TV-serier, sesong II

For deg som har noe annet på hjertet

Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren

Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3441
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Skalmesjå.

I nyttårshelga introduserte me far min for Reacher, og det vart slik ein braksuksess at me såg omatt fire episodar av fyrstesesongen med han før me drog. Så kom me heim att og då var det innhentinga etter hausten og jula det gjekk mykje i:
Pluribus, sesong 1. Veldig, veldig bra frå ende til annan. Tidvis føler eg hovudpersonen er i overkant korttenkt etter min smak og i forhold til kva som rimer med måten ho elles tenkjer og resonnerer på -- eg liker ikkje kor ofte eg ser ho gjer noko og eg som sjåar umiddelbart veit nøyaktig kvifor dette ikkje vil ha det resultatet ho trur -- men det er vel subjektivt. Og elles er dette ein fenomenal serie, og ei nytt, spanande vinkling på den etter kvart så veltrakka postapokalyptiske sjangeren.
Stranger Things, sesong 5. Eg er ikkje mellom dei som har vore superkritiske til seinare sesongar av serien -- jau då, den var betre i starten, men kvalitetsfallet var for meg ikkje på langt nær så stort som eg føler alle skal ha det til, og eg har kost meg med den heile vegen, eigentleg. Ingen verkeleg store overraskingar eine eller andre vegen her i innspurten, men etter min smak kom dei godt i hamn med det meste.
A Man on the Inside, sesong 2. Ein flott andresesong av denne uvante sjanger- og tonekombinasjonen. Framleis ei veldig triveleg og velfungerande historie om å finne glede og meining òg i dei seinare livsstadia, som samtidig som den er ektefølt og bittersøt klarer å vere ein genuint artig sitcom og eit heilt kurant detektivtmysterium. Og nye rollefigurar held koken like godt som dei gamle; Steenburgen har (som fortent) fått mykje merksemd her, men eg må sei David Strathairn er den som verkeleg stel scenar i hytt og vêr, som er ekstra imponerande i ein serie med Ted Danson i hovudrolla.
The Night Manager, sesong 1 (omattsjåing) og sesong 2 (ny!). Hu, hei! Me hadde ikkje sett denne sidan den kom for eit tiår sidan, og den heldt seg veldig, veldig godt. Og me fekk definitivt mykje meir ut av den nye sesongen enn me ville gjort om me ikkje såg den gamle omatt. Velskreven spionthriller som (med rette) lener seg tungt på den enorme karismaen til Hiddleston og Laurie.
The Beast In Me , miniserie. Denne likte me veldig godt! Sistescena var kanskje litt i overkant pynteleg, men elles var dette ein solid, velskreven og velspelt thriller frå ende til annan.
Tomb Raider: The Legend of Lara Croft, sesong 2. Eg har ikkje noko forhald til spela, har vel så vidt lese ein teikneserie eller to der Lara dukkar opp i crossovers med andre ting eg les, og elles er det berre dei tre kinofilmane som er mitt forhold til dette universet. Haley Atwell er flink i hovudrolla, som er både tøff og likandes, lett å heie på. Usikker på kor godt eg likte sjølve historia her, men det at den legg den anakronistiske problematikken rundt å ha ein moderne og moralsk helt som driv med gravplyndring og kulturalvtjuveri til grunn er i alle fall veldig smart. Kul action, pen animasjon og tidvis vittig dialog. Ingenting spesielt, men om eg tykte den var grei skuring mistenkjer eg at den er desto betre for dei som har meir innsikt i karakterar og spelmytologi.
Tulsa King, sesong 3. Eg fortset å late meg sjarmere veldig av Sylvester Stallones drama om mafiaunderbossen som kjem ut av fengsel som syttiåring og prøver starte ein ny kriminalkarriere i Tulsa, av alle stadar. Dette er ein serie som aldri forsøker å vere original, men som berre gjer ein god jobb med å duplisere det ørten andre seriar allereie har gjort: Antihelt utanfor lova med personleg moralkodeks byggjer seg ein surrogatfamilie med vener, handlangarar og allierte, og blir stadig i konflikt med langt mindre likandes skurkar som me kan heie på han mot. Sesong 3 skilter med alltid like gode Robert Patrick som ny Big Bad, så dette er framleis god fres i!
Bookish, sesong 1. Her var eg litt småskuffa. Mark Gatiss er suveren med sine små, arrogante replikkar som antikvarbokhandlar skråstrek amatørdetektiv i 1946-London, og det er mykje her som fungerer, inklusive dei fleste støttekarakterane, men eg vart liksom aldri sugd inn i sjølve mysteria i nokon av dei tre dobbeltepisodane som utgjorde fyrste sesong. Det sagt så er sjølve konklusjonen i alle tre veldig tilfredsstillande gjennomført -- det er oppbygginga fram til dette som slit med å fenge meg. Eit heilt greitt krimmysterium, usikker på om eg kjem til å gi sesong 2 ein sjanse.
Agatha Christie's Seven Dials, miniserie. Veldig sjarmerande hovudperson! Og Martin Freeman er veldig artig som kompetent men litt keitete lokal etterforskar. Epilogscenen var i overkant klein for meg, men elles var dette ein solid Christie-miniserie, sjølv om eg mistenkjer eg vil gløyme det meste om den innan nokre månadar.

Elles har me endeleg fullført gjensjåingsprosjekta me byrja på i fjor sommar: Sons of Anarchy (sesong 6 og 7) og Venture Bros (sesong 6 og 7 samt finalefilmen). Dette er begge steingode seriar som verkeleg var verdt gjensynet! Håpar me tek oss tid til å sjå dei begge omatt ein gong når det er gått ti-tolv år til. Me var ikkje meint å sjå omatt noko anna med det fyrste, men både Spartacus og Scrubs har byrja med oppfølgjarseriar, så spørst om me ikkje burde gjere plass for omattsjåingar av begge dei utover våren, om tapetet er aldri så fullt. I det minste er det få nok år sidan me såg Malcolm in the Middle at me kan sjå den snartkomande gjenopplivinga utan eit digert prosjekt fyrst.

Me har òg prøvd eit par-tre nye ting no i vinter:
Swedish Dicks, sesong 1 og 2. Premisset er sjarmerande for oss skandinavar, med to svenske innflyttarar (ein hardbarka misantropisk veteran som har vore der i årevis, og ein entusiastisk nykommar) som forsøker livnære seg som privatetterforskarar i Los Angeles, men det var diverre ganske middelmådige greier. Heilt sjåbart, men ingenting spesielt.
Wonder Man, miniserie. Dette var ei velkomen overrassking. Det verkar som om MCU endeleg har byrja få føtene under seg att etter Endgame, og dette var ikkje noko unntak. Eit triveleg komidrama der superheltaspektet er i baksetet til fordel for Hollywood-harselering og eit underleg, men likandes, vennskap.
The Mighty Nein, sesong 1. Einig med Asphyxiate, dette er mindre tøysete enn Vox Machina var, og som håpa var det dermed ei stor betring for oss her i stova. Sjølv om eg framleis slit med ein del D&D-arva verdslogikk er dette både spanande, pent animert og -- i alle fall stort sett -- sjarmerande stemmespelt.
The IT Crowd, sesong 1. Det tok oss ... ein generasjon eller så ... men me har no endeleg byrja på denne klassiske komiserien, og den lever faktisk opp til ryktet. Stort sett. Enkelte ting er for flåsete eller for datert (eller begge deler), men i det store og heile kosar me oss kveld for kveld med denne no, halvveges i sesong 2 for augneblinken.
A Knight of the Seven Kingdoms, sesong 1. Dette var ein innertiar, og ikkje berre for meg som har hatt Song of Ice and Fire-bøkene som min favorittserie sidan eg var seksten år gamal tidleg på 2000-talet, men òg for kona som elles tykkjer ting frå Westeros er 'heilt greitt'. Her kosa me oss begge like mykje. Einaste skåret i gleda er at når det no openbart kjem ein ny sesong i året, vil stakkars Martin få nok ein ting der planlagte oppfølgjarar (han har vel snakka om eit titals idéar her, og sagt at han har røffe manusutkast på tre) blir grusa av tempoet hjå fjernsynsproduksjon. Føler med den mannen, det kan ikkje vere berre berre når livsverket blir så populært at du ikkje lenger klarar ferdigstille noko. Men men. Kryssar fingrane for at denne serien vil vere betre når den set ut på eiga hand enn moderserien var i si tid.
Spoiler
Skjønt det er jo allereie avspora: Ei relativt stor endring frå boka dei slengte inn på tampen av sisteepisoden verkar til dømes som om den burde få enorme ringverknadar på å endre sesong 2 frå kjeldematerialet.
Og så var det fortsetjingane på gamle ting som me har forsøkt halde oss à jour på, då:
Percy Jackson and the Olympians, sesong 2. Dette fortset med både å vere betre enn bøkene (seier ektefellen, som har lese dei -- det har ikkje eg) og å styre unna dei verste og mest irriterande tropane i fjernsynsseriar om tenåringar med superkrefter. Alt det sagt så ser me det vel mest fordi det er fantasy, og det er lite slikt å velje i. Det irriterar meg framleis litt korleis halvgudane alltid har evner som rimer med gudeforelderen sitt domene (vatnkontroll for son av Poseidon, forføring for son av Afrodite, osb.) når dette omtrent aldri er tilfelle i dei opphavlege mytene (urkrefter til sides), men det er vel bakt inn i konseptet.
The Muppet Show, spesialepisode. Dette var ... overraskande tru mot gamleserien. Kunne glidd rett inn i ein av sesongane frå førti år tilbake på nesten alle vis. Eg må sei eg er svært overraska om dette fell i smak for eit moderne, ikkje-nostalgi-basert 2026-publikum slik at det får ein heil sesong -- men eg skal sjå, eg, om det blir alvor av. Den nye røysta til Kermit er som vanleg i seinare år den store minusen for meg, eg tykte Steve Whitmore gjorde ein vanvittig god jobb med å imitere Hensons opprinnelege, men sidan han la opp er den nye ei stusseleg erstatning.
Fallout, sesong 2. Ikkje på høgde med sesong 1, men framleis veldig underhaldande fjernsyn. Kyle Maclachlan og Justin Theroux stel i stor grad sesongen (som er imponerande med tanke på kor gode både Purnell og Goggins er), og spanande cameos frå Ron Perlman og Macaulay Macaulay Culkin Culkin som kan bli noko meir i sesong 3.
Slayers: A Buffyverse Story, høyrespel. Som fortsetjing på ein fjernsynsserie inkluderer eg den her. Det tok oss eit halvt år, men me har endeleg høyrt oss gjennom denne, der diverse skodespelarar frå Buffy the Vampire Slayer attforeinast i ei historie lenge etter serien slutta. Diverre er dette det eg etter kvart føler er typisk Christopher Golden (som har manus her saman med Amber Benson) -- flatt, uinspirert oppgulp som ikkje klarer å gjenskape sjarmen til kva-det-no-enn-er-for-ein-IP han skriv for denne veka. Skodespelarane gjer det dei kan (skjønt det smertar å høyre kor mykje Anthony Head verkar til å ha tapt seg sidan serien), men med få unntak er dette berre middelmådig fanfiction, diverre. Dei ville gjort det langt betre om dei berre hadde laga ein høyrespeladapsjon av ein av dei mange veldig gode teikneserieoppfølgjarane i staden.
The Artful Dodger, sesong 2. Ei triveleg overrasking! Eg hugsa denne som hakket meir lettbeint, men det var meir djupn og realisme her enn eg hadde fått det for meg i hovudet mitt sidan sesong 1 (sjølv om, for all del, det er mykje ein må leggje godviljen til for). Men det er mange minneverdige karakterar -- David Thewlis' Fagin har så strålande kreativ dialog at ein kunne skreve ned halvparten av det han seier i kvar einaste episode berre for å ha til å kikke på -- og den forbodne romansen i sentrum av historia er veldig lett å heie på. Bonuspoeng for herleg uventa karakterutvikling for den i sesong 1 litt oversette systera til den kvinnelege hovudpersonen!
Primal, sesong 3. Denne er ikkje ferdig enno, er vel tre episodar att trur eg, men føler den er langt nok komen til at eg kan skrive om den. Framleis knakande bra dialoglaus sword & sorcery i ei nydeleg førhistorisk verd, men diverre ikkje like gripande som dei opphavlege to sesongane var, eg føler meg mindre investert av ein eller annan grunn. Det sagt så er Primal på eit hakk verre enn før framleis betre enn 90 % av det me ser på fjernsyn, så eg gler meg veke til veke lell.
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote:Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate wrote: #justice4Glûg!!
Loki
Nae’blis
Nae’blis
Posts: 3441
Joined: Sat May 28, 2005 17:07
Location: I'm ... from Earth
Contact:

Re: TV-serier, sesong II

Post by Loki »

Skalmesjå del 2, sidan det er gått to månadar sidan førre oppdateringa mi og eg tydelegvis ropar åleine ut i Ginnungagapet her. :lol:

The IT Crowd, sesong 2 til 4. Deler av dette er veldig datert, men elles er det kjempegøy. Må sei eg likte sjefen i fyrte sesong betre (gisp, sidan Matt Berry sjølvsagt er fantastisk han òg), men elles er det stort sett opptur vidare, trur eg. Ektefellen likte denne nok til at me sikkert kjøper den på Blu-ray ein dag.

Paradise, sesong 1 og 2. Me somla oss på rein slump til fyrstesesongen akkurat i tide til å få sjå sesong 2 då den kom ut. Knallgod serie -– det er sjølvsagt ekstremt hard konkurranse i det postapokalyptiske området for tida, og eg må nok sei eg framleis held ein knapp på både The Last of Us og Silo over denne, men den er lett på linje med Fallout eller andre solide tilnærmingar i seinare år som See eller Twisted Metal.

The Witchfinder. Tidvis litt for treig og føreseieleg, men Tim Key er altså så suveren med kvar einaste replikklevering som hovudpersonen, eg heldt ut dei fyrste oppvarmingsepisodane, og koste meg skikkeleg lenge før denne kortlevde komiserien om ei heks som ikkje er ei heks og ein heksefinnar som ikkje burde vere heksefinnar kom til sluttpunktet.

The Abandons, kansellert, men veldig god, westernserie frå mannen bak Sons of Anarchy, der Lena Heady og Gillian Anderson briljerer som stridande matriarkar frå ulike sosiale sjikt. (Viste seg å vere ein slags hemmeleg übertidleg prequel til Sons of Anarchy, faktisk, med ein del etternamn som kan indikere at hovudpersonane her er forfedre og formødre til den andre serien.) Til kansellert serie å vere var relativt mykje gitt ein slags konklusjon i finaleepisoden, så nøler ikkje med å tilrå den om det høyrest spanande ut.

The Night Agent, sesong 3. Den mest interessante skurken frå tidlegare sesongar blir gitt bakgrunn og djupn her, eit biplott om Det kvite hus har gode karakterar (både gamle og nye), og dei introduserar to kjempebra nye sentale karakterar til hovudplottet òg, spelt av David Lyons og Stephen Moyer, men hovudpersonen er og blir veldig stereotypisk og lite engasjerande. Alt i alt ein heilt grei popkornserie, men den var nok meir intens i tidlegare år.

Hijack, sesong 2. Liknande finfin popkornserie, men med hakket meir interessant plott enn Night Agent, kanskje? Bonuspoeng, i alle fall, for å finne ei ny spanande vinkling på premisset frå fyrstesesongen, og for å våge late tyskarar snakke tysk saman.

Marvel's Hit-Monkey, sesong 1 og 2. Denne har eg vore meint å sjå i årevis! Sesong 1 er etter kva er forstår veldig tru mot teikneserien og er KNALLGOD. Varmt tilrådd til alle som liker Deadpool-filmane (kjeldematerialet er skreve av Daniel Way, som òg er kjent for sine år med Deadpool-seriar). Sesong 2 går visstnok sine eigne vegar, og ein merkar diverre det på kvaliteten, men den er framleis absolutt sjåverdig, og kanselleringa svir meg lell.

Primal, sesong 3. Endeleg tilbake!!! Ein saktegåande sesong som eg føler ikkje lever heilt opp til dei fyrste to, men som likevel har fleire fenomenale episodar og avsluttar med stil. Håpar på / gler meg til endå meir og kryssar fingrar og tær for sesong 4.

Spartacus-gjensjåing av sesong 1, 0 og 2, driv for augneblinken på med sesong 3. Me ville friske opp hugsa før me prøver oss på den nye avleggjarserien om Ashur, og dette har vore veldig gøy. Eg hugsa sesong 1 som dårleg, men sesong 0 og 2 som mykje betre. Ved attsynet må eg no sei det eigentleg er pilotepisoden som er dårleg, og etter det er det ganske bra sjølv i sesong 1!

One-Piece, sesong 2. Det er mykje tøv i dette universet, men det er òg mykje som er veldig likandes, og det står enorm respekt av kor godt dei respekterer estetikken frå kjeldematerialet (går eg ut ifrå, eg har ikkje lese mangaen). Men er nok ikkje 100 % for meg, då.

Death by Lightning er vel så bra som denne typen historisk miniserie kan bli. Svakheitane med å ha ei sann historie dramatisert er jo ibuande, men her gjer både skodespel og manus ein fantastisk jobb med å kompensere. Tilrådd!

Scrubs-omattsjåing, sesong 1. Her er det òg kommen nye episodar, så me set igjen i gong med dei gamle fyrst. Har sett serien fleire gonger før, men førre gong var straks tjue år (!) sidan, så dette er spanande! Må sei at sjølv om enkelte augneblinkar er veldig datert på kva som er akseptabelt å vitse med, så held den seg i det store og heile fantastisk godt. Merkar nok at latterkulene sit liiiitt lenger frå kvarandre no som me er litt ute i sesong 2, men etter hugsa er det store kvalitetsfallet i sesong 4 og 5, så håpar det held seg godt ei stund til. Er òg veldig svak for kombinasjonen av brutal røynd og lettbeint tøys som ofte kikkar innom i denne serien, så kosar meg verkeleg med dette gjensynet.

DTF St. Louis -- Steven Conrad har laga miniserie, og du og du! Den er nok ikkje FULLT så midt i blinken for meg som Patriot og Perpetual Grace, Ltd. var (begge dei er nok på mi topp 12-liste av alt fjernsyn nokon gong), som dei er det ein balansegang mellom ulike tonar, men her er det vekta meir mot det triste og såre enn mot det koselege og morosame. Etter min smak er det altså bittelitt for grimt. Men helledussen så gøy det er, lell. Og Richard Jenkins burde vere i ALT, i alle fall når han får manus som dette.

Grimsburg, sesong 1. Denne hadde gått meg hus forbi, men er slett ikkje verst! Politiserieparodi der ein liten amerikansk by har mord til dagleg og ein skilt mellomaldrande far med mage og høgt hårfeste som Jon Hamm kun kan spele fordi det er animert er den sjølverklærte superdetektiven som får det heile til å gå rundt. Ikkje den beste komiserien innan vaksenanimasjon eg har sett, men om premisset er tiltalande er det mykje gøy her. Byrjar på sesong 2 denne veka!
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote:Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate wrote: #justice4Glûg!!
Post Reply