TV-serier, sesong II

For deg som har noe annet på hjertet

Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren

Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3442
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Asphyxiate wrote: Wed Aug 17, 2022 20:22 Veldig vemodig at Better Call Saul er ferdig. For en flott serie, som ble avsluttet på en meget tilfredsstillende måte! Kommer til å savne den!
Ser allereie fram til å sjå den omatt frå byrjing til slutt. Var ikkje 100 % seld på den i fyrstesesongen, hugsar eg, så er ganske spent på kva eg vil tykkje om den no.
Asphyxiate wrote: Wed Aug 17, 2022 20:22 Så igjennom Sandman i helga. Jeg likte den veldig godt, men synes kanskje at siste del (Dollhouse-historien) ikke var like god som begynnelsen. Da skiftet serien noe stemning/Feeling. Men veldig bra når den er bra. Andre gode Gaiman-adapsjon på kort tid (Good Omens var også veldig god. Ser fram til sesong 2)
Sandman og Good Omens har jo det til felles at Gaiman sjølv har vore tungt involvert på både manus- og produsentsida, som så vidt eg veit er fyrste gongen, alle tidlegare adapsjonar av verka hans har i beste fall brukt han kun som hyppig konsulent. Ser fram til sesong 2 på dei begge! Litt usikker på om Anansi Boys vil stogge streaken hans for meg, sidan boka aldri greip meg slik det meste andre han har skreve gjer, men på den andre sida er han co-showrunner der òg etter sigande, og låge forventningar kan jo berre vere positivt.
Asphyxiate wrote: Wed Aug 17, 2022 20:22 Westworld s4 (fint å høre at s4>s3)
Eg tykte i alle fall det! Men gi den nokre episodar, det var ein del ting som ikkje fall skikkeleg på plass for meg før litt ut i sesongen.
Asphyxiate wrote: Wed Aug 17, 2022 20:22 The Umbrella Academy s3
Beste sesongen så langt, tykte eg (og eg koste meg med fyrste to òg). Dei ulike syskendynamikkane er så herleg underhaldande (og sjølv dei som eg ser som dei svakare skodespelarane i syskenflokken får meir å bryne seg på her enn før), historia er akkurat like sprø som vanleg, og likevel klarer dei å engasjere meg kjenslemessig så eg beint kjenner meg litt våt i augekroken hist og her. Og som bonus: Colm Feore får verkeleg utfolda seg som Hargreeves i denne, fast inventar i staden for ein og anna mystisk gjesteopptreden i sesong 1 og 2, og det er ein utsøkt fryd frå ende til annan. Alltid likt han som skodespelar, men nesten alt han dukkar opp i føler eg han spelar avmålte, diskré, realistisk grå og dermed litt kjedelege karakterar. Men gi mannen ein monokkel og uante machiavellianske meisterplanar, og du verda for eit show.
Asphyxiate wrote: Wed Aug 17, 2022 20:22 samt at She-Hulk-serien begynner i morgen. Og GoT til uka. Makan. Har fortsatt andre ting på lista, men blir vanskelig å klare back-katalogen når det hele tiden kommer nye ting.
Ja, du snakkar. Me har ofte kunne hente oss inn på bakkataloggen i løpet av sommaren, pla vere mindre seriar då, men det har vore meir nyslepp i juni/juli i år enn eg er van med, så er fyrst blitt skikkeleg à jour no denne veka.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote:Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate wrote: #justice4Glûg!!
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3442
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Såg nett ferdig sesong 1 av Amazon Primes Patriot, ein serie eg er eit halvt tiår sein med å prioritere. Mea culpa, for du verda for ei bragd. Ikkje berre er den kjempebra -- for sjølv om den er det så har eg for all del sett mange endå betre seriar -- men den er så spesiell. Her lever den kvardagslege kontorkomedien side om side med bekmørk psykolgisk humor, beinhard spionthriller og surrealistisk byråkratisatire, og på uforklarleg vis fungerer alt saman. Ein 'elevator pitch' vil vere endå meir reduktiv her enn til vanleg, men det kan kanskje gi ein liten peikepinn lell -- her er det nesten like doser The Office og Homeland. Eg flirer av kvar einaste episode, samtidig som ein engsteleg weltschmerz kryp inn minutt for minutt. Eg føler for og med nesten alle, karakterar som blir introdusert som usympatiske blir meir og meir verkelege og dermed likandes (frustrerande nok, sidan det meste går gale for dei fleste, her). Mange nydelege skodespelarprestasjonar, men særleg må eg trekkje fram Kurtwood Smith (som mange nok kjenner som Red frå That 70s Show) som verkeleg får vist seg. For ikkje å snakke om hovudpersonen, som stadig bringer humor til tragedie og tragedie til humor. Gler meg veldig til å byrje på sesong 2 i kveld, og er allereie djupt melankolsk at den aldri fekk ein tredje.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote:Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate wrote: #justice4Glûg!!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1077
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Første episode av House of Dragons var solid, selv om det var noe "rart" å se bare nye personer i et kjent univers. Samtidig var ikke første episode like fangende som episode 1 av GoT, den dro meg ikke like mye inn i universet. Men det kan kanskje være konteksten hvor/når historien fortelles denne gangen.

She-Hulk startet fint, men som med mange av de andre Marvel-seriene på Disney+: Solid, men det mangler noe.

Stranger Things s4 var et sving opp fra s3 og fullførte også bra. Var noe skeptisk til en siste episode på 2t20min, men det fungerte overraskende greit (de siste 20 min var uansett bare epilog).

Atlanta s3 leverer! Ikke lik sånn sett, men samtidig klarer den som Barry å være både morsom, men også mørk, eksperimentell, rar og annerledes. Noe mer samfunnskritisk/-kommenterende er den dog. Noen episoder er litt wtf på en god måte.

What We Do In The Shadows fortsetter å være noe av det morsomste på TV (ie streaming)

Dokumentaren om Woodstock '99 på Netflix anbefales også. Ganske sjukt hva som skjedde der.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3442
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Asphyxiate wrote: Thu Aug 25, 2022 18:42 Første episode av House of Dragons var solid, selv om det var noe "rart" å se bare nye personer i et kjent univers. Samtidig var ikke første episode like fangende som episode 1 av GoT, den dro meg ikke like mye inn i universet. Men det kan kanskje være konteksten hvor/når historien fortelles denne gangen.

Du har ikkje lese Fire and Blood, då, sidan karakterane er nye for deg? Men jau, eg er einig, var godt nøgd med piloten. Men svært mi greie, då, med hoffintriger i eit fantasyunivers.

Tykkjer det som prosjekt og adapsjon er litt fascinerande, dette er jo ein slags historisk periodedrama, berre basert på fiktiv historie i staden for verkelege historiebøker. Men det er mykje det same som om ein laga serie om verkelege hendingar -- kven inkluderar ein, kva for nokre karakterar slår ein saman, kvar finn ein på ekstra konflikter og karaktertrekk, etc. Og snurrig nok gjeld akkurat same skildringa for Rings of Power på Amazon Prime, som vel kjem om ei vekes tid. Spørst om dei får det til like bra -- skjønt i rettferdas namn har HBO fordelen av å ha forfattaren i ein av hovudposisjonane bak kamera, og den kan vel knapt overvurderast.
Asphyxiate wrote: Thu Aug 25, 2022 18:42She-Hulk startet fint, men som med mange av de andre Marvel-seriene på Disney+: Solid, men det mangler noe.
Tykkjer ærleg talt det gjeld kvar einaste ein av dei. WandaVision og Moon Knight i noko mindre grad enn resten, men det gjeld dei òg like fullt.
Asphyxiate wrote: Thu Aug 25, 2022 18:42Stranger Things s4 var et sving opp fra s3 og fullførte også bra. Var noe skeptisk til en siste episode på 2t20min, men det fungerte overraskende greit (de siste 20 min var uansett bare epilog).

Framleis usikker på kvifor det ikkje var delt i to episodar i staden for ein, den sisteepisoden (det gjaldt forresten ein del av Sandman-episodane òg, særleg den ellevte), men einig i at det fungerte bra.
Asphyxiate wrote: Thu Aug 25, 2022 18:42 Atlanta s3 leverer! Ikke lik sånn sett, men samtidig klarer den som Barry å være både morsom, men også mørk, eksperimentell, rar og annerledes. Noe mer samfunnskritisk/-kommenterende er den dog. Noen episoder er litt wtf på en god måte.

Høyrer så mykje positivt om den, men klarer berre ikkje å engasjere meg om premisset, så har aldri somla meg til den. :(
Asphyxiate wrote: Thu Aug 25, 2022 18:42What We Do In The Shadows fortsetter å være noe av det morsomste på TV (ie streaming)
Litt usikker på om eg er einig her, faktisk. Er framleis veldig gøy, men tykkjer dei har tapt seg litt i forhold til sesong 3. Men siste par episodane har vore opptur, tykkjer eg, så kanskje eg berre var i overkant uheldig med handfulla i sesongopninga.
Asphyxiate wrote: Thu Aug 25, 2022 18:42Dokumentaren om Woodstock '99 på Netflix anbefales også. Ganske sjukt hva som skjedde der.
Skal skrive meg det bak øyret, men dokumentarar blir sjeldan prioritert, diverre. :/
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote:Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate wrote: #justice4Glûg!!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1077
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Loki wrote: Thu Aug 25, 2022 20:33
Du har ikkje lese Fire and Blood, då, sidan karakterane er nye for deg? Men jau, eg er einig, var godt nøgd med piloten. Men svært mi greie, då, med hoffintriger i eit fantasyunivers.

Tykkjer det som prosjekt og adapsjon er litt fascinerande, dette er jo ein slags historisk periodedrama, berre basert på fiktiv historie i staden for verkelege historiebøker. Men det er mykje det same som om ein laga serie om verkelege hendingar -- kven inkluderar ein, kva for nokre karakterar slår ein saman, kvar finn ein på ekstra konflikter og karaktertrekk, etc. Og snurrig nok gjeld akkurat same skildringa for Rings of Power på Amazon Prime, som vel kjem om ei vekes tid. Spørst om dei får det til like bra -- skjønt i rettferdas namn har HBO fordelen av å ha forfattaren i ein av hovudposisjonane bak kamera, og den kan vel knapt overvurderast.
Har ikke lest Fire and Blood, nei, men tenkte egentlig mer på at GoT har tatt over hvordan jeg ser for meg det universet og at karakterene der har blitt den verdenen, og at det da kom en haug helt nye karakterer så var det bare litt rart. Blir nok vant med det veldig fort.

Lurer litt på den Fire and Blood-boka. Mange sier den er noe kjedelig i og med at det er kvasi-historie og en oppramsing av hva som har skjedd - altså et gammeldags historieverk. Men jeg har lest flere middelalderkrønike og -annaler som er akkurat i denne stilen, så det skal nok gå bra.

Spent på Rings of Power. Veldig usikker på hva det egentlig blir til, hva vi får servert av historie, effekter osv.


Framleis usikker på kvifor det ikkje var delt i to episodar i staden for ein, den sisteepisoden (det gjaldt forresten ein del av Sandman-episodane òg, særleg den ellevte), men einig i at det fungerte bra.
De kunne fint delt det inn i flere episoder, ja. Det var ikke sånn at den måtte være sammenhengende.

Høyrer så mykje positivt om den, men klarer berre ikkje å engasjere meg om premisset, så har aldri somla meg til den. :(
Anbefales virkelig. Den leker også mer premisset og flere episoder bryter helt med det grunnleggende premisset eller fortellingen.
Litt usikker på om eg er einig her, faktisk. Er framleis veldig gøy, men tykkjer dei har tapt seg litt i forhold til sesong 3. Men siste par episodane har vore opptur, tykkjer eg, så kanskje eg berre var i overkant uheldig med handfulla i sesongopninga.

Jeg gapskratter bare Laszlo åpner kjeften, så det skal ikke så mye til.

Skal skrive meg det bak øyret, men dokumentarar blir sjeldan prioritert, diverre. :/
Pleier å dytte inn en og annen dokumentar/dokumentar-serie. Denne er på tre episoder på 45-50 min pr episode, så det var ikke store tidsinvesteringen .
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3442
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Asphyxiate wrote: Fri Aug 26, 2022 8:05 Har ikke lest Fire and Blood, nei, men tenkte egentlig mer på at GoT har tatt over hvordan jeg ser for meg det universet og at karakterene der har blitt den verdenen, og at det da kom en haug helt nye karakterer så var det bare litt rart. Blir nok vant med det veldig fort.
Ah, sånn. Har for så vidt den kjensla med alle pilotepisodar av alle ting, men det går seg til. Var ikkje ekstra rart her, det er jo to sekel tidlegare, så eg venta meg eit galleri blanke andlet. Men ser at det kan vere annleis for andre.
Asphyxiate wrote: Fri Aug 26, 2022 8:05Lurer litt på den Fire and Blood-boka. Mange sier den er noe kjedelig i og med at det er kvasi-historie og en oppramsing av hva som har skjedd - altså et gammeldags historieverk. Men jeg har lest flere middelalderkrønike og -annaler som er akkurat i denne stilen, så det skal nok gå bra.
Den er absolutt mynta på blodfans som meg, meir enn eit generelt publikum. Men det er jo langt meir lettfattleg enn til dømes Silmarillion, og langt meir levande (han attgir enkelte scenar i så mykje detalj at det faktisk er dialog) enn tørrare 'world books' med oversikt over historie og kulturar som mange andre fantasyseriar gjerne har.
Asphyxiate wrote: Fri Aug 26, 2022 8:05 Spent på Rings of Power. Veldig usikker på hva det egentlig blir til, hva vi får servert av historie, effekter osv.
Eg er svært skeptisk, men så lenge det er ei bra historie og dei ikkje følest så altfor ikkje-Tolkien-aktig så skal eg leggje mykje godvilje til!

Asphyxiate wrote: Fri Aug 26, 2022 8:05Anbefales virkelig. Den leker også mer premisset og flere episoder bryter helt med det grunnleggende premisset eller fortellingen.
Pokker, då må eg vel skrive den opp på lista igjen!
Asphyxiate wrote: Fri Aug 26, 2022 8:05 Jeg gapskratter bare Laszlo åpner kjeften, så det skal ikke så mye til.
Gapskrattar gjer eg nok ikkje, men han har får så absolutt maksimalt ut av kvar einaste line dialog, og er lett favoritten! Dei andre fire er meir situasjonsbetinga for meg, men Laszlo er artig uansett kva han blir utsett for.


Elles så er det endeleg byrja letne litt i fjernsynskalenderen utover seinsommaren, så me har fått tid til å prøve litt eldre ting. Overnemnte Patriot er som sagt kjempebra. Y: The Last Man frå i fjor haust er OK. Solid nok handverk, men ikkje heilt seld. Det sagt så har me nokre episodar att, og eg kjenner eg er blitt meir og meir investert i løpet av sesongen så langt. Tenkte prøve piloten til Deep State i kveld, ein spionthriller med Mark Strong (i sesong 1) og Walton Goggins (i sesong 2) som eg har hatt i bakhovudet i mange år.

Av det vesle som framleis er pågåande, og som me ikkje allereie har snakka om over:
Harley Quinn var kanskje hakket betre i fyrstesesongen, tykkjer eg, men den er framleis god moro.
Resident Alien er veldig 'network TV' i form og følelse, men den unngår formulariske episodar av typen som kjedar vetet av meg, har ein del ganske grei humor -- og Alan Tudyks sjølvgode romvesen-i-forkledning-karakter er reint gull i kvar einaste scene. Ikkje heilt mi greie, men han gjer det verdt bryet.
Blood and Treasure er endå meir 'network TV', og av typen serie me berre ser på medan me lagar eller et mat. Forsøksvis Indiana Jones-aktig politi-og-røver-og-skattejakt-serie, men med sjarmerande karakterar (særleg Mark Gagliardis Father Chuck er minneverdig) og episodetitlar av typen 'The Ravens of Shangri-La' og 'Mystery at Poison Island'.
Primal fortset med å vere fantastisk, elsker denne serien.

Ser omatt sesong 3 av Justified med middagsmåltida i desse dagar (det går sakte, fordi Blood and Treasure samt Daily Show, Last Week Tonight og The Late Show with Stephen Colbert alle tek forrang viss me ikkje er á jour) og storkosar meg med det. Ville glatt sett den omatt med full merksemd i sofaen om kvelden, men kona er nokre hakk mindre begeistra for den enn meg, så middagssjåing er eit fint kompromiss. Har eit backburner-prosjekt der me ser Atle Antonsens NAV av og til i helgene, etter at eg viste ho Etaten for eit par år sidan. Og om kveldane ser me framleis ein Batman: The Animated Series før me finn senga, byrja denne veka på den fyrste sesongen etter dei endra (drastisk forverra, i mine augo) animasjonsstilen.

Og så byrja Archer igjen, sin trettende (!) sesong. Men har ikkje fått sett premieren enno.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote:Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate wrote: #justice4Glûg!!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1077
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Venter med glede på at nyeste sesong av Archer kommer på Netflix.

Blood and Treasure høres ut som en noe jeg egentlig kunne synes var ålreit TV, men som nok aldri blir prioritert da det er så mye annet som jeg prioriterer fremfor det og jeg ikke rekker å se alle serier jeg ønsker (har fortsatt noen som jeg må ta igjen, feks Umbrella Academy og Only murders in the building). Får meg til å tenke på at jeg faktisk er nooooooe spent på National Treasure-serien som kommer på Disney+. Er jo overkant glad i Indiana Jones og den type eventyr/skattejakt/kvasiarkeologi-ting (Likte feks The Librarian-filmene for det de var. Ikke sett serien dog). Noe som igjen minner meg på at jeg aldri kom meg på kino og så Uncharted, så kanskje det blir lørdagsfilmen?

House of Dragons er for øvrig fornyet til sesong 2: https://variety.com/2022/tv/news/house- ... 235345810/

Angående Primal, så får vi håpe det ikke blir enda en av (animasjons)seriene som HBO Max fjerner. Det de holder på med nå er ganske voldsomt. Samme gjelder vel for øvrig Harley Quinn (bare sett s1)
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3442
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Asphyxiate wrote: Fri Aug 26, 2022 17:23 Blood and Treasure høres ut som en noe jeg egentlig kunne synes var ålreit TV, men som nok aldri blir prioritert da det er så mye annet som jeg prioriterer fremfor det og jeg ikke rekker å se alle serier jeg ønsker (har fortsatt noen som jeg må ta igjen, feks Umbrella Academy og Only murders in the building). Får meg til å tenke på at jeg faktisk er nooooooe spent på National Treasure-serien som kommer på Disney+. Er jo overkant glad i Indiana Jones og den type eventyr/skattejakt/kvasiarkeologi-ting (Likte feks The Librarian-filmene for det de var. Ikke sett serien dog). Noe som igjen minner meg på at jeg aldri kom meg på kino og så Uncharted, så kanskje det blir lørdagsfilmen?
National Treasure og -- og her snakkar eg utelukkande få fordommar, sidan egi kkje har sett dei -- The Librarian er nok nærmare Blood and Treasure enn Indiana Jones er. Me snakkar breie arketypar som karakterar, vitsing og action i dei fleste scenar, konspirasjonar og kappløp til gløymte skattar, og karismatiske folk ein kanskje kan og kanskje ikkje kan stole på rundt kvart hjørne, men det heile legg seg veldig på popkorn-vibbar og blir veldig tynt viss samanlikna med noko som tek seg sjølv meir høgtideleg (som til dømes Indiana Jones).
Asphyxiate wrote: Fri Aug 26, 2022 17:23 House of Dragons er for øvrig fornyet til sesong 2: https://variety.com/2022/tv/news/house- ... 235345810/
Ja, eg såg det! Det verka snurrig tidleg, sjåartala på pilotepisoden kan då umogeleg fortelje dei om den enorme GoT-fanskaren vil bli sjåande utover sesongen no som dei veit litt meir om kva dei går til -- men eg skal for all del ikkje klage. Litt artig at Sandman, som _har_ vore ute i snart ein månad og _framleis_ er ein kjempesuksess, på si side framleis ikkje er fornya. Trur Netflix er smartare enn HBO her, dei vil jo få ein ny runde presse og merksemd når dei (nær uunngåeleg, skulle ein tru) annonserer at det faktisk blir ein sesong 2. HoD ville hatt merksemd no uansett, medan det kjem ein ny episode i veka.
Asphyxiate wrote: Fri Aug 26, 2022 17:23 Angående Primal, så får vi håpe det ikke blir enda en av (animasjons)seriene som HBO Max fjerner. Det de holder på med nå er ganske voldsomt. Samme gjelder vel for øvrig Harley Quinn (bare sett s1)
Det er heilt vanvittig, korleis dei held på. Og tragisk, særleg for alle dei som har jobba på alle prosjekta som blir skrinlagt og fjerna. Men men. Får ein bråte artige memes som gjer narr av galskapen ut av det, i det minste.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote:Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate wrote: #justice4Glûg!!
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3442
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Harley Quinn er nett fornya for sesong 4, så den kom i alle fall ikkje under kniven. Og godt er det. Den er nok ikkje fullt så bra denne sesongen som tidlegare, i mi bok, men framleis gøy.

House of the Dragon var svært stilleståande og pratetung i ein episode 2 som i hovudsak flytta karakterar og plottrådar rundt på måtar ein relativt lett kunne førespegle seg, og der det som verkeleg hadde interesse (som sjølveksilprinsens motivasjon, Sea Snakes bakgrunn og kongens avgjersle i slutten av episoden) vart verande som (tykkjer eg) i overkant subtil subtekst eller vage hint. Eg tykte piloten var ganske bra balansert mellom eksposisjon og at ting faktisk skjedde, her var det lite av begge deler. Det går greitt for meg, som liker hoffintriger og den slags, skjønt det uroar meg litt at dette neppe er heilt det den jamne GoT-fans vil ha. Men det verkar som om dei dekkar bordet for ein meir fartsfylt episode 3, så håpar dei har fått nok orden i sysakene til at dei kan få historia litt fortare i gong etter dette.

Prøvde meg på ein spionthriller eg aldri somla meg til for ei årrekkje sidan, Deep State, men etter tre episodar blir den nok eit backburnerprosjekt. Bra nok til at eg vil fortsetje, men ingenting spesielt. I staden sette me i gong med UnREAL, ein kynisk firesesongsserie om folka som driv eit realityfranchise. Såg pilotepisoden i fjor og tykte vel om den, så no skal me endeleg fortsetje.

Rings of Power kjem til helga, men då er eg bortreist, så blir neppe til at me prøver oss på den før utover neste veke. Akk ja.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote:Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate wrote: #justice4Glûg!!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1077
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Enig i at House of Dragons kanskje ble noe tung/treg og stort sett ganske åpenbar i utvikling i e2, men jeg er absolutt med på hoffintriger og den slags, så jeg koste meg, jeg.

Gleder meg til Rings of Power i kveld. Skal se den med noen gamle studievenner som også er glade i fantasy. Stort sett positiv omtale til nå.

Har ellers begynt på Under the Banner of Heaven, en av disse true crime-dramatiseringene, på Disney+. Solid og med spennende tematikk (konservativ religion, her konservativ mormonere) og godt skuespill.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3442
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Gjennomsnittet av omtalane av Rings of Power eg har sett ser ut til å peike på ein treig og eksposijonstung fyrsteepisode, men ein andreepisode som er verdt å komme til og gjer at dei fleste sit att med eit positivt heilskapsinntrykk. Vil ikkje få tid til å sjå dei før ut i neste veke ein gong, men kryssar fingrane for at den er ålreit, i alle fall! Synd at dei må lage den på tillegga i LotR åleine, går ut ifrå den vil slite mykje med gapet mellom å ikkje motsei Silmarillion utan å gjere fansen rasande og ikkje å kunne bruke noko frå Silmarillion utan å bli saksøkt.

Har forresten berre eit par-tre episodar att av Amazons Patriot, og dette er verkeleg ein spesiell serie på beste vis. Min elevator pitch er at det er serien for deg som tykkjer at The Office godt kunne vore meir som Homeland, eller kanskje at 24 kunne trengt store porsjonar meir av Murphys law-ånden til Arrested Development.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote:Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate wrote: #justice4Glûg!!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1077
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Akkurat hva serien ender opp med å faktisk handle om og hva som skjer, er vel det folk er spente på (i tillegg til alt det med såkalt woke alle maser om...). De skal jo lage 5 sesonger - basert på tillegget i Ringenes Herre. Egentlig ganske merkelig hele utgangspunktet, men Ringenes Herre/Tolkien har jo et navn som selger (noe prisen de betalte for hele serien er vitne på). Mener samtidig å ha lest et sted at de kan ta ting fra Silmarillion som også er med i tillegget, men at de ikke kan ha med noe som nevnes i Silmarillion (og andre Tolkien-verk) som IKKE nevnes i tillegget, men er litt usikker på akkurat det (og hva det eventuelt faktisk innebærer).
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3442
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Det inneber nok berre at viss noko står begge stadar, kan dei bruke det. Står det berre i Silmarillion, kan dei ikkje -- men fanskaren vil framleis vente at dei ikkje _motseier_ det, og der (for meg) ligg den enorme utfordringa dei har, reint utanom den allereie store utfordringa serien i seg sjølv uansett ville vere. Sei at sonen til nokon er namngitt i Unfinished Tales, ikkje i tillegga. Sei at korleis nokon døyr er nemnt i Silmarillion, men ikkje i tillegga. Etc., etc., ad infinitum. Må vere ein vanvittig balansegong å lage ein serie i den situasjonen.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote:Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate wrote: #justice4Glûg!!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1077
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Første tanker etter å ha sett e1-2 i kveld: Dette leverer så absolutt. Ser veldig bra ut (mye bedre enn WoT - desverre), flere ulike historier som jeg per nå er spent på og stort sett ganske bra skuespill. Jeg ble skikkelig gira!
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3442
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Oi, så fint! Forsøker halde forventningane låge her, men har sett andre veldig positive reaksjonar rundt om i dag òg, så det er byrja bli litt vrient.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote:Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate wrote: #justice4Glûg!!
Post Reply