Asphyxiate wrote: ↑Fri Aug 26, 2022 8:05
Har ikke lest
Fire and Blood, nei, men tenkte egentlig mer på at GoT har tatt over hvordan jeg ser for meg det universet og at karakterene der har blitt den verdenen, og at det da kom en haug helt nye karakterer så var det bare litt rart. Blir nok vant med det veldig fort.
Ah, sånn. Har for så vidt den kjensla med alle pilotepisodar av alle ting, men det går seg til. Var ikkje ekstra rart her, det er jo to sekel tidlegare, så eg venta meg eit galleri blanke andlet. Men ser at det kan vere annleis for andre.
Asphyxiate wrote: ↑Fri Aug 26, 2022 8:05Lurer litt på den
Fire and Blood-boka. Mange sier den er noe kjedelig i og med at det er kvasi-historie og en oppramsing av hva som har skjedd - altså et gammeldags historieverk. Men jeg har lest flere middelalderkrønike og -annaler som er akkurat i denne stilen, så det skal nok gå bra.
Den er absolutt mynta på blodfans som meg, meir enn eit generelt publikum. Men det er jo langt meir lettfattleg enn til dømes Silmarillion, og langt meir levande (han attgir enkelte scenar i så mykje detalj at det faktisk er dialog) enn tørrare 'world books' med oversikt over historie og kulturar som mange andre fantasyseriar gjerne har.
Asphyxiate wrote: ↑Fri Aug 26, 2022 8:05
Spent på
Rings of Power. Veldig usikker på hva det egentlig blir til, hva vi får servert av historie, effekter osv.
Eg er svært skeptisk, men så lenge det er ei bra historie og dei ikkje følest så altfor ikkje-Tolkien-aktig så skal eg leggje mykje godvilje til!
Asphyxiate wrote: ↑Fri Aug 26, 2022 8:05Anbefales virkelig. Den leker også mer premisset og flere episoder bryter helt med det grunnleggende premisset eller fortellingen.
Pokker, då må eg vel skrive den opp på lista igjen!
Asphyxiate wrote: ↑Fri Aug 26, 2022 8:05
Jeg gapskratter bare Laszlo åpner kjeften, så det skal ikke så mye til.
Gapskrattar gjer eg nok ikkje, men han har får så absolutt maksimalt ut av kvar einaste line dialog, og er lett favoritten! Dei andre fire er meir situasjonsbetinga for meg, men Laszlo er artig uansett kva han blir utsett for.
Elles så er det endeleg byrja letne litt i fjernsynskalenderen utover seinsommaren, så me har fått tid til å prøve litt eldre ting. Overnemnte
Patriot er som sagt kjempebra.
Y: The Last Man frå i fjor haust er OK. Solid nok handverk, men ikkje heilt seld. Det sagt så har me nokre episodar att, og eg kjenner eg er blitt meir og meir investert i løpet av sesongen så langt. Tenkte prøve piloten til
Deep State i kveld, ein spionthriller med Mark Strong (i sesong 1) og Walton Goggins (i sesong 2) som eg har hatt i bakhovudet i mange år.
Av det vesle som framleis er pågåande, og som me ikkje allereie har snakka om over:
Harley Quinn var kanskje hakket betre i fyrstesesongen, tykkjer eg, men den er framleis god moro.
Resident Alien er veldig 'network TV' i form og følelse, men den unngår formulariske episodar av typen som kjedar vetet av meg, har ein del ganske grei humor -- og Alan Tudyks sjølvgode romvesen-i-forkledning-karakter er reint gull i kvar einaste scene. Ikkje heilt mi greie, men han gjer det verdt bryet.
Blood and Treasure er endå meir 'network TV', og av typen serie me berre ser på medan me lagar eller et mat. Forsøksvis Indiana Jones-aktig politi-og-røver-og-skattejakt-serie, men med sjarmerande karakterar (særleg Mark Gagliardis Father Chuck er minneverdig) og episodetitlar av typen 'The Ravens of Shangri-La' og 'Mystery at Poison Island'.
Primal fortset med å vere fantastisk, elsker denne serien.
Ser omatt sesong 3 av
Justified med middagsmåltida i desse dagar (det går sakte, fordi Blood and Treasure samt Daily Show, Last Week Tonight og The Late Show with Stephen Colbert alle tek forrang viss me ikkje er á jour) og storkosar meg med det. Ville glatt sett den omatt med full merksemd i sofaen om kvelden, men kona er nokre hakk mindre begeistra for den enn meg, så middagssjåing er eit fint kompromiss. Har eit backburner-prosjekt der me ser Atle Antonsens
NAV av og til i helgene, etter at eg viste ho
Etaten for eit par år sidan. Og om kveldane ser me framleis ein
Batman: The Animated Series før me finn senga, byrja denne veka på den fyrste sesongen etter dei endra (drastisk forverra, i mine augo) animasjonsstilen.
Og så byrja
Archer igjen, sin trettende (!) sesong. Men har ikkje fått sett premieren enno.