TV-serier, sesong II

For deg som har noe annet på hjertet

Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren

Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 948
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Gikk "glipp" av serie(sesong??)finalen av Obi-Wan Kenobi forrige uke, så den ble sett i kveld. Helt ålreit avslutning, der de fleste tråder ble løst opp i, der en del ting som man trodde kanskje brøt mye med kanon ble fikset opp i (ofte via dialog), man fikk en ganske kul lyssabelduell og noen klassiske Obi-Wan-greier, samt en fin gjesteopptreden mot slutten. Samtidig var den også ganske streit og "by the books" - den utfordrer lite og det kommer får overraskelser.

Om hele serien: Jeg må si jeg er usikker. Serien gjør mye riktig og mye bra og jeg har hatt det ganske ålreit mens jeg har sett alle 6 episoder, men det er samtidig så mye som skurrer rent fortellermessig osv. osv. Sigurd i filmpolitiet omtalte serien forrige uke (før episode 6) at serien fremstår litt som en B-serie, altså at det ikke virker som at Disney har brukt nok penger på den, at den ikke har vært prioritert, noe som er rart mtp SW-universet er dritpopulært og det var en del reklame på forhånd, men jeg er egentlig enig med han her. Som med siste episode, fremstår serien så veldig trygg og streit. Klart, vi vet hvor ting skal ende sånn ca., men spenningen ligger jo i veien dit som jeg hadde håpet de hadde utnyttet bedre. Etter at The Mandalorian viste at Disney kunne klare en SW-serie i mindre skala enn filmene, så har The Book of Boba Fett og Obi-Wan Kenobi vist at de ikke nødvendigvis treffer på alt. Andor skal selvfølgelig ses, men går nok ikke inn med like store forhåpninger der som med Obi-Wan Kenobi eller The Book of Boba Fett. Kanskje det hjelper?

Ms. Marvel e3: Der kom seriens skurk(er), ja - og de fremstår jo som ganske standard. Jeg liker dog at serien gir oss mye tid med familie og venner, slik at de ikke blir statister, plot devicer og stereotyper, som i andre serier. Det er kanskje ikke det alle vil ha, men jeg liker det.

Framover blir det nok en del sporadisk serietitting da ferien er i gang og mye tid vil bli brukt på hytta hvor det ikke vil være så enkelt å se på serier. Men det åpner mer tid til lesing, og det er jo bra!
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3203
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Eg var totalt uinteressert i Andor i filmen, så eg har labre forventningar til serien. Men men. På papiret er han jo interessant nok. Og som Boba Fett og i mindre grad Obi-Wan viste så evner ikkje Disney naudsynleg å levere for karakterar som eg har mykje investert i, så kanskje det er like greitt som du seier å sjå med låge forventningar. :)

Når der gjeld Obi-Wan-avslutninga var eg godt nøgd. Tykte serien halta i midten, men elles var grei skuring. Som du seier er det ingenting superbra (vel, unntatt Leia, Leia var fantastisk), men det var heller ikkje noko som fekk meg til å rive meg i håret. Det avsindige rælet dei kalla Episode IX har sett forventningane mine til manussida av Star Wars-produksjonar så lågt no at alt som ikkje er aktivt dårleg overraskar positivt.

Ms. Marvel liker eg litt meir per episode, så langt. Den er som du seier veldig standard, men eg vil påstå mindre standard enn i episode 2, som i sin tur var mindre standard enn episode 1. Så viss denne progresjonen held, kan serien kanskje klare overraske meg med eit grep eller to innan finalen. Men det sagt så ville eg hundre gonger før hatt eit par episodar til av Hawkeye eller Moon Knight. Førebels ville eg til og med vore hakket meir interessert i meir Falcon & Winter Soldier. Men som eg har sagt før så eg er ikkje akkurat i kjernemålgruppa for Ms. Marvel, og det er heilt greitt. Skulle berre ynske dei i MCU generelt og Miss Marvel spesielt turde ta litt større sjansar hist og her.

Elles har eg endeleg byrja på The Last Days of Ptolemy Grey-miniserien frå i vår. Piloten engasjerte, med nydeleg skodespel av Samuel Jackson, så trur denne blir sett i sin heilskap. Evil, Dark Winds og The Boys slepp vekentlege episodar, og er sånn omtrent à jour på dei. Prøvde Man Vs. Bee-piloten til Rowan Atkinson, og den var ... som smått ubehageleg. Det er så openbart når karakteren gjer tabbar at ein berre sit og gruar seg til det forårsakar problem, om og om igjen. Atkinson er ein fryd å sjå på, som alltid, men er svært usikker på om eg skal gi dette ein episode til. (Men ser episode 2 er svært kort, så eg fell sikkert for freistinga.) Og så byrja sesong 2 av Only Murders in the Building nyleg, samt sesong 4 av Westworld, som eg ikkje har fått sett i gong med enno men gler meg litt til. Fjernsynstida går for augneblinken uansett mest til Umbrella Academy, og det er rein kos. Og så har eg fullført nok ein sesong av Batman: The Animated Series-gjennomsjåinga, så tek ein pause der for å sjå sesong 2 av Rutherford Falls før eg fortset.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 948
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Ja, pokker Umbrella Academy er tilbake. Og jeg som ikke har fått sett siste sesong av Stranger Things. Sommerferien gjør at jeg kommer bakpå!

Ang. Andor-serien så har jeg kanskje noe mer trua nettopp fordi det IKKE er en/mange så etablert(e) karakter(er) vi skal møte. Kanskje Disney var litt kynisk late med både Boba Fett og Obi-Wan Kenobi-seriene og tenkte at navn og rykte ville gi dem nok views uansett (samt at de har en ganske tydelig kanon i filmene de må forholde seg til), men som med The Mandalorian, så vil Andor-serien innebære en større andel ukjente karakterer + en mindre kanon (basert på filmene i hvert fall. Jeg likte forøvrig Rogue One godt!) osv. som kanskje gjør at de bruker mer tid, penger og ressurser på den. Allerede fornya til sesong 2 og med 12 episoder pr. sesong, fremstår det som et større prosjekt.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3203
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Haha, omvendt for meg -- kalenderen min er mykje den same om sommaren som resten av året (er i påsken og jula eg kjem på etterskot med fjernsyn, sidan eg då vitjar familie og ikkje følgjer min normale rutine), men det er vanlegvis langt færre seriar som slepp nye episodar i juni og juli, så eg lener tungt på somrane for å hente meg inn att på ting eg ligg etter på og få sjekka ut eit par ting ekstra (som Ptolemy Grey og The Responder no dei siste vekene).

Eg likte Rogue One betre enn nesten alt Disney har gjort med Star Wars, men følte den likevel var ein lettbrusversjon av filmen den kunne ha vore. Mange scenar, augneblinkar og karakterar som kunne vore dratt bittelitt lengre med stor kjenslemessig vinst for sjåaren, viss ein var villig til å ta litt fleire sjansar og vere litt mindre anonymt familievennleg. Var ørten små ting eg hugsar eg tenkte det på, men den som sit att sterkast er at dei leikar med tanken på at Andor kan skyte Urso sr. Så feigar han ut eller bommar eller kva det no var (har berre sett filmen to gonger), men _plottet_ oppfører seg som om han gjorde det (han blir uvenner med dottera over at han i det heile tatt vurderte det, etc.). Karakterkonflikta og den seinare resolusjonen dei i mellom, dødsscenen til Urso sr., alt ville vore _langt_ sterkare viss han berre faktisk skaut han i den scenen. Hadde filmen tatt litt meir i med slike ting ville den potensielt vore ein av mine absolutte favorittar i heile serien. Men som det er, er den diverre berre den beste post-Lucas. :/

Einig i at blanke ark kan fungere til deira fordel. Boba Fett-serien _burde_ jo ha vore ein blanke ark-serie, sidan den hadde null og niks å gjere med Boba Fett slik publikum kjente han.

Obi-Wan gjorde ein OK jobb med å veve mellom dei eksisterande trådane, i mine augo, problemet der for meg (utover at manus kunne vore hakket sprekare gjennom det heile) var vel at den grunnleggande karakterarcen han 'måtte' ha etter episode III førte til at karakteren eg elska i prequeltrilogien aldri heilt fekk vere slik eg hugsa han, og i den grad han fekk det, var det som naturleg sluttpunkt i sisteepisoden, og altså fråverande i brorparten av serien. Dei syrlege replikkane og den underlege blandinga av jovial kjepphøgheit og avmålt ro som gjer karakteren så minneverdig i Attack of the Clones og Revenge of the Sith var lite å sjå i serien. Det gir absolutt meining, mellom traumene frå RotS og den tilbakelente eldre herren i ANH, at han ikkje ville vere slik lenger, eg kan ikkje klandre logikken. Men det var likevel ein miniversjon av 'dette var jo ikkje heilt det eg instinktivt hadde håpa på'-skuffinga frå Boba Fett-serien. Andor vil jo ikkje belemrast med det. Utover at ein der òg, som i Obi-Wan, vil sjå med ei tragisk viten om at same kva som skjer vil alt ende med at han døyr i neste film.

Stranger Things var bra så langt! Eg hadde høyrt ein del så-som-så-rykter om kvaliteten denne sesongen, men eg koste meg, eg. Håpar finaleepisodane i juli vil vere tilfredsstillande òg.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3203
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Oppdateringar (utover dei i førre post):
Sidan sist har eg endeleg fått sett litt av backburneren min og fullført sesong 4 av Young Justice, teiknefilmserien som var god før kanselleringa og har vore endå betre i sesongane etter den vart gjenoppliva for straumefjernsyn. Her fortel ein ambisiøse, komplekse historiar i DC-universet, alltid forankra i den yngre generasjonen heltar (difor tittelen) som gir det eit litt friskare og annleis perspektiv enn det ville vore med 'nok' ein serie der Wonder Woman, Superman, Batman, Flash og Green Lantern hadde hovudrollane. Tida går dessutan både i og mellom sesongar, så her blir folk eldre, skiftar hemmelege identitetar, nye, endå yngre heltar kjem til, folk giftar seg, får barn ... Tilrådast for alle med over gjennomsnittet interesse for DC-seriar, du vil lære mykje om både kjente og obskure historiar og karakterar gjennom denne. Men ver obs på at viss hugsen min ikkje er heilt feil er den litt meir barneretta i fyrste to sesongane enn den har vore i seinare år.

Er halvveges i The Last Days of Ptolemy Grey, og så langt er eg ganske engasjert. Ikkje heilt min type ting på papiret, men så velspelt av Jackson at eg koser meg lell. Håpar dei siste episodane vil innfri.

Sett fyrste to episodane av The Old Man, og DET er absolutt min type ting på papiret. Jeff Bridges og John Lithgow som oppe-i-åra eksspionar som, på motsette sider av kvarandre, blir dratt inn i brutale ringverknadar av ting frå ungdommen dei begge hadde håpa var gøymt og gløymt. Tidvis liiiitt saktegåande, men hoi kor det går når det fyrst skjer noko. Gler meg til å få tid til neste.

Har gitt opp Man vs. Bee, diverre, etter tre episodar. Rowan Atkinson er som alltid strålande med fysisk humor, men det blir rett og slett for simpelt og, hm, kva seier ein for cringe på norsk då. Krympingsårsakande? Stussar litt på å kanskje hoppe fram og sjå finaleepisoden for å finne ut korleis det går til slutt, men sjølv i 10-minuttars jafs-episodar er det ganske enkelt ikkje stimulerande nok å sjå ein velmeinande fyr tufse rundt i eit rådyrt hus som ein elefant i ei proselensutstilling.

Har berre att siste episode av sesongens Stranger Things, og er som nemnt tidlegare godt nøgd med sesongen. Og med mogeleg unntak av Wolfhard (som er blitt litt stiv og flat med tenåra, tykkjer eg) må eg sei at dei har vore svært heldige med barnecastinga frå sesong 1 og 2, her leverer dei fleste framleis like godt som dei vaksne. Skal sjå finalen i kveld!

Evil, som starta som ein enkel prosedyreserie om etterforsking av overnaturlege fenomen på vegne av den katolske kyrkja (av ein ateistisk tech-ekspert, ein agnostisk psykiater og ein vordande prest, der psykiataren er hovudpersonen) med X-files-aktig 'var det overnaturleg eller var det ikkje?'-resultat i dei fleste episodar, vart i andre sesong gradvis meir spinnvill og overraskande mørk, og er no i tredje sesong svært gøy -- nok eit resultat av overgang til straumefjernsyn og eit meir spesialisert publikum, mistenkjer eg. Men det kan ha vore planen heile tida, for det var jo absolutt ting i fyrstesesongen som fenga nok til at eg vart sjåande. Michael Emerson (mest kjent frå Lost og Person of Interest -- skjønt eg har sjølv aldri fått sett sistnemnte) er i sær nydeleg som hovudslemmingen.

Rutherford Falls er ein heilt grei, familievennleg sitcom som er mykje det same i sesong 2 som i sesong 1. Kunne lett ha droppa denne, men Ed Helms er sjarmerande på ein koseleg Leslie Knope-aktig måte, Michael Greyeyes er fantastisk (forstår ikkje at eg ikkje har sett denne mannen i noko før), og det er litt å flire av i kvar episode.

Only Murders in the Building har så langt i sesong 2 imponert meg -- eg var litt redd for at serien var for høgkonsept til at ein oppfølgjarsesong ville verke organisk nok, men dette går storveges så langt, inkludert dei små metavitsane om kor vrient det er med ein sesong to av sin eigen poddkast.

Har berre sett sesongpremieren av Westworld førebels, men den var interessant nok til at eg kjenner eg er ganske så spent på fortsetjinga, sjølv om den lange pausen sidan førre sesong hadde svekka entusiasmen min ein del i forkant.

Vurderer når eg får tid å ta ein kikk på The Terminal List, så viss nokon har sett den og kan tilrå eine vegen eller andre, set eg pris på det. :)
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3203
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Oisann, endå stillare her i juli månad enn elles, ser eg! Vel, ny oppdatering:

The Last Days of Ptolemy Grey hadde 'berre' ein heilt-grei slutt, slik vurderingane eg såg i forkant sa, men Jacksons tittelrolle er så velspelt gjennom miniserien at eg tykte den var vel titten likevel.

Solar Opposites, som vel aldri har lagt skjul på at det er det langt mindre ambisiøse syskenbarnet til Rick & Morty, tykkjer eg har gått seg fint til over åra. No i sesong tre er gjennomsnittskvaliten byrja bli ganske høg og stabil. Det kjennest framleis som ein serie skreven med Rick & Morty-premiss og -vitsar som ikkje gjekk gjennom kvalitetskontrollen, men pytt sann. Er ganske grei underhaldning, tykkjer eg. Og eg liker at dei stadig tek ein blodseriøs sidetur til 'The Wall'-plottet.

Only Murders in the Building er så langt like sjarmerande i sesong 2. Vil sei at komiaspektet er blitt endå betre, skjønt det er kanskje eit hakk mindre driv enn i fyrstesesongen. Håpar finalen leverer!

Ms. Marvel framstår etter fullført sesong for meg framleis som ein litt personlegdomslaus opphavshistorie av typen eg har sett og lese tusen gonger og nok ein A4 MCU-softball men om eg ikkje fall pladask for noko i den så mislikte eg jo heller ingenting, og det verkar som om den yngre målgruppa er svært nøgd med den, så ... skuldertrekk. Og ser jo ut som om Marvel har mange spanande prosjekt i emning i fase 5 og 6.

Better Call Saul fortset å vere ein av historias beste fjernsynsseriar, og grugledar meg til dei siste episodane no!

The Terminal List var, ein treig fyrsteepisode til sides, ein vellaga thriller som fekk mykje ut av det som eigentleg er veldig kjente og overbrukte karakterstereotypar og plottpoeng. Ingenting ein ikkje har sett før her, diverre, men godt handverk likevel, med solid gjennomføring av det meste den prøver på.

Westworld har verkeleg funne seg sjølv igjen denne sesongen, tykkjer eg, og særleg denne veka sin episode fekk ting til å komme skikkeleg bra inn i fokus. Er igjen blitt noko eg lett kan skildre som ein av dei beste seriane eg ser, og sjølv om den aldri vart dårleg er det godt å kunne skrive rein ros om den igjen utan mykje tja og men.

Primal er tilbake, den blodige sword & sorcery & dinosaurs-serien i Samurai Jack-teiknestil, og eg storkoser meg!

Black Bird er så langt ein botnsolid krimthriller om ein doplangar som går undercover for å lokke informasjon ut av ein mistenkt seriemordar i fengsel i håp om å få redusert si eiga soning. Skikkeleg gode skodespelarprestasjonar, og så langt eit engasjerande plott. Visstnok laust basert på verkelege hendingar, men av spoileromsyn har eg ikkje undersøkt noko vidare om det.

Tok dessutan ein kikk på ein litt eldre, kansellert britisk satireserie, A Touch of Cloth, fordi kona nemnte ho sakna Angie Tribeca og denne dukka opp på nettet som ein 'liknande serie' (og det er den absolutt, både Cloth og Tribeca er seriar i beste/verste Police Squad / Airplane!-stil). Eg kan styre meg for alle sexvitsane, men elles er det mykje god humor, og John Hannah er herleg som den erketypiske bitre politidetektiven. Og når ein ser plakatar i bakgrunnen og pausar for å lese dei og så ser vitsar på bekostning av folk som overbruker pauseknappen på fjernkontrollen, det er jo aldri til å kimse av. Tre to-episoders sesongar, me har sett fyrste to. Har vore gøy nok til at eg kanskje prøve på liknande fjas ein gong igjen om eit år eller to, har høyrt litt positivt om ein eldre serie kalla Sledge Hammer! opp gjennom.

Skal snart byrje på dei nye sesongane Harley Quinn og What We Do in the Shadows, tenkjer ta ein kikk på Paper Girls og Resident Evil -- og så kjem jo Sandman endeleg neste veke. Yay for kvalitetsfjernsyn!
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 948
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Hehe. Kom tilbake etter å ha vært på hytta i en måned i strekk. Der har det ikke blitt sett så alt for mye tv, men noe - men da bare lineærtv, noe som innebærer en og annen dokumentar, en og annen film og serier som kan sees med foreldra mine. Ikke så mye å rapportere om, dessverre.

Har mye å ta igjen, merker jeg. Rakk ikke sisten på The Boys eller Ms. Marvel før jeg dro på hytta, og så har Better Call Saul siste del kommet, Stranger Things s4, Only Murders in the building, What We Do In The Shadows, Westworld og en del mer. Har nok å gjøre de neste ukene merker jeg!
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3203
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Velkomen attende. :D Ms Marvel tykte eg som sagt var litt meh (men du har jo likt den betre enn meg heile vegen, så forhåpentlegvis tykkjer du finalen er betre enn eg gjorde), men dei andre du lister der har vore jamnt over veldig bra!

Resident Evil
og Paper Girls er forresten så langt ganske lovande, særleg sistnemnte, har sett respektivt to og tre episodar av dei i løpet av helga. Samt Downton Abbey film nr. 2, som me endeleg prioriterte, og som eg tykte var betre enn den førre filmen. Veldig pynteleg 'alt skal snørast fint saman og alle skal få sin lukkelege slutt'-atmosfære over plottet, men det blir det jo gjerne når ein skal skrive denne typen tillegg til ein allereie fint ferdigstilt fjernsynsserie. Framleis artig dialog (ah, Maggie Smith ...), gode karakterinteraksjonar og nokre trekk på hjertestrengene mine her og der.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3203
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Black Bird klarte landinga, og det trass i min refleksmotvilje mot basert-på-sann-historie-sjangeren. Både eg og kona likte denne miniserien veldig godt. Strålande skodespelarprestasjonar av hovudrollane, særleg fyren frå Kingsman er langt betre her enn eg ville nokon gong venta meg. (Han spelar ein karismatisk kriminell som forsøker få redusert soningstida ved å gjere seg til venns med (og tyste på) ein mistenkt seriemordar.)

The Old Man, som er fornya for sesong 2, var bra heile vegen gjennom, men eg trur kanskje eg hadde høgare håp for den etter fyrste to episodane enn kva eg endte opp med. Men likevel ein solid spionthriller med nydeleg spelte ankerpunkt i Jeff Bridges og kanskje særleg den alltid fenomenale John Lithgow. Samt Alia Shawkat i den fyrste større rollen eg har sett ho i utanfor Arrested Development.

Resident Evil var betre enn eg venta meg! Verkar diverre ikkje som om den får ein andresesong, og det er litt synd. Ingenting superbra her, men god postapokalyptisk actionhorror med uventa mykje humor, ganske gode tenåringsskodespelarar og ein utsøkt djevelsk CEO-psykopat i
Paola Núñez. Og sjølv om ein må vente brorparten av sesongen før han verkeleg får utfolde seg, så vil eg gi bonuspoeng for at Lance Reddick her får boltra seg med meir enn sin vanlege stoiske herre-i-dress -- og han leverer!

Har att ein episode av Paper Girls. Fyrsteinntrykket av den som ein slags lettversjon av Stranger Things kryssavla med ein meir seriøs versjon av Future Man står eigentleg godt ved lag. Barneskodespelarane imponerar her (dette er verkeleg eit område fjernsyn generelt er blitt sinnsvakt gode på det siste tiåret, men det er særleg bra i Paper Girls). Gøy fjernsyn, men trass i at eg verkeleg kjenner meg investett i hovudpersonen har ikkje sjølve historia fenga med så mykje som eg kunne tenkt meg. Litt nyfiken på teikneserien -- det vesle eg har lese av Brian K. Vaughan opp gjennom åra har alltid vore superbra, så mistenkjer at den kanskje er endå betre enn adapsjonen.

No skal eg byrje på mykje oppskrytte Sandman -- er svært glad i teikneserien, og det skal vere ganske tru mot kjeldane, så det er jo bra -- og så kjem det ny sesong Locke & Key utover i veka.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 948
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Har sett 7 av 10 episoder av Sandman og synes det fungerer. Leste tegneserien for litt over 10 år siden, så har ikke stålkontroll på alt sammen, men mener at de treffer på en del punkter - tror derfor det er en ganske ålreit adapsjon i så måte. Skal ikke gi en bedømmelse helt ennå siden jeg ikke er helt ferdig, men synes serien også treffer godt som en ren tv-serie. Enig i mange av anmeldelsene at når den treffer, så er den veldig god, men at den også har noen ting som trekker litt ned. Uansett - den har med David Thewlis og da MÅ det jo være bra.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3203
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Har no sett 3 episodar, og så langt er alle vesentlege endringar eg har merka* openbart av typen som ein ville gjort om ein skreiv roman og så gjekk tilbake og reviderte dei fyrste kapitla slik at karakterar ein aldri ser igjen blir bytt ut med tidlegare introduksjonar av karakterar som uansett skal bli viktige, at sentrale plottpoeng blir introdusert meir gradvis over tid, osv. Det einaste som småergrar meg så langt er at Lucienne blir implisert til å ha vore ein slags høgre hand før Morpheus blir fanga òg, mens det i teikneserien er ein svært fin bit karakterutvikling for bibliotekaren og karakterutdjuping for draumekongen at den einaste trufaste tenaren blir de facto forfremma då han kjem tilbake. Tykkjer det er ein irriterande småting å klusse til når det ellers er så trufast. (Og er eg heeeeilt ærleg ville eg vel heller hatt ein 1-til-1-adapsjon av John Constantine enn ein kvinneleg avleggjar, men Coleman var god og Johanna vil jo dukke opp i fortida seinare, så let tvilen komme dei til gode om at det er ein eller anna fordel ved å late begge Constantines vere same skodespelar som eg ikkje heilt forstår før eg ser det.)

Både eg og kona liker serien, men føler oss ikkje heilt sugde inn i den. Mistenkjer det kan ha med at episodane så langt (den fyrste til sides) har vore relativt korte, så eg ikkje blir skikkeleg situert før det er over, samt at me begge har lese serien og veit kva som skjer før det skjer. På den andre sida har eg absolutt blitt djupt engasjert i trufaste adapsjonar av ting eg har lese før. Men kan ikkje heilt setje fingeren på kva eg føler mangler, heller. Det sagt så er ikkje dei tidlege historiane favorittane mine i teikneserien, så håpar fjernsynsversjonen går seg til på same måte som originalmaterialet gjorde for meg.

Thewlis, ja -- rollebesetninga er jamnt over kjempegod så langt! Ikkje berre han, men Charles Dance, Jenna Coleman, Patton Oswalt, Joely Richardson ... og dei eg ikkje kjenner frå før av klarer faktisk å halde tritt. Særleg hovudpersonen og Corinthian skil seg positivt ut mellonm andleta eg ikkje trur eg har sett før, men Lucienne verkar svært lovande òg.

* Eg har for ordens skuld altså lese Sandman to gonger i mitt liv, for cirka sytten år sidan og for cirka tre år sidan, så er sikkert haugar av ting eg ikkje vil hugse og/eller merke.
Last edited by Loki on Tue Aug 09, 2022 11:37, edited 1 time in total.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 948
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Ble helt satt ut av at du skrev Olivia Coleman, kunne ikke huske å ha sett hun i serien. Men du mener sikkert Jenna Coleman! Synes hun fungerer fint som Johanna Constantine og synes endringer her er fin.

Ikke akkurat skuespill, heller stemmeskuespill, men uansett hvor mye jeg liker Patton Oswald, synes jeg at stemmen hans ikke helt passer inn. Det bryter litt for mye med den generelle stemninga i serien.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3203
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Redigert! Ja, hadde ein eller annan snurrig feilkopling i hovudet då eg tasta der, skjønner eg -- eg vitsa jo til og med til kona i går om at så klart dei måtte caste ho, ho har jo initialane J. C. Kanskje fordi eg nettopp hadde nemnt Thewlis? :?

For så vidt einig i at røysta hans ikkje heilt passer, men avskreiv det som 'sannsynlegvis med vilje'. Det er jo litt av poenget med karakteren, at han ikkje passar inn, at han ikkje veit kva som går føre seg, at han kjem med dårlege vitsar og har banal dialog som gnissar mot Epic Fantasy-stilen til sjefen. Men eg har berre sett han i ein halv episode, så viss du seier det framleis ikkje har gått seg til i episode 7, så har du sikkert rett i at det skurrar meir enn det burde.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3203
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Då var Locke & Key ferdigsett. Heilt grei sistesesong, mykje i same dur som dei fyrste to, eigentleg, kanskje nokre hakk meir effektiv på godt og vondt. Familievennleg fantasyeventyr (om enn relativt mørkt til tider) som neppe lever heilt opp til kjeldematerialet (som eg ikkje har lese, men høyrte mykje godt om i mange år før serieadapsjonen kom -- frå Lothair Mantelar, mellom andre).

Òg ferdig med Westworlds fjerdesesong. Etter ein litt haltande tredjesesong tykkjer eg dei fann formen att, her. Framleis ikkje på høgde med den fenomenale fyrstesesongen, men veldig bra saker like fullt. Kan verke som om den femte er planlagt til å vere den siste. Spent!

Att éin episode Sandman. Føler nok den kunne sugd meg inn litt meir, til tider, men helledussen for ein flott adapsjon. Absolutt ein av dei beste fantasyseriane i seinare år og med nær-perfekt rollebesetning. Håpar dei får lage heile sagaen, inklusive dei av avleggarverka som Gaiman sjølv har forfatta (i sær Death-bøkene, fantastiske Dream Hunters, Endless Nights, og kanskje til og med Overture, sjølv om eg ikkje anar korleis dei skal kunne få til sistnemnte reint praktisk).

Og Better Call Saul er ferdig! Bittersøtt, som venta. Hoi, som eg kjem til å sakne denne.

Har endeleg byrja på fjorårets Y: The Last Man (kansellert lenge før eg fekk somla meg til den), samt den særs spesielle Amazon-serien Patriot frå mange år tilbake som eg over tid har sett tilrådd hist og her. Fyrstnemnte er heilt OK så langt, omtrent som venta, men sistnemnte lever faktisk (i alle fall nesten) opp til lovorda. Uvanleg men (tykkjer eg) velfungerande kombinasjon av seriøs spionthriller og arbeidsplasskomedie (med ein tragisk undertone i humoren, vel å merke).

Og så kjem jo She-Hulk straks. Tør som vanleg med MCU-produksjonar ikkje vente meg meir enn 'heilt ålreit', men har eit bittelite håp om at dette skal vere ein av dei betre prosjekta deira.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 948
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Veldig vemodig at Better Call Saul er ferdig. For en flott serie, som ble avsluttet på en meget tilfredsstillende måte! Kommer til å savne den!

Så igjennom Sandman i helga. Jeg likte den veldig godt, men synes kanskje at siste del (Dollhouse-historien) ikke var like god som begynnelsen. Da skiftet serien noe stemning/Feeling. Men veldig bra når den er bra. Andre gode Gaiman-adapsjon på kort tid (Good Omens var også veldig god. Ser fram til sesong 2)

Nesten ferdig med s4 av Stranger Things, etter å ha utsatt den en stund. Synes det fenger greit hele veien og at historien i s4 fremstår mer sammenhengende enn sesong 3 som ikke engasjerte like mye.

Nå venter Atlanta s3 (e1-2 er topp underholdning), Westworld s4 (fint å høre at s4>s3) og The Umbrella Academy s3, samt at She-Hulk-serien begynner i morgen. Og GoT til uka. Makan. Har fortsatt andre ting på lista, men blir vanskelig å klare back-katalogen når det hele tiden kommer nye ting.
Manbearpig
Post Reply