TV-serier, sesong II

For deg som har noe annet på hjertet

Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren

Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3203
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Må sei eg er langt meir nøgd med Rings of Power enn eg hadde venta meg. Fyrsteepisoden var rett nok ganske fragmentert og saktegåande, slik vurderingane eg hadde lese indikerte, men eg hadde aldri trudd dei ville få det til å kjennast såpass som Middle-Earth. Har ikkje vore forbausa over stemningsfulltreff i eit franchiseforsøk på denne måten sidan Mandalorian-piloten. Forstår ikkje heilt korleis dei kan gjere ting så likt filmane utan å trakke på rettigheitsspørsmål, men er glad dei har fått det til. Og ikkje berre i utsjånad, men i humor, tone, dialog og det heile.

Eg hadde forresten alltid forstått premisset for denne serien som om den skulle ha hovudfokus på Númenor, og litt av skepsisen min var til kor naturleg det ville vere å fokusere på Elrond, Galadriel, Durin, Celebrimbor, etc., i ei slik setting. Når me så etter to episodar framleis ikkje har fått så mykje som ein dialogbit om plassen er det forbausande, men interessant. Trur det vil fungere langt betre å bli introdusert for kronjuvelen av menneskesivilisasjon etter å fyrst ha sett alvar, dvergar, protohobbitar og småkår-menneske enn det ville gjort å byrje der, men det er aldri noko eg ville tenkt meg dei kom til å gjere.

Alt rabalderet til neka i sosiale media om hudfargar verkar veldig to fjær blir til ein hønsearmé. Som i Two Rivers i piloten på Wheel of Time kunne eg rett nok tenkt meg at den internt i sivilisasjonane var meir homogen av truverdigheitsomsyn (Harfoots har jo til og med dialog om korleis dei held seg for seg sjølve), men om den er homogent brun, svart eller kvit gir eg litt blanke i. Dei kjem jo vandrande frå søraustlege strøk uansett. (Med alvar har eg forresten mindre problem med dette -- dei formeirar seg jo så uhorveleg sakte og lever så lenge at samansausinga av gener ikkje vil fungere på same måte der.) Skal ein fyrst flisespikke på casting og karakterdesign kunne eg heller tenkt meg færre rynker og hudfoldar på alvane (Gil-Galad og Celebrimbor i sær) og litt skjegg på dvergeprinsessa.

Det er for mange tiår mellom meg og den tretten, fjorten år gamle versjonen av meg som kunne legendariumstrivia på kryss og tvers til at eg hugsar detaljar kring kva som skal skje og Tolkien sin kronologi samanlikna med serien. Men utan å kunne irritere meg over eventuelle samanslåingar og ting der må eg sei eg er imponert i kor mange spanande ting (Durins bane, Annatar gavefyrsten (presumptivt), Celebrimbors ambisjonar, Galadriels søken etter Sauron) dei klarar veve saman til ein samtidig heilskap. Den einaste detaljen som eg stussa på var implikasjonen om at Elrond er litt sett ned på som halv-alv. Eg ville trudd at å vere ein sekstendedels maia ville meir enn vege opp for menneskeblod, sånn alvefordomsmessig?

På historiefronten var episode 2 eit stort steg oppover frå den ufokuserte piloten, så tør no ha relativt høge håp for resten av sesongen! Kryssar fingrane for at den lever opp til potensialet, som eg no ser som langt større enn eg gjorde før eg byrja på serien.

Og i anna fjernsynsnytt: Episode 2 av Archers trettende sesong er ein av dei eg har flirt mest av på mange år. Følte nesten dei var tilbake på nivået frå glansdagane, så det var stor kos.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 948
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Jeg er heller ikke der at jeg kan legendariumet på rams lenger, noe jeg anser som en stor fordel: Jeg kjenner til en del (navn, hendelser og den slags), men detaljene er ikke på plass lenger, slik at en del endringer de har gjort/gjør videre for å tilpasse det tv-ruta tror jeg vil gå meg hus forbi.

For meg er stemninga kanskje det viktigste, og for meg traff de så sykt godt på stemninga. Så trenger ting ang. flyt, manus osv. ikke å være 100%. Det er også spennende at den går samtidig som House of Dragons, da man her ser ulikheter i hvordan fantasy-verdener kan fremstilles. Jeg er glad i eventyrfølelsen Maktens Ringer gir meg!

Jeg er spent på hva jeg kommer til å synes om Nori: Jeg er ikke verdens største fan av yngre, overdrevent nysgjerrige karakterer som allikevel får rett når de tydelig bryter en del grenser (som absolutt kan fungere om det gjøres fint). Jeg vet ikke hva det er jeg ikke er så fan av ang. det, men den type karakterer har en tendens til å irritere meg. Man dæng, harfootsene var jo ganske herlige, så har troa.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3203
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Den er absolutt svært annleis frå House of the Dragon (som verkeleg kom seg i episode 3, forresten), men det er jo som du ymtar om berre bra. Berre fordi ting skjer i oppdikta mellomalderverder treng dei då ikkje følgje same sjanger og stil, og det er det fint om den gemene hop (les: hollywoodprodusentar) endeleg lærer seg. Litt som at ein kan lage både Bicentennial Man og Terminator, og folk kan like begge. Og når ein no òg har Sandman som tek Netflix med storm som fullstendig annleis men like fullt storslått og episk fantasy, burde lærdomen vere ekstra tydeleg. Kan ein kanskje håpe.
Asphyxiate wrote: Thu Sep 08, 2022 18:43 Jeg er spent på hva jeg kommer til å synes om Nori: Jeg er ikke verdens største fan av yngre, overdrevent nysgjerrige karakterer som allikevel får rett når de tydelig bryter en del grenser (som absolutt kan fungere om det gjøres fint).
Kan jo kanskje bli ein fin vri på det her, då, sidan hennar grensebryting kanskje kan føre til all verdas gruvsamheiter. (Dei har for all del framleis døra open for at det er red herring og at han _ikkje_ er Sauron, men tatt omsyn til kor trufaste dei er mot kjeldemateriellet elles verkar det litt usannsynleg at dei har tatt sjansen på å dikte opp personleg innblanding frå ein annan Maia -- og Maia er han nesten garantert.)
Asphyxiate wrote: Thu Sep 08, 2022 18:43 Jeg vet ikke hva det er jeg ikke er så fan av ang. det, men den type karakterer har en tendens til å irritere meg. Man dæng, harfootsene var jo ganske herlige, så har troa.
Einig på begge punkt, men Noris (som høyrest ut som eit dvergenamn for meg, og det småirriterar i seg sjølv) plott er uansett ein heller liten del av heilskapen så langt. Og så er eg svært positivt overraska over Bronwyn-plottet (skjønt det hjelper nok at eg kjenner skodespelaren frå den svært bra Counterpart-serien), som vel er der dei diktar meir eller mindre 100 % fritt, så vidt eg kan sjå.

What We Do in the Shadows fullførte sesongen allereie, gitt. Dakar Laszlo. :/
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3203
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Sett ferdig Amazons Patriot. Sesong to var kanskje ein liten smule mindre superfantastisk enn sesong 1, men dette er likevel ein av mine nye favorittseriar, og eg er (som venta allereie eit par episodar inn i sesong 1) vonbroten og knust av tanken på at dette ikkje fekk fortsetje i eit dusin sesongar til.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Post Reply