Hva leser du for tiden? II

Diskuter andre bøker dere leser

Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren, Loki

Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3229
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Nærmar meg slutten på Leviathan Wakes, bok 1 i The Expanse-serien, og så langt liker eg den veldig godt. Jordnær science fiction som, som forfattarane sjølv skildrar den, er i det mindre utforska mellomtidsområdet i sjangeren: Ikkje nær framtid her på kloten, og ikkje fjern framtid i uante galaksar. Snarare tidsperioden der menneska har evna utforske og reise rundt i vårt eige solsystem, men ikkje funne opp noko som let ein komme lenger. Og problema me møter er, som alltid, problema me tek med oss. Hovudpremisset er at menneskeheita er delt i tre skansar: jord- og månebuarane, dei som koloniserte Mars og no er ei supermakt i eigen rett, og underklassen i asteroidebeltet, arbeidarar som i generasjonar aldri har vore under open himmel. Bok 1 er ein two-hander mellom karakterane James Holden (frå jorda, jobbar som nestkommanderande på eit fraktskip ute i asteroidebeltet, idealist og optimist) og Josephus Miller (frå asteroidebeltet, detektiv på ein av dei større romstasjonane, kynikar og av noirsjangeren inn til margen), som får annakvart kapittel frå sitt perspektiv. Seinare bøker har så vidt eg forstår fleire og fleire innblikkskarakterar, á la Song of Ice and Fire, men her er det veldig stilreint fram og tilbake mellom dei to, som gir ein veldig tøff effekt når plottlinene deira møtest cirka halvveges uti boka.

Eg hugsar få detaljar av sesong 1 av fjernsynsserien, utover at eg likte den, men så langt verkar det som om den heldt seg veldig tru til boka. Gler meg til neste bind!
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Deschain
Soldat
Soldat
Posts: 26
Joined: Thu Apr 25, 2019 18:10

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Deschain »

Jeg likte Leviathan Wakes godt! Blitt en stund siden jeg leste den, men kul historie!

Selv har jeg nylig lest "De grunnleggende bestanddeler" Houllebecq, "Mesteren og Margarita" av Bulgakov, "Perlebryggeriet" av Jenny Hval, og "Heart of darkness" av Joseph Conrad. Likte romanene fra Houllebecq og Conrad svært godt, mens Hval og Bulgakov syntes jeg mindre om. Nå har jeg nettopp begynt på "Krig og fred", og den virker foreløpig helt fantastisk. Glad i romaner med epic scope! Til tross for lengden, virker den langt mer lettlest enn Dostojevskij sine verk, der jeg så og si må slåss med de siste hundre sidene for å klare å gjennomføre.
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3229
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Spanande. Har alltid førestilt meg at Krig og fred er for tung til å bry seg med å prøve ein gong, men du får det jo til å høyrast overkommeleg ut!

Eg las teikneserieadapsjonen av Heart of Darkness i vår, og må innrømme at det ikkje gav særleg meirsmak -- men det sannsynlegvis er originalversjonen lettare å late seg bli sugd inn i. Dei andre tre du nemner der kjenner eg nok ikkje til i det heile. Kva var Houllebecq-romanen om+ Spør om den heller enn Hval og Bulgakov sidan du likte den betre. ;)

Berre eit par kapittel igjen av Leviathan Wakes no! Engasjerande og fin, særleg er det tragisk einsame og nedtynga ved karakteren Miller utruleg effektivt, eg kjenner verkeleg meir og meir medkjensle med mannen kapittel for kapittel.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 967
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Leste Heart of Darkness i vg3 da jeg hadde et prosjekt om Belgisk Kongo (leste også den ekstremt gode historieboka Kong Leopolds Arv av Adam Hochschild). Mener å huske at jeg for så vidt likte den, men at den kanskje var litt over mitt nivå på det tidspunktet.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3229
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Då er Leviathan Wakes ferdiglesen (tilrådes), og eg tek ein pause med The Ballad of Songbirds and Snakes-prequelromanen til Hunger Games før eg set i gong med Expanse bok 2.

Eg er òg ferdig (!) med gjenlesinga av omtrent alt eg hadde av DC Comics i hyllene, eit spontantprosjekt som slukte heile sommaren og store deler av hausten, men som har ført til at dei no alle er registrete i LibraryThing, og eg har endå færre hyllemeter registreringsbacklog igjen. Nokre høgdepunkt i samlingas seinare deler var Grant Morrisons introduksjon av Damian Wayne i "Batman & Son", Scott Snyders utvikling av Gothams forhistorie i "Gates of Gotham", vittig dialog og karakterkonfrontasjonar som ber interessa mi gjennom den actiontunge Justice League-rebooten "Origins" av Geoff Johns, og klassisk årgangs-Constantine i "Hellblazer: Original Sin" av Jamie Delano. Det neste på teikneseriefronten blir faktisk meir Batman -- seriane eg kjøpte i fjor haust og fekk til jul som vart utsett og utsett fordi eg 'skulle berre' lese omatt noko eg allereie eigde fyrst og ville spare dei som gulrot i enden. Men samanlikna med haugen eg har vore gjennom no burde det gå relativt kjapt.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3229
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

The Ballad of Songbirds and Snakes er eit ypparleg tillegg til den fantastiske Hunger Games-trilogien (som forresten er mellom dei best skrevne, kanskje _dei_ best skrevne, YA-bøkene eg har vore borte i, sjølv om eg skal tilstå at det ikkje er sjangeren eg har lese mest av). 65 år før bøkene om Katniss Everdeen er den store krigen som gav grunnlag for dei gruvsame daudsleikane berre ti år i akterspegelen, og den foreldrelause tenåringen Coriolanus Snow skal snart uteksaminerast frå det gratis akademiet og byrje på universitetet, slik det høver seg for alle hovudstadsbarn frå gode familiar. Problemet er berre at familien hans mista heile formuen under krigen, og etter ti år med å halde fasaden eig han, farmora og kusina snart ikkje nåla i veggen. Så han treng eit stipend, eit stort stipend, eller han må sjå si framtid -- og heile familien si -- bli ein grå og stakkarsleg ting. Så utlyser akademiet at i samband med tiårsjubileumet for daudsleikane vil myndigheitene gjerne gjenopplive litt blest om dei (folk flest ser jo ikkje på), så kva om tjuefire av hovudstadens mest framståande tenåringar sponsar kvar sin deltakar frå distrikta i år? Dei som blir vurdert til å gjere jobben bra, som får folkedjupet til å interessere seg for konkurransen, får sjenerøse stipend for universitetet neste år.

Der Katniss Everdeen var ein likandes hovudperson med eit skarpt moralsk kompass er Coriolanus ein kynisk, kalkulerande ung aristokrat. Forfattaren gjer likevel i mine augo ein strålande jobb med å gjere han forståeleg. Ein ser stadig korleis han er djupt farga av ein barndom i ein krigsherja og sønderbomba hovudstad og av stramme kår i åra som følgde, korleis alt han gjer er legitimert av hans plikt til familien (både som konsept og som hans konkrete lojalitet og kjærleik til farmora og kusina, dei einaste av ætta som overlevde krigen), og korleis han, som lesaren, blir fråstøytt av enkelte gruvsamheiter, sjølv når dei blir gjort mot fienden som øydela livet hans. Romanen er ei tredelt oppriningshistorie der me ser korleis sjølve hovudmonsteret i dei opphavlege bøkene vart forma, og for folk som meg som tykkjer ein skruppellaus hovudperson er spanande nettopp fordi det kan vere ubehageleg så fungerer det kjempemessig. Forfattaren har rett nok distansert oss ein tanke meir frå Coriolanus enn ho gjorde frå Katniss -- dei opphavlege bøkene er fortalt i fyrsteperson, her er det eit (rett nok veldig tett) tredjepersonsperspektiv heile vegen. Eg trur kanskje boka ville vore endå meir effektiv viss me hadde blitt gjort medskuldige i vala hans via fyrsteperson, men det er eit forståeleg val -- ein Hunger Games-spinoff vil bli lesen av svært unge lesarar, og dette er allereie ei moralsk utfordrande bok i så måte.

Hovudkritikken min deler eg med kona, som las denne fyrst, og som òg likte den svært godt: Romanen er delt i tre bolkar, og den tredje er den med klart svakast framdriv. Slutten er veldig bra, men det som leiar opp til den er ganske saktegåande og lite actionfylt samanlikna med romanen sine fyrste to deler. Personleg tykte eg òg at etterspelet, effektivt gjort på nokre få sider, med fordel kunne vore litt lengre, og mjølka situasjonen litt meir. Men for all del. Det er hårreisande nok i den kjappe, kliniske måten alt blir oppsummert og ferdigstilt på, og igjen er det sikkert lurt å ikkje dvele for mykje med det altfor opprørande med tanke på lesarkrinsens alder.

Der, som ved så mykje anna, har uansett Suzanne Collins gjort ein glitrande jobb, tykkjer eg, for boka følest både i same stil og generelle aldersseksjon som dei fyrste tre, men er samtidig akkurat nok skarpare i kantane til at fans som no er blitt vaksne vil få ei solid lesaroppleving. Begge tomlane opp!
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Deschain
Soldat
Soldat
Posts: 26
Joined: Thu Apr 25, 2019 18:10

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Deschain »

Loki wrote: Thu Oct 27, 2022 12:22 The Ballad of Songbirds and Snakes er eit ypparleg tillegg til den fantastiske Hunger Games-trilogien (som forresten er mellom dei best skrevne, kanskje _dei_ best skrevne, YA-bøkene eg har vore borte i, sjølv om eg skal tilstå at det ikkje er sjangeren eg har lese mest av). 65 år før bøkene om Katniss Everdeen er den store krigen som gav grunnlag for dei gruvsame daudsleikane berre ti år i akterspegelen, og den foreldrelause tenåringen Coriolanus Snow skal snart uteksaminerast frå det gratis akademiet og byrje på universitetet, slik det høver seg for alle hovudstadsbarn frå gode familiar. Problemet er berre at familien hans mista heile formuen under krigen, og etter ti år med å halde fasaden eig han, farmora og kusina snart ikkje nåla i veggen. Så han treng eit stipend, eit stort stipend, eller han må sjå si framtid -- og heile familien si -- bli ein grå og stakkarsleg ting. Så utlyser akademiet at i samband med tiårsjubileumet for daudsleikane vil myndigheitene gjerne gjenopplive litt blest om dei (folk flest ser jo ikkje på), så kva om tjuefire av hovudstadens mest framståande tenåringar sponsar kvar sin deltakar frå distrikta i år? Dei som blir vurdert til å gjere jobben bra, som får folkedjupet til å interessere seg for konkurransen, får sjenerøse stipend for universitetet neste år.

Der Katniss Everdeen var ein likandes hovudperson med eit skarpt moralsk kompass er Coriolanus ein kynisk, kalkulerande ung aristokrat. Forfattaren gjer likevel i mine augo ein strålande jobb med å gjere han forståeleg. Ein ser stadig korleis han er djupt farga av ein barndom i ein krigsherja og sønderbomba hovudstad og av stramme kår i åra som følgde, korleis alt han gjer er legitimert av hans plikt til familien (både som konsept og som hans konkrete lojalitet og kjærleik til farmora og kusina, dei einaste av ætta som overlevde krigen), og korleis han, som lesaren, blir fråstøytt av enkelte gruvsamheiter, sjølv når dei blir gjort mot fienden som øydela livet hans. Romanen er ei tredelt oppriningshistorie der me ser korleis sjølve hovudmonsteret i dei opphavlege bøkene vart forma, og for folk som meg som tykkjer ein skruppellaus hovudperson er spanande nettopp fordi det kan vere ubehageleg så fungerer det kjempemessig. Forfattaren har rett nok distansert oss ein tanke meir frå Coriolanus enn ho gjorde frå Katniss -- dei opphavlege bøkene er fortalt i fyrsteperson, her er det eit (rett nok veldig tett) tredjepersonsperspektiv heile vegen. Eg trur kanskje boka ville vore endå meir effektiv viss me hadde blitt gjort meskuldige i vala hans via fyrsteperson, men det er eit forståeleg val -- ein Hunger Games-spinoff vil bli lesen av svært unge lesarar, og dette er allereie ei moralsk utfordrande bok i så måte.

Hovudkritikken min deler eg med kona, som las denne fyrst, og som òg likte den svært godt: Romanen er delt i tre bolkar, og den tredje er den med klart svakast framdriv. Slutten er veldig bra, men det som leiar opp til den er ganske saktegåande og lite actionfylt samanlikna med romanen sine fyrste to deler. Personleg tykte eg òg at etterspelet, effektivt gjort på nokre få sider, med fordel kunne vore litt lengre, og mjølka situasjonen litt meir. Men for all del. Det er hårreisande nok i den kjappe, kliniske måten alt blir oppsummert og ferdigstilt på, og igjen er det sikkert lurt å ikkje dvele for mykje med det altfor opprørande med tanke på lesarkrinsens alder.

Der, som ved så mykje anna, har uansett Suzanne Collins gjort ein glitrande jobb, tykkjer eg, for boka følest både i same stil og generelle aldersseksjon som dei fyrste tre, men er samtidig akkurat nok skarpare i kantane til at fans som no er blitt vaksne vil få ei solid lesaroppleving. Begge tomlane opp!
Hunger Games er fantastisk! Uten tvil det beste jeg har lest innenfor YA-sjangeren. Har Ballad på leselista mi, og nå ble jeg gira på å prioritere den kjenner jeg :D
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3229
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Den er vel verdt lesinga! Men viktig å ha i mente at det er ein oppvekstroman om ein sosiopatisk tyrann heller enn ein moralsk og prisverdig helt, då, så vil tru det er fullt mogeleg å likte dei opphavlege tre og ikkje naudsynleg tykkje denne fell i smak på same måte. Men den var midt i blinken for meg! :)
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle
Soldat
Soldat
Posts: 36
Joined: Mon Dec 06, 2021 19:02
Location: Bergen
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by WoTle »

Eg las nettopp Til Jord Skal du Bli av Anders Totland. Det var ein lettlesen, morosam og tidvis mørk roman. Eg trong litt avveksling frå fantasy-sjangeren, og denne romanen trefte verkeleg riktig!
Triyan wrote: Thu Sep 22, 2022 20:33 Jeg har startet på Mistborn-triologien, da jeg har lest den før og har glemt alt sammen (Shame!) Siden jeg nå skal sette meg inn i Brandon Sanderson sitt Cosmere-univers, tenkte jeg det var greit at jeg faktisk husket hva noen av bøkene handlet om :) Det eneste jeg husker er at jeg likte de veldig godt, hehe.
Eg held òg på med Mistborn! Eg er på bok tre, men må innrømma at eg har dotte litt av lasset. Den fenger så langt ikkje like mykje som dei to første, og eg trur nok det er grunnen til at eg trong avveksling frå fantasy, hahah. Men eg veit at boka blir betre (ein kompis har lese trilogien nyleg), så eg kjem nok til å plukka den opp igjen snart. Kva synest du så langt, Triyan?

Eg gler meg skikkeleg til å byrja på andre Sanderson-greier, for eg har inntrykket av at skrivestilen hans ikkje var heilt ferdigutvikla i Mistborn-bøkene. Det er liksom noko som manglar, spesielt samanlikna med måten han fullførte Tidshjulet, men eg har høyrt frå andre at han berre blir betre og betre.

Elles kjøpte eg Earthsea-bøkene i sommar, og dei ser veldig freistande ut der dei ligg i bokhylla. Synd at arbeid med mastergraden syg så mykje leselyst ut av meg, heh.
Sjekk gjerne ut podkasten Hjulpreik: ein norsk podkast om Tidshjulet, både bøkene og TV-serien, med vertane Vetle, Sigrid og Vetle. Nye episodar (nesten) kvar veke.
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3229
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Einaste andre boka eg har lese av Sanderson er Elantris, og den skreiv han før Mistborn, så eg kan ikkje uttale meg om utviklinga hans. Men viss du seier WoT-bøkene var betre skrevne enn Mistborn, så gir det jo absolutt meining at han har betra seg utover karrieren, ja. Earthsea har eg ikkje lese noko av på over tjue år, så hugsar mindre enn lite, men har ein svak ambisjon om å få retta på det med tid og stunder ...

Av praktiske omsyn -- slett ikkje fordi boka er dårleg, om noko liker eg den så langt endå betre enn den fyrste -- har eg tatt ein pause to tredjedeler gjennom Caliban's War (bok 2 av The Expanse) og lese C.S. Foresters Lord Hornblower siste veka. Eg har aldri lese nokon av Hornblower-bøkene før, men med tanke på at boka er nesten hundre år gamal (og omhandlar napoleonskrigane frå over hundre år før det igjen) tykte eg det var ganske solid. Hovudkritikken er at den er ganske ujamn, fyrste tredjedelen er langt meir oppslukande enn resten, men den rettar seg ein del opp att siste par kapitla, så det hjelpte på heilskapsinntrykket.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.

Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
Post Reply