Ein vevteikneserie kalla Lore Olympus fanga interessa til kona mi i fjor, og ho ynskte seg (og fekk) dei fyrste to fysiske samlingane til jul. Og når Outland hadde 20 % avslag på teikneseriar for Free Comic Book Day i mai, kjøpte me dei fire neste. (Serien er (nettopp!) ferdig på nettet, men fysisk er det 'berre' kome seks bind så langt, altså cirka halvparten av serien totalt.)
Serien er ei nyforteljing av den greske myten om Hades og Persefone. Smythe gjer ein imponerande jobb med å justere historia og gjere den til si eiga, samtidig som det er uventa mange (og ofte obskure) detaljar henta frå dei klassiske mytene. I Smythes versjon er Olympus ei moderne, vestleg storby på 2020-talet-aktig verd, der gudane går i moderne klede, har sosiale media på telefonane sine, og køyrer i bilar på asfalterte gater. Det blir imidlertid fort gjort klart at dette føregår i antikkens Hellas like fullt, for kvar gong gudane interagerar med daudelege, kler dei seg i klassiske klede, og stig ned i ei verd som framleis er i jarnalderen (eller kanskje til og med bronsealderen, det er litt uklart).
Persefone er i denne settinga ein utanforståande, som har vokse opp i den daudelege verda, verna i moras hage av skogsnymfer. Men no er ho blitt myndig, og har klart å snakke seg til eit stipend på universitetet på Olympus, og me får dermed alle new girl in the big city-tropane ein kan vente seg. Midt oppi dette møter ho den klassiske tall, dark, handsome and brooding, rike og langt, langt, LANGT eldre herren Hades, ein av Dei seks svikarane som har æra for å ha styrta dei tyranniske titanane (der Persefones eiga oververnande mor er ein av dei andre).
På papiret skulle ein tru dette var ein sukkersøt og klisjéfylt romanse, og det er det for så vidt, men Smythe introduserar ei rekkje andre element som gjer det både spanande og engasjerande, med tyngre element som kjenslemanipulasjon i forhold, utruskap, ærlegdom, barndomstraumer og ikkje minst valdtekt. Ho er òg flink til å finne ein tone der dei greske gudane ikkje er for byrda med vår tids etiske haldningar, samtidig som mange nok av dei har ei moderne nok (som settinga legg til rette for) forståing av rett og gale til at det ikkje blir for framandt og kynisk.
Og ho er òg flink til å syte for at ein alltid kan heie på Persefone og Hades, i alle fall i desse fyrste seks binda -- eg har valt å ikkje lese den ferdig på nettet, og heller kjøpe dei fysiske samlingane vidare. Dei kjem cirka to i året, verkar det som, så vil tru eg får lese slutten ein gong i 2027. Gler meg!
Lore Olympus av Rachel Smythe
Moderators: Lothair Mantelar, Sauegjeteren, Loki
Lore Olympus av Rachel Smythe
Obdormio wrote:Eg må stå opp og gå på skulen i morgon.
Det veit eg slett ikkje om eg er mentalt førebudd på.
WoTle wrote:Meir av dette og mindre av Lan som pissar medan Alanna ser på, takk!
Asphyxiate wrote: #justice4Glûg!!