg til at Alan Menken (komponisten bak filmmusikken til halvparten av alle disneyfilmar du kjem på) og hans ofte medsamansvorne tekstforfattar Glenn Slater står for urkomiske og ofte svært fengande songar i kvar einaste episode. Eit mirakel at dette fekk to sesongar frå 2015 til 2016, men eg har allereie sett den frå ende til ende tre gonger, og kjøpt og lytta til soundtracket sikkert hundre. Og Timothy Omundsen (som er bra i alt) gjer sitt livs rolle her.
Vil tilrå denne for dei som liker klassisk, brei fantasyhumor av typen Princess Bride og Monty Python and the Quest for the Holy Grail, samt dei som liker fengande komimusikalar med ein god porsjon familievennlege men koselege karakterar, som Crazy Ex-Girlfriend eller Disney sin film Enchanted (som òg har musikk av Menken, forresten).
Hand of God
Hard Sun
Happy!
Hunters
Imposters
Infinity Train

Barn går om bord på eit tog, eit uendeleg tog deg kvar vogn er ei ny verd med ei ny utfordring, og ein aldri (?) kjem seg av igjen. Ein sprudlande fantasirik animasjonsserie som er tidvis leiken og tøysete, tidvis kjensletung og alvorleg.
Vil tilrå denne for dei som liker seriar som i teorien er mynta på barn men i praksis er nesten like gøy for vaksne, som Avatar: The Last Airbender, Over the Garden Wall og Doctor Who.
Jekyll
Kidding
Kings

Eit drama lausleg basert på Det gamle testamentet sine historiar om kong Saul og kong David, men sett i ei alternativ, moderne røynd der eit USA-aktig land er eit kongedøme, styrt av ein mann (Ian McShane, i storform som vanleg) som er Gud sin Utvalte. Det er akkurat nok underlege ting som skjer til at ein må innrømme at Gud, eller noko liknande, faktisk eksisterer og grip inn i denne verda, men utover det er serien jordnær og prega av realpolitiske manøvrar og karakterdrama. At denne serien nokon gong fekk sjå dagens lys er uforklarleg, men du verda så glad eg er at den fekk ein sesong.
Vil tilrå denne for dei som liker maktintrigebaserte drama, gjerne med eit snev av fantasy eller science fiction, samt for alle dei som gjerne vil høyre McShane levere fantastisk, høgverdig kongsdialog. Kanskje verdt ein kikk viss du likte Tyrant, Game of Thrones, The Expanse, Political Animals, Boardwalk Empire, etc.
Mary Kills People
Ein lege i Canada tek aktiv dødshjelp svært alvorleg, i den grad at ho aktivt tilbyr det pasientar ho møter på sjukehuset der ho jobbar dersom dei har uhelbredelege tilstandar og mykje smerter. Dramaet følgjer den psykologiske byrden dette 'kallet' er, det evige spørsmålet om det er rett eller gale å gjere dette, samt, så klart, frykta for å bli ferska og arrestert.
Vil tilrå dette viss du liker moralsk gråsone-baserte karakterdrama med tidvise innslag av thriller. Kanskje du kunne tenkt deg ein Breaking Bad-vri der Walter White hadde meir forståeleg og etisk interessant motivasjon, til dømes, eller ein Homeland der Carrie ikkje forsøker å finne terroristar, men hjelpe sjuke folk til å dø på ein verdig måte.
Moonbeam City
No Activity
Powers
Primal

Ein fenomenal, og framleis pågåande, animasjonsserie frå mannen bak Samurai Jack. Her følgjer me ein steinaldermann og ein dinosaur i ei Conan Barbaren-aktig sword & sorcery-fortid, der dei i vakre og spanande episodiske eventyr fullstendig utan dialog vandrar gjennom junglar og fjell.
Kan tilrå denne viss du liker animert action, gripande sword & sorcery (eller spear & sorcery, her) og nydeleg 2D-animasjon.
Profit

Kva om Dexter ikkje var seriemordar, men vordande CEO? Kva om House of Cards' F.U. ikkje var politikar, men ein like ambisiøs og samvitslaus advokat? Profit er historia om ein skruppellaus mann (Adrian Pasdar) som vil ta over eit mektig føretak, koste kva det koste vil. Den var langt føre si tid -- ein hovudperson som ikkje var eit moralsk førebilde var omtrent uhøyrt då Profit vart laga -- og ein må finne seg i latterleg kleine CGI-bitar i enkelte datasekvensar som serieskaparane openbart trudde var svært kule. Men viss du som eg liker ein smart, sleip protagonist som ingen kan stole på, så er det mykje her å kose seg med. Og den er ein interessant bit fjernsynshistorie, då det er ganske mange store seriar som har komme i ettertid -- særleg nemnte Dexter -- som nok har profittert (heh heh) på at denne fort kansellerte radarblippen brøytte veg for dei.
Kan tilrå den viss du liker mørke drama om maktintrigene til rikingar i stramme dressar og skjørt, og elskar å heie på at ein ekling skal ta rotta på ein endå eklare ekling.
Pushing Daisies

Denne har kanskje nok kultstatus til at mange har høyrt om den, men den gjekk berre to sesongar før kanselleringa kom, så eg tek den med fordi den fortener all merksemda den kan få. Ein fargesprudlande dramady om ein pai-bakar (Lee Pace) som tilfeldigvis har evna til å vekkje dei daude til live (og så sende dei til dauden igjen) ved å røre ved dei, og ein privatdetektiv (Chi McBride) som får han til å hjelpe han med å løyse saker, ved å intervjue offera direkte. Alt med ei Hitchhiker's Guide to the Galaxy-aktig forteljarstemme når ein treng det.
Kan tilrå denne viss du liker filmane Amélie (som, særleg visuelt, er ein openbar inspirasjon her) og The Fall, eller seriar med sans for både whimsy og eventyr, som A Series of Unfortunate Events og The Mysterious Benedict Society.
Rubicon
Sense8
Sneaky Pete
StartUp
Studio 60 on the Sunset Strip
Suit Up

Kanskje den mest obskure tingen på ei liste obskure ting! Eg er stor tilhenger av skodespelar/improvisatør Marc Evan Jackson, i sær på grunn av hans fantastiske komiske levering som tittelkarakteren i 'Sparks Nevada, Marshal on Mars', ein John Carter-aktig underserie i podcasten The Thrilling Adventure Hour. Suit Up handlar om ein krisekonsulent, ein ekspert på å fikse firma i trøbbel, ein reddande engel som ein hyrer inn og får ting på rett kjøl igjen. Som blir hyra av eit college der fotballaget til skulen har gått på ein diger smell. Han kan ingenting om sport, og har ingenting til overs for studentane heller, men det blir drama, intriger og koseleg tining av ishjartet hans etter kvart som det å redde denne skulen blir meir og meir personleg for han. To sesongar, med kvar si fullførte historieline.
Kan tilrå Suit Up til folk som liker dramadies med mykje spenning og humor, hjartevarmande historiar om vidt forskjellige folk som går gjennom ting saman og finn ut at dei eigentleg liker kvarandre ganske så godt, og at historiar om sport har minst mogeleg sport.
Teenage Bounty Hunters

Ein nydeleg serie om tveegga tvillingsystre i high school-alder som bestemmer seg for å byrje med dusørjakt på si. Koseleg, hjartevarmande og spennande, og til mi sorg, superkansellert.
Kan tilrå Teenage Bounty Hunters viss du liker ting om handlekraftige tenåringsjenter med god sans for humor, som Buffy the Vampire Slayer eller Veronica Mars.
Terriers
The Bastard Executioner
The End of the F***ing World
The Hour
The Looney Tunes Show

Looney Tunes ... som sitcom. Pussig idé, men det fungerte veldig bra, takka vere godt grep om karakterane og fin sans for humor. Og bonuspoeng for Kristen Wiigs Lola Bunny, ein heilsprø ny versjon av den personlegheitslause Space Jam-karakteren som stel dei fleste scenane ho er med i.
Usikker på kven som er i demografien her, eigentleg, men viss Snurre Sprett og Daffy Duck i ein Modern Family-esque serie let interessant er den godt verd ein titt!
The Wrong Mans
TURN: Washington's Spies
Utopia
Wonderfalls
You, Me and the Apocalypse
Folk som faktisk leste heilt til slutten av denne lista, oi, tusen takk for interessa! Viss du vil vite meir om ein av desse, eller endå betre, du har ein tittel eller to av denne typen du sjølv kunne tenkje deg å dele, så gi lyd!