TV-serier, sesong II

For deg som har noe annet på hjertet

Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren

Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 934
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Loki wrote: Tue Jun 07, 2022 15:51 Ditto. Og det seier sitt. BB er ekstremt god. Vel, fyrstesesongen til sides. Har sett hundrevis på hundrevis av fjernsynsseriar, er kanskje eit knapt dusin dramaseriar som eg føler oppriktig fortener å nemnast i same andredraget som BB.
Nå ble jeg spent på hvilke du i så fall vil nevne i samme åndedrag. Etter to sekunders betenkningstid vil jeg trekke fram The Wire, The Sopranos, Band of Brothers og.... sikkert mange, men det var de tre som kom først.
Scenar som er sakte av stemnings- og spenningsbyggande thrillersekvensar i begge seriar til sides:
Sakte, treige bitar av BB tenderer til å tyde lange scenar om Walts eller Jesses sinnstilstand, eller -- verre -- om Walt, kona og sonen sitt kjedelege heimeliv. Sakte bitar av BCS tenderer derimot til å tyde mystiske trinn-for-trinn i eit svindelforsøk sjåaren framleis ikkje forstår mål og meining med, eller Mike som stirer kameraet i senk. Og Jimmy har ikkje barn, og kona er like interessant som han sjølv er. Så etter min smak kan BCS vere så treig den berre vil. :lol:
Her er jeg veldig enig.
Ser at folk på nettet går ut ifrå at ein av younglingsane i den uforklarte prologscenen vil vise seg å vere Reva (og at det er difor ho nærer så sterkt hat mot ein av rådsmedlemmene som er ansvarleg for at alt gjekk til pises), og det gir meining for meg. Forhåpentlegvis får dei skvisa litt meir meining og djupn inn i karakteren når dei ein gong knyter det saman. Grand Inquisitor er vel kanskje litt meiningslaus når dei likevel har Vader springande rundt som skummel sjefsfigur, så veit ikkje om eg ventar meg så mykje meir enn ein liten stinger om at han ikkje er daud likevel, der ... Men viss han faktisk får dukke opp og drepe Reva blir i alle fall alle dei sutrande fanboysa glade, skulle ein tru. :roll: (Ikkje for det. Det kan jo vere ein kul scene, det, viss dei gjer den rett. Men førebels ville det faktisk vore meir tilfredsstillande om Kenobi eller Fifth Brother får ta knekken på ho, spør du meg. Viss ho då døyr i det heile, så klart.)
Siden Grand Inquisitor er en del av Rebels serien, vil vel han på en eller annen måte overleve, men også usikker på om vi trenger at han kommer tilbake som en sentral figur i akkurat Obi-Wan Kenobi!
Apropos Bob Odenkirk, eg byrja på sesong 2 av Undone i helga, ein snurrig mocap/rotoscope-animert serie der Odenkirk spelar den daude faren til ei ung kvinne som enten har ein arveleg sinnssjukdom eller, kanskje, kanskje, kan reise i tid. Den er ganske ålreit, når ein venjer seg til den spesielle utsjånaden og det litt saktegående tempoet. Rosa Salazar (som eg forresten kjenner som tittelfiguren i den -- i mine augo -- undervurderte Alita: Battle Angel-filmen) er ganske sjarmerande som hovudpersonen, og Odenkirk er jo alltid bra.
Den har gått meg hus forbi! Takk for tips!

Ikke at jeg trenger enda flere serier. Pokker altså, føler at jeg sier det hele tiden. Det går jo ikke en uke nesten uten at en ny serie kommer eller en gammel serie kommer med ny sesong, eller en skjult perle blir anbefalt.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3177
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Å kalle Undone ei perle er sikkert litt i overkant sjenerøst, men viss den er di type greie var sesong 1 ganske god! Er berre to episodar inn i sesong 2 så langt, så litt tidleg å sei noko om den.
Asphyxiate wrote: Tue Jun 07, 2022 17:52
Loki wrote: Tue Jun 07, 2022 15:51 Ditto. Og det seier sitt. BB er ekstremt god. Vel, fyrstesesongen til sides. Har sett hundrevis på hundrevis av fjernsynsseriar, er kanskje eit knapt dusin dramaseriar som eg føler oppriktig fortener å nemnast i same andredraget som BB.
Nå ble jeg spent på hvilke du i så fall vil nevne i samme åndedrag. Etter to sekunders betenkningstid vil jeg trekke fram The Wire, The Sopranos, Band of Brothers og.... sikkert mange, men det var de tre som kom først.
Uff, no har eg rota meg ut på viddene, har eg ikkje ... :lol: Vel, Band of Brothers er lett innafor, den er fantastisk. Den er rett nok ein miniserie, då, så eg ville neppe tenkt på å nemne den sjølv, men når du fyrst har gjort det så kan eg ikkje krangle på inklusjonen. Dei andre to: The Wire, absolutt -- eg liker nok både BB og BCS betre personleg, dei treffer smakslaukane mine betre, men i den grad ein kan forsøke vere objektiv om sånt er The Wire heilt på høgde i mine augo. Sopranos, derimot, nja. Ikkje eigentleg. Den er kjempebra, for all del, men den lider nok litt av at den kom 'fyrst' av dei store, seriøse prestisjeseriane, og at eg føler det meste den gjer bra er gjort betre av andre seinare (om enn ikkje i same kombinasjon). I tillegg tykkjer eg den er tidvis ganske så treig. Eg personleg føler at av HBO sine store ur-krimdrama frå daggryet av moderne prestisjefjernsyn er Oz urettvist oversett til fordel for dei (seinare!) Sopranos og The Wire, og vil sei eg personleg liker den betre enn begge, sjølv om den ikkje er like polert og glatt i kantane. Særleg om ein kan oversjå dei daterte artsy forteljar-innslaga som særleg tidlege sesongar er belemra med.

Så då har me altså Band of Brothers, The Wire, Oz. Då manglar eg cirka ni, og som eg no har etablert eg alle må like betre enn Sopranos (!) ... OK, dei fyrste eg kjem på som eg instinktivt føler burde nemnast:
Deadwood, Firefly, Mr. Inbetween, Fargo, The Expanse. Då manglar eg fire. Eg er usikker på kor langt eg skal strekke drama-definisjonen -- om eg inkluderer dramadies og den slags er The Marvelous Mrs. Maisel og sannsynlegvis Barry òg med på lista, men det er kanskje ikkje heilt rettferdig. Det er òg vrient at ein del seriar er ujamne, der dei beste sesongane følest verdige, men heilskapen kanskje ikkje -- noko som er urettferdig når ufullførte seriar som Deadwood og Firefly får vere med berre fordi dei vandra heden før dei fekk tid til å bli svakare. Det er vanskeleg å samanlikne stort sett fantastiske, men langvarige og dermed varierande seriar som Sons of Anarchy, The Shield, Game of Thrones, Daredevil, Battlestar Galactica, The Man in the High Castle, Damages, Sherlock, Luther, The Americans, Justified, Veronica Mars og West Wing med korte blaff som Rome, Kings, Rubicon, Carnivale, Studio 60 on the Sunset Strip, Hand of God og Counterpart. Men det i seg sjølv er jo eit signal om at eg kanskje allereie er byrja gå ned på eit nivå som, om aldri så høgt, er lågare enn BCS og BB, og kanskje meir som The Boys og Sopranos ...

Vel, her er eit forsøk på fjorten (BCS+BB+12), tatt på gef'ühlen og rangert på magekjensla og utan å ha sett dei fleste av dei omatt eller på mange år, så ikkje hald meg til det. Og med atterhald om at eg ikkje har så god hugs og sikkert rett og slett ikkje kjem på mange av dei aller beste i skrivande stund, samt at komidrama og meir lettfattlege actionseriar og den slags er ekskludert:

Deadwood
Better Call Saul
Fargo
Breaking Bad
Band of Brothers
Firefly
The Expanse
Sons of Anarchy
Mr. Inbetween
The West Wing
Oz
Rome
Battlestar Galactica
The Wire

Men hadde eg laga ei liknande liste ved påsketider eller spør du meg igjen i august, så skal eg vedde på at halve lista ville blitt annleis! Og hadde Game of Thrones blitt kansellert uferdig omtrent då dei tok att bøkene hadde nok den trykt seg inn rundt der The Expanse står.

Ei siste unaudsynt klargjering -- denne lista har nok mykje overlapp med ei eventuell favorittliste over dramaseriar, men sidan poenget i konteksten vår her var å finne seriar eg følte pseudo-objektivt kunne fortene å samanliknast med BCS/BB, så har eg forsøkt å tenkje så mykje som eg kan utan personlege sjangerpreferansar, pet peeves, nostalgisk tilknyting og den slags med i rekneskapet. Sjølvsagt eit daudfødt forsøk, smaken min er retningsgivande for heile øvinga, men det endrar ikkje at det ville vore ei ganske annleis liste om eg hadde laga ei reint subjektivt favorittliste her.

Takk som spør. Det er gøy -- om aldri så frustrerande -- å lage lister.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 934
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Haha, det var et langt mer utfyllende svar enn jeg forventet. Bra jobbet. Helt enig i at slike lister er vanskelige - men også gøy å tenke igjennom her. Her forstår jeg at du holder deg til dramasjangeren, som jo er ganske bred, så spennende å vite om det hadde vært andre valg hvis det var mulig å hente inn fra alle sjangere, altså en skikkelig "best of"-liste.

Jeg er for øvrig veldig enig i alle valg og meninger her. Mange gode valg, selv om jeg ikke kan sette The Expanse på min liste pga. jeg ikke har sett hele serien ennå. Gøy å se Mr. Inbetween på lista, den har vi jo begge ytret begeistring om tidligere. Også enig i at man bør vente litt på Barry, og egentlig også Better Call Saul - de kan jo virkelig drite seg ut i avslutningen på begge serier. The Sopranos har nok jeg på min liste. En personlig favoritt som BoJack Horseman ville jeg også hatt på min liste.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3177
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Viss du fekk noko ut av vaset mitt, så var det vel verdt å lage den! :D

BoJack er litt som The Wire for meg -- utsøkt godt laga, men i tone og fokus akkurat nokre små hakk nok til sida for mine personlege preferanser, så dermed tenkjer eg ikkje naudsynleg over den når eg skal setje meg ned og lage ei liste som denne. Eg utelatte forresten animerte seriar òg, her, litt umedvitent, fordi eg tykte det ville vere vanskeleg å samanlikne ein del av dei med filma drama. (Ville vore freista til å ta med Animals of Farthing Wood viss eg skulle inkludert slike ... Dyreskogen sette sine spor djupt i meg i barndommen!)

Sopranos føler eg er litt som Babylon 5 (men i langt mindre grad, altså), og med det meiner eg at den i ettertid er eit offer for sin eigen suksess. Seinare seriar er så tungt inspirert av den, at dei har forsøkt å gjere dei same tinga, men sidan dei har Sopranos som døme å rette seg etter, gjer dei det for meg like bra eller til og med betre, Den særeigne kombinasjonen av element Sopranos gjorde så bra er ikkje fullt så særeigen lenger, og i den grad den framleis skil seg ut er ikkje serien heilt for meg (litt som BoJack og The Wire). Den er litt for saktegåande, litt for fokusert på Tony sitt indre sjeleliv og litt for lite på realpolitikken i kriminalmiljøet rundt han, til å vere heilt midt i blinken etter min smak. Framleis kjempegod, framleis meir enn god nok til at det kjem over den magiske lista der ting ikkje treng vere heilt mi greie for at eg skal like det fordi det simpelthen er så bra, men når eg tenkjer på kremen av kremen blir små personlege preferansar plutseleg nok til å skape eit hav av forskjell.

Expanse er jo forresten berre ferdig fordi Amazon kansellerte den -- dei har fleire bøker att som ikkje er adaptert, så sjølv om dei gjorde ein grei jobb med å gi litt finalekjensle over siste episoden er det openbart mange plott-trådar som ikkje er skikkeleg fullendte. Så kanskje ikkje forvent deg at det å fullføre siste sesong vil gi deg eit spesielt annleis inntrykk av den berre fordi det er siste sesong.

Det artige (og litt farlege) med å lage lister som denne, er at så mange seriar slår meg som ikkje over fjøla naudsynleg kvalifiserer til ei slik topp 12, men som på enkeltområde ville briljert. Til dømes er det eit lite tal elles svært ulike seriar som skriv dialog med ein lyrisk, nesten utomverdsleg kvalitet ved seg, enten det er snakk om vidd, syntaks, vokabular, idiolekt eller kva det måtte vere, og slike gjer ofte eit stort inntrykk på meg og aukar sjåverdien svært mykje. Eller det er seriar som er særskild gode på å lage enkeltståande episodar som verkeleg overgår standarden i sjangeren med 'plot of the week' og i staden følest som eigne små filmar, men der til gjengjeld dei lange, sesongstore plotta kanskje ikkje heilt er på line med seriar som ikkje bryr seg med enkeltepisodehistorie-formatet i det heile. Eller seriar som er særeigent gode på å kombinere komedie og tragedie i éin og same scene, eller til og med same replikk eller augneblink. Og så vidare. Berre ved å gi desse hypotetiske døma byrjar bakhovudet å liste 'åh, denne burde eg nemne!' -- byrjar eg fyrst blir det fort på timesvis med grubling og listing av sånt. :D
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 934
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Så sant, så sant. Lurer feks på om The Underground Railroad og andre serier vil komme på liste på sikt når jeg får den på litt mer avstand.

Ser for øvrig hva du mener med Sopranos og det kan hende den sitter mer hos meg da det var den første "skikkelige" serien jeg så i min tid - før The Wire feks. Og da sitter den fortsatt. Hva et eventuelt gjensyn hadde gjort med serien, aner jeg ikke og jeg vil ikke utfordre det heller!

Førsteinntrykk av Ms. Marvel: Koselig, sjarmerende serie. Kan bli veldig fint framover.

Obi-Wan Kenobi e4: Helt åkei, men ikke egentlig ikke så mye mer. Reva løst hakket bedre og Leia likeså - her fungerte begge bedre. Obi-Wan begynner å finne tilbake til gamle (jedi-)kunstner. Samtidig virker episoden, som tross alt er nr. 4 av 6, som en liten mellomepisode.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3177
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Har lagt Underground Railroad i lista mi no! Ikkje at det naudsynleg tyder så mykje, den lista er lengre enn eit vondt år, men er den ikkje der blir det i alle fall gløymt!

Har sett Sopranos to gonger. Fyrste gongen var då eg for vel halvanna tiår sidan gradvis gjekk frå å vere engasjert i enkelte bestemte fjernsynsseriar til å bli engasjert i fjernsynsseriar generelt, og Sopranos sjølvsagt stod øvst på dei fleste lister. Eg såg den imidlertid etter dei som tiltalte meg meir på premissnivå -- Rome, Dexter, Battlestar Galactica, Deadwood, Carnivale -- og dessutan etter The Wire, så den hadde allereie hakket mindre stråleglans sidan den ikkje var det fyrste store seriøse kabelfjernsyn-dramaet for meg. Andre gongen var då eg gjensåg den med kona (som aldri hadde sett den) for, hm, sikkert fire år eller så sidan. Ho var ikkje superimponert* (ho er rett nok langt meir selektiv enn meg i smaken, og verken terapidrama eller mafiadrama er heilt hennar greie på papiret), og eg fekk bekrefta det vage minnet om at eg liker den men ikkje elsker den. Den er dessutan mellom få seriar på det nivået som eg bevisst ikkje har kjøpt på DVD eller Blu-Ray, så tviler på at det blir ein gong nummer tre nokon gong. Men eg er investert nok til å følgje med når det kjem prequelfilmar, då, og såg Many Saints of Newark!

*Det sagt så refererer ho framleis flittig og ofte til Paulie sin bakteriefobi, spesifikt om å ikkje ta i skolisser, så noko gjorde i alle fall inntrykk!

Ms. Marvel er kanskje den Marvel-serien utom What if eg har hatt lågast forventningar til. Ikkje fordi eg var redd den ville vere dårleg, men fordi eg var redd den ville vere veldig mynta på langt yngre sjåarar og vere litt uoriginal og sett-det-før. Og piloten var omtrent akkurat det eg venta meg. Nokre artige replikkar, nokre finfine augneblinkar, men heile pakken kjennest som ein serie samansydde klisjear (overkontrollerande gamaldags mor med elendige kommunikasjonsevner, sjekk, velmeinande og frustrert tenåring som eigentleg berre er opprørsk i kontekst av nettopp ein slik foreldrefigur, sjekk, elskeleg og tannlaus tøffelhelt-far, sjekk, irriterande men eigentleg ganske grei eldre sysken, sjekk, sosiale problem på skulen, sjekk, superlojal bestevenn som verkar hundre gonger meir interessant enn hovudpersonen, sjekk, og så bortetter, og så bortetter). Men no er jo alle klisjeane etablert, så håpar dei vidare i sesongen kan ta det i litt meir interessante retningar sjølv for ein kar som nærmar seg førti og var lei high school drama-sjangeren før eg sjølv var fylt tretten. For, for all del, Feige er for kompetent til at dette ikkje hadde sjarm å bygge på. Men etter nokre friske pust på filmfronten følest dette litt som eit steg tilbake til den gamle tralten av ufarleg MSCU-sameness. For meg. Og eg er jo uansett ikkje demografien her, så eg skal gjerne pliktsjå gjennom ein anonym miniserie av kontinuitetsomsyn dersom dette er noko nokre yngre sjåarar der ute kan leggje sin elsk på. Kunne berre tenkt meg at det var litt meir fres og originalitet lagt ned i det. Kryssar fingrane for at det kjem!

Kenobi 4 var altfor kort. Litt sett-dette-før-vibber her òg (om enn i mindre grad enn Ms. Marvel). Eg likte forhøyrsscenane veldig godt for Reva, ho kom seg nokre hakk her (slik eg forstår deg til at du òg tykte), men liiiitt meir usikker på Leia. Ho er framleis fantastisk, og eg elska alle gongene ho fekk vere smartast i rommet, men det er intelligensmessig. Kjenslemessig byrjar det då torturen er eit faktum bli litt kleint kor mykje ein tiåring skal halde ut med utan å bryte saman og -- særleg -- kor mykje av 'A New Hope' ein skal førespegle. (Der blir ho rett nok faktisk torturert, om enn off screen, men elles er det nøyaktig det same, heilt ned til påstanden om at opprørarbasen er på feil planet.) Faren med prequelhistoriar er alltid at ein gjerne vil lage ein slags kult omvendt ekko av ikoniske karakteraugneblinkar, og så blir litt for overtydeleg i iveren og berre lager same scenen på nytt i staden.
Eg må òg sei at sjølv om det i motsetnad til Boba Fett-serien er svært gode karaktergrunnar for å endre personlegdomen til hovudpersonen her, så er ein usikker og tafatt Obi-Wan litt skuffande på same måte som ein ikkje-dusørjagende Boba Fett var det. Det er sarkastiske, sjølvsikre actionhelt-Obi-Wan folk vil ha, det er difor denne serien har vore så etterlengta, og når det no er blitt openbart at me i alle beste fall ikkje vil sjå den sida av han i full utblåsning før i siste episode (og berre actionhelt-biten, eg tviler på at dei kan få han truverdig i ei sinnsstemning der han blir snarky og kjepphøg igjen på to episodar) , så føler eg at den eine tingen eg ville ha, ikkje blir levert. Men, men. Slike forventningar til sides er eg faktisk i det store og heile svært nøgd med serien så langt. Håpar det blir ein god slutt!
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3177
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Episode V av Obi-Wan var verkeleg eit steg i rett retning på omtrent alle punkt. Ingenting i den var fantastisk, men tykte alt var veldig solid, mange av tinga eg har sakna tidlegare er byrja komme fram, og i det store og heile skjønnar eg at denne serien vil vere over akkurat i det eg skulle ynskje sesongen var tjue episodar lang.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 934
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Helt enig. Etter en, etter min mening, ganske middelmådig episode IV, så var episode V definitivt et skritt i riktig retning. Det er fortsatt en del på manus og annet som skurrer, men her traff de bedre. Likte "framingen" eller hva man skal kalle det med tilbakeblikket til duellen mellom Anakin og Obi-Wan for å se forskjellene mellom dem.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3177
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Den strukturen med tilbakeblikka var fin, og noko eg i alle år sidan prequelfilmane kom har elska i teikneseriar. Vader og Anakin er så avsindig ulike på nesten alle måtar at denne typen innblikk i hans indre liv og minner om fortida for meg har ein voldsam innebygd kjensleeffekt fordi det hamrer heim at jo, dei er same person, som gjer dei begge langt meir tragiske, skumle og interessante på ein gong. Og serien gjorde det på akkurat rett måte -- mørke, stille, tunge augneblink av Vader som stirer ut i den svarte intetheiten i kontrast med smilande, actionfylte, pratande scenar i solkyssa primærfargar. Eit enkelt og effektivt triks i teikneserieformatet, men eg hadde aldri trudd eg skulle få sett dette grepet på film, og i alle fall ikkje med dei opphavlege skodespelarane involvert.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3177
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Ms. Marvel, episode 2: Stor betring frå den litt anonyme pilotepisoden, i mine augo. Er framleis litt enkel vaniljeiskrem-kjensle over serien (med det meiner eg altså at det ikkje er noko i den som er spesielt dårleg, men den skil seg elles veldig lite ut frå generelle ting i same sjanger og stil), men spranget frå episode 1 til 2 gjer meg optimistisk om at den kan finne meir identitet og djupn utover. Tomlane opp. :)
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 934
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Enig. Jeg likte episode 1 og syntes den var sjarmerende, men episode 2 var bedre. Tror dette kan bli ganske fint.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3177
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Såg forresten ferdig We Own This City i går. Absolutt ein openbar spirituell Wire-oppfølgjar, sjølv om den går mange hakk nærmare biopic-stilen i utføringa. Fattar ikkje at det er lov å lage denne typen fiksjonstilpassa greier om folk som framleis er i live og har dusinvis av nære pårørande, men unekteleg bra fjernsyn -- i alle fall viss ein har litt tålmod med miniserie-formatet og -tempoet. Ein 'veit' jo at alt dette føregår, men å sjå alt sett i samanheng, og særleg korleis det korrupte systemet fôrer seg sjølv i ein evig forverrande runddans, er både skremmande, deprimerande og fascinerande på ein gong.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 934
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Ja, det å få bekreftet rykter og/eller tanker om at det er mye korrupsjon i (det amerikanske) politiet - uten at det blir konspirasjonsteorisk tenkning - er skremmende, deprimerende og fascinerende.

Det er jo ganske mange true crime-dramatiseringer for tiden, så vet ikke hvordan det er med skjerming av pårørende. Feks har det jo nå kommet en del kritikk av The Straircase (også på HBO Max, men har ikke sett den), som også er basert på en sann historie, fra de involverte i saken den handler om. Det må være en vanskelig balansegang: En viktig historie å fortelle vs. ikke oute uskyldige pårørende og andre for mye. Men dette gjelder jo også dokumentarer, bøker osv. osv.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3177
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Jau, men eg har alltid tykt det skurrar litt når folk vil dramatisere ting så kort tid etter det skjedde. Dokumentar og bøker er annleis, der er ein avgrensa til fakta, og det er 'berre' presentasjonen og utvalet av fakta ein tuklar med. Men fiksjonstilpasningar, der skaparane står fritt til å tolke, lese mellom liner, implisere og insinuere, trekke frå og leggje til -- eg skjønner ikkje heilt at det er etisk forsvarleg for dei som lager det. På den andre sida er det så mykje rart som er lov som eg ikkje forstår at er lov her i verda. ;D

Såg forresten ferdig sesong to av Hacks i dag. Koste meg med den, Ava/Deborah-forhaldet er svært karismatisk og underhaldande. Kjente til dømes eg vart litt våt i augekrokane i midten av sesongen då Deborah bad dei snu bussen for å leite etter oska til Avas far. (Det var for all del telegrafert nok til at eg rekna med det var slik scenen ville gå, men det er ei slags kjenslemessig forløysing av å så faktisk sjå det skje som rørte ved meg ein del, og det teiknar på at dei verkeleg har fått meg til å investere i karakterane.) Glad den skal få ein tredjesesong! The Boys vart nettopp fornya òg. Men Raised By Wolves-kanselleringa svir enno, den gjer jo det.

Elles er eg snart ferdig med sesong 1 av Justified-nygjennomsjåinga mi, som eg byrja på i avvente av miniserieoppfølgjaren som kjem seinare i år. (Reknar med den er heilt frittståande og at det er totalt unaudsynt med ei gjensjåing fyrst, men eg er glad for unnskuldninga. Eg har aldri sett omatt Justified, og den fortener det.) Og så såg me pilotepisoden av The Responder, som verkar lovande, samt Dark Winds, der eg er litt meir på gjerdet, men vil gi serien episode 2 før eg bestemmer meg.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3177
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Time Traveler's Wife hadde nokre av Steven Moffats typiske småkleine mellomaldrande kvit mann-tilnærmingar om kjønnsrollar, men det har vel alle som har sett litt Moffat-fjernsyn gjennom åra lært seg å vente, og det var ikkje så altfor mange av dei (no er vel eg som mann sikkert blind for ein del av dei, men kona verka ikkje til å snøfte av andre enn dei eg sjølv reagerte på, heller). Utover det -- og snålt dårleg aldringssminke hist og her -- tykte eg serien var spanande, koseleg, morosam og ofte ganske rørande, og den deterministiske versjonen av tidsreiser fungerer veldig bra i historieforteljinga. Håpar på ein sesong to. Og tidsreiser til trass, eg er ikkje akkurat midt i demografiblinken for HBOs svar på romantiske kioskromanar, så føler det er ein ganske stor pluss i margen for serien.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Post Reply