TV-serier, sesong II

For deg som har noe annet på hjertet

Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren

Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3394
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Skal me sjå! Erstwhile, on Farg- on Loki's TV screen:

Batman: Caped Crusader, sesong 1
Sjarmerande innfallsvinkel å velge visuelle grep og karakterdesign inspirert av dei aller tidlegaste teikneseriane, samtidig som moderne grep (at Gordon-familien er mørkare i huda, at somme kvinner tør våge seg i mannsdominerte yrker, etc.) er strødd inn. Samtidig blir ein teiknestil og forteljartone som er veldig lik 90-talets Batman: The Animated Series kombinert med tidvis langt meir brutal vald og endå meir iskald Batman-karakter. Er nok framleis for formularisk til å vere ein av mine favoritting frå året som har gått, men til tjueminuttsepisodar actionserie å vere er dette overraskande sjåverdig, og ein ekstremt interessant potpurri av element for meg som Batman-tilhengar.

Moonflower Murders (miniserie på papiret, men i praksis sesong 2 av Magpie Murders)
Eg likte, som i sesong 1, den dobbeltspora historien der halvparten er å følgje ein redaktør av krimbøker i notida der ho blir surra inn i å oppklare eit ekte mordmysterium som inspirerte hennar daude stjerneforfattar, og halvparten er å følgje historia i forfattarens bok. Særleg Conleth Hill briljerar som den forferdeleg ulikandes, sjølvgode forfattaren, akkurat som i sesong 1. Mysteriet i seg sjølv kan eg nok likevel styre meg for, det er berre heilt OK, og eg blir aldri skikkeleg fenga. Er nok, som sesong 1, verdt titten for dei som elskar kosemysteriumsjangeren, og det er mange fine scenar undervegs, men blir aldri så bra at eg trur det vil fenge publikum utanfor hovudmålgruppa.

Slow Horses, sesong 4
Denne spionthrillerserien er så braaaaa. Eg tykte kanskje denne sesongen var nokre hakk meir føreseieleg og mindre gripande enn tidlegare år, men det er likevel ein fryd frå ende til annan, og i ein serie utan eit dårleg kort på handa er Gary Oldmans herleg elskelege ekling framleis både ess og joker på éin gong. Viss du les dette og ikkje har sett Slow Horses, fiks det snarast.

Fight Night The Million Dollar Heist (miniserie)
Positivt overraska over denne kriminalthrilleren basert på eit ekte ran på syttitalet. Den tek seg litt for god tid med å få plottet i gong, men Kevin Hart, Samuel Jackson og særleg Don Cheadle er så gnistrande i hovudrollane at eg var meir enn villig til å gi den halvanna episode godvilje på framenden.

The Expanse, sesong 1 til 6, og The Expanse: One Ship-mikroserien, gjensjåing
Las Expanse-bøkene i fjor med ektefellen som ein slags paraktivitet, og ho føreslo difor i haust at me kunne sjå fjernsynsserien omatt òg. Det var eit veldig godt forslag, for du og du, denne serien held seg bra. Om noko er den no endå betre enn då me opphavleg såg den frå år til år, sidan me slepp bli forvirra av gradvis eksposisjon i mysterietunge sesong 1, og hugsar vedkommande med glede kvar gong ein bikarakter frå to sesongar sidan dukkar opp igjen. Ein av dei beste seriane eg har sett, punktum. Håpar mot alle odds at dei ein dag får lage fjernsyn av dei attståande tre bøkene òg -- det er eit tidshopp på fleire tiår mellom bok seks og sju, så dei har betre tid på seg enn ein skulle tru før skodespelarane blir for gamle.

Bad Monkey, sesong 1
Ei gledeleg overrasking! Den rappkjefta Vince Vaughn-karakteren i sentrum løfta det som elles uansett ville vore ein svært kompetent krimserie til glitrande actionkomedie, eg storkoste meg i sofaen kvar gong han opna munnen. Håpar på sesong 2, men dette var uansett eit sjølvstendig og avslutta plott, så det vil fungere som miniserie om ikkje.

Terminator Zero, sesong 1
Nja. Ikkje heilt overtydd over denne. Det var ikkje nok plott til å bry meg særleg før eg var halvveges gjennom sesongen, greia med ei alternativ tidsline der alle har digre vandrande tenarrobotar men alt elles er gjenkjenneleg nittital var vanskeleg for meg å kjøpe, og tempoet i serien var drygt sakte sjølv etter at plottet endeleg kom i gong. Men alt det sagt var det veldig pen animasjon, godt stemmeskodespel, og for all del ein interessant kjerne i plottet, som faktisk kunne engasjere når serien innimellom fekk litt fart på seg. Dessutan var den genuint skummel i terminatoren-er-etter-oss-typen scenar, og det er kanskje det viktigaste i dette universet.

Nautilus, sesong 1 (men kansellert, så de facto miniserie)
Svært lausleg basert på Jules Vernes En verdensomseiling under havet, og ein artig mellomting mellom den tannlause, familievennlege eventyrserien eg venta meg og eit moderne drama med djupn og ting på spel. Det fungerer ikkje alltid like bra -- episoden med ein kultur krigarkvinner som framleis lever som i vikingalderen kunne vore rett frå Xena eller ein dårleg episode Doctor Who -- men det er forfriskande å sjå ein serie som hjernen min skannar som 'trygg' nettverksfjernsyn der visse karakterar er trygge utom pilot- og finaleepisodar og der dei med moralsk rett argument vil vinne dagen, som likevel faktisk har meir verkelege konsekvensar og farar innimellom. Ein del gode gjesteskodespelarar løfta òg mykje her. Alt i alt ikkje noko eg kjem til å sjå omatt, men om ein liker og saknar denne typen fargerike actioneventyr med store porsjonar moralisering og etiske læringskurvar, så er dette eit veldig habilt forsøk på å oppdatere sjangeren for eit 2020-talspublikum.

Agatha All Along (miniserie, skjønt ein kan med ein god del rette argumentere at det er sesong 2 av WandaVision)
Positivt overraska! Siste halvpart av sisteepisoden (etter tilbakeblikka) var berre heilt grei, men avsløringane i nest-siste tok meg meir eller mindre på senga, og det er ein sjeldan fryd når ein ser så mykje fjernsyn som eg gjer. Og vegen fram til då hadde vore god nok i seg sjølv (som nok er gunnen til at eg ikkje såg avsløringane kome, eg følte ikkje eit behov for at det måtte vere nokre). Vil måtte sjå Hawkeye omatt for å vere sikker, men mistenkjer dette er min favoritt av Disney+-MCU så langt.

The Old Man, sesong 2
Det er eit eller anna eg ikkje kan setje fingeren på som manglar ved plottet for å gjere meg blodfrelst av denne serien, men eg liker den likevel veldig, veldig, veldig godt. Jeff Bridges, John Lithgow, Amy Brennarman og Alia Shawkat er strålande i den, og kvar gong dei har scenar saman sit eg ytterst på kanten av sofaputa, så gripande er dei. Særleg Lithgow. Den mannen er ein internasjonal skatt, og når han får ein karakter som verkeleg har dimensjonar å boltre seg med, som her, er det fenomenalt å sjå på.

The Office, sesong 3 og 4, gjensjåing
Dette held seg kjempebra. Er neppe mykje som er verdt å sei om amerikanske The Office som alle som les ein fjernsynstråd ikkje allereie har høyrt, men om du ikkje har sett den på ei stund: Den er verdt gjensynet.

Only Murders in the Building, sesong 4
Deira svakaste sesong så langt, kanskje? Likevel veldig bra, dynamikken mellom dei tre hovudpersonane er og blir fantastisk underhaldande, og det er massevis av gode augneblinkar elles i sesongen, både med dei nye naboane, skodespelarane, gjensyn med gamle karakterar ... Nei, eg klagar slett ikkje, dette er gøy.

Tomb Raider: The Legend of Lara Croft, sesong 1
Føler tidvis at denne serien er litt for glad i å lene seg på at dei trur sjåaren kjenner karakteren og mytologien frå før -- som for all del er eit betre feilgrep enn å kjede alle frå vetet ved å fortelje formulariske opprinningshistoriar om og om igjen -- men eg liker måten digre fantasyelement dukker opp i ein elles relativt jordnær serie (spranga hovudpersonen gjer over digre djuv til sides), og det er mykje pent ved animasjonen her. Likevel ein serie eg nok ville ha droppa om eg kom i tidsklemma i haust.

The Penguin (miniserie)
Dette var fabelaktig bra. Kanskje beste nye serien eg har sett i 2024? Omtrent einaste klagepunktet mitt er kriminell underbruk av Shohreh Aghdashloo, men noko må ein vel ha å syte over.

Tulsa King, sesong 2
Det er snålt å sei det, særleg for meg som er litt for ung til å ha forhald til gullalderen hans i kinosalen, men Sylvester Stallone har, viser det seg, karisma. Det som elles på papiret berre er eit heilt kurant, kompetent mafiadrama får verkeleg det vesle ekstra av at Stallone har hovudrolla som mannen som har brukt halve livet i fengsel og no forsøker byggje seg opp på nytt midt ute i -- frå eit New York-gangsterperspektiv -- ingenmannsland. Sesong 2 har i tillegg store gjesterollar frå Frank Grillo og Neal McDonough, så dette var gøy. Det finn slett ikkje opp hjulet på nytt, men om du liker å heie på likandes karrierekriminelle mot mindre likandes karrierekriminelle, så er dette godt over snittet.

The Legend of Vox Machina, sesong 3
Eg er ikkje så veldig fan av denne svært pouplære fantasyserien, merkeleg nok. Den er fin å sjå på, det er godt stemmeskodespel, men eg klarer berre ikkje investere meg i plott og karakterar. Det sagt, så tok den nokre fine og interessante steg denne sesongen, og det er kult å sjå digre drakar og gudar i nydeleg animasjon, det er det.

Interior Chinatown, sesong 1
Denne var snål. Eg skjønte hovudpremisset eit par minutt inn i pilotepisoden, men skal ikkje spoile det her. Serien leikar seg med fjernsynstropar, særleg frå 80-talls politiprosedyre-seriar, frå perspektivet til bakgrunnskarakterar frå etniske minoritetar. Plottet var for tregt etter min smak, med altfor lite progresjon frå ein episode til neste, men humoren fungerte veldig godt. Særleg Lisa Gilroy som doesn't-play-by-the-rules-stjernepoliti, Chloe Bennet som mystisk detektiv og mest av alt Ronny Chang som den syrlege bestevenen, var konsekvent strålande.

Arcane, sesong 2
Kanskje den penaste animasjonsserien eg har sett? I alle fall i topp tre. Sesong 2 blir litt for episk og metafysisk i historietrådane etter min smak, men kvar gong dei får scenane ned på karakternivå er dette fantastisk fjernsyn, med hjarteskjerande og hjartevarmande scenar mellom sysken, vener, elskarar, foreldre og barn, i episode etter episode. Og animasjonen av kroppsspråk er vanvittig imponerande.

Dinosaurs, sesong 1, gjensjåing
Det er over tjue år sidan eg såg noko Dinosaurs, men det viser seg at eg i alle fall hadde sett dei fem episodane som utgjer sesong 1 før. Som ein kan vente seg av ein Henson-produksjon er dokkeanimasjonen sublim. Historiane og humoren er ... heilt grei. Parodien på ein typisk åtti-/nittitalssitcom er velgjort, men dei løftar sjeldan vitsane over ein gjennomsnittleg episode av typen seriar dei parodierar. Humormessig glitrar nok serien mest når det er metavitsar om formatet (som hallomannen Howard Handupme) samt vage og mindre vage referansar til at heile dinosaursivilisasjonen kanskje går under kvar dag som helst utan at nokon i serien er klar over det. Blir interessant å sjå kor mykje av sesong 2 (og 3, og 4) eg kjenner att når me kjem så langt -- eg _trur_ ikkje eg har sett mesteparten av denne serien, men kven veit.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote:Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate wrote: #justice4Glûg!!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1053
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Sett flere av de samme seriene selv i det siste

Agatha All Along: Veldig positivt overraska, og viser at Marvel kan få det til som de vil. Enig i at avslutninga kanskje ikke var den sterkeste delen av serien, men den er leken og har det moro. Og Kathryn Hahn er fantastisk hele veien. Koste meg!

The Penguin: Også positivt overraska. Ikke alle elementene stemte like mye (ble aldri engasjert i Vic-karakteren), men meddrivende krimgangsterdrama.

Only Murders in the building: Litt mye kjendis-greier, litt for mye formelmessig, men samtidig skikkelig god koseTV.

What We Do in the Shadows: Kommer til å savne denne serien. Selv på sitt svakeste, er det knall underholdning. Dette må være noen av de mest minneverdige karakterene noen gang skapt i tv.

The Franchise: Jeg ville så gjerne at denne skulle bli bra. Den er så nærme mange ganger å bli skikkelig morsom, men det ender stort sett med at jeg bare drar litt på smilebåndet. Kanskje den ikke skulle være "klaske seg på låret"-morsom, men den er jo så nærme, med utrolig mye gøy som egentlig skjer. Handler om en Marvel-aktig filminnspilling hvor mye ikke går etter planen. Det beste for min del var Richard E Grant, særlig credits-scenene (for øvrig et artig greie, der de kjører litt bakomfilm, intervju med skuespillerne i filmen de lager - og andre).

Arcane sesong 2: Wow-faktoren fra sesong 1 er ikke helt der, en del skurrer med fortelling og historie, men pokker så vakker serie. Animasjonen i seg selv er nok til å gi to tomler opp.

The Legend of Vox Machina s. 3: Jeg blir engasjert. Jeg liker det og koser meg. Masse god animasjon og god godt stemmespill.

Cross: Ganske ålreit krimdrama, basert på bøker, tidligere filmatisert med Morgan Freeman i hovedrollen, nå med Aldous Hodge som Alex Cross. Han takler det veldig godt, og er både sjarmerende, smart, følsom og tøff. Sesongen har nok minst en episode for mye og kunne vært kortet ned og strammet til litt, men allikevel severdig.

Hellerudsvingen: En norsk South Park-aktig drøy animasjonsserie. Har absolutt sine øyeblikk der den treffer og er utrolig morsom, og noen ganger det ikke treffer like godt.

Captain Laserhawk: A Blood Dragon Remix: Aner fortsatt ikke helt hva dette var for noe, men annerledes var det. Noen har inntatt noe når de lagde denne.

Har kommet til siste del av Batman: The Animated series, eller nå da The Adventures of Batman and Robin, med stilskifte. Liker IKKE stilskifte og endringen i karakterdesignet.

Og sikkert mer. Irriterende at Disney og de andre ikke har strømmehistorie-muligheten som Netflix.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3394
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Asphyxiate wrote: Thu Dec 05, 2024 19:49 Agatha All Along: Veldig positivt overraska, og viser at Marvel kan få det til som de vil. Enig i at avslutninga kanskje ikke var den sterkeste delen av serien, men den er leken og har det moro. Og Kathryn Hahn er fantastisk hele veien. Koste meg!
Hahn er så gøøøøøøy! :D :D :D
Asphyxiate wrote: Thu Dec 05, 2024 19:49 The Penguin: Også positivt overraska. Ikke alle elementene stemte like mye (ble aldri engasjert i Vic-karakteren), men meddrivende krimgangsterdrama.
Eg var aldri heilt engasjert i Vic heller
Spoiler
(delvis fordi eg i grove trekk skjønte korleis det ville gå med han i finalen tidleg i episode 2 ... skjønt eg gjekk ut ifrå at det kom til å vere på trass av at Oz følte for han, ikkje på grunn av, så det var ein veldig fin vri når det endeleg skjedde)
, men kona har kommentert fleire gonger at forhaldet Oz har til Vic er storparten av grunnen til at Oz er fascinerande og interessant å følgje. Så eg sette pris på karakteren lell, om eg ikkje brydde meg så mykje om han personleg.
Asphyxiate wrote: Thu Dec 05, 2024 19:49 Only Murders in the building: Litt mye kjendis-greier, litt for mye formelmessig, men samtidig skikkelig god koseTV.
Betre oppsummert enn eg klarte, og heilt einig.
Asphyxiate wrote: Thu Dec 05, 2024 19:49 What We Do in the Shadows: Kommer til å savne denne serien. Selv på sitt svakeste, er det knall underholdning. Dette må være noen av de mest minneverdige karakterene noen gang skapt i tv.

The Franchise: Jeg ville så gjerne at denne skulle bli bra. Den er så nærme mange ganger å bli skikkelig morsom, men det ender stort sett med at jeg bare drar litt på smilebåndet. Kanskje den ikke skulle være "klaske seg på låret"-morsom, men den er jo så nærme, med utrolig mye gøy som egentlig skjer. Handler om en Marvel-aktig filminnspilling hvor mye ikke går etter planen. Det beste for min del var Richard E Grant, særlig credits-scenene (for øvrig et artig greie, der de kjører litt bakomfilm, intervju med skuespillerne i filmen de lager - og andre).
Nemnte ikkje desse to fordi eg ikkje er ferdig med sesongane enno. Er einig på begge, eigentleg. Særleg at Grant er det beste med Franchise, herreguuuud så god han er. Den scenen der han sit i vogna si og ynkar om ååå, han er så trøytt, kan han ikkje berre bli kansellert?!!, det var mellom det beste av fjernsynskomedie i heile haust. Berre synd at serien totalt sett alltid manglar litt. Og, som eg ofte føler på i seriane frå Iannucci, blir tonen litt for ofte meir stressande og deprimerande enn den er morosam. Men når det innimellom endeleg klaffer, så klaffer det godt.
Asphyxiate wrote: Thu Dec 05, 2024 19:49The Legend of Vox Machina s. 3: Jeg blir engasjert. Jeg liker det og koser meg. Masse god animasjon og god godt stemmespill.
Det ER god animasjon og godt skodespel. Skulle ynskje eg òg klarte engasjere meg i historia, men eg slit. Klarte det litt med Vex og Percy denne sesongen, då, så det var no noko!
Asphyxiate wrote: Thu Dec 05, 2024 19:49 Cross: Ganske ålreit krimdrama, basert på bøker, tidligere filmatisert med Morgan Freeman i hovedrollen, nå med Aldous Hodge som Alex Cross. Han takler det veldig godt, og er både sjarmerende, smart, følsom og tøff. Sesongen har nok minst en episode for mye og kunne vært kortet ned og strammet til litt, men allikevel severdig.
Denne kjente eg ikkje til, lagt til på lista no!
Asphyxiate wrote: Thu Dec 05, 2024 19:49 Har kommet til siste del av Batman: The Animated series, eller nå da The Adventures of Batman and Robin, med stilskifte. Liker IKKE stilskifte og endringen i karakterdesignet.
Det er det omtrent ingen som gjer, ikkje då og ikkje no. Men det er tidvis bra episodar innimellom lell, skjønt aldri heilt på høgde med det beste frå tidlegare episodar (og, i mine augo i alle fall, blir lågmåla lågare no, diverre ...). Det er færre episodar, då. Og Justice League Unlimited-serien i same stil er mykje, mykje betre. (Diverre følgjer den i seg sjølv to sesongar Justice League (utan Unlimited) som heller ikkje er det heeeeilt store ...)
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote:Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate wrote: #justice4Glûg!!
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3394
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Då var det allereie over ein månad sidan sist, så me køyrer i veg.

Fyrst, eg nemner aldri lydseriar her sidan tråden strengt tatt handlar om fjernsyn, men me har forsøkt å hente oss inn litt på eit par slike i det siste, og fullførte sesong 4 av The Neighborhood Listen i desember. Nicole Parker og den alltid fantastiske Paul F. Tompkins er superbe i denne serien, og i fjerdesesongen følte eg dei byrja komme seg litt att i gjestesegmenta etter at sesong 3 hadde gitt oss ein del avsmak. Sidan serien er improvisert varierer kvaliteten på gjesteintervjua veldig avhengig av gjesten, og dei har hatt ein tendens til å bli for tøvete. Denne sesongen kjentest som ei retningskorrigering der, i alle fall delvis, så det liker eg. Men at segmenta der vertane snakkar seg imellom framleis er utruleg mykje meir underhaldande enn intervjua som papiret er poenget med serien, det er ikkje til å dytte under ein stol.

Så, video! Me såg omatt sesong 2 og 3 av amerikanske No Activity etter at eine svogeren min likte sesong 1 svært godt i fjor. Serien held seg ekstremt godt ved andre gjennomsjåing, sjølv om sesong 3 nok er eit hakk svakare enn 1 og 2.

Såg omatt to episodar av The Looney Tunes Show på eit innfall på ein flytur, og denne held seg òg ekstremt bra. I teorien skulle vel ei nyoppfinning av Looney Tunes-gjengen i tradisjonell amerikansk sitcom-format vere noko tvungent, men gode manus og herleg stemmeskodespel gjer det veldig gøy. Daffy Duck og Lola Bunny i sær er utruleg artige.

Wolf Hall: The Mirror and the Light. Skal innrømme at eg hugsar mindre enn lite av den opphavlege serien denne er oppfølgjar til, men eg er relativt stødig på Henrik VIII, så det var ikkje vrient å henge med. Mark Rylance er ekstremt god i hovudrolla som Cromwell, og det var ei gledeleg overrasking å få Jonathan Pryce med på lasset denne gongen òg! Tempoet er i overkant drygt -- det er byrja bli skremmande mange dramaseriar som eg føler kan dra fordel av å setje avspelaren til 1.1x, som eg gjorde her, og eg anar ikkje om det seier meir om utviklinga av merksemda mi eller prestisjedrama generelt. Men eg koste meg uansett, dette var solide saker.

Wisting, sesong 5. Eigentleg lite å sei her, det var ein finfin sesong som held koken og kvaliteten frå tidlegare, og det er alltid kjekt med sesongar der det er litt mindre personleg tilknyting til saka, slikt blir litt frynsete i realismen for meg etter kvart.

Gjensjåing av Elizabeth I. Eg snubla heilt utan å meine det inn i ei Tudor-boble her, for yngstebror min skulle kvitte seg med nokre gamle DVD-sett, så eg sa eg gjerne kunne ta denne, då eg såg den då den fyrst kom ut og hugsa den som ålreit. Og det var den jo, sjølv om fyrste halvpart er for fokusert på personforhold og for lite på hoffintriger etter min smak. Det kjem seg mykje i andre halvpart.

Bobla fortset med eit anna miniseriesett bror min gav meg, og denne har eg ikkje sett før, Gunpowder, Treason & Plot. Er ikkje heilt ferdig med den, men så langt er den på line med Elizabeth I (om enn, forfriskande, frå motsett perspektiv denne gongen, Maria Stuart og Jakob VI/I). Valet med å late karakterane i del 2 bryte den fjerde veggen støtt og stadig når dette aldri skjedde i del 1 er litt snurrig, men fungerer elles bra, og glitrande skodespelarar frå ende til annan.

The Dragon Prince, sesong 7. Serieavslutning, og ein klar oppsving! Det er nesten så tempoet har overkorrigert her, for nesten kvar einaste episode har reiser, hendingar og utviklingar som ville teke fire-fem episodar i tidlegare sesongar! Men eg set pris på det, for dette har alltid vore ein serie som mangla eit eller anna for å heilt slå an med meg, trass i sjarmerande karakterar, nydelege design og spanande (i alle fall i familievennleg format) fantasyverd. Avslutninga var flott, eg likte karakternyanseringane som skjedde utover denne sesongen, og dei heldt mange dører opne for potensielt interessant vidareføring ein vakker dag. Glad eg heldt ut heile vegen gjennom dei treigare sesongane!

What We Do in the Shadows, sesong 6. Nok ei serieavslutning! Sekstesesongen var kanskje ikkje heilt på høgde med det beste (cirka sesong 2, om hugsa mi held), men den var gjennomført artig og god underhaldning heile vegen. Avslutninga var snerten, eg likte at dei turde velje mange ulike idéar og bruker dei alle!

A Man on the Inside, sesong 1. Ted Danson er alltid fantastisk, og i Mike Schurs penn er dette føreseieleg gode greier. Serien har overfladiske likskapar med Only Murders in the Building (trur forresten Schurs ektefelle er manusforfattar på den? Verda, og Hollywood, er lita), men den er meir jordnær og tør eg sei kjenslevar? For her får me servert ektefølte samtalar om alderdom, daud, demens og sorg, i alle fall i den grad det let seg gjere i ein amerikansk komiserie. Samtidig er Danson utruleg sjarmerande og artig som enkemannen som får seg undercoveroppdrag som ein ein privatetterforskars spion på ein aldersheim.

English Teacher, sesong 1. Koseleg liten sitcom, men kanskje meir koseleg enn beint ut artig. Mest av alt understrekar den berre kor mange måtar det må vere grufullt å vere lærar på i dag. Men var likandes og triveleg, og Sean Patton og Enrico Colantoni stel showet som, respektivt, kjernesnill gymlærar med problematiske meiningar og verdas slitnaste rektor.

Er òg ferdig med Secret Level, ein animert antologiserie for Prime av mannen bak Love, Death & Robots på Netflix. LD&R er nokre hakk betre, vil eg sei, sidan den har vilt ulike animasjonsstilar frå episode til episode, medan det her stort sett (med nokre få, små unntak) ser likt ut, same kva videospelunivers me er i. Men som ein som ikkje spelar videospel må eg sei dei fleste episodane er lette å følgje med på, har ganske gode historiar, og om somme ikkje treff så bra som andre, så er det då slik eg ventar meg det frå ein antologi. Slett ikkje ille, denne serien, og på dei fleste måtar ein fin systerserie til LD&R.

What If...?, sesong 3. Eit stort steg opp frå sesong 2, tykte eg, som eg opplevde som ganske døll -- men det er jo mogeleg at det er mine justerte forventningar som spelar inn der like mykje som sjølve kvaliteten. Men eg likte både dei fleste sjølsvtendige episodane her, og tykte det dei fekk til av samlande plott mot slutten av serien var ganske OK, om enn i overkant spesialeffektavhengig der me berre må gå ut ifrå at heltane kan slå dei magiske eksplosjonane hardare enn skurkane.

Star Wars: Skeleton Crew, miniserie. Veldig nøgd med denne, ein slags Skatten på sjørøverøya i revers, berre i verdsrommet og med fire born i staden for eitt. Er jo slett ikkje i målgruppa, men må sei dette var vellaga for det serien prøver på, altså ein barnevennleg familieserie som har nok djupn, motgang og gråtonar til å vere spanande og ikkje kjennest for tonedøvt i resten av Star Wars-universet, men samtidig tøysete og trygt nok til at ein aldri tviler på at det går bra til slutt. Og det er ting for vaksne her: Nick Frost har ein herleg robot openbart stilt til 250 % piratmodus, og Jude Law spelar ein Long John Silver-inspirert lømmel som er akkurat passe karismatisk, likandes, upåliteleg og skummel, og i beste Long John Silver-stil vekslar han ofte frå det eine til det andre med stor og minneverdig effekt. Håpar dette får ligge utan ein påtvungen sesong 2, men håpar òg det ikkje er det siste me har sett til Laws karakter.

Me har éin episode att av The Sticky, ein svart komedie ekstremt lausleg basert på lønnesirupranet frå 2011, og herleg fronta av Margo Martindale og Chris Diamantopoulos. Det vil vise seg korleis slutten blir, men så langt er dette storveges moro.

Så ser me Silo, Dexter: Original Sin og Creature Commandos for tida, men skal komme tilbake og poste på nytt (eller redigere denne, om ingen har vore her i mellomtida) når me er ferdige med dei.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote:Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate wrote: #justice4Glûg!!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1053
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Du får lage en ny post, for jeg ramler innom med noen kommentarer fra meg og!

Creature Commandos: Selv om ikke alt forklares like godt og at en del av historien, vel, er der, så er animasjonen veldig god, det er godt stemmeskuespill og de klarer å gi noen gode bakgrunnshistorier til flere av karakterene her. Det er kanskje noe overtydelig med bakgrunnshistoriene (de er monstre, men de er ikke nødvendigvis monstre pga. seg selv, men pga. samfunnet), men særlig Weasel får en nærmest hjerteskjærende bakgrunn. Også kult soundtrack. Gogol Bordello er fete live og fungerer fint her, og moro med en del bruk av Kaizers Orkestra (som ikke er i nærheten av å være en personlig favoritt, kanskje mer litt småhat). Kan gjerne bli en sesong to, og spent om/hvordan Gunn velger å koble dette inn i sitt nye DC-univers.

Marvels What if.... s3: Enig den hentet seg inn igjen her. Likte at de kjørte på med noen helt koko scenarioer (jeg likte faktisk Howard the Duck og Darcy-episoden), og at de bandt det sammen (med s1-2) til slutt.

Skeleton Crew: Denne likte jeg. Det er ikke alltid barnerollene er like gode, særlig Wym sleit jeg med, men totalt sett en veldig god og fin eventyrfølelse og stort sett så fungerer ungene som hovedrollene. Men det er jo Jude Law som stjeler showet her. Også fint å se en SW-serie som ikke nødvendigvis er veldig pressende på easter eggs, tie ins, referanser osv., selv om det også var det. Det er noe av det jeg ønsker: Å utforske universet uten at alt skal kobles på Skywalkersagaen, eventuelt Mandoverse.

Og i forlengelse: Lego Star Wars: Rebuild the Galaxy. Ikke sett andre Lego-SW-serier, men denne, på bare fire episoder var kjapp å se og fin.

Sherwood s1: Engelsk krimdrama med stor vekt på dramabiten. Interessant premiss og flere spennende elementer - men det ble, for meg, totalt sett egentlig for langdrygt og litt kjedelig. Synd. Vet ikke om jeg gidder å begi meg på sesong 2.

What We Do in The Shadows s6 og serieavslutning. Uansett om serien ikke nådde de samme høydene som den hadde sesong 2-4, kommer jeg virkelig til å savne denne serien. Kom på nå at jeg ikke har undersøkt de ulike avslutningene de faktisk lagde, det må jeg huske på å gjøre.

Squid Game s2: Jeg forstår ærlig talt ikke all hypen. Joda, det er ikke dårlig. Mange gode poenger om kapitalisme og masse annet. Det er tidvis spennende og det er en lang rekke gode skuespillerprestasjoner. Det er også mange kule elementer i lekene, i hvordan man forråder hverandre og annet. Men allikevel blir jeg aldri helt engasjert. Kanskje det er hypen, jeg vet ikke.

Invincible Fight Girl: En tydelig anime-inspirert serie, kanskje ikke alltid i animasjonsstilen (mer standard vestlig, men noe anime-trekk), så i historie og karakterer og den biten. Det er et så tullete setup, hvor ting overdrives så innmari, det er helt koko karakterdesign m.m. Jeg likte den jeg. Artig serie!

Las Palma: Norsk katastrofeserien. Serien er ikke helt katastrofe, men her ble det nesten litt for mange tilfeldighet som skulle falle på plass til at ting ga mening. Samtidig lurt å lage en miniserie fremfor film, tror det ga den mer oppmerksomhet

Black Doves: Enda en Netflix-hypene, men denne var fin. Akkurat fengende nok historie, godt driv og gode/artige/merkelige karakterer til at den fungerte godt.

Nå er det å komme i gang med The Dragon Prince s7 og SAS: Rogue Heroes s2.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3394
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Asphyxiate wrote: Mon Jan 20, 2025 19:50 Du får lage en ny post, for jeg ramler innom med noen kommentarer fra meg og!
Einaste eg har fullført sidan sist eg redigerte inn ein er
The Sticky, sesong 1. Eit mørkt komidrama i fransk Canada svært lausleg basert på lønnesiruprøveriet i 2011, med glitrande inkompetente skurkar og masse fin humor og spenning. Margo Martindale og Chris Diamantopoulos! Håpar på ein andresesong!
Asphyxiate wrote: Mon Jan 20, 2025 19:50 Creature Commandos: Selv om ikke alt forklares like godt og at en del av historien, vel, er der, så er animasjonen veldig god, det er godt stemmeskuespill og de klarer å gi noen gode bakgrunnshistorier til flere av karakterene her. Det er kanskje noe overtydelig med bakgrunnshistoriene (de er monstre, men de er ikke nødvendigvis monstre pga. seg selv, men pga. samfunnet), men særlig Weasel får en nærmest hjerteskjærende bakgrunn. Også kult soundtrack. Gogol Bordello er fete live og fungerer fint her, og moro med en del bruk av Kaizers Orkestra (som ikke er i nærheten av å være en personlig favoritt, kanskje mer litt småhat). Kan gjerne bli en sesong to, og spent om/hvordan Gunn velger å koble dette inn i sitt nye DC-univers.
Har to episodar att, men så langt einig i dette. Kanskje òg verdt å nemne at eg tykte fyrsteepisoden var på den anonyme sida, men at det har komme seg veldig i det som har følgd. Er nok framleis noko av det svakaste eg har sett frå Gunn i seinare år (skjønt, kanskje eit nasehår framfor Guardians of the Galaxy Holiday Special, men den hadde jo den fantastiske nye julesangen eg har høyrt på tusen gonger sidan, så kven veit), men så-som-så frå Gunn er betre enn det meste der ute. Og som sagt, tykkjer den kjem seg, så har håp om god avslutning!
Asphyxiate wrote: Mon Jan 20, 2025 19:50Marvels What if.... s3: Enig den hentet seg inn igjen her. Likte at de kjørte på med noen helt koko scenarioer (jeg likte faktisk Howard the Duck og Darcy-episoden), og at de bandt det sammen (med s1-2) til slutt.
Einaste eg ikkje likte med Duck-episoden er at Byrdie akk-så-lettvint knapt har andetrekk i kroppen, dei kunne i det minste påspart ho nokre andletsfjør og fugleføter e.l. Elles var det ein av dei betre (FURY OOUUUT!), absolutt. Trur likevel favoritten var Red Guardian / Winter Soldier-mashupen, der likte eg alt utom Buckys lettvinte (urgh, eg ser ein raud tråd her) evne til å riste av seg hjernevaskinga akkurat når det er mest hendig for han om han kan. Og dei skulle gjort meir slikt i live action-seksjonen, Winter Soldier har vore kriminelt underbrukt gjennom åra.
Asphyxiate wrote: Mon Jan 20, 2025 19:50Skeleton Crew: Denne likte jeg. Det er ikke alltid barnerollene er like gode, særlig Wym sleit jeg med, men totalt sett en veldig god og fin eventyrfølelse og stort sett så fungerer ungene som hovedrollene. Men det er jo Jude Law som stjeler showet her. Også fint å se en SW-serie som ikke nødvendigvis er veldig pressende på easter eggs, tie ins, referanser osv., selv om det også var det. Det er noe av det jeg ønsker: Å utforske universet uten at alt skal kobles på Skywalkersagaen, eventuelt Mandoverse.
100 % på linje. Wym var så plagsom at ektefellen nesten ville droppe serien etter pilotepisoden, og eg overtalte ho til at kom an, irriterande barn er ein del av sjangeren. Sjølv når eg var på den alderen hadde slike ting alltid minst ein unge eg ikkje kunne fordra. Og i rettferdas namn vart han nokre hakk mindre irriterande etter kvart som serien fortsette. Og dei andre tre likte eg godt!
Asphyxiate wrote: Mon Jan 20, 2025 19:50Og i forlengelse: Lego Star Wars: Rebuild the Galaxy. Ikke sett andre Lego-SW-serier, men denne, på bare fire episoder var kjapp å se og fin.
Notert! Spanande! :o
Asphyxiate wrote: Mon Jan 20, 2025 19:50Sherwood s1: Engelsk krimdrama med stor vekt på dramabiten. Interessant premiss og flere spennende elementer - men det ble, for meg, totalt sett egentlig for langdrygt og litt kjedelig. Synd. Vet ikke om jeg gidder å begi meg på sesong 2.
Hm. Den var på lista mi, men no skal eg justere interessa ned litt, takk for innsikt!
Asphyxiate wrote: Mon Jan 20, 2025 19:50Invincible Fight Girl: En tydelig anime-inspirert serie, kanskje ikke alltid i animasjonsstilen (mer standard vestlig, men noe anime-trekk), så i historie og karakterer og den biten. Det er et så tullete setup, hvor ting overdrives så innmari, det er helt koko karakterdesign m.m. Jeg likte den jeg. Artig serie!

Las Palma: Norsk katastrofeserien. Serien er ikke helt katastrofe, men her ble det nesten litt for mange tilfeldighet som skulle falle på plass til at ting ga mening. Samtidig lurt å lage en miniserie fremfor film, tror det ga den mer oppmerksomhet

Black Doves: Enda en Netflix-hypene, men denne var fin. Akkurat fengende nok historie, godt driv og gode/artige/merkelige karakterer til at den fungerte godt.
Ikkje høyrt om ein gong! Skal notere meg, særleg Black Doves høyrest snasen ut.
Asphyxiate wrote: Mon Jan 20, 2025 19:50Nå er det å komme i gang med The Dragon Prince s7 og SAS: Rogue Heroes s2.
Arrrgh, eg måååå få sett SAS: Rogue Heroes snart. Den er så innmari vrien å få til å høyrest freistande ut for kona, og eg har ikkje tid til ein serie til åleine, eg står allereie til knes i påbyrja soloseriar som eg ikkje får ferdigstilt!
Last edited by Loki on Thu Jan 23, 2025 8:03, edited 1 time in total.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote:Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate wrote: #justice4Glûg!!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1053
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

Så ferdig The Dragon Prince i går. Har noen tanker
  • De har dratt ut del 2 her, altså sesong 4-7. Det har vært mye dødgang og lite fremdrift Virker ikke som at de har hatt helt planlagt alt her..... Samtidig har det også vært fint å utforske en ganske fin verden
  • Aaravos er en ganske standard skurk. Kan ha noen grunnleggende gode grunner, men er definitivt ond. Savner at vi gravde mer i hans karakter.... Men han fungerte bra totalt sett som skurk
  • Scenen der Claudia sier at hun fortsatt er god og velger å ikke drepe broren og Corvus ble litt teit..... Men også fint med en person som har innbilt seg selv at hun ikke er ond, når hun tross alt er det
  • At Ezran i denne sesongen "snapper" og blir reint hevngjerrig er et veldig stort karakterbrudd. Han har hele veien vært den fornuftige og kloke og stoppet de andre fra å gjøre ting overilt. Men nå, i siste sesong, velger de å gi han den historien? Ja, han "godtar" det til slutt, men allikevel..... Men han var kanskje nesten for god, klok og flink. Og han er ung og har måttet tåle så mye.
  • Det er da voldsomt så mye kjærlighet og par her. Tidvis hakket for mye av det, eller? Må pushe det inn i hver episode der Callum og Rayla er sammen..... Men det har vært og er en god kjærlighetshistorie.
  • Veit ikke om jeg er idiot, men hva ble egentlig greia med Nexus-sverdet og det var tilfeldigvis erkedragebitt som gjorde det (som Aaravos har sagt før?........ Men nå er jeg tidvis litt elendig å huske alle detaljer.
  • Så faren er ikke død? Hva? Og Aavaros kommer tilbake?..................Vel, det kan bety flere sesonger. Jeg er klar jeg
Har lest litt i en reddittråd (så ikke akkurat god forskning her) tilknytta en video med serieskaper, er folk veldig negative og det virker som at folk ikke har likt den siden de tre første sesongene, etter tidshoppet. Er ikke så kritisk, men ser absolutt poenget med at s4-7 kunne vært bedre skrevet og hatt bedre fremdrift.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3394
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Eg har no òg sett ferdig sesong 2 av Silo, og eg er framleis veldig begeistra for denne. Premisset minner om Ascension og Snowpiercer, gjennomføringa minner om deler av Lost (i alle fall tidleg i serien), og både manus og rollelista er kjempegode. Den er allereie fornya for sesong 3 og (siste) sesong 4, så tør nesten håpe at kvaliteten vil vare heile serien ut!

Utover den og The Sticky (sjå førre post) har eg ikkje sett noko nytt ferdig sidan sist, men nærmar meg på Creature Commandos og Castlevania: Nocturne sesong 2. Snakka ein del om fyrstnemnte sist, men sistnemnte kan verke som eit steg opp på tempoet sidan den litt treige (tykte eg, samanlikna med moderserien i alle fall) fyrstesesongen. Og framleis veldig pen å sjå på!
Asphyxiate wrote: Wed Jan 22, 2025 19:38 Så ferdig The Dragon Prince i går. Har noen tanker
Spanande! Ser me for ein gongs skuld har litt motsette reaksjonar, så skal svare på nokre av dei i detalj!
Asphyxiate wrote: Wed Jan 22, 2025 19:38
  • De har dratt ut del 2 her, altså sesong 4-7. Det har vært mye dødgang og lite fremdrift Virker ikke som at de har hatt helt planlagt alt her..... Samtidig har det også vært fint å utforske en ganske fin verden
Veldig einig mht. sesong 4 til 6, men ikkje 7, der eg følte dei nesten overkompenserte, med enorme distansar tilbakelagt offsceeen i kvar einaste episode, sidequests som før ville fått ein halv sesong kvar ordna på ein scene eller to, og digre steg på karakterutvikling (særleg for Aaravos, Claudia og Ezran). Dårleg fordeling av historietrådar og plottutvikling på eit makronivå, om deler av sesong 7 hadde fått meir tid på seg kunne noko av det skjedd / byrja skje i sesong 6 og til og med 5, og så kunne dei til gjengjeld komprimert det som no er i dei altfor langdryge sesong 4-6 til færre episodar.
Asphyxiate wrote: Wed Jan 22, 2025 19:38
  • Aaravos er en ganske standard skurk. Kan ha noen grunnleggende gode grunner, men er definitivt ond. Savner at vi gravde mer i hans karakter.... Men han fungerte bra totalt sett som skurk
Einig i at han er ganske standard, men tykkjer det er ein god standard. Eg er fan av tropen med karakterar som aldri lyg, men som likevel alltid klarer få folk til å tru det dei vil (er ein grunn for at eg er på Tidshjulet-forumet, sei!), tykte dette var ei langt over snittet gjennomføring av det i praksis. Likte òg motivasjonen hans, og den -- føreseielege, men velgjorte -- gradvise genuine omsorgen han utvikla for Claudia. Og var positivt overraska over slutten, sidan eg hadde tenkt han
Spoiler
i siste runde kom til å sjølvsabotere for å redde Claudia
, som eg ville tykt var litt i overkant stereotypisk og forhasta etter kun 1 sesong med ho. Vil tru dei framleis er på veg i den retninga om serien kjem tilbake ein gong, men då vil det i det minste gi dei tid til å utvikle forholdet meir fyrst.
Asphyxiate wrote: Wed Jan 22, 2025 19:38
  • At Ezran i denne sesongen "snapper" og blir reint hevngjerrig er et veldig stort karakterbrudd. Han har hele veien vært den fornuftige og kloke og stoppet de andre fra å gjøre ting overilt. Men nå, i siste sesong, velger de å gi han den historien? Ja, han "godtar" det til slutt, men allikevel..... Men han var kanskje nesten for god, klok og flink. Og han er ung og har måttet tåle så mye.
Eg likte dette. Det var brått, som du seier, men mest fordi det var på høg tid at noko gjekk inn på han, etter alt han har sett. Så klagen min er meir at det skjedde fyrst no og ikkje ein gong i førre sesong e.l., så dei kunne gjort arcen lenger og meir nyansert.
Asphyxiate wrote: Wed Jan 22, 2025 19:38
  • Det er da voldsomt så mye kjærlighet og par her. Tidvis hakket for mye av det, eller? Må pushe det inn i hver episode der Callum og Rayla er sammen..... Men det har vært og er en god kjærlighetshistorie.
Hum, Raylas foreldre og tanta med solalvdronninga, så tre lukkelege par i tre veldig ulike livsstadier, pluss Claudia og han jordalven? Er det så mykje? Vel, om du tel med dakedronninga og den daude drakekongen, kanskje.
Asphyxiate wrote: Wed Jan 22, 2025 19:38
  • Veit ikke om jeg er idiot, men hva ble egentlig greia med Nexus-sverdet og det var tilfeldigvis erkedragebitt som gjorde det (som Aaravos har sagt før?........ Men nå er jeg tidvis litt elendig å huske alle detaljer.
Usikker på kva du spør om her, mitt inntrykk var at dei gjorde stjernealvar så uovervinnelege at dei trengde ein MacGuffin for å skade dei, og det var enten erkedrakar eller det Nova Blade-sverdet (som var smidd frå ei draketann).
Asphyxiate wrote: Wed Jan 22, 2025 19:38
  • Så faren er ikke død? Hva?
Eg hugsar ikkje piloten i detalj, men meiner det var ei greie at Viren forsøkte overtale kongen til å late han gøyme sjela si i fuglen så attentatsalvane ikkje skulle få has på han, som kongen sa nei til. Det har i alle fall visstnok etterpå vore ein ivrig fanteori om at Viren så gjorde det likevel, mot kongens instruks, og enten det var planen heile vegen eller noko dei bestemte seg for p.g.a. fanteorien, så bekrefta dei at dette var tilfelle no i finalen.
Asphyxiate wrote: Wed Jan 22, 2025 19:38Og Aavaros kommer tilbake?..................Vel, det kan bety flere sesonger. Jeg er klar jeg[/list]
Sist eg sjekka, hadde serieskaparane sagt på ein eller anna Comic Con i fjor at dei håpa lage tre sesongar til på sikt, men den er ikkje for augneblinken fornya, så dette er førebels og potensielt permanent slutt.
Asphyxiate wrote: Wed Jan 22, 2025 19:38 Har lest litt i en reddittråd (så ikke akkurat god forskning her) tilknytta en video med serieskaper, er folk veldig negative og det virker som at folk ikke har likt den siden de tre første sesongene, etter tidshoppet. Er ikke så kritisk, men ser absolutt poenget med at s4-7 kunne vært bedre skrevet og hatt bedre fremdrift.
Veldig einig på den manglande framdrifta, og òg einig i at det verkar i overkant negativt. Tykkjer historia generelt sett har vore ganske god for ein barnevennleg episk fantasyserie, med fin karakterutvikling og spanande utviklingar, det er berre framdrift og tempo som har skurra veldig for meg.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote:Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate wrote: #justice4Glûg!!
Asphyxiate
Den Fortapte
Den Fortapte
Posts: 1053
Joined: Wed Apr 11, 2007 19:59
Location: Rett ved Akerselva

Re: TV-serier, sesong II

Post by Asphyxiate »

For jo si at jeg er totalt sett godt fornøyd og har likt serien veldig godt. Dette var vel et par ting, og poenget var vel at jeg vel ikke syntes alt var så ille allikevel. Men ja, de kunne komprimert sesongene før og heller dratt litt ut det som skjer i sesong 7 tilbake til de forrige sesongene. Det hadde kanskje fikset noe på fremdriften de foregående sesongene.

Angående kjærlighetshistoriene: Har vel egentlig ikke i mot det, kjærlighetens kraft er jo ofte sentral i mye historiefortelling/fantasy. Det var vel kanskje at det noen ganger nesten ble litt mye.

Angående Claudia: For så vidt et eksempel til på at denne sesongen hadde for mye innhold, for forholdet mellom henne og Aavaros. Får aldri helt forståelsen for hvorfor hun ikke bare tror på han, men virker genuint, ektefølt glad i ham. Det gikk for fort.

Så ja. Sesong 5-6 gikk for sakte, sesong 7 gikk for fort.
Manbearpig
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3394
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Då er me jo hjartens einige likevel, då, jo. Særleg Claudia følte eg trengte meir tid denne sesongen, ja. Og eg kunne tenkt meg at Ezran fekk vere utforske moralske gråsoner over litt lengre tid enn ein knapp sesong, det var vel nummer to på den (lange) lista av ting som gjekk for fort.

Einig i at romantikken fekk i overkant med plass, men det følte eg var innafor, med tanke på kor mykje konflikt og dramatikk det har vore på den fronten før i serien, greitt å avslutte med litt positivitet og fanservice for dei som måtte ha lengta etter det. Tenkjer òg det sikkert er fint med tanke på dei yngre sjåarane at ein fjernsynsserie faktisk gir plass til positive romantiske forhold og ikkje berre pumper ut usunne dynamikkar og angst for konflikta sin del.

Prøvde Black Doves-piloten i dag etter du nemnte den! Verkar lovande! Kiara Knightley, Ben Whishaw og Sarah Lancashire, og ein fin mellomting mellom overdreven konspirasjonsthriller med dekknamn og hypereffektiv nærkamp og jordnært spiondrama der ein ryddar dinosaurleikene til borna ein fekk undercover medan ein ser på nyhendene. Takk for tipset!
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote:Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate wrote: #justice4Glûg!!
Post Reply