Filmer

For deg som har noe annet på hjertet

Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren

Eivind
Ta’veren
Ta’veren
Posts: 1457
Joined: Thu Apr 28, 2005 18:18
Location: Oslo

Post by Eivind »

Så den i 3D for noen dager siden. Filmen var bra, men jeg vil ikke anbefale 3D. Brillene man må kjøpe er vonde å ha på seg, og 3D-effekten gir ikke noe særlig til filmen. I tillegg så er det ikke alltid 3Den fungerer, og man ser begge bildene..
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3203
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Post by Loki »

Kor bra 3D-en fungerar kjem vel an på kvar du sit i salen - eg har i alle fall aldri opplevd å sjå begge bileta. Men er heilt einig i at den er fullstendig overflødig. Aldri sett ein film der den bidrog til nemneverdig ekstra kvalitet på filmopplevinga.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3203
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Film

Post by Loki »

Såg endeleg Willow,i avvente av den kommande Disney+-serien. Positivt overraska. Historia var ikkje superføreseieleg, verda var meir oppfinnsam enn eg venta meg, med unntak av 'brownie'-folka var spesialeffektane svært imponerande med tanke på filmen sin alder, og det var både spaning og humor. Den hadde rett nok ein treig seksjon i midten, og den kunne spart seg mykje av det tøvet med browniane som sjeldan var plottrelevant, berre unntaksvis var artig, og uansett ikkje såg overbevisande ut. Men det var mykje å like, og særleg den endelege konfrontasjonen med skurken var svært bra. Om berre alle filmar i sjangeren hadde like mykje respekt for karakterane når dei skreiv finalesekvensane sine.

Den når nok ikkje Princess Bride til knea ein gong, utom på spesialeffektfronten, men den går absolutt inn i rekkja av ganske sjåverdig åttitallsfantasy.

Ah, og sidan eg driv med trådåndemaning:
Loki wrote: Fri May 18, 2012 10:54 Kor bra 3D-en fungerar kjem vel an på kvar du sit i salen - eg har i alle fall aldri opplevd å sjå begge bileta. Men er heilt einig i at den er fullstendig overflødig. Aldri sett ein film der den bidrog til nemneverdig ekstra kvalitet på filmopplevinga.
Dette er framleis tilfelle, meg-frå-ti-år-tilbake.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Post Reply