Hva leser du for tiden? II

Diskuter andre bøker dere leser

Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren, Loki

Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3382
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Asphyxiate wrote: Mon Aug 19, 2024 20:09
Fascinerande, vart litt interessert i denne sjølv, skjønt det er ikkje heilt mi greie, sånn generelt sett. Vart det forklart kvifor familien ikkje snakka så mykje om mannen?

Han etterlot seg ikke noen barn og dro fra familien ganske ung for å "finne sin egen vei". Han var også yngst i familien og utretter vel kanskje aldri noe stort. Da forsvant han mest i familiens historie.
Slik ja, takk for svar! Blir vel fort slik når ein ikkje får barn, og så når han då døydde ung attpåtil. Kjenner meir og meir på det sjølv jo eldre eg blir (som sjølvvalt barnlaus), denne litt underlege frykta for å bli gløymt.
Asphyxiate wrote: Mon Aug 19, 2024 20:09 Anbefaler The Liveship Trilogy, den er etter min mening noen par hakk over The Farseer Trilogy, noe du tydeligvis har fått fortalt tidligere. Som sagt, det er et bedre driv her enn i Farseer, og særlig vekslingen mellom ulike POVs skaper dynamikk som gjør at man aldri blir "stuck" for lenge i ett synspunkt. Også mange interessante karakterer.
Notert! Eg har ein haug av Hobb oppsamla via brukthandlar sidan eg las Farseer, inkludert heile (trur eg, mogeleg eg manglar eitt bind) Liveship Traders, så terskelen ligg mest i å lese omatt Farseer fyrst. Elles ville eg nok komme i gang allereie. Kanskje etter Malazan!
Asphyxiate wrote: Mon Aug 19, 2024 20:09 Absolutt interessant karakter. Ikke så mange kvinneskikkelser fra denne tiden. Og hennes endelikt, i en litt bisarr ulykke under et flystevne i Russland i 1920 der blant andre hun og Einar Gerhardsen er på "studietur" til Lenins kommunist-Russland, er på mange måter ganske utrolig.
Det høyrest jo heilt avsindig ut!
Asphyxiate wrote: Mon Aug 19, 2024 20:09 The White Knight har jeg liggende, uten å ha lest. Husker ikke hvor jeg plukket den opp, eller hvorfor, men det var tydeligvis ikke totalt bortkasta.
Den er, mine pet peeves om karaktertolkningar til sides, god lesning!
Asphyxiate wrote: Mon Aug 19, 2024 20:09Ellers har det vært lite tegneserier på meg i sommer. Merker jeg er litt mett på bøker per nå, så da blir det nok litt tegneserier.
Kjenner att den kjensla, teikneseriar er så lett og innbydande i samanlikning av og til. Men forferdeleg dyrt på kroner per side i forhald, då, for ikkje å snakke om for hylleplassen!
Asphyxiate wrote: Mon Aug 19, 2024 20:09 Har også The Kang Dynasty-omnibusen liggende, så nok å lese. Ellers er et litt for mange titler og beskrivelser her som gjør meg interessert og nysgjerrig
Har lese utruleg lite med Kang, så gi gjerne lyd om kva du tykkjer om denne, kunne vore gøy å få strekt hans ende av Marvel-mytologiinnsikta mi i litt utover det eg har snappa opp på fanwikis i åras laup.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote:Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate wrote: #justice4Glûg!!
Yawron
Hengiven
Hengiven
Posts: 174
Joined: Thu Sep 07, 2006 14:31
Location: Oslo

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Yawron »

Nå har jeg lest meg igjennom Michael J. Sullivans "The Riyria Revelations".

Ganske actionpreget handling som får historien framover i et høyt tempo. Satt i en verden som er interessant nok til å støtte handlingen, men ikke så spennende at jeg tror jeg skal lese noe mer i denne verdenen da alt som er skrevet videre er "prequels". Klassisk fantasy med alver, dverger, orker og slikt, men menneskesentrisk. Litt magi, mest sverd.

Jeg koste meg med det, jeg.
"Once more the drama begins"

- Paul Muad'dib
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3382
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Hm, var nysgjerrig no og slo den opp, ser at det er ein trilogi? Kva er handlinga? Følgjer me i hovudsak éin helt, eller er det mange ulike historietrådar?
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote:Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate wrote: #justice4Glûg!!
Yawron
Hengiven
Hengiven
Posts: 174
Joined: Thu Sep 07, 2006 14:31
Location: Oslo

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Yawron »

Loki wrote: Sat Sep 14, 2024 20:37 Hm, var nysgjerrig no og slo den opp, ser at det er ein trilogi? Kva er handlinga? Følgjer me i hovudsak éin helt, eller er det mange ulike historietrådar?
Det er egentlig seks bøker, men selges i samlinger på to og to.
Vi følger flere POVs, og det kommer litt og litt flere i løpet av serien. Selv om noen av karakterene er forskjellige steder geografisk, så vil jeg si at alt driver fram den samme historien. Litt klønete forklart.. Hvis man sammenlikner med Tidshjulet der man føler at karakterene har sine helt egne eventyr, så er inntrykket at alle fokuserer på det samme her.
"Once more the drama begins"

- Paul Muad'dib
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3382
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Tusen takk, det høyrest gøy ut. Når det er velgjort har eg litt sansen for ei erketradisjonelle fantasyverd der forfattaren ikkje føler dei må finne opp haugar av nye vesen og heller trekkjer vekslar på tropane eg har investert i allereie. Men plott og karakterar må jo vere der! Skal notere meg denne! :D
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote:Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate wrote: #justice4Glûg!!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1047
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Jeg kan også ha sansen for mer klassisk fantasy, når det er gjort grundig, men gode karakterer, velgjennomtenkt verden, og at det er godt skrevet. Selv om det er flott at fantasysjangeren har blitt mer mangfoldig og at forfattere utforsker grensene for hva fantasy er og kan være, og at andre snur veldig på troper og tradisjoner, er det noen ganger litt "deilig" å "bare" ha en klassisk, godt fortalt historie i en fantasy-setting. Det var dette som dro meg inn i sjangeren i utgangspunktet.

Jeg er straks ferdig med boka Ytre høyre i dag av Cas Mudde. Hadde egentlig plan om noe fantasy eller i hvert fall en roman nå i høstferien, men har blitt mye annet så har ikke rukket å finne noe jeg skulle lese. Når det kommer til romaner, har jeg lyst på tiden til å sette meg ned og virkelig komme inn i verdenen, derfor jeg foretrekker romaner i ferier. Akkurat denne boka er for så vidt en ganske grei oversikt og forklaring av nye ytre høyre, både partier, grupper, organisasjoner og personer, siden ca 2000. Lett skrevet (godt oversatt), men boka er fra 2019, og enkelte ting er allerede litt utdatert - det går veldig fort i dette universet. Boka er på under 200 sider, så anbefaler for de som er interessert i denne tematikken.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3382
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Loki »

Du verda, to månadar sidan sist! Og sidan eg framleis les Malazan, er det berre nokre teikneseriar å ramse opp:
* Batman Detective Comics: Scare Tactics av (hold pusten) Tony S. Daniel, Gregg Hurwitz, James Tynion IV, Sandu Florea, Szymon Kudranski, Ed Benes, Rob Hunter, Julio Ferreira, Eber Ferreira, Eduardo Pnsica, Richard Friend, Romano Molenaar, Pere Pérez, Henrik Jonsson og Joel Gomez. Plukka denne opp brukt på ei Finn-bestilling frå ein seljar som hadde noko anna eg skulle ha, sidan den var frå The New 52-eraen der eg har mykje anna bra Batman, og sjølv om det er byrja bli ei stund sidan august no hugsar eg den som heilt grei pluss. Som dei mange namna indikerer er dette ei samling mange småhistoriar av ymse kvalitetsnivå, men teikningane var bra gjennom det heile, og fleire av historiane var ganske solide.
* Paper Girls av Brian K. Vaughan og Cliff Chiang.
Image
Gigantisk omnibus av heile serien, kjøpt som presang til ektemaken fordi me begge er så glade i Vaughans Saga og fordi Paper Girls hadde ein kortlevd, men relativt lovande, fjernsynsadapsjon nyleg. Science fiction-epos om nokre avisbod-jenter på 1980-talet som blir vikla inn i ein tidsreisekrig. Serien var bra, særleg var fleire av hovudpersonane lette å like og følgje, men følte historia mangla noko for å suge meg inn og bli skikkeleg fantastisk. Vaughan er i mine (og mange andres) augo ein av dei beste manusforfattarane i amerikansk teikneserieindustri no til dags, og sjølv om dette nok er heilt midt på fjøla for han personleg er det mange hakk over det meste der ute.
Elektra: Black, White & Blood av diverse (eg orka ikkje skrive ei ny liste som den frå Scare Tactics ...).
Image
Antologi i svart-kvitt-raudt med ulike historiar om Elektra, enten i hovudkontinuiteten eller, oftare, i diverse alternative Marvel-univers og -tidsliner. Som ein kan vente av ein antologi er kvaliteten opp og ned frå historie til historie, men det var mange her eg likte godt! Greper med svart, kvitt og raudt som einaste fargar er alltid slåande, og eg er ikkje uvillig til å prøve andre av samlingane som er blitt laga i denne stilen om andre karakterar.
* Gotham City: Year One av Tom King og Phil Hester.
Image
Ei frittståande detektivnoir-historie sett to generasjonar før Batman, i levetida til Bruce Waynes besteforeldre. Velskreven og spanande, tungt forankra i noir-sjangeren utan å følast parodisk, og med nokre spenstige endringar i Batman-mytologien på godt og vondt. Og gøyalt å gjere hovudpersonen til ei nytolking av den opphavlege detektiven frå 'Detective Comics' i åra før Batman tok over boka.
* Three av Kieron Gillen og Ryan Kelly.
Image
Eg har sansen for Gillen, så då eg høyrde om denne grafiske romanen laga i reaksjon på Frank Millers 300 og andre glorifiseringar av krigarkulturen i antikke Sparta, vart eg nyfiken og bestilte den på eit innfall medan ein framleis lett kan finne den brukt til ein vettug peng (den er nok for lengst ute av trykk, diverre). Her er det å gjere framstillinga historisk forsvarleg vektlagd, sjølv om historia i seg sjølv er fullstendig oppdikta, der me følgjer tre av den spartanske slavekasten medan dei forsøker rømme til fridom. God historie, flott teikna, og om den ikkje finn opp hjulet på nytt er det mykje å like og kose seg med her. Eg likte særleg korleis spartanarane sjølve ikkje blir framstilte som demoniske slemmingar, men som menneske på godt og vondt på same måte som hovudpersonane.
* Gjenlesing av dei fyrste seks binda av Ultimate Spider-Man av Brian Michael Bendis og Mark Bagley. Eg hugsa dette som veldig, veldig bra, og var spent på om eg tykte det same som nesten førti med hundrevis av superheltseriar under beltet som eg gjorde som nitten og i samanlikning veldig lite. Og jau, veldig bra er det! Historiane er nok litt føreseielege, i stor grad fordi dei jo er nytolkingar av dei store, kjente Spider-Man-historiane frå den originale kontiniuteten, som ein etter kvart kjenner både frå originalversjonen og utallege andre gjenfortejlingar i spelefilmar og teiknefilm. Men Bendis' signaturdialog (altså fullstappa med rappkjefta vidd frå hovudpersonen) og Bagleys stort sett veldig actionfylte og fine teikningar (sjølv om dei enorme augo på karakterane -- menn som kvinner! -- av og til ser litt rart ut) gjer det til veldig underhaldande lesing, og tempoet er herleg. Luksusen av å kunne går frå slager til slager ved å nytolke berre dei mest kjente og sukssessrike tinga frå den originale serien gjer dette til konsekvent høg kvalitet, og sørger samtidig for at eventuelle mindre vellukka historietrådar er over før eg rekk bli særleg lei av dei. Og bonuspoeng for at eg verkeleg heiar på Peter og Mary Jane som par -- det er ikkje noko dei fleste tenåringsromansar får til for meg.
* Pink Panter som detektiv: Den avskylige snømann av Stefano Magnaghi og Silvia Mondini.
Image
Eg har nostalgi for eit eksemplar eg som barn hadde av bind nummer 2 i denne serien, der den rosa panteren blir innvikla i ein konspirasjon om Det gamle Atlantis, så då eg snubla over bind 1 i ein bruktbutikk plukka eg det opp ved innfall. Og det var eigentleg eit fint innfall -- dette er sprekt (for ikkje å sei heilsprøtt) i premisset, tidvis ganske så vittig, og ikkje så datert som eg ville venta meg. Men eg føretrekk nok minnet om bind 2 med ganske mange hakk, lell, så får det stå usvara om det er på grunn av rosenraude nostalgibriller, at eg som vaksen ikkje lenger er i målgruppa, eller rett og slett fordi historia der var betre enn i denne.
* Gjenlesing av Ultimate X-Men bind 1 til 3 av Mark Millar og Adam Kubert, med ei lita sidehistorie av Chris Bachalo og Esad Ribic. Nok ein serie eg hugsa som glimrande frå då eg var nitten. Og den er veldig bra, men står seg nok lell eit hakk mindre bra enn systerserien til Bendis nemnt over. Delvis fordi Millar er litt meir oppteken av å vise fram kor utruleg samtidig nytolkinga hans er, og dei stadige referansane til den dåverande regjeringa i Det kvite hus og den slags er veldig kleint i ettertid, men delvis òg grunna det eg ikkje liker ved Millar som manusforfattar. Han er unekteleg veldig flink, har strålande grep om tempo, action og gode historiepremiss. Han gjer òg ein del skikkeleg inspirerte ting med dei ulike klassiske X-Men-historieelementa, ved å binde dei saman på nye, gjennomtenkte måtar som er spanande å lese. Men han har eit tenåringspreg ved seg som eg aldri har likt (sjølv ikkje som tenåring), der karakterar som flørtar, bannar, vitsar, osv., altfor ofte følest kleint og tvungent, som om Millar trur at om noko er frekt nok, høglydt nok, ekstremt nok, så vil det automatisk vere kult. Eg forstår at Magneto er skurk fordi han er for folkemord, eg treng ikkje at han òg bruker nedsetjande ord om Xavier som 'krøpling' for å hamre det heim. Men eg hugsar at denne serien blir overtatt etter kvart av fyrst Bendis og så Vaughan, som begge er minst like gode (og vanlegvis langt meir uproblematiske sjølv med ettertidas politisk korrektheit-briller), og at eg likte den endå betre då. Så gler meg til å fortsetje vidare.
* Gjenlesing av Ultimate Marvel Team-Up av Brian Michael Bendis, Matt Wagner og Phil Hester.
Image
Crossover av Ultimate Spider-Man med fyrst Wolverine frå Ultimate X-Men, og så Hulk frå det som skal bli The Ultimates. Ikkje superbegeistra for teikningane her, men historiane fungerer bra, og Bendis leverer som vanleg mykje god dialog. Det er òg eit fint steg på karakterkurven til Wolverine her, mellom bind 2 og 3 av Millars moderserie.
* Gjenlesing av Ultimates bind 1 og 2 av Mark Millar og Bryan Hitch.
Image
Eit skikkeleg episk forsøk på å nylansere Avengers i Ultimate Marvel-universet, og eg tykkjer Millar gjer det veldig bra her. Tinga eg klaga på i Ultimate X-Men er absolutt problem her òg, men dei følest (vanlegvis) mildare og sjeldnare av ein eller annan grunn. Veldig nøgd med dette attsynet. Og Hitch sine teikningar er nøyaktig det eg vil ha frå superheltseriar: Tydeleg, lett å følgje, pent å sjå på, og spanande som søren.
* Gjenlesing av Ultimate Fantastic Four bind 1 av Mark Millar, Brian Michael Bendis og Adam Kubert. Interessant og vellaga nyskaping av Dei fantastiske fire, men følte ikkje plott eller historie eigentleg kom langt nok her til å bli meir enn ei generisk, om enn velfortalt, opprinningshistorie. I motsetnad til Ultimates, Ultimate X-Men og Ultimate Spider-Man kjøpte eg meg aldri vidare på dette på engelsk, og den norske kom aldri forbi bind 1, så sjølv om eg inkluderte det i gjenlesingsprosjektet mitt no, fortset eg neppe med dette med det fyrste. Det sagt så tykkjer eg Doom er lovande, så eg er bittelitt freista til å sjå kva som skjer vidare med han.
* Donald Duck Mestertegnerne: Giovan Battista Carpi av Giovan Battista Carpi, Guido Martina, Elisa Penna og Fabio Michelini.
Image
Eg liker at Egmont forsøker setje dei ofte anonyme skaparane av Duck-seriane i fokus med denne serien, så eg har kjøpt dei binda som eg ikkje har flesteparten av historiane i frå før. I denne eigde eg kun Fantonalds opprinningshistorie frå før av, men for Duck-fans var det fleire fine ting her, inkludert ei artig antikke Rom-historie med forfedrene til Duck-familien, Langbein, Svarte-Petter, Rikerud og B-gjengen i full samansurium, og ei Donald Duck-gjenfortejling av klassikaren Carmen. Eg er heller ikkje særleg kjent med Carpi, trass i at han hadde eit bind i Hall of Fame-bøkene i si tid, så eg sette pris på både den (altfor korte) artikkelen i forordet og miniartikkelen om forsida hans på Donald Pocket nr. 1.
* Bruno Bjørn og Benny Burro: Den store elgjakten av Carl Barks. Nok eit innfallskjøp frå ein bruktbutikk. Kan ikkje sei eg var så storveges imponert over denne, men etterordet av Horst Schröder om amerikansk aimasjonshistorie på 1930 og -40-talet og korleis dette informerte utviklinga av tittelkarakterane var faktisk veldig interessant.

No ventar det eit par andre bruktinnfallskjøp og ein diger stabel meir gjenlesing av Ultimate Marvel, medan eg pløyer vidare gjennom The Malazan Book of the Fallen på prosasida.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote:Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate wrote: #justice4Glûg!!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1047
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: Hva leser du for tiden? II

Post by Asphyxiate »

Av alt dette (hvordan får du tid til å lese alt sammen?), virker i hvert fall Gotham City som noe jeg skal undersøke og kanskje lese, virker interessant.

For min del har jeg siden sist lest

- Batman: White Knight av Sean Murphy. Likte den jeg. Interessant premiss, men som kommentert nylig av deg Loki, og jeg er enig, kunne de kanskje gjort det med andre.
- Avengers: The Kang Dynasty omnibus. Kang angriper jorden, samtidig som en rekke ulike hendelser skjer, strekker Avengers bredt. Selv om jeg har lest noe, er det så mange karakterer her jeg aldri har vært borti. Da klarte jeg ikke hele veien å engasjere meg sååå mye i historien.
- Malcolm Gladwell: Bombemafiaen. Handler om det amerikanske flyvåpenet under andre verdenskrig, og hvordan de drev fram massevis av nyvinninger innenfor bombefly og bombing. Veldig fascinerende. Her det "gærninger" hele veien, og masse etiske dilemmaer. Kort og konsist skrevet.

Og jeg holder på å lese Tredveårskrigen av den svenske (!) historikeren Dick Harrison. Tredveårskrigen, og egentlig hele tidlig nytid (ca. 1500 til 1700) har alltid vært en av de periodene i historien jeg har hatt minst tak på. Det er så mange stater, bystater, fram og tilbake, at det er ganske komplisert å holde kontrollen. Tredveårskrigen er en kaotisk krig som veksler mellom en tysk borgerkrig (og Tyskland på denne tiden består av et usikkert antall politiske enheter, fra kongedømmer til små bystater og miniputt-ett eller annet), og en krig som involverer både Danmark-Norge, Frankrike, Spania, Storbritannia (litt) og Sverige på ulike tidspunkter. Kjøpte boka med mål om å få mer kontroll, men litt usikker på hvor mye bedre kontroll jeg har fått. I selve gjennomgangen av krigen blir det for mye fra det ene slaget til det neste, så dukket det opp den generalen osv., men Harrison bruker også tid underveis til å se hvordan krigen påvirker vanlige folk, og det er i de delene boka er best.
Manbearpig
Post Reply