Godt nytt år, folkens!
How to Train Your Dragon: The Serpent's Heir av Dean DeBlois, Richard Hamilton og Doug Wheatley var ei overraskande velgjort historie sett mellom film 2 og 3, som hadde finfin karakterutvikling og oppfølgjing av historietrådar som film 3 ikkje nyttar særleg tid på. Kanskje eg ikkje burde vere overraska når eine manusforfattaren er filmregissøren sjølv, men det var eg. Koseleg bruktbutikkfunn.
A Great Big Visual Hug av Andrés J. Colmenares og
The Little World of Liz Climo av, vel, Liz Climo er begge praktdøme på koselege vitseteikningar-sjangeren, der antropomorfiserte dyr har små og store augneblinkar av oppbyggeleg, trivelege og ikkje reint sjeldan morosame interaksjonar. Om du treng litt positivtet i kvardagen er begge å tilrå, og haugar av striper ligg eit kjapt søkemotorsøk unna. Me kjøpte desse to samlingane fordi me har likt nettseriane.
Snubla over nokre Shakespeare-teikneserieadapsjonar frå åttitalet:
The Merchant of Venice av Naunerle Farr og Jun Lofamia,
Hamlet av Naunerle Farr and E. R. Cruz,
King Lear av Naunerle Farr og Gerry Talaoc,
Julius Caesar av Naunerle Farr og Vicatan og
Othello av Dorothy Calhoun Fago and Vicatan. Desse var veldig bra, tykte eg, og artig lesing for ein som meg som har aaaaltfor dårleg kjennskap til Shakespeare generelt. Og svart-kvitt-teikningane hadde ein Conan Barbaren-aktig stil ved seg som eg likte veldig godt! Berre skuffa at brukthandelen ikkje òg hadde
Macbeth, som eg ser vart utgiven i same serie ...
Tilfeldige DC-seriar eg plukka opp billeg hist og her på ferie:
Justice League 3001: Déjà Vu All Over Again by Keith Giffen, J. M DeMatteis, Andy Kuhn, Scott Kolins, Colleen Doran og Howard Porter.
Dette var ... søkt. Og nokre hakk betre lesing enn eg ville venta meg frå det tøvete premisset! Her er det nemleg snakk om at tusen år inn i framtida er evnene og psyken til vår tids Justice League henta fram inn i kroppane til sine etterkommarar -- men med store bitar hukommelsestap med på kjøpet. Ikkje akkurat ein favoritt, dette, men som sagt, betre enn venta/frykta!
Supergirl: Reign of the Cyborg Supermen av Steve Orlando, Brian Ching, Emanuela Lupacchino og Ray McCarthy. Dette var slett ikkje verst! Eg har lite forhald til Supergirl-karakteren, men dette 'soft reboot'-bindet gjorde ein god jobb med hovudhinderet (kvifor er ho meir enn berre ein jenteversjon av Superman) og eg likte hovudkonflikta, sjølv om den nok vart for Episk Showdown mot slutten etter min smak.
Superwoman: Who Killed Superwoman? av Phil Jimenez, Emanuela Lupacchino, Jack Herbert, Joe Prado, Ray McCarthy og Matt Santorelli. Denne var meir ymse, litt for fanga i kaoset av kontinuitet som er DC-universet. Likevel var det mykje her eg likte, og kjernekonseptet med at Lois Lane og Lana Lang begge har fått superkrefter og forsøker dele på jobben som Superwoman var langt meir interessant enn eg ville ha venta meg.
Wonder Woman av Brian Azzarello, Cliff Chiang, Tony Akins og Gordan Sudzuka! Hu, hei, dette var saker! Trass i at dei fire binda eg fann var meir eller mindre ei fullverdig historie er eg interessert i å jakte fram dei to attståande av Azzarellos verk på serien. Her er kombinasjonen av gresk mytologi, DC-universets mytologi og forfattarens eigne frie fantasi i eineståande kombinasjon. Ikkje alle binda var likeverdige, men som heilskap må eg sei dette var kjempegøy. Wonder Woman oppdagar at ho slett ikkje er laga av leire av mora, men ei uekte dotter av guden Zevs, med alt det fører med seg av nye halvsysken, nye fiendar og nye problem. Særleg når Zevs har forsvunne sporlaust, og det er full maktkamp på Olympen.
Ditto Marvel:
Black Knight: Curse of the Ebony Blade av Simon Spurrier, Sergio Davila, Sen Parsons og Arif Prianto. Kjøpte denne basert på Spurrier, som er dyktig, samt at den lokka med sword & sorcery + kong Arthur-mytologi + Marvel-universet. Og med tanke på at eg knapt kjenner til karakteren (utover cameoen i
The Eternals-filmen, i alle fall) var dette slett ikkje verst!
X-Men: No More Humans av Mike Carey og Salvador Larroca. Òg kjøpt basert på forfattarnamnet, Careys
Lucifer-serie er ein av mine absolutte favorittar. Men denne lurte meg litt, eg såg det var ei originalutgiving i grafisk roman-format, ikkje ei samling av ein miniserie eller sett blader frå ein lengre serie, og tenkte det ville vere frittståande. Og historia
er frittståande, men veldig tydeleg ankra i dåverande marvelkontinuitet, forvirrande som den er. Det sagt så er Carey flink til å gjere slikt nesten uvesentleg, så historia er lett å følgje, og sjølv om den nok ikkje gjorde så stort inntrykk på meg som eg ville håpa, hadde den massevis av flotte augneblinkar, og fiffig dialog, særleg frå Magneto.
All Against All av Alex Paknadel og Caspar Wijnaard. Ambisiøs, mørk science fiction på ei framtidig jord der menneska er utdøydd og romvesen driv bio-arkeologi for å finne ut kva som levde her før. Dette inkluderer å gjenskape nokre menneskebarn i ei jungelsetting, og om dette minner deg om Tarzan eller Mowgli, så er nok det slett ikkje tilfeldig ... Har vore nyfiken på denne lenge, og den levde opp til forventningane!
Rorschach av Tom King og Jorge Fornés. Denne digga eg! Tom King har eit godt rykte, men utom
Gotham Year One i november har eg ikkje lese noko av han før. Han fortente det her, i alle fall. Å skvise oppfølgjarar ut av
Watchmen er like umogeleg å gjere bra som det er uunngåeleg at vil skje, men i mine augo har King klart det. Kanskje nettopp ved å late vere å gjere det. For dette er 35 år seinare, og knapt ein karakter frå den opphavlege serien er å sjå. Her er det ringverknadane som vert undersøkt, og ettermæla, og psykologien, og det er dermed eit heilt eige, sjølvstendig mysterium som berre tilfeldigvis finn stad i eit univers der Watchmen-hendingane skjedde ein generasjon tidlegare. Eg var veldig, veldig nøgd.
Så fekk eg nokre DC-seriar til jul:
Pennyworth av Scott Bryan Wilson og Juan Gedeon var ei skikkeleg skuffing. Det verkar ikkje som om manusforfattaren har sett meir enn ein episode eller to av (den herlege) fjernsynsserien som det er tenkt å skulle vere i kontinuitet med (det er den ikkje, er hundre ting som ikkje stemmer overeins), og historia er noko lite gjennomtenkt science fiction-vrøvl. Det var ikkje heilt bortkasta -- det er ein del humor her som fungerer, nokre artige forteljargrep i stilen, og røysta til Alfred kjennest rett både for serien og for teikneseriane, trass i at historia ikkje gjer det. Akk ja.
Batman: The Man Who Laughs av Ed Brubaker og Doug Mahnke. Har lese denne før, men ynskte meg den fordi eg er Brubaker-tilhengar og den er såpass innflytelsesrik på Batman-mytologien (og Joker spesielt). Den held seg godt! Er nok kanskje nokre hakk i enklaste laget for ei seriemordarhistorie, men sidan det er Jokers fyrste eskapade så rimer det for så vidt at det ikkje er så altfor komplisert. Og elles fungerer den flott!
Batman: Made of Wood av Ed Brubaker og Patrick Zircher, denne var inkludert i same bind som
Man Who Laughs. Ein mordar frå førre generasjon ser ut til å vere aktiv igjen i Gotham, så Batman får hjelp av den opphavlege Grønne lykt-karakteren Alan Scott, som i si tid forsøkte stoppe gjerningsmannen. Heilt grei skuring, likte slutten veldig godt, men kan ikkje sei eg kjem til å hugse noko særleg av denne om eit års tid.
Harleen av Stjepan Šejić, derimot! DETTE var saker. Historiepremisset minte meg om det høyrespelet
Sound Mind der Christina Ricci spelte Harley Quinn, men eg vil sei at gjennomføringa faktisk er
betre her. Gjenskapinga av opprinningshistoria er gjort med fullstendig nydelege teikningar og ein sakte, gåsehudsekkel progresjon mot det lesaren veit til slutt vil skje, medan doktor Quinn via søvnmangel, ynsketenking, ambisjon, frykt, ego og ytre manipulasjon blir mindre og mindre rasjonell så gradvis at ein knapt ser stega. Likte denne kjempegodt!
Las omatt
Fables: Animal Farm og
Fables: Storybook Love av Bill Willingham, Lan Medina, Bryan Talbot, Linda Medley og Mark Buckingham. Las heile
Fables for ein tolv år eller så sidan, men kan likevel styre meg for Willingham og har aldri kjøpt meir enn fyrste bind. Snubla over bind 2 og 3 til ein rimeleg penge i desember, så tenkte skit au, dei tidlege binda var då mellom dei beste? Og, vel. Bind 2 lid veldig under Willinghams høgrevridde politiske agenda -- for all del, folk skal få ha meiningane sine, men det er temmeleg keitete når halvparten av karakterane skal preike politikk og det er så utruleg openbart kva for nokre meiningar forfattaren likar og kvar for nokre han rynkar på nasa av. I tillegg irriterer det meg (som så ofte i
Fables) korleis somme eventyrkarakterar blir gitt dimensjonar og interessante vriar, medan andre blir så simplifisert at dei knapt er attkjennande frå opphavshistoria ein gong. Det kan til dømes verke som om Willingham enten aldri har, eller kun som barn har, lese Kiplings
Jungelboka. Men på begge desse punkta er bind 3 eit stort steg oppatt, her får eg mange fine småhistoriar, samt ei lengre kjernehistorie som faktisk er engasjerande fortalt. Så gjensynet endte positivt, vil eg sei.
Og så driv kona og les ein diger haug Brian Michael Bendis-teikneseriar frå Marvel som eg kjøpte til ho i fjor, og etter kvart som ho fullfører, endar dei i min eigen haug. Eg byrja med å lese omatt
Secret War, illustrert av Gabriele Dell'Otto. Som fyrste gong eg las den tykkjer eg dette er eit genialt premiss, men at utføringa av det surrar vekk det som verkeleg var interessant og mot slutten berre blir nok ein diger kampscene. Litt bortkasta. Men den har spanande ringverknadar på marveluniverset etterpå, då, det skal den ha.
Så las eg
Spider-Woman: Origin der Bendis får manusassistanse frå Brian Reed, illustrert av Joshua og Jonathan Luna. Eg er ikkje så kjent med Jessica Drew, så dette var eg nyfiken på. Som opphavshistorie er den heilt OK, ingenting å klage på, men heller ingenting som var så veldig minneverdig. Mistenkjer at Reed har gjort tungarbeidet her, sidan det ikkje er så mykje artig Bendis-dialog som eg elles ville venta meg. Eg kunne òg styre meg for teiknestilen. Men det er litt interessant å sjå at dette verkar som eit
Life and Times of $crooge McDuck-aktig prosjekt, der ei einheitleg historie er blitt utforma basert på det som var etablert av kontinuitet om Jessicas bakgrunn. Og i så måte er det jo litt imponerande at det heng såpass bra i hop som det gjer.
Og til slutt,
Illuminati, igjen med Brian Reed, illustrert av Alex Maleev og Jim Cheung. Dette likte eg! Ein hemmeleg kabal av dei mektigaste/smartaste mennene i marveluniverset som me får sjå samlast ved diverse større hendingar bakover i tid, dette er både spanande, interessant og snedig utforma. Gode greier! Den slutter rett nok på ein cliffhanger, men sidan den cliffhangeren leiar inn i
Secret Invasion, som eg både har lese og likt veldig godt (det er kanskje min favoritt av alle superhelt-events eg har lese), så tek eg det med tol.
På prosasida er det blitt lite. Eg har fullført den femte Temeraire-boka eg nemnte sist, og den var som eg håpa eit digert steg opp frå den svake fjerdeboka. Ja, vil kanskje gå så langt som å sei at nummer fem er den beste
Temeraire-boka så langt, i alle fall frå eit plottperspektiv. Og så har eg lese
Kaptein Grants barn (
Les enfants du capitaine Grant) av Jules Verne, ei heilt grei eventyrhistorie som eg vil tru var meir spanande, uføreseieleg og annleis då den kom ut enn den er i dag. Men er snart ferdig med
Malazan-boka eg byrja på i november og tok pause frå i heile desember, og då blir det ny post i
Malazan-tråden min!